Meld. St. 12 (2009–2010)

Finansmarknadsmeldinga 2009

Til innhaldsliste

8 Verksemda til utvalde statlege fond

8.1 Statens finansfond

8.1.1 Innleiing

Finansfondet vart oppretta den 6. mars 2009, ved at Stortinget vedtok «lov om Statens finansfond» på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart etablert med ein kapital på 50 milliardar kroner, jf. St. prp. nr 40 (2008-2009), Innst. S nr 158 (2008-2009) og vedtak nr 230 26. februar 2009.

Formålet med Finansfondet er «å bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lova § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggje særleg viktige saker fram for departementet før fondet tek avgjerd, og departementet kan instruere fondet.

I samsvar med EØS-avtalen er Noreg forplikta til å følgje mellom anna reglane om statstøtte. Det er berre høve til å gje statsstøtte som på førehand er godkjend av overvakingsorganet i EFTA, ESA. ESA gav 29. januar 2009 eigne retningsliner for kva slag statstøtte som kunne verte godkjend som støtte til normalt solide bankar. Retnings­linene frå ESA svarar til tilsvarande retningsliner frå EU-kommisjonen frå desember 2008. Finansfondet vart utforma på bakgrunn av desse retningslinene, med sikte på at ESA ikkje ville ha merknader til ordninga. Departementet hadde uformell kontakt med ESA fram til formell notifikasjon av ordninga 28. april 2009. ESA fatta 8. mai 2009 vedtak om ikkje å ha merknader til ordninga.

Finansdepartementet fastsette forskrifta om Statens finansfond same dag som ESAs vedtak låg føre. Forskrifta tredde i kraft 15. mai 2009, og er ei utfylling av lova, med nærare detaljar om kor lenge bankane kan søkje om kapitaltilskot, kva slag kapital Finansfondet skal kunne skyte inn i bankar, vilkår for kapitalinnskota, restriksjonar for bankar som mottek kapitaltilskot o.l. Ifølgje forskrifta kan Finansfondet «foreta kapitalinnskudd i norsk bank ved å erverve fondsobligasjon og preferansekapitalinstrument utstedt av norsk bank og av morselskap i finanskonsern. Fondets erverv skjer etter søknad fra den enkelte bank og i henhold til avtale mellom fondet og banken». Det er ein føresetnad for erverv at «Finanstilsynet og banken bekrefter at banken oppfyller krav til kjernekapitaldekning med god margin, også hensyntatt sannsynlig utvikling i nær framtid».

8.1.2 Bakgrunn for opprettinga av fondet

Den internasjonale finanskrisa førte til at marknaden stilte høgare krav til kapitaldekning i bankane. Dermed måtte også norske bankar styrkje soliditeten sin. Bankane kunne auke kapitaldekninga anten ved å redusere utlåna sine, eller ved å auke kapitalen. Dersom mange bankar samstundes valde å redusere utlåna sine, ville det verte vanskeleg for føretak og hushald å få tilgang til lån. Ei slik innstramming av kreditten ville verke negativt på den økonomiske utviklinga, og forsterke ei negativ utvikling i norsk økonomi. Det var difor betre om bankane valde å styrkje kapitaldekninga si gjennom å hente inn ny kapital. Av di kapitalmarknadene fungerte dårleg rundt årsskiftet 2008/2009, var det vanskeleg for bankane å få tak i kapital. Statens finansfond vart difor oppretta for å sikre dei norske bankane tilgang på kapital, og dermed styrkje bankane og setje bankane betre i stand til å halde ved like ei normal utlånsverksemd, jf. mellom anna omtalen av dette i Ot.prp. nr. 35 (2008–2009) kapittel 5.

8.1.3 Styre og administrasjon

Finansfondet er eit eige rettssubjekt, og vert leidd av eit styre som er oppnemnt av Kongen for tre år om gongen. Kongen oppnemnde 6. mars 2009 eit styre med advokat Endre Skjørestad som styreleiar, advokat Bjørg Ven som nestleiar og professor Thore Johnsen som styremedlem. Fagdirektør Anna Rømo og fyrsteamanuensis Jøril Mæland vart samstundes oppnemnde som varamedlemmer. Det har vore halde 21 styremøte i 2009.

Styret tilsette Birger Vikøren som administrerande direktør i Finansfondet 9. mars 2009. Vikøren vart tilsett for eitt år. I 2009 har administra­sjonen vore på fem personar.

Finansfondet har i 2009 brukt eksterne juridiske og finansielle rådgjevarar. Dei eksterne rådgjevarane har ytt spisskompetanse til fondet, samstundes som tilgang til slike rådgjevarar har gjeve fondet fleksibilitet til å handtere ei varierande arbeidsbelastning. Fondet valde advokatfirmaet Wikborg Rein som juridisk rådgjevar og Pareto Securities og UBS som finansielle rådgjevarar. I tillegg vart advokat Gudmund Knutsen i BAHR engasjert for å greie ut nokre spesielt avgrensa juridiske problemstillingar.

8.1.4 Regelverket for Finansfondet

8.1.4.1 Lov og forskrift om Statens finansfond

«Lov om Statens finansfond» regulerer opprettinga og organiseringa av fondet, medan forskrifta regulerer verksemda til fondet og vilkår for kapitalinstrumenta.

