Innspel frå helsefellesskapa

Innspela frå helsefellesskapa er respons på ein invitasjon som blei sendt 21. september 2021 frå tidlegare helse- og omsorgsminister Bent Høie om å kome med innspel om å utvikle helsefellesskapa vidare.

I brevet blei helsefellesskapa spurt om kva erfaringar dei har gjort seg så langt, kva utfordringar dei så, kva dei trengte frå nasjonale styresmakter og regionale aktørar og om det var noko anna dei ønska å melde inn. I tillegg til helsefellesskapa, har enkelte kommunar, helseføretak og fagmiljø sendt inn innspel.