Meld. St. 12 (2009–2010)

Finansmarknadsmeldinga 2009

Til innhaldsliste

3 Regelverksinitiativ etter finanskrisa

3.1 Innleiing

Finansdepartementet gav i brev 17. desember 2009 Finanstilsynet i oppdrag å vurdere fleire tilhøve ved det norske regelverket for bankar, inkludert om ein i forkant av venta tilrådingar og nye reglar internasjonalt burde gjere endringar i det norske regelverket på nokre sentrale område, mellom anna på likviditet og kapitalkrav, jf. nedanfor.

I kjølvatnet av finanskrisa er det no stor endringsvilje internasjonalt, og føresetnadene ser ut til å vere gode for å få på plass nye og betre reguleringar for finansmarknadene. Generelt ser det ut til å vere brei semje om at for stor risikotaking hos viktige aktørar, og mangelfulle og dels fråverande reguleringar i sentrale enkeltland, er viktige årsaker til finanskrisa. Kva som er passande krav til kapital i bankar, og korleis ein skal regulere samspelet mellom enkeltinstitusjonar og det finansielle systemet som heilskap, vert sentrale spørsmål framover.

Mange land, institusjonar og organisasjonar arbeider med forslag til nye reglar og med endringar av gjeldande regelverk. Det er sett i verk omfattande prosessar i mellom anna G20, IMF, OECD, Baselkomiteen for banktilsyn, Financial Stability Board (FSB) og EU. Regjeringa jobbar for at Noreg tek del i det arbeidet som går føre seg på dette området, gjennom eigna kanalar.

Dei internasjonale prosessane vil fyrst og fremst ha innverknad for Noreg ved at endringar i gjeldande EU-regelverk på finansmarknadsområdet vert tekne inn i EØS-avtalen. EU-kommisjonen arbeider for tida med, eller har allereie utarbeidd, ei rekkje forslag til ny regulering i lys av erfaringane frå finanskrisa, mellom anna følgjande:

  • Kvantitative minstekrav til likviditet som eit supplement til kvalitative reglar om likviditetsstyring.

  • Endringar i kapitaldekningsreglane for bankar, medrekna strengare krav til kvaliteten på ansvarleg kapital, strengare krav til verdipapirisering og nye krav til godtgjeringsordningar.

  • Nye reglar for motsykliske kapitalbufferar og dynamiske reglar for tapsavsetnader i bankar.

  • Eit nytt europeisk tilsynssystem og etablering av tilsynskollegium («supervisory colleges»), som skal sikre tilsynssamarbeid og styrkje utviklinga av einsarta tilsynspraksis mellom land.

  • Endringar i direktivet om innskotsgarantiordningar, med ei harmonisering av dekningsnivået til 100 000 euro innan utgangen av 2010.

  • Nye reglar for kredittvurderingar som skal redusere interessekonfliktar mellom kredittvurderingsbyrå og dei føretaka som vert vurderte, og betre kvaliteten på vurderingane.

  • Ny regulering av forvaltning av alternative fond, inkludert spesialfond («hedgefond»), «private equity», eigedomsfond, varefond, infrastrukturfond o.a.

I dette kapitlet vert nokre av dei mest sentrale forslaga frå i hovudsak EU og Baselkomiteen omtala, saman med korte merknader om norsk oppfølging.

3.2 Likviditetskrav

Gjeldande EU- og EØS-regelverk stiller få konkrete krav til nasjonal regulering av likviditetsrisiko i bankane. Det er store variasjonar mellom land når det gjeld korleis finansinstitusjonane sin likviditetsrisiko vert følgd opp av styresmaktene. EU-kommisjonen, den europeiske banktilsyns­komiteen (CEBS) og Baselkomiteen arbeider for tida med utforming av krav til nasjonale likviditetsreglar.

