Meld. St. 12 (2009–2010)

Finansmarknadsmeldinga 2009

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Folketrygdfondet i 2009

7.1 Innleiing

Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har i oppgåve å forvalte Statens pensjonsfond Noreg (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna investeringsrammer og retningsliner som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 10 (2009–2010) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2009. Statens pensjonsfond består i tillegg til SPN av Statens pensjonsfond utland (SPU), som Noregs Bank forvaltar på vegner av Finansdepartementet. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 8.2 i denne meldinga.

Etter § 9 i forskrift om forvaltninga av SPN av 7. november 2007 nr. 1228 skal Folketrygdfondet utarbeide ein årsrapport og halvårsrapport om forvaltninga av SPN. Årsrapporten frå Folketrygdfondet for 2009 følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 10 (2009–2010).

I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet utpeika ein ekstern revisor for Folketrygdfondet til å revidere rekneskapen for Folketrygdfondet inkludert forvaltninga av SPN. Det er òg inngått ein avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfeste at forvaltninga av SPN samsvarar med forskrift og retningsliner som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgje opp og føre tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.

Departementet har i ei eiga forskrift fastsett nærare reglar om føring av rekneskapen for Folketrygdfondet inkludert SPN, jf. forskrift 10. november 2008 nr. 1264 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet inkludert SPN. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og års­meldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjente årsrekneskapen og årsmeldinga 14. april 2010.

7.2 Leiing og administrasjon

Folketrygdfondet skal ha eit styre på ni medlemmer, med personlege varamedlemmer, jf. lov om Folketrygdfondet § 8. Samansetjinga av styret i Folketrygdfondet i 2009 går fram av tabell 7.1.

Tabell 7.1 Styremedlemmene i Folketrygdfondet i 2009. Varamedlemmer i parentes

Utløp av oppnemnings­tida15. mai 201030. juni 2012
Erik Keiserud (Wenche Nistad), leiarNorvald Mo (Ottar B. Guttelvik)
Mai-Lill Ibsen (Bernt Arne Ødegaard), nestleiarIngvild Myhre (Øyvind Bøhren)
Synnøve Nymo (Oddbjørg A. Starrfelt)Per Arne Olsen* (Terje Søviknes)
Harald Ellefsen (Anne Berit Andersen)Reidar Viken (Camilla B. Øvald)
Linda Orvedal (Petter Bjerksund)

* løyst frå vervet 19. februar 2010. Tor Mikkel Wara vart oppnemnd som ny medlem

Ved handsaming av administrative saker vert styret supplert med ytterlegare ein medlem og ein observatør som vert valde av og blant dei tilsette. Tilsettevalde representantar er Bjarne Andersson og Henning Lund.

Folketrygdfondet skriv i årsrapporten sin for 2009 følgjande om administrasjon og personale:

«For å kunne utøve en betryggende kapitalforvaltning i henhold til nytt rammeverk og beste praksis, har Folketrygdfondet de siste tre årene gjennomført en betydelig oppbemanning. Folketrygdfondets organisasjon begynner nå å nærme seg den størrelsen som er hensiktsmessig for å kunne ivareta forvaltningen av Statens pensjonsfond Norge og Statens obligasjonsfond på en god måte. Ved utgangen av 2009 hadde Folketrygdfondet 42 ansatte, mot 30 ansatte året før. Andelen kvinner utgjorde 45 prosent. Folketrygdfondets ledergruppe besto ved årsskiftet av 8 personer, hvorav 4 kvinner.»

I årsmeldinga si av 26. mars 2010 har styret i Folketrygdfondet gjort greie for styrearbeidet i 2009. Det er halde ni styremøte i 2009. I meldinga frå styret vert det peika på at det gjennom 2009 har vore arbeidd systematisk med internkontroll og risikostyring. Styret ser kontrollsystema i Folketrygdfondet som gode, og det er ikkje avdekt vesentlege operasjonelle feil i drifta.

7.3 Statens pensjonsfond Noreg

Departementet har vurdert Folketrygdfondets si forvaltning av SPN i Meld. St. 10 (2009–2010).