Etter forskrifta kan Finansfondet foreta kapitalinnskot i norske bankar gjennom erverv av fondsobligasjonar og preferansekapitalinstrument.

Forskrifta § 2 fyrste ledd lyder:

«Statens finansfond kan, forutsatt at Kredittilsynet og banken bekrefter at banken oppfyller krav til kjernekapitaldekning med god margin, også hensyntatt sannsynlig utvikling i nær framtid, etter søknad bidra til oppkapitalisering av norsk bank som følger:»

Finanstilsynet la føljande kriterium til grunn i vurderinga om ei bank møtte krava:

«Finanstilsynet vil som hovedregel anse en bank som tilstrekkelig solid til å kvalifisere for å motta kapital fra Statens finansfond dersom banken har minimum 6 prosent kjernekapitaldekning i henhold pilar 1 beregningen i Basel II på grunnlag av siste kvartalsregnskap.

Ovennevnte kjernekapitaldekning skal være oppfylt både på bank- og konsernnivå og basert på siste innrapportering til Finanstilsynet og/eller siste offentliggjorte regnskapsresultater, samt kunnskap om forhold av betydning for kjernekapitaldekningen som har inntruffet etter dette og frem til søknadstidspunktet.

For banker som i konsesjonsvilkårene har særskilte krav til kapitaldekning under pilar 1, forutsettes det at de skal ha henholdsvis 12 prosent kapitaldekning og 8 prosent kjernekapitaldekning i henhold til pilar 1 beregningene i Basel II for å anses tilstrekkelig solide for å motta kapital fra Statens finansfond.

Det kan oppstå tvilstilfeller der det råder særlig usikkerhet om en bank har foretatt tilstrekkelige nedskrivninger i henhold til risikoeksponeringer på vurderingstidspunktet. I slike tilfeller vil Finanstilsynet foreta en særlig kvalitetssikring, for eksempel ved å be banken før søknad sendes fondet, om å framlegge en fersk revisorbekreftelse av bankens status inklusive vurderinger omkring særlig usikre eksponeringer.»

Forskrifta pålegg bankane å bruke innskotet i tråd med formålet. Det er særskilt forbod mot å bruke innskotet i marknadsføring av banken eller til å gjennomføre aggressive kommersielle strategiar. Forbodet inneber ei avgrensing som skal motverke at banken bruker kapitalinnskotet til å skaffe seg konkurransefordelar.

Forskrifta set grenser for kor mykje kvar einskild bank kan oppkapitaliserast. Bankar med kjernekapitaldekning frå og med 7 prosent til og med 10 prosent kan oppkapitaliserast med inntil 3 prosentpoeng, men ikkje over 12 prosent. Bankar med kjernekapitaldekning over 10 prosent kan maksimalt oppkapitaliserast med 2 prosentpoeng. Det følgjer av forskrifta at det er eit særskilt krav til dokumentasjon av kapitalbehovet dersom bankar søkjer om kapitalinnskot som bringar kjernekapitaldekninga over 12 prosent, eller som utgjer meir enn 2 prosentpoengs auke i kjernekapitaldekninga.

I forskrifta er det sett avgrensingar på utbyttet. Det skal hindre at banken deler ut mykje kapital, samstundes som han mottek kapitalinnskot frå Finansfondet. Banken har ikkje høve til å betale ut meir utbytte enn eit beløp som tilsvarar 50 prosent av eigardelskapitalens del av årsresultatet.

Lønn og godtgjering til leiande tilsette i bankar som mottek kapitalinnskot frå Finansfondet, er regulert. Fram til 31. desember 2010 skal lønningar og anna godtgjering til leiande tilsette ikkje aukast. For perioden etter 31. desember 2010 skal vilkåra for lønn og anna godtgjering vere i samsvar med statens retningsliner for leiarlønn.

Prisen på dei to kapitalinstrumenta er i hovudsak fastsett i forskrifta. Begge instrumenta vert prisa i forhold til risikofri rente (bankane kan velje mellom seks månaders eller fem års statsrente). Rentepåslaga vart fastsette med utgangspunkt i ESAs og EU-kommisjonens retningsliner for prising av statleg kapitalinnskot til bankar. 1 Finansdepartementet fastsette rentepåslaget for fondsobligasjonen til mellom 5 og 6 prosentpoeng, avhengig av kva for risikoklasse banken vert plassert i. For preferansekapitalinstrumentet sette Finansdepartementet rentepåslaget til mellom 6 og 7 prosentpoeng avhengig av risikoklasse.

Forskrifta til departementet fastset insentiv for bankane til å innløyse kapitalinnskota frå Finansfondet. For fondsobligasjonen er dette ivareteke ved at rentepåslaget skal auke med eitt prosentpoeng etter fire år og ytterlegare eitt prosentpoeng etter fem år. For preferansekapital-instrumentet er insentiva til innløysing sikra ved at innløysingskursen gradvis aukar etter 3 ½ år. For preferansekapitalinstrumentet er det òg krav i forskrifta om at «(m)etode for beregning av innløsningsverdi og hvor stor gevinstmulighet Statens finansfond skal ha, skal stå i et rimelig forhold til hvordan konverteringen beregnes og hvor stor nedside Statens finansfond skal være med på å bære». Det er fastsett i forskrifta at innløysingskursen for preferansekapitalinstrumentet alltid skal vere høgare enn pari kurs. Innløysingskursen vil delvis reflektere ei eventuell positiv kursutvikling i aksjen/eigenkapitalbeviset. Det gjev Finansfondet ei avgrensa oppside.