Særleg for bankar er forsvarleg likviditetsstyring heilt sentralt. Det norske regelverket for finansinstitusjonane sin likviditet stiller kvalitative krav til styring av likviditetsrisiko som byggjer på gjeldande tilrådingar frå Baselkomiteen. Krava er kvalitative og kan berre fungere etter si hensikt med omfattande oppfølging, både frå finansinstitusjonane sjølv og frå Finanstilsynet.

Baselkomiteen la 17. desember 2009 fram forslag om kvantitative minstekrav til likviditet som eit supplement til kvalitative reglar om likviditetsstyring. Baselkomiteen tilrår både ein såkalla «liquidity coverage ratio» (krav til kor mykje likvide eigedelar ein bank må ha for å kunne klare periodar med svikt i marknadene for finansiering), og ein «net stable funding ratio» (krav til samansetjinga av finansieringskjelder eller kor stabil finansieringa må vere). Forslaga har nyleg vore på høyring hos europeiske styresmakter o.a.

Baselkomiteen gjennomførar ein berekningsstudie i løpet av fyrste halvår 2010 og har antyda implementering av dei nye standardane innan utgangen av 2012. Dei nye standardane vert òg, i ei tilpassa form, tekne inn i EUs kapitaldekningsdirektiv (direktiva 2006/48/EC og 2006/49/EC). Dette direktivet er teke inn i EØS-avtalen.

Finansdepartementet ser det som formålstenleg at Noreg følgjer opp dei nye standardane frå Baselkomiteen, og bad Finanstilsynet i brev 17. desember 2009 om å vurdere om det norske regelverket, i påvente av endeleg utforming av nye reglar på europeisk nivå, burde skjerpast. Tilsynet vurderte i brev 1. februar 2010 til departementet at det kan vere grunn til å forsere innføringa av kvantitative likviditetskrav i det norske regelverket, men tilrådde at Noreg følgjer Baselkomiteen sin berekningsstudie, før ein eventuelt vedtek nye kvantitative likviditetskrav. Dette inneber likevel at nye krav kan innførast 1,5–2 år tidlegare i Noreg enn det som ligg inne i forslaget frå Baselkomiteen.

3.3 Kapitalkrav

Reglar om kapitalkrav skal sørgje for at finansinstitusjonar er solide, jf. boks 2.10 i kapittel 2. Lovendringar og ny kapitalkravsforskrift som gjennomfører EØS-reglane som svarar til EUs kapitalkravsdirektiv (direktiva 2006/48/EF og 2006/49/EF), dei såkalla Basel II-reglane, vart iverksette 1. januar 2007. Lovreglane, som inneheld generelle og overordna føresegner om kapitaldekning, vart vedtekne av Stortinget 30. juni 2006. Finansdepartementet har fastsett detaljerte reglar for utrekningsgrunnlaget knytt til kapitalkravet, mellom anna krav til vekting av lån til hushald og føretak, i kapitalkravsforskrifta.

Kapitalkravsdirektivet, «Capital Requirements Directive» (CRD), er under revisjon. Dei fyrste endringane, dei såkalla CRD II- og CRD III-direktiva, har gjennomføringsfrist 31. oktober 2010 og skal ha verknad frå 1. januar 2011. Departementet legg til grunn at desse endringsdirektiva vert tekne inn i EØS-avtalen på vanleg måte.

CRD II omfattar mellom anna:

  1. Reviderte krav til kvalitet på ansvarleg kapital. Revideringane gjeld maksimalgrenser for hybridkapital og overordna krav til eigenskapar ved hybrid- og kjernekapital. Krava skal utdjupast gjennom retningsliner frå CEBS.

  2. Tydeleggjering av ansvarsdeling mellom heimland og vertsland. Reglar om tilsynskollegium («supervisory colleges») skal styrkje utviklinga av einsarta tilsynspraksis, sikre samarbeid om tilsyn med store bankgrupper med aktivitet i fleire land og involvering av vertsland for systemviktige filialar ved krisehand­tering.

  3. Innstramming i reglane for store engasjement, mellom anna gjennom å fjerne fleire nasjonale val, medrekna dei løpetidsbaserte unntaksreglane for interbank-eksponering. Det vert også innført einsarta rapporteringskrav frå 31. des­ember 2012.