Marknadsverdien til SPN var ved utgangen av 2009 117 mrd. kroner, som er 29 mrd. kroner høgare enn ved inngangen til året. Verdien av aksjane i SPN utgjorde ved årsskiftet 73 mrd. kroner. Marknadsverdien er ved utgangen av 2009 i hovudsak ei tilbakevending til dei nivå fondet låg på før fallet i aksjemarknadene under og etter finanskrisa

Realiserte porteføljeinntekter utgjorde 5 819 mill. kroner. Av dette utgjorde renteinntekter 2 731 mill. kroner, utbytte 2 004 mill. kroner, netto realiserte gevinstar 980 mill. kroner og andre porteføljeinntekter på 104 mill. kroner. Netto urealiserte gevinstar var på 23 592 mill. kroner. Forvaltningskostnadene utgjorde 91 mill. kroner, som vert dekte ved at Folketrygdfondet si godtgjering vert trekt frå SPNs brutto avkastning.

Avkastninga av SPN var i 2009 33,5 prosent målt nominelt i kroner. Dette er det beste resultatet som er oppnådd sidan 1998, og kjem særleg av den svært gode utviklinga i aksjemarknaden i fjor. Folketrygdfondet oppnådde i 2009 svakare resultat enn referanseindeksen for aksjar og sterkare resultat for obligasjonar, men totalresultatet vart alt i alt 2,2 prosentpoeng lågare avkastning enn avkastninga på referanseindeksen.

Styret i Folketrygdfondet peikar i årsmeldinga for 2009 på at dei forvaltnings- og styringsmessige endringane som har skjedd dei to siste åra, har medverka til å styrkje Folketrygdfondet si rolle som ein finansiell investor i den norske og nordiske verdipapirmarknaden. Styret vurderer det òg slik at det strukturelle rammeverket som no er etablert, er formålstenleg for dei oppgåvene Folketrygdfondet er sett til å ivareta.

I årsmeldinga for 2009 peikar styret på at Folketrygdfondet vert vurdert til å ha eit godt risikostyringssystem for forvaltninga av SPN. Dei fastsette risikorammene ligg etter styret si vurdering på eit forsvarleg nivå, og den forventa relative volatiliteten har i 2009 lege innanfor dei fastsette rammene.

Ekstern revisor for Folketrygdfondet, Ernst & Young, har gjeve revisjonsmelding for 2009. Ifølgje meldinga er årsrekneskapen for SPN levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit rett bilete av SPNs økonomiske stilling per 31.12.2009 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.

7.4 Nærare om særlovselskapet Folketrygdfondet

Administrasjonskostnadene til Folketrygdfondet utgjorde 99,2 mill. kroner i 2009. Av dette utgjorde kostnader i samband med forvaltninga av SPN 91 mill. kroner, medan kostnader knytte til Statens obligasjonsfond utgjorde 8 mill. kroner. Dei samla administrasjonskostnadene er 4,4 mill. kroner lågare enn i 2008. Nedgangen i kostnadene kan i hovudsak forklarast med at det i 2008 var ein monaleg eingongskostnad knytt til pensjonar som følgje av omdanninga til særlovselskap. Dei to siste åra er det gjort store investeringar i styrings-, kontroll- og forvaltningssystema, for å tilfredsstille krava som er stilte i reglane om forvaltninga av SPN.

Overført forvaltningshonorar frå SPN utgjorde 91,3 mill. kroner, eller 0,093 prosent (9,3 basispunkt) av snitt forvalta kapital i 2009. Dette er innanfor ramma som er fastsett av departementet.

Årsrekneskapen for Folketrygdfondet for 2009 viser eit overskot på 982 340 kroner. Folketrygdfondet sin eigenkapital var 31. desember 2009 på 25,3 mill. kroner.

Kontantstraumen frå drifta var i 2009 på 1 mill. kroner, og er knytt til renteinntekter på bankinnskot. Behaldninga av bankinnskot og kontantar 31. desember 2009 var 42,7 mill. kroner.

Ekstern revisor for Folketrygdfondet konkluderer i si revisjonsmelding for 2009 med at årsrekneskapen for Folketrygdfondet er levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit korrekt bilete av den økonomiske stillinga per 31.12.2009 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.

Til forsida