St.prp. nr. 58 (2002-2003)

Om samtykke til ratifikasjon av 1) FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet, 2) utfyllande protokoll for å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born, 3) utfyllande protokoll mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen, alle av 15. november 2000, og 4) utfyllande protokoll mot ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse av 31. mai 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn

FNs 55. generalforsamling vedtok 15. november 2000 konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og to protokollar høvesvis om å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born, og mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen. Ein tredje protokoll, protokollen mot ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse, vart vedteken 31. mai 2001.

Konvensjonen og protokollane om menneskehandel og menneskesmugling vart underskrivne av Noreg 13. desember 2000 i samsvar med kgl. resolusjon av 8. desember 2000. Skytevåpenprotokollen vart underskriven av Noreg 10. mai 2002 etter føregåande kgl. resolusjon av 12. april 2002.

I og med at gjennomføringa i norsk rett av konvensjonen og protokollen om menneskehandel krev lovendringar, krevst det at Stortinget gjev samtykke til ratifikasjon, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. Protokollane om menneskesmugling og skytevåpen vert vurdert å vere så særs viktige at dei krev samtykke til ratifikasjon frå Stortinget etter Grunnlova § 26 andre ledd.

Som trykte vedlegg følgjer konvensjonen og protokollane i engelsk autentisk versjon med omsetjing til norsk.

1.2 Hovudinnhaldet i konvensjonen og protokollane

Føremålet med konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet er å fremje internasjonalt samarbeid for å førebyggje og nedkjempe denne typen av kriminalitet meir effektivt. Konvensjonen byggjer til ein viss grad på element frå FN-konvensjonen av 20. desember 1988 om ulovleg handtering av og handel med narkotika og psykotrope stoff, og det har vore viktig å halde ved lag standardane på samarbeidspliktene frå sistnemnde. Konvensjonen forpliktar statane til i nasjonal lovgjeving å kriminalisere deltaking i ei organisert kriminell gruppe, kvitvasking av pengar, korrupsjon og motarbeiding av rettsstellet. Partane forpliktar seg òg til å utlevere til straffeforfølging personar som har utført handlingar som er omfatta av konvensjonen, og til å yte rettsleg og anna hjelp ved straffeforfølging.

Protokollen om menneskehandel utdjupar hovudkonvensjonen ved å gje nærare reglar for nedkjemping av grenseoverskridande organisert kriminalitet i form av menneskehandel. Føremålet med protokollen er å nedkjempe menneskehandel, særleg handel med kvinner og born, og å verne og hjelpe offera. Partane vert forplikta til å kriminalisere menneskehandel i nasjonal lovgjeving. Protokollen inneheld fleire føresegner om internasjonalt samarbeid, m.a. når det gjeld utveksling av informasjon, tilbakeføring av offer til heimstaten og grensekontroll.

Protokollen mot menneskesmugling skal medverke til å forhindre og nedkjempe menneskesmugling ved felles føresegner om kriminalisering av slik smugling og å leggje til rette for samarbeid mellom partane om førebygging, etterforsking og straffeforfølging av menneskesmugling. Menneskesmugling etter protokollen omfattar handlingar der det forsettleg og med tanke på vinning vert drive grenseoverskridande organisert verksemd med sikte på å hjelpe andre til å reise ulovleg inn i ein stat som den innreisande korkje er borgar av eller har gyldig opphaldsløyve i.

Skytevåpenprotokollen utdjupar konvensjonen ved å gje nærare reglar for nedkjemping av ulovleg handel og tilverking av skytevåpen. Men protokollen er gjeve ytterlegare rekkevidd ved at han forpliktar statane til å opprette eit administrativt kontrollregime for import, eksport og transitt av skytevåpen, som skal gjere det lettare å avdekkje ulovleg handel med skytevåpen over landegrensene. Vidare forpliktar statane seg til å føre register og å sørgje for gjennomføring av individuell merking, for å gjere det mogleg å spore skytevåpen. Protokollen har òg føresegner om internasjonalt samarbeid og informasjonsutveksling.

Til forsida