  4. Styrking av føresegnene på området som etter dette regelverket vert definerte som verdipapirisering (det gjeld ikkje obligasjonar med førerett, OMF).

  5. Kvalitative krav til likviditetsstyring.

CRD III, som er vedteke i EU-rådet, men ikkje enno i EU-parlamentet, omfattar mellom anna:

  1. Auka krav dersom kapitalkravet i handelsporteføljen vert utrekna med interne metodar, dvs. såkalla «value-at-risk»-metodar («VaR»).

  2. Ytterlegare ulike føresegner om verdipapirisering, medrekna strengare handsaming av om-verdipapiriseringsposisjonar (verdipapirisering­ar med andre verdipapiriseringar som under­liggjande).

  3. Regulering av godtgjeringsordningar, jf. avsnitt 3.4 nedanfor. Ordningane skal følgje prinsipp for god risikostyring, og skal inngå i tilsynsstyresmaktene si evaluering av føretaket sine kapitalvurderingsprosessar, «Supervisory Review Evaluation Process» (SREP).

Finansdepartementet sende utkast til forskriftsendringar til gjennomføring av CRD II og CRD III, utarbeidde av Finanstilsynet, på høyring 26. mars 2010. Gjennomføringa av CRD II og CRD III kjem ikkje til å innebere vesentlege utfordringar for norske finansinstitusjonar, av di gjeldande norske reglar og tilsynspraksis på viktige felt frå før er strengare enn det som no kjem frå EU.

EU-kommisjonen har nyleg hatt forslag til ytterlegare endringar i kapitalkravsdirektivet, CRD IV, på høyring. Dette er i stor grad samanfallande med forslag frå Baselkomiteen, og omfattar mellom anna:

  1. Betre kvalitet o.a. på kapital i bankar gjennom strengare krav til tapsberande evne ved løpande drift («going concern»), auka internasjonal harmonisering og betre informasjon til marknaden om kapitalsamansetnaden.

  2. Fleire risikoar skal dekkjast, og reglane om motpartsrisiko skal styrkjast, mellom anna ved å gje insentiv til å bruke anerkjend oppgjerssentral ved derivathandel.

  3. Dei risikovigde kapitaldekningskrava skal supplerast med eit minstekrav til ikkje-risikovigd eigenkapitaldel («leverage ratio»), for å dempe gjeldsoppbygging i bankane og for å unngå destabiliserande verknader som kan følgje av brå gjeldsnedbygging.

  4. Fremje bruk av motsykliske kapitalbufferar, som vert bygde opp i gode tider, og som kan trekkjast på når eventuelle tap kjem. Ein foreslår krav om tilbakehalding av overskot dersom banken sin kapitalbuffer (kapital ut over minstekravet) ikkje er stor nok.

  5. Handtere systemrisiko og gjensidig tilknyting i det finansielle systemet.

Det skal gjennomførast ein berekningsstudie av desse forslaga i løpet av fyrste halvår 2010, og Baselkomiteen tek sikte på å leggje fram reglar mot slutten av 2010, for innføring mot slutten av 2012.

Internasjonalt har det under og etter finanskrisa vore ei utvikling mot auka marknadskrav til kjernekapital og ansvarleg kapital i bankane. Finansdepartementet bad difor Finanstilsynet i brev 17. desember 2009 vurdere om det er formålstenleg om ein i Noreg, i forkant av venta tilrådingar og nye reglar internasjonalt, skjerpar det formelle kravet til kjernekapital, slik at ein stor del av minstekravet til ansvarleg kapital blir oppfylt med kjernekapital. Tilsynet la i brev 1. februar 2010 til departementet til grunn at det ikkje er umiddelbart behov for å forsere innføring av strengare kapitalkrav i Noreg, av di norske bankar ved utgangen av 2009 gjennomgåande hadde tilfredsstillande kapitaldekning. Ei eventuell innføring av strengare kapitalkrav må òg sjåast i samband med den vidare utviklinga i realøkonomien.

Baselkomiteen har varsla at han i løpet av fyrste halvår 2010 vil vurdere særskilde tiltak retta mot såkalla systemviktige banker, dvs. bankar som er så store/viktige i systemet at problem hos dei kan svekkje tilbodet av kreditt og andre finansielle tenester i marknaden, med monalege negative konsekvensar for realøkonomien. I det nemnde brevet til Finanstilsynet 17. desember 2009 bad departementet om ei vurdering av om kapitalkrava til bankar bør nyanserast i høve til om ein bank er å rekne som systemviktig eller ikkje, og om kapitalkrava bør variere i høve til nøkkeltal, som til dømes utlånsvekst. Tilsynet tilrådde i sitt svar 1. februar 2010 at ein bør vente med eventuelle nasjonale tiltak på dette feltet til det ligg føre ei avklaring internasjonalt.

Når det gjeld systemviktige bankar, har det dessutan frå fleire hald internasjonalt vore peika på krav om såkalla «living wills», dvs. ein plan utarbeidd av banken for korleis han skal handtere ei krise, og for korleis banken eventuelt kan avviklast. Etter oppmoding frå Finansdepartementet har Finanstilsynet varsla at det vil kartleggje nærare dei forslaga som har kome internasjonalt på dette feltet, for å vurdere om det er behov for endringar i dei norske reglane.

Boks 3.1 Spesialfond

Omgrepet «spesialfond» omfattar fond som ofte vert kalla «hedgefond». Dette er ei fellesnemning for fond som vert forvalta etter meir liberale reglar enn vanlege verdipapirfond. Målsetjinga for slike fond er typisk å gje positiv avkastning uavhengig av marknadsutviklinga elles, gjennom alternative investeringsstrategiar. I Ot.prp. nr. 36 (2007–2008) vart det lagt opp til at partar i spesialfond kan seljast i massemarknaden (til forbrukarar). Lovreglar om spesialfond vart fastsett ved endringar i verdipapirfondlova 27. juni 2008, men ikraftsetjinga vart utsett i påvente av nærare forskriftsregulering. Erfaringar med sal av samansette produkt og med investeringsrådgjeving frå tida etter at lovreglane om spesialfond vart vedtekne, kan etter departementet sitt syn tyde på at partar i spesialfond er produkt som likevel ikkje bør seljast i massemarknaden. Dette er òg heilt i tråd med den strenge reguleringa som styresmaktene nyleg har innført når det gjeld samansette produkt. Departementet legg difor førebels ikkje opp til at spesialfond kan seljast i massemarknaden.

Departementet fastsette 26. mars 2010 forskriftsreglar som inneber at partar i spesialfond berre kan tilbodast profesjonelle kundar. Reglane trer i kraft 1. juli 2010.

3.4 Godtgjeringsordningar

Høg risikotaking i finansinstitusjonar som følgje av godtgjeringsordningar som har gjeve dei tilsette økonomisk motiv til å handle kortsiktig og med høg risiko, har vore peika på som ei av årsakene til finanskrisa.

Finansdepartementet følgjer opp forslaget til endringar i det europeiske kapitalkravsdirektivet, CRD III, som omhandlar godtgjeringsordningar i kredittinstitusjonar og verdipapirføretak. Som nemnt ovanfor er hovudformålet å sikre at godtgjeringsordningar og insentivverknadene av desse er i samsvar med krav om god risikostyring. Departementet vil òg vurdere ytterlegare tiltak framover, mellom anna i lys av internasjonal utvikling.

Finanstilsynet har alt utarbeidd forslag til gjennomføring av dei komande direktivbestemmingane som gjeld godtgjeringsordningar. Korleis ein skal følgje opp dei komande EU-reglane, vert no vurdert i Finansdepartementet, mellom anna på bakgrunn av forslaget frå Finanstilsynet.