Forskrifta fastsette 30. september 2009 som siste frist for å søkje om kapitalinnskot frå Finansfondet. Fristen for Finansfondet til å gjennomføre kapitalinnskott var opphavleg sett til 15. november 2009. Fordi mange bankar valde å søkje tett opp til fristen, vart det naudsynt å forlengje fristen for handsaming av søknader og utbetalingar frå fondet. Etter godkjenning frå ESA fastsette Finansdepartementet 14. oktober 2009 at fristen for utbetaling vart forlengd til 15. januar 2010.

I samsvar med vedtaket til ESA 8. mai 2009 om ordninga har departementet rapportert om ordninga til ESA innan 30. mars 2010.

8.1.4.2 Anna regelverk som gjeld for Finansfondet

Finansfondet skal mellom anna følgje reglane i «lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)», som omfattar investorars plikter i forhold til utskrivarar og marknader. Verken fondsobligasjonen eller preferansekapitalinstrumentet er notert på regulert marknad. Preferansekapitalinstrumentet inneheld likevel eit element av kjøpsopsjon gjennom ein konverteringsrett for fondet under nærare oppgitte vilkår. Verdsetjinga av opsjonen er til ein viss grad avhengig av underliggjande finansielle instrument, og leier til at fondet ikkje kan utøve opsjonen dersom det sit på innsideinformasjon. Elles er det berre der fondet etter fem år av fondsobligasjonens løpetid bruker retten i avtalen til å påleggje den aktuelle banken å notere obligasjonen, eller der det inntrer automatisk konvertering av preferansekapitalen til noterte eigenkapitalbevis, at fondet som investor må rette seg etter verdipapirhandellova kapittel 3, som mellom anna inneheld føresegner om handtering av innsideopplysningar og handleforbod. Finansfondet har likevel kursrelevante opplysningar om bankar som har søkt om kapital frå fondet. I samband med det har fondet innført reglar som forbyr styret og dei tilsette å handle nærare bestemte finansielle instrument.

«Lov 10. februar 1967 om handsamingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)» gjeld ikkje for Finansfondet, jf. lov om Statens finansfond § 8. Reglane i forvaltningslova om inhabilitet og teieplikt gjeld likevel for tillitsvalde og tilsette i fondet, og for andre som utfører tenester for fondet.

Finansfondet er unnateke frå «lov 19. mai 2005 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)» når det gjeld kapitalforvaltning av fondet, jf. forskrift 17. oktober 2008 til offentleglova § 1 tredje ledd bokstav b. I tillegg er fondet underlagt teieplikt i samsvar med konfidensialitetsavtalar med søkjarbankane. Det inneber at alle dokument i samband med søknader, forhandlingar og avgjerder skal unnatakast frå offentleg innsyn. Allmenta sitt behov for innsyn er elles løyst gjennom årsmelding, pressemeldingar, kronikkar og enkeltfråsegner til pressa.

Finansfondet er underlagt «lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser». Fondet har i 2009 kjøpt ei rekkje tenester. Det har sin bakgrunn i at ein har vilja organisere fondet med ein liten administrasjon. Til oppgåver som krev spesialkompetanse, eller som det har vore vanskeleg å dimensjonere på førehand, er det i stor grad henta inn ekstern hjelp. Det gjeld lønns- og rekneskapsfunksjonar, IT-tenester, finansielle og juridiske tenester og internkontrollfunksjonar.

8.1.5 Vilkår for kapitalinstrumenta fastsette av Finansfondet

Finansfondet har med utgangspunkt i reguleringa av verksemda til fondet laga nærare vilkår for kapitalinnskota.

8.1.5.1 Standardiserte økonomiske vilkår

Finansfondet fastsette dei meir detaljerte økonomiske vilkåra for dei to kapitalinstrumenta i standardiserte økonomiske vilkår (term sheets). Eit viktig forhold som vart fastsett av fondet, var konverterings- og innløysingskursar for preferansekapitalinstrumentet. Konverteringskursen vart fastsett i forhold til aksjekurs/eigenkapitalbeviskurs på avtaletidspunktet, men med ein monaleg rabatt. Det avgrensar nedsiderisikoen for Finansfondet. Innløysingskursen skal alltid vere høgare ein pari kurs, og han aukar gradvis i perioden fram til eventuell automatisk konvertering etter fem år. Kursen vil delvis reflektere ei eventuell positiv kursutvikling i aksjen/eigenkapitalbeviset. Det gjev Finansfondet ei avgrensa oppside.

Finansfondet har sikra seg ein rett til å konvertere preferansekapitalen til ordinær eigenkapital dersom uteståande preferansekapital utgjer 50 prosent eller meir av bankens balanseførte eigenkapital, eller preferansekapitalens del av balanseført eigenkapital har auka med 33 prosent eller meir etter at preferansekapitalen vart utskriven.

For at fondet skulle kunne sikre eit rimeleg forhold mellom nedsida og oppsida til fondet i alle avtalar om preferansekapitalinnskot, vart det i dei standardiserte økonomiske vilkåra opna for at konverterings- og innløysingskursar til ein viss grad kunne tilpassast kvar enkelt bank.

Dei standardiserte økonomiske vilkåra for dei to kapitalinstrumenta vart offentleggjorde 19. juni 2009. Vilkåra vart lagde fram for Finansdepartementet for kommentarar før offentleggjeringa.

8.1.5.2 Standardavtalar

Finansfondet utarbeidde òg standardavtalar som vart lagde til grunn i tilbodet til kvar enkelt bank. Avtalane består av allmenne og spesifikke element. Dei allmenne elementa er det som går igjen i alle avtalar av denne typen. Dei spesifikke elementa er ei spegling av dei omsyna Finansfondet må ta i samsvar med lov, forskrift, ESAs vedtak og andre avgjerder. Avtalane regulerer kva for krav som skal stillast til for eksempel kapitalens tapsberande evne, risikoklasse, rente, forhold til annan kapital, vedtak i kompetente selskapsorgan og garantiar for at visse formelle forhold er til stades. I løpetida regulerer avtalen ordinære forhold som nedbetaling av renter, og spesifikke forhold som prioritet og avgrensingar med tanke på bruk av kapitalen og generelle avgrensingar på utbytte- og gåvetildeling.

I tillegg til dei meir generelle og overordna avgrensingane som følgjer av forskrifta, pålegg Finansfondet bankane å innhente skriftleg samtykke frå fondet til nærare bestemte transaksjonar. Det omfattar for det fyrste større investeringar knytte til føretak, for det andre alle fisjonar, fusjonar, omdanningar eller oppkjøp av anna verksemd, for det tredje store konsernbidrag og andre transaksjonar utan motsvarande ekvivalent med anna selskap i same konsern som banken, og for det fjerde monalege investeringar for eller på vegne av andre einingar i same konsern som banken. I slike saker kan fondet stille vilkår for samtykke. Følgjeleg gjev avtalen fondet rett til å gripe inn og passe på at dei spesifikke interessene det er sett til å forvalte, vert ivaretekne.

Det følgjer av forskrifta at banken ikkje har høve til å betale ut meir utbytte enn eit beløp som svarar til 50 prosent av eigardelskapitalens del av årsresultatet. Avgrensingane når det gjeld gåveutdeling frå sparebankane, er i avtalane sette til 10 prosent av den delen av årsresultatet som vert tilordna institusjonen (den sjølveigde kapitalen). Ulike maksimumsgrenser på utbytte og gåveutdeling kan føre til at eigarbrøken vert forskyvd i disfavør av eigarane av eigenkapitalparts­bevis. Bankane står likevel fritt til å velje å betale ut utbytte og gåver som er lågare enn det maksimumsgrensene opnar for. Ifølgje utrekningar fondet har gjort, inneber dessutan eventuell bruk av maksimumsgrensene for dei fleste bankane inga vesentleg forskyving, og det kan uansett rettast opp på eit seinare tidspunkt.

Innløysing er generelt regulert slik at banken, dersom han ikkje innløyser heile kapitalinnskotet, berre har høve til å innløyse partielt tre gonger før innskotet må innløysast fullt ut. Kvar enkelt innløysing skal minst utgjere 20 prosent av kapitalinnskotet, og etter kvar innløysing skal minst 30 prosent gjenstå. Fondsobligasjonane kan innløysast frå kva tidspunkt som helst. Preferansekapitalen kan derimot ikkje innløysast før etter tre år. Innløysing krev uansett samtykke frå Finanstilsynet.

Det er tre ulike typar standardavtalar, høvesvis for kapitalinnskot ved teikning av preferanseaksjar, kapitalinnskot ved teikning av preferanseeigenkapitalbevis og kapitalinnskot ved teikning av fondsobligasjonar. Finansfondet offentleggjorde på heimesida si 2. juli 2009 at standardavtalane var lagde fram for Finansdepartementet, og at departementet ikkje hadde merknader til avtalane. Standardavtalane vart ikkje offentleggjorde på det tidspunktet, av omsyn til forhandlingane med bankane.

8.1.5.3 Kriterium for kapitalbehov

«Forskrift om Statens finansfond» set reglar for kor mykje bankane kan oppkapitaliserast. Finansfondet har i vurderinga av kapitalbehovet til bankane lagt stor vekt på det individuelle kapitalbehovet til søkjarbankane, vurdert etter fem kriterium:

  1. Kapitalbehovet utrekna i bankens eigen ICAAP 2 samanlikna med bankens budsjetterte kjernekapital i perioden 2009–2011.

  2. Finanstilsynet si vurdering av bankens ICAAP.

  3. Bankens kjernekapitaldekning samanlikna med gjennomsnittleg kjernekapitaldekning for bankar med tilsvarande forvaltningskapital.

  4. Kredittvurderinga av banken frå offisielle kredittvurderingsbyrå eller frå andre marknadsaktørar.

  5. Bankens kjernekapitaldekning ved utgangen av 2011 i Finansfondet sin stresstest i forhold til det regulatoriske minstekravet på 4 prosent. 3

I vurderinga av kapitalbehovet har Finansfondet lagt vesentleg vekt på bankens ICAAP og korleis Finanstilsynet vurderer denne (kriterium 1 og 2). I ICAAP-vurderinga av ein bank sitt kapitalbehov vert det mellom anna lagt vekt på bankens storleik, finansielle stilling og risikoeksponering, i tillegg til lokale forhold. Små lokale bankar kan for eksempel ha eit monaleg kapitalbehov fordi det i lokale marknader kan vere vanskeleg å oppnå ein diversifisert utlånsportefølje. Mindre bankar har òg ofte vanskelegare tilgang til kapitalmarknadene. Det aukar likviditetsrisikoen og dermed behovet for kapital til ekstra likviditetsbuffer. Små bankar kan difor ha eit kapitalbehov som ligg vesentleg over kapitalbehovet til store bankar.

8.1.5.4 Utlånsvekst

Eit hovudmål for Finansfondet har vore å setje bankane i stand til å halde ved like ei normal utlånsverksemd. Normal utlånsverksemd inneber vanlegvis vekst om lag på nivå med kredittveksten i Noreg. Noregs Bank anslår i Finansiell stabilitet 2/09 den årlege kredittveksten i hushald og føretak i 2010 og 2011 til om lag 5 prosent. Kreditt­veksten er naturlegvis òg avhengig av meir spesifikke forhold i den regionen der banken opererer. Finansfondet har difor valt å setje ei øvre grense for den planlagde utlånsveksten som kan finansierast med kapitalinnskot frå fondet. Grensa er sett til 10 prosent.

8.1.5.5 Plassering av bankar i risikoklassar

Bankane skal ifølgje «forskrift om Statens finansfond» § 10 plasserast i ein av tre risikoklassar ut frå kva kredittvurdering banken har. Finansfondet har utvikla ein modell for risikoklassifisering av søkjarbankar som ikkje hadde ei kredittvurdering frå dei offisielle kredittvurderingsselskapa. Modellen vart ved bruk av finansielle forklaringsfaktorar estimert slik at kredittvurderinga skulle spegle kredittvurderinga til bankar med offisiell kredittvurdering. Den endelege avgjerda om risikoklasse har teke utgangspunkt i resultata frå modellen, men fondet har òg sett på kredittvurderingar frå norske verdipapirføretak.

8.1.5.6 Rapportering og oppfølging av kapital­innskota

For å sikre at kapitalinnskotet vert brukt i tråd med formålet med ordninga, skal Finansfondet overvake bankens utlån, retningsliner for utlån, kostnadsutvikling o.a. Som investor må Finansfondet òg vurdere den jamlege risikoen ved investeringa, mellom anna den finansielle utviklinga til banken. Fondet har i utgangspunktet basert overvakinga på offentleg tilgjengeleg informasjon. Dette er informasjon som Finansfondet hentar inn gjennom tilgang til rekneskapane frå banken og rapporteringa han sender til bankstatistikken som Statistisk sentralbyrå har ansvar for. Det er inngått avtale med kvar enkelt bank og Finanstilsynet om at Finansfondet skal få oversendt økonomiske data frå den kvartalsvise rapporteringa bankane leverer til bankstatistikken.

Oppfølging av bankens utlånspolitikk, kredittstrategi, lønns-, utbytte- og gåvepolitikk krev særskild rapportering til Finansfondet. Ved å etablere den særskilde rapporteringa har fondet både lagt vekt på omsynet til forsvarleg oppfølging av kapitalinnskota og omsynet til bankane si rapporteringsbyrde. Omfanget av rapporteringa er avgrensa.

I tillegg til den regulære rapporteringa vil Finansfondet følgje opp bankane gjennom innkrevjing av renter, ta stilling til spørsmål frå bankane og følgje opp eventuelle brot i forhold til avtalane.

8.1.6 Kapitalinnskotet frå Finansfondet i 2009

Finansfondet mottok 34 søknader om kapitalinnskot frå norske bankar innan fristen 30. september 2009. Finanstilsynet utarbeida i alt 34 fråsegn om søkjarbankar, som alle møtte krava i forskrifta § 2 fyrste ledd, slik dei vart tolka av Finanstilsynet. Dei 34 søkjarbankane hadde til saman om lag 15 prosent av den samla forvaltningskapitalen i norske bankar. Fleire av dei store regionbankane søkte om kapital frå Finansfondet. Alle bankane søkte om fondsobligasjonar. To av bankane søkte i tillegg om preferansekapital. Etter at seks av bankane trekte søknadene sine, vart det teikna fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 milliardar kroner. Ein bank skreiv ut preferansekapital for knapt 27 millionar kroner. Finansfondet betalte ut det fyrste innskotet 30. september 2009, og det siste 17. desember 2009. Bankane som fekk tildelt kapital frå Finansfondet, representerer 14 prosent av forvaltningskapitalen i norske bankar og 21 prosent av alle bankar i landet. I tabell 8.1 vert det gjeve ei oversikt over viktige kjenneteikn ved dei bankane som har motteke kapital frå Finansfondet.

Tabell 8.1 Oversikt over bankar med kapitalinnskot

BankInnskot Mill. kr.Risiko­klasseForvaltings­kapital Mill. kr.Kjernekapitaldekning før innskottAnslått kjernekapitaldekning etter innskottAnslått auke i kjernekapitaldekning. prosentpoeng
Aurskog Sparebank60,036 21412,39 %14,33 %1,94 %
Bamble og Langesund Sparebank30,033 13010,19 %11,90 %1,71 %
Blaker Sparebank20,032 25711,96 %13,78 %1,82 %
Bud, Fræna og Hustad Sparebank25,032 30713,72 %15,69 %1,97 %
Gjerstad Sparebank18,031 3909,73 %11,99 %2,26 %
Grong Sparebank22,031 91212,85 %14,84 %1,99 %
Hjelmeland Sparebank30,532 50310,09 %12,09 %2,00 %
Hol Sparebank25,032 33812,26 %14,18 %1,92 %
Holla og Lunde Sparebank41,033 99213,62 %15,61 %1,99 %
Indre Sogn Sparebank33,033 14412,52 %14,51 %1,99 %
Klepp Sparebank75,036 29010,80 %12,73 %1,93 %
Kvinesdal Sparebank31,532 64611,10 %13,10 %2,00 %
Lillestrøm Sparebank60,036 1298,77 %10,62 %1,85 %
Nes Prestegjelds Sparebank96,835 2528,64 %11,62 %2,98 %
Rørosbanken40,033 76913,41 %15,38 %1,97 %
Sandnes Sparebank450,0328 4298,90 %11,07 %2,17 %
Selbu Sparebank28,032 48314,36 %16,31 %1,95 %
Seljord Sparebank20,031 68012,12 %14,05 %1,93 %
Soknedal Sparebank13,031 22314,64 %16,57 %1,93 %
SpareBank 1 Buskerud-Vestfold200,0321 50810,31 %11,92 %1,61 %
Sparebank 1 SMN1 250,0289 7168,58 %10,70 %2,12 %
Sparebanken Sør400,0235 40610,82 %12,82 %2,00 %
Sparebanken Vest960,0292 4998,52 %10,51 %1,99 %
Tinn Sparebank25,032 39812,79 %14,74 %1,95 %
Totens Sparebank132,0311 9859,81 %11,81 %2,00 %
Vegårshei Sparebank9,0382312,33 %14,33 %2,00 %
Verdibanken ASA15,031 52810,24 %11,98 %1,74 %
Ørland Sparebank24,032 34515,92 %17,89 %1,97 %
Sum/FVK vegd snitt4 133,8 345 2969,51 %11,54 %2,03 %

Kjelde: Statens finansfond

Tabell 8.1 viser at 19 bankar har ei kjernekapitaldekning over 12 prosent etter kapitalinnskot, og at fire bankar har fått ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosentpoeng.

Alle bankane har valt seks månaders statskassevekselrente som referanserente. Tre bankar vart plasserte i risikoklasse 2 med eit rentepåslag på 5,5 prosentpoeng. Dei andre 25 bankane vart plasserte i risikoklasse 3. Rentepåslaget for fondsobligasjonar i denne klassen er 6 prosentpoeng og for preferansekapitalinstrumentet 7 prosentpoeng. Det var berre to bankar som hadde kredittrating frå offisielle kredittvurderingsselskap. Dei andre bankane er risikoklassifiserte basert på den metoden Finansfondet har utvikla.

8.1.6.1 Verknadene av kapitalinnskota

Tabell 8.1 viser at kapitalinnskota frå Finansfondet auka bankane si kjernekapitaldekning med i gjennomsnitt 2 prosentpoeng, til 11,6 prosent. Dette har styrkt soliditeten til bankane.

Det følgjer av tabell 8.2 at utlånsveksten til dei bankane som mottok kapital frå Finansfondet, i snitt var nær null i tolvmånadersperioden fram til 30. juni 2009. Omtrent kvar tredje bank hadde negativ utlånsvekst i denne perioden. Tabell 8.2 viser òg snitt forventa utlånsvekst i 2010 og 2011 for dei aktuelle bankane. Det følgjer av tabellen at bankane planlegg merkbart høgare utlånsvekst med kapitalinnskot enn utan. 4 Kapitalinnskot frå fondet har dermed bidrege til at bankane kan halde ved like ein normal utlånsvekst.

Tabell 8.2 Forventa tolvmånaders utlånsvekst med og utan kapitalinnskot

Utlånsvekst i prosent (vegen) siste 12 mnd.30.06.200931.12.201031.12.2011
Med kapitalinnskot6,52%7,77%
Utan kapitalinnskot0,41%1,77%4,57%
Prosentpoeng auke m/kapitalinnskot4,76%3,21%

Kjelde: Statens finansfond

Bankane som mottok kapitalinnskot frå Finansfondet, er pålagde å rapportere om utviklinga i kredittpraksis kvart halvår. Fristen for den fyrste rapporteringa var 31. januar 2010. Denne rapporteringa viser at bankane i gjennomsnitt har letta sin kredittpraksis i andre halvår 2009 samanlikna med fyrste halvår. Den viktigaste årsaka til letten i kredittpraksis er utviklinga i bankane si kapitaldekning.

Noregs Bank gjennomfører kvart kvartal ei undersøking av kredittpraksis hos eit utval av dei største bankane. Undersøkinga viser at bankane letta sin kredittpraksis i tredje og fjerde kvartal 2009. Figur 8.1 viser kva for faktorar som har spela inn. Det følgjer av figuren at endringar i bankane si kapitaldekning er ei av dei viktigaste årsakene til at det vart lettare å gje kreditt. 5

Figur 8.1 Faktorar som påverkar kredittpraksisen overfor føretak
 i 2009

Figur 8.1 Faktorar som påverkar kredittpraksisen overfor føretak i 2009

Kjelde: Noregs Bank

Både Finansfondet si eiga kartlegging av bankane sin kredittpraksis og Noregs Banks undersøking av kredittpraksisen kan tyde på at norske bankar si tilgang til kjernekapital i mellom anna Finansfondet har gjort det enklare å gje kreditt i andre halvår 2009. Formålet med Finansfondet har vore å bidra med kjernekapital til norske bankar for å styrkje dei og setje dei betre i stand til å halde ved like normal utlånsverksemd.

8.1.6.2 Finansfondet og kapitalmarknadene

Finansfondet vart etablert med ei ramme på 50 milliardar kroner. Med denne storleiken ville det vere mogleg å auke kjernekapitaldekninga i alle norske bankar med 3,5 prosentpoeng, dersom ingen bankar skulle oppkapitaliserast til meir enn 12 prosent kjernekapitaldekning. Utan taket på 12 prosent ville ramma gjere det mogleg å oppkapitalisere alle norske bankar med 3 prosentpoeng. Sjå nærare omtale av dette i Ot.prp. nr. 35 om lov om Statens finansfond og lov om Statens obligasjonsfond avsnitt 6.7.

Då alle kapitalinnskota var gjennomførte, viste det seg at drygt 8 prosent av ramma, 4.1 milliardar kroner, vart brukt. Det er naturleg at ein liten del av ramma vart brukt, i og med at den økonomiske krisa ikkje vart så djup i Noreg som det var grunn til å frykte ved byrjinga av den finansielle og økonomiske krisa, og kapitalmarknadene betra seg raskare enn det var grunn til å vente tidleg i 2009. Det var viktig for tilliten til bankane at ramma var stor nok slik at alle bankar kunne få dekt sitt behov for kapital om nødvendig. Etableringa av Finansfondet gjorde det dessutan mogleg for bankane å avvente utviklinga i kapitalmarknadene før dei bestemte seg for korleis kjernekapitalen eventuelt skulle aukast. Fondet har difor vore ein tryggleiksfaktor for alle norske bankar i ein periode der kapitalmarknadene ikkje har fungert normalt.

Utviklinga i kapitalmarknadene gjennom finanskrisa kan illustrerast gjennom utviklinga i renta på private fondsobligasjonar. Denne kan samanliknast med renta på fondsobligasjonane til Finansfondet. Før finanskrisa kunne norske bankar emittere fondsobligasjonar i marknaden til eit rentepåslag på rundt 1–2 prosentpoeng over NIBOR. Dette kom til dels av at tilliten til norske bankars soliditet var god, men òg av at investorane tok lite betalt for å ta risiko. Finanskrisa førte til ein kraftig auke i rentepåslaget på fondsobligasjonar. Det vart skapt usikkerheit om kor solide bankane var, og investorane ville ha betre betalt for å ta risiko. Hausten 2008 og våren 2009 var det ingen norske bankar som skreiv ut fondsobligasjonar. Risikoen var for stor. Etableringa av Finansfondet har vore med på å redusere denne risikoen. Tilliten til bankane har auka, og dette har gjort sitt til å redusere rentepåslaga på fondsobligasjonar.

Dei fyrste utskrivingane av fondsobligasjonar frå norske bankar i 2009 skjedde etter sommaren, til eit rentepåslag på 7 prosentpoeng over NIBOR. Mot slutten av 2009 var rentepåslaget falle til rundt 4,5–5 prosentpoeng. Av di statsrenta er lågare enn NIBOR, betyr det at fondsobligasjonane til Finansfondet vert prisa med eit rentepåslag rundt 4,5–5,5 prosentpoeng i forhold til NIBOR. Det er på nivå med prisane på private fondsobligasjonar mot slutten av 2009. Dette viser at fondsobligasjonane til Finansfondet har hatt ei riktig prising. Rentene var lågare enn det bankane kunne få i marknaden då finanskrisa var på sitt verste. Men rentene vil venteleg vere høgare enn det bankane kan få i kapitalmarknadene når dei igjen fungerer normalt. På denne måten har Finansfondet bygd ei bru frå dårleg fungerande kapitalmarknader til meir normalt fungerande kapitalmarknader.

8.1.7 Resultatrekneskap og balanse

Finansfondet vart etablert med ein eigenkapital på 50 000 mill. kroner som vart plasserte på ein ikkje-renteberande konto i Noregs Bank. Fondet sitt kapitalinnskot i bankar var på til saman 4 133 799 990 kroner. Dei oppsamla renteinntektene frå kapitalinnskota i bankane var i 2009 på 48 629 210 kroner. Det følgjer av forskrifta for Finansfondet at banken berre skal betale renter dersom bankens resultat etter skatt er positivt. To av bankane som har fått kapitalinnskot, hadde underskot i 2009. Det betyr at renteinntekter på nesten 450 000 kroner frå dei to bankane må avskrivast. Rentene for 2009 skal innbetalast når forstandarskapet har fastsett årsresultatet til banken, noko som har skjedd i løpet av februar/mars 2010.

Finansfondet hadde i 2009 eit driftsbudsjett på 25 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene var på 21,3 mill. kroner.

8.2 Statens obligasjonsfond

8.2.1 Innleiing

Statens obligasjonsfond vart oppretta i mars 2009 med ei ramme på 50 mrd. kroner. Formålet med fondet er å bidra til auka likviditet i og betre kapitaltilgang til kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Statens obligasjonsfond er eit generelt verkemiddel overfor obligasjonsmarknaden, der fondet saman med andre investorar vil kjøpe obligasjonslån som er lagde ut av norske føretak i både fyrstehands- og andrehandsmarknaden.

Folketrygdfondet er ansvarleg for forvaltninga av Statens obligasjonsfond på vegner av Finans­departementet, med eit mandat separat frå Statens pensjonsfond Noreg. Finansdepartementet fastsette den 18. mars 2009 ei forskrift om forvaltninga av Statens obligasjonsfond som slår fast at fondet skal ha ei klar finansiell målsetjing. Den finansielle målsetjinga er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til fondsformålet om å bidra til auka likviditet i og betre kapitaltilgang til kredittobligasjonsmarknaden i Noreg.

Folketrygdfondet er ansvarleg for å gjere dei enkelte investeringsvala innanfor dei retningslinene som er gjevne. Fondet skal føreta enkeltinvesteringar på forretningsmessig grunnlag, uavhengig av Finansdepartementet, og legg heller ikkje desse investeringsavgjerdene fram for Finansdepartementet på førehand.

Investeringane skal skje på marknadsmessige vilkår, og risikoen skal vere spreidd på ei rekkje utskrivarar i fleire sektorar. Kravet om marknadsmessig prising er viktig for at investeringane i Statens obligasjonsfond skal vere i samsvar med dei føresetnadene som vart lagde til grunn då lovforslaget vart fremja. Dette er òg avgjerande for å gå klar av EØS-reglane om ulovleg statsstøtte.

8.2.2 Plasseringane

Det har vore eit kraftig fall i rentenivået sidan etableringa av Statens obligasjonsfond vinteren 2009, og kredittpåslaga på verdipapir i norske kroner er no monaleg reduserte samanlikna med toppnivået som vart nådd under finanskrisa. Dette gjev følgjeleg lågare kostnader for norske føretak som ynskjer å finansiere verksemda si gjennom den norske kredittobligasjonsmark­naden, samanlikna med det som var tilfelle for eit snautt år sidan.

Ved utgangen av 2009 var 8,2 mrd. kroner av den samla ramma på 50 mrd. kroner plasserte i obligasjonsmarknaden. Det var investert i totalt 53 ulike lån, og om lag halvparten av investeringane var lån til selskap innanfor bank- og finanssektoren. 70 prosent av dei investerte midlane er lån som er gjevne til selskap som har høg eller moderat kredittkvalitet («investment grade»), medan 30 prosent er lån som er gjevne til selskap med lågare kredittkvalitet («non-investment grade»). Ein vesentleg del av investeringane er gjord i fyrstehandsmarknaden, og delen i kvar emisjon har variert frå 5 til 60 prosent.

Marknadsverdien til eigedelane i Statens obligasjonsfond var ved utgangen av 2009 50,6 mrd. kroner, som er 0,6 mrd. kroner høgare enn ved etableringa. Utviklinga i marknadsverdien i 2009 var i stor grad prega av ei gradvis normalisering i kredittobligasjonsmarknaden og lågare rentepåslag.

Avkastninga av Statens obligasjonsfond var i fjor på 13,1 prosent målt i forhold til nivået på dei investerte midlane, rekna som ei tidsvekta avkastning. Rekna i forhold til startkapitalen på 50 mrd. kroner er avkastninga 1,2 prosent.

Etableringa av Statens obligasjonsfond var basert på at ein ville stimulere andre investorar til også å ta del i obligasjonsmarknaden. I vissa om at det gjennom fondet kom på banen ein vesentleg investor som vil betre marknadslikviditeten, gjekk ein ut ifrå at ein kunne skape ein positiv, sjølvforsterkande prosess gjennom at andre investorar og låntakarar då i aukande grad ville ta i bruk obligasjonsmarknaden igjen. Kommentarar frå marknadsaktørar tyder på at Statens obligasjonsfond har hatt ein positiv effekt på obligasjonsmarknaden nettopp gjennom slike indirekte verknader.

Fotnotar

1.

EUs retningsliner byggjer på ein formel som er utarbeidd av Den europeiske sentralbanken 20. november 2008, der kravet til gjennomsnittleg avkastning på kapitalinnskotet blir sett som eit påslag på risikofri rente (statrenta).

2.

Internal Capital Adequacy Assessment Process er banken si vurdering av eige kapitalbehov som regelmessig vert sendt inn til, og kommentert, av Finanstilsynet.

3.

Stresstesten som vart brukt, er utvikla av Noregs Bank og er den same som vart brukt i Noregs Banks rapport Finansiell stabilitet 1/09.

4.

Enkelte bankar har ikkje kvantifisert auken i utlånsvekst med kapitalinnskot frå Finansfondet kontra utlånsveksten utan innskot. I møte med bankane har det kome klart fram at også desse bankane ventar auka utlånsvekst med innskot, men at veksten har vore vanskeleg å talfeste. Venta vekst i utlån med innskot er difor truleg noko høgare enn tala viser.

5.

Bankane i undersøkinga bruker ein skala med fem svaralternativ. Dei framkomne nettotala blir oppgjevne i ein skala frå –100 til +100. Dersom alle bankane i utvalet har svara at det er noko tilstramming i kredittpraksis, vil nettotalet vere –50. Dersom alle bankane i utvalet har stramma inn kredittpraksisen sin mykje, er nettotalet –100.

Til forsida