Europarådet

Samarbeidet i Europarådet har som hovedmålsetjing å fremje demokrati, rettsstaten og respekt for menneskerettane. Europarådet har 47 medlemsstatar (ca. 800 millioner menneske).

Valet i oktober 2009 av Thorbjørn Jagland til generalsekretær byrja ein reformprosess. Aktuelle politiske spørsmål blir i aukande grad sett på dagsordenen og samarbeidet med EU og kontaktene på politisk nivå i medlemslanda er styrka.

Eit resultat av reformprosessen er etablering av ny og forenkla struktur for dei mellomstatlege komiteane. Endringane som er iverksett fra januar 2012 inneber at fleire av komiteane er lagt ned, herunder styringskomiteen for helse (CDSP). Innanfor pillarane Human Rights, Rule of Law og Democracy finst det etter reformprosessen 16 styringskomitear med underliggjande faglege organ/ekspertkomitear.

Helseområdet kan identifiserast i dei tre pillarane, mellom anna:

  • Human Rights; Styringskomiteen for bioetiske spørsmål (menneskerettar og biomedisin), Pompidou-gruppen for narkotikaspørsmål (narkotikakriminalitet og -misbruk) samt Den europeiske farmakopeen og arbeidet i European Directorate for the Quality of Medicines and HealthCare (EDQM)  
  • Rule of Law; Medicrime-konvensjonen om forfalsking av medisinske produkt
  • Democracy; Styringskomiteen for sosialt samhald (CDCS), herunder oppfølging av Europarådets handlingsplan for funksjonshemma. CDCS har ein overordna, koordinerande funksjon på sosialpolitikkområdet. Det overordna målet for CDCS er å fremje sosialt sammanhengande og bærekraftige samfunn og å sikre vern av menneskeverdet. CDCS sitt nye mandat fra 2012 inneheld og helseaspektet ved sosialt samhald.
Til toppen