Hovudpunkta i forslaget frå Finanstilsynet er:

  • Krav om offentleggjering av godtgjering til medarbeidarar som påverkar risikoprofilen til institusjonane, dvs. leiarar og anna nøkkelpersonell. Informasjonskrava vil gjelde avgjerdsprosessen og prinsippa for godtgjering, samanheng mellom godtgjering og prestasjon, og kriterium for tildeling.

  • Særlege krav for bankar om at godtgjeringsordningane skal fremje god risikostyring og ikkje oppmuntre til høgare risiko enn det banken kan tole.

  • Krav om eige kompensasjonsutval som skal føre­bu alle avgjerder om kompensasjon i banken, for bankar med meir enn 30 mrd. kroner i forvaltningskapital.

Boks 3.2 Undersøking om godtgjering i finanssektoren

Finanstilsynet gjennomførte i 2009 ei spørjeundersøking om godtgjeringsordningar for tilsette i finanssektoren. Undersøkinga synte, i likskap med resultata frå tidlegare undersøkingar som Finanstilsynet gjorde i 2004 og 2008, at godtgjeringsordningane i norske finansinstitusjonar er moderate samanlikna med ordningar i andre land. Både dei høgste moglege utbetalingane i ordningane og dei faktiske utbetalingane låg på eit relativt nøkternt nivå.

Undersøkinga frå 2009 synte vidare at avtalestrukturane er forholdsvis enkle, og at få tilsette hadde opptening over fleire år. Det var òg eit gjennomgåande trekk at bonusar vert utbetalte årleg. Avtalar om utbetaling over fleire år hadde ikkje klausular om avkorting ved ei ugunstig resultatutvikling i påfølgjande år. For toppleiarar i undersøkinga representerte aksjar i gjennomsnitt om lag 12 prosent av den resultatbaserte godtgjeringa. Bonus i form av kontantar er såleis meir vanleg som insentivform enn aksjar. Eit fåtal av avtalane i undersøkinga nytta risikojustert resultat som grunnlag for evaluering av om måla vart oppnådde, medan hovudtyngda av avtalane nytta resultatelement og kvalitative faktorar som kriterium.

Tal frå lønnsstatistikken til Statistisk sentralbyrå syner at bonusar til administrerande direktørar i bank- og forsikringsverksemd tilnærma vart halverte i 2009 i forhold til 2008. Dette resulterte i ei gjennomsnittleg månadsløn for denne gruppa på 107 900 kroner, 12 prosent lågare enn året før.

3.5 Innskotsgarantiordninga

Finansdepartementet gav 23. juni 2009 Banklovkommisjonen i oppdrag å utgreie ein revisjon av gjeldande banksikringslov med forskrifter. Oppdraget har bakgrunn i mellom anna eit tidlegare oppdrag til Finanstilsynet, der tilsynet vart bede om å vurdere regelendringar som motverkar åtferdsrisiko og situasjonsbestemt innmelding i banksikringsfondet.

EU vedtok i 2009 endringar i direktivet om innskotsgarantiordningar (direktiv 94/19/EF). Blant endringane er fullharmonisering av dekningsnivået på innskotsgarantien til 100 000 euro (om lag 800 000 kroner) frå 1. januar 2011. Hittil har EU-reglane vore minimumskrav (minimum 20 000 euro fram til 30. juni 2009, og minimum 50 000 euro frå 1. juli 2009 til 31. desember 2010). Vidare vert maksimal utbetalingstid 20 virkedagar, mot tidlegare maksimalt tre månader. Ei tredje endring er at det ikkje lenger skal vere høve til å krevje at innskytar skal dekkje ein del av eit eventuelt tap. Før direktivendringane kunne medlemsstatane avgrense ordningane til å omfatte 90 prosent av tap.

Meir generelt arbeider EU-kommisjonen med fleire problemområde med sikte på å styrkje effektiviteten og tilliten til innskotsgarantiordningane. Til vurdering er mellom anna krav om ein felles definisjon av sikra innskot, minstekrava til obligatorisk fondering av garantiordningane, og krav om at bankane sine bidrag til innskotsgarantiordning­ane skal baserast på risikovigde premiar. I tillegg arbeider EU-kommisjonen med ei vurdering av om maksimal utbetalingstid til innskytarar skal reduserast vidare frå 20 virkedagar.

Den norske innskotsgarantiordninga er ei god ordning for innskytarane, og dekkjer opptil 2 mill. kroner per innskytar per bank dersom banken er medlem i Bankenes sikringsfond, jf. boks 2.4 i kapittel 2. Gjennomføring av fullharmoniseringsbestemminga frå EU i norsk rett vil innebere ei vesentleg svekking av den norske innskotsgarantiordninga. I Soria Moria II-erklæringa (s. 16) står det at «Regjeringa vil forsvare innskotsgarantien for bankinnskot i norske bankar». I Nasjonalbudsjettet 2010 (s. 80) heiter det: «Regjeringen jobber nå aktivt for å sikre at den norske innskuddsgarantien, som dekker alle innskudd opp til 2 millioner kroner per innskyter per bank, kan beholdes som i dag.» Regjeringa arbeider vidare med saka på dette grunnlaget.

Noreg er positiv til dei andre endringane i direktivet utanom dekningsnivået. I samband med innlemming av endringane til innskotsgarantidirektivet i EØS-avtala, arbeider Noreg med å få til ein tilpassingstekst som gjer det mogleg å halde ved like dekningsnivået i den norske innskotsgarantiordninga. EU-kommisjonen har til no avvist forslaget. Regjeringa arbeider som nemnt vidare med saka.

3.6 Shortsal

Høve til sal av finansielle instrument ein ikkje eig, såkalla «shortsal», vart mellombels innskrenka i fleire land under finanskrisa hausten 2008. Mellombelse forbod og andre tiltak var grunngjevne med uroa som då rådde i marknadene. Tidleg i oktober 2008 vurderte Finanstilsynet at shortsal av aksjar og grunnfondsbevis som var utferda av norske finansinstitusjonar, stod i mishøve til forbodet mot urimelege forretningsmetodar i verdipapirhandellova. Vurderinga, som i praksis var eit mellombels forbod mot slike shortsal, vart oppheva i september 2009.

I mars 2010 la Regjeringa fram forslag om lovendringar om shortsal, jf. Prop. 84 L (2009–2010), der det mellom anna vart foreslått at Finanstilsynet får ein klar heimel til å leggje ned mellombelse forbod mot shortsal, under marknadsforhold der slikt sal kan ha verknader som er eigna til å forstyrre den finansielle stabiliteten eller integriteten til marknaden. Det vart òg foreslått at gjeldande føresegn i verdipapirhandellova om at verdipapirføretak ikkje kan føreta eller formidle såkalla udekt shortsal, vert utvida, slik at det òg vert forbode å føreta udekt shortsal utanom norsk verdipapirføretak. Udekt shortsal inneber at seljaren ikkje har sikra seg tilgang til dei finansielle instrumenta på avtaletidspunktet, noko som kan gje høg oppgjersrisiko, og som kan vere eigna til prismanipulasjon.

3.7 Finanskriseutvalet

Finanskriseutvalet vart oppnemnt av Regjeringa 19. juni 2009, og fekk som mandat mellom anna å sjå på den norske finansmarknadsreguleringa i lys av finanskrisa, årsaker til den internasjonale finans­krisa, og kva innverknad krisa har hatt i den norske finansmarknaden, jf. boks 3.2. Utvalet vart òg bedd om å sjå nærare på utviklinga av ubalansar i marknadene (bobler), og på utforminga av lønns- og insentiv­strukturar i finansnæringa.

Utvalet si utgreiing skal ikkje innehalde forslag til konkrete regelverksendringar, men ein skal peike på eigenskapar ved eksisterande regelverk som ikkje bør svekkjast, og på område innanfor finansmarknadsreguleringa der det kan vere behov for forbetringar.

Utvalet er breitt samansett med representantar frå finansnæringa, partane i arbeidslivet, forbrukarorganisasjonane, styresmaktene og akademia.

Utgreiinga frå finanskriseutvalet skal overleverast til Finansdepartementet innan 31. desember 2010, og vil danne grunnlag for Regjeringa sitt vidare arbeid på dette området.

Finansdepartementet vil jamleg vurdere behovet for å forsterke reguleringar og tilsynsstyresmakt overfor finansinstitusjonane og finansmarknadene.

Boks 3.3 Finanskriseutvalet sitt mandat

Finanskriseutvalet vart oppnemnt av Regjeringa 19. juni 2009, og fekk same dagen følgjande mandat:

«Finanskrisen stiller oss overfor nye utfordringer. Finansmarkedenes virkemåte og regulering av disse markedene må vurderes på nytt. Både internasjonalt og i Norge pågår det debatter om finanskrisens årsaker, hvilke lærdommer som kan trekkes av krisen, og hvilke initiativer som bør tas for å motvirke nye kriser.

Det er initiert flere prosesser internasjonalt, blant annet i regi av EU, IMF og G20-gruppen, for å se på de internasjonale rammebetingelsene for bl.a. kapitalkrav, prosyklikalitet i regelverket, lederavlønning, sikringsfond, internasjonalt samarbeid mv. Dette er prosesser som også vil ha betydning for fremtidig norsk finansmarkedsregulering. Dagens regulering av finansmarkedene må også ses i lys av våre internasjonale forpliktelser.

Selv om finanskrisen har sin årsak i internasjonale forhold, kan det være grunn til å se på om finansmarkedene, slik de virker og er regulert i Norge i dag, oppfyller sin samfunnsmessige tiltenkte rolle på en best mulig måte, eller om det er sider ved dagens regulering som har uheldige samfunnsmessige effekter.

Finansdepartementet ber derfor utvalget utarbeide en vurdering av det norske finansmarkedet, herunder av norsk finansmarkedsregulering mer generelt, i lys av den internasjonale finanskrisen og erfaringer fra denne. Utvalget bør se på og beskrive de bakenforliggende årsakene til finanskrisen, og hvordan forholdene i internasjonale finansmarkeder har innvirket på det norske finansmarkedet. Utvalget bør også se på om det er særlige nasjonale forhold som bidro til utviklingen av finanskrisen i Norge. Det bør blant annet pekes på eventuelle forhold ved norsk finansmarkedsregulering som har bidratt til å dempe virkningene av den internasjonale finanskrisen, så vel som forhold som eventuelt har bidratt til å forsterke virkningene av finanskrisen.

Utvalget bør særlig se på utviklingen av ubalanser i markedene (bobler), herunder i eiendomsmarkedet.

Utvalget bør se nærmere på utformingen av incentivstrukturer med hensyn til avlønning i finansbransjen, og hvilken betydning slike ordninger eventuelt har hatt for salg av ulike typer finansprodukter, for kapitalallokeringen i samfunnet, og for oppbygging av ubalanse i markedene.

Utvalget bes også se på hvordan Norge har benyttet det nasjonale handlingsrommet innenfor våre internasjonale forpliktelser, hvordan regelverket ivaretar hensynet til kunder/ forbrukerne, og hvorvidt regelverket ivaretar hensynet til soliditet og til konkurranse mellom finansinstitusjonene.

Utvalget bør videre gi en beskrivelse av hvilke internasjonale initiativer som er satt i prosess i kjølvannet av finanskrisen, og en vurdering av hvordan man på nasjonalt, europeisk og globalt nivå bør arbeide for å motvirke tilsvarende kriser.

Utvalgets utredning skal ikke inneholde forslag til konkrete regelverksendringer, men utvalget bør peke på egenskaper ved eksisterende regelverk som ikke må svekkes og på områder innenfor finansmarkedsreguleringen hvor det eventuelt kan være behov for forbedringer, og i tilfelle redegjøre for hvorfor slike forbedringer på området kan være nødvendig eller ønskelig.

Som ledd i utvalgets arbeid bør utvalget innhente synspunkter og vurderinger fra en referansegruppe. Gruppen etableres i samråd med Finansdepartementet og slik at den gjenspeiler de ulike interesser og fagmiljøer som er relevante for utvalgets arbeid. Utvalget bør som en del av sitt arbeid iverksette ekspertutredninger på de områder man finner det nødvendig. Minst én av ekspertutredningene bør innhentes fra internasjonal ekspertise med det formål å sette utvalgets arbeid inn i en større internasjonal sammenheng.

Departementet ber om at utvalgets utredning oversendes departementet innen 31. desember 2010.»

3.8 Ny tilsynsstruktur på europeisk nivå

Etter initiativ frå de Larosière-utvalet har EU vedteke å etablere eit nytt tilsynssystem i Europa. Etter planen skal det etablerast nye byrå som skal drive tilsyn på mikronivå, «European System of Financial Supervisors» (ESFS), og eit nytt organ for makroovervaking av systemrisiko, «European Systemic Risk Board» (ESRB) – eller «Risikorådet». Det daglege tilsynet med finansinstitusjonar skal framleis liggje hos nasjonale tilsynsmyndigheiter.

I forslaget som vart lagt fram av EU-kommisjonen 23. september 2009, vart det lagt opp til at EØS-EFTA-statane skulle ha observatørstatus i dei nye europeiske tilsynsbyråa (ESFS), men ikkje i Risikorådet (ESRB). Forslaget frå EU-kommi­sjonen har vore handsama av EU-rådet, som i sitt kompromissforslag ikkje gjorde endringar i EØS-EFTA-statane si deltaking i dei nye byråa, men foreslo at EØS-EFTA-statane skal vere representerte i Risikorådet på såkalla ad hoc-basis. Forslaget frå EU-kommisjonen vert no handsama i EU-parlamentet, som skal fremje sitt eige kompromissforslag, før dei endelege forhandlingane mellom Rådet og Parlamentet kan starte opp. EU-kommisjonen reknar med at den nye strukturen kan kome på plass i løpet av 2011.

Norske styringsmaktar held fram arbeidet med å påverke EU-institusjonane aktivt for å sikre ei best mogleg norsk deltaking i den nye europeiske tilsynsstrukturen.

Figur 3.1 Den planlagde nye europeiske tilsynsstrukturen.

Figur 3.1 Den planlagde nye europeiske tilsynsstrukturen.

1 EBA, EIOPA og ESMA står for høvesvis European Banking Authority, European Insurance and Occupational Pensions Authority og European Securities and Markets Authority.

3.9 Rekneskapsreglar

IASB (International Accounting Standards Board) foreslo i november 2009 at gjeldande modell for nedskriving for tap på utlån i dei internasjonale rekneskapsreglane (IFRS) vert erstatta av ein «forventa tap»-modell. Den gjeldande hendingsbaserte nedskrivingsmodellen har vore gjenstand for kritikk etter finanskrisa, mellom anna fordi modellen krev objektive prov for at ei tapshending har skjedd, før føretaket kan nedskrive for tap. Dette kan føre til at nedskrivingsbehovet hopar seg opp i påvente av objektive hendingar som utløyser faktiske nedskrivingar. Den nye, føreslåtte modellen inneber at nedskrivingsbehovet vert berekna med utgangspunkt i forventningar på balansedagen om framtidige kontantstraumar inklusive forventa tap. Dersom forventa framtidige kontantstraumar som er neddiskonterte med opphavleg forventa effektiv rente, gjev ein lågare verdi enn tidlegare balanseført verdi, skal utlånet nedskrivast til denne lågare verdien. Ein endeleg standard skal etter planen ferdigstillast innan 2010, med pliktig bruk frå 2013/2014.

EU vil vurdere om standarden skal gjelde for europeiske føretak, og kva tidspunkt han eventuelt skal gjelde frå. EU-kommisjonen skal òg vurdere behovet for eventuelle særskilde reglar om dynamiske tapsnedskrivingar i kapitaldekningsregelverket.

Til forsida