Meld. St. 12 (2009–2010)

Finansmarknadsmeldinga 2009

Til innhaldsliste

4 Regelverksutvikling og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

4.1 Regelverksutvikling

I det vidare følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2009. I avsnitt 4.1.8 følgjer eit summarisk oversyn over fastsette forskrifter i 2009. I avsnitt 4.2 følgjer ein omtale av sentrale løyve som vart gjevne same år, med kort omtale av kvar einskild sak.

4.1.1 Bankverksemd

«Lov 6. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond» vart vedteken etter forslag i Ot.prp. nr. 35 (2008–2009) om lov om Statens finansfond og lov om Statens obligasjonsfond. Statens finansfond skal tilby kjernekapital til solide norske bankar for å styrkje kjernekapitaldekninga og dermed betre utlånskapasiteten deira. Lova vart sett i kraft straks.

Finansdepartementet fastsette 8. mai 2009 «forskrift om Statens finansfond» med nærare reglar for kva krav som skal stillast til bankane for at dei skal få kjernekapitaltilskot frå fondet, nærare reglar for kor mykje kjernekapital fondet kan yte overfor kvar einskild bank, og nærare reglar for korleis Statens finansfond kan utforme avtalane med bankane om tilførsel av kjernekapital. Forskrifta tok til å gjelde frå 15. mai 2009.

Stortinget vedtok 16. juni 2009 nye reglar om kapital- og organisasjonsforhold i sparebanksektoren. Dei nye reglane vart gjennomførte ved at det vart teke inn tre nye kapittel om sparebankar og finansinstitusjonar som ikkje er organiserte som aksjeselskap i finansieringsverksemdslova. Dei nye reglane skal bidra til å styrkje sparebankane og andre finansinstitusjonar som ikkje er organiserte som aksjeselskap, gjennom eit modernisert regelverk om kapitalforhold og grunnfondsbevis (finansieringsverksemdslova kapittel 2b), struktur- og føretaksendringar (finansieringsverksemdslova kapittel 2c) og finans- og sparebankstiftingar (finansieringsverksemdslova kapittel 2d). Lovendringa vart foreslått av Finansdepartementet i Ot.prp. nr. 75 (2008–2009) om «lov om endringer i finansieringsvirksomhetsloven og enkelte andre lover (kapital- og organisasjonsformer i sparebanksektoren mv.)». Proposisjonen bygde på Banklovkommisjonen si utgreiing nr. 22 «Kapital- og organisasjonsformer i sparebanksektoren mv». Dei nye lovreglane vart sette i kraft 1. juli 2009.

For å gjennomføre lovreglane om kapital- og organisasjonsformer i sparebanksektoren fastsette Finansdepartementet 29. juni 2009 «forskrift om egenkapitalbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper». Forskrifta opphevar reglane i grunnfondsbevisforskrifta med einskilde unntak.

4.1.2 Forsikrings- og pensjonsverksemd

Stortinget vedtok 16. juni 2009 endringar i forsikringsverksemdslova med sikte på å betre konkurransen i marknaden for fripolisar, pensjonskapitalbevis og individuelle pensjonsavtalar. Endringane inneber at retten til å krevje gebyr ved flytting av fripolisar, pensjonskapitalbevis og individuelle pensjonsavtalar vart oppheva. Vidare vart oppseiingsfristen ved flytting av fripolisar og pensjonskapitalbevis redusert frå to månader til ein månad. Lovendringane vert sette i kraft høvesvis 1. juli og 1. oktober 2009. Endringane bygde på eit forslag i Ot.prp. nr. 72 (2008–2009) om «lov om endringer i lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond og enkelte andre lover (samleproposisjon)».

Finansdepartementet fastsette 6. juli 2009 «forskrift om endring i forskrift om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning og forskrift om skadeforsikringsselskapers kapitalforvaltning». Forskriftsendringa inneber enkelte tekniske endringar i kapitalforvaltningsforskriftene. Finansdepartementet sende 22. september 2009 forslag til meir omfattande endringar i kapitalforvaltningsforskriftene på høyring, med høyringsfrist 6. november 2009. Finansdepartementet tek sikte på å fastsetje endringsforskrift i 2010.

Finansdepartementet fastsette 3. desember 2009 nye reglar om kontoføring og kontoutskrift i livs- og pensjonsforsikring. Reglane er tekne inn i forskrift 30. juni 2006 nr. 869 til forsikringslova. Formålet med reglane er å gje forsikringstakaren informasjon om hans eller hennar livs- eller pensjonsforsikring. Reglane erstattar den tidlegare kontoføringsforskrifta som vart fastsett av Finanstilsynet i 1995. Innføring av nye verksemdsreglar i livsforsikring og den produktutviklinga som har skjedd i livsforsikringsmarknaden dei seinare åra, gjorde det nødvendig med ein revisjon av denne forskrifta.

4.1.3 Finansierings- og kredittverksemd

«Lov 19. juni 2009 nr. 59 om endringer i finansieringsvirksomhetsloven, børsloven, verdipapirregisterloven, verdipapirhandelloven mv. (eierskap i finansinstitusjoner og infrastrukturføretak på verdipapirområdet)» vart vedteken etter forslag i Ot.prp. nr. 80 (2008–2009). Lovendringane som gjeld eigarskap i finansinstitusjonar, gjennomfører EØS-reglar som svarar til direktiv 2007/44/EF, og inneber mellom anna ei innsnevring av moglegheita for å utøve skjønn i vurderinga av kven som er skikka som eigar, og dessutan kortare sakshandsamingsfristar. Lovendringane vart sette i kraft frå 1. juli 2009.

4.1.4 Verdipapirhandel

Stortinget vedtok 19. juni 2009 ei endring i lov om verdipapirfond § 4-14 som opnar for samanslåing av verdipapirfond. