St.prp. nr. 52 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr 84/96 av 20. desember 1996 om endring av artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for å fremje energieffektivitet (SAVE II)

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

EØS-komiteen si avgjerd nr 84/96 av 20. desember 1996 gjeld innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for å fremje energieffektivitet (SAVE II 1996-2000). Programmet SAVE II vart skipa ved rådsvedtak av 16. desember 1996, og er ei vidareføring av programmet SAVE («Specific Actions for Vigorous Energy Efficiency»), som har gått frå 1990 til 1995.

Samarbeidet mellom EFTA og EU på energiområdet har i hovudsak vore knytt til direktiv som har innverknad på den indre energimarknaden. Frå EFTA si side har ein jamleg vurdert dei programma og aktivitetane som ligg utanom den indre marknaden. Det har vore eit ønske både frå EFTA og EU å styrkje samarbeidet innan energieffektivitet og fornybare energikjelder. Partane samarbeider i dag på desse områda under det 4. rammeprogram for forsking, som er ein del av EØS-avtala. EU har også meir bruksretta programaktivitetar innan energieffektivitet og fornybare energikjelder. Desse programaktivitetane er viktige med tanke på det overordna målet om å fremje arbeidet med ei berekraftig energiutvekling. Soleis vedtok EØS-komiteen 19. juli 1996 å innføre ein ny artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid om energiprogram og energiaktivitetar knytte til miljøet. Noreg kom då med i programmet for fornybare energikjelder (ALTENER) som går frå 1993 til 1997. Avgjerda i EØS-komiteen om EFTA-landa si deltaking i SAVE II-programmet er ei naturleg oppfølging av desse aktivitetane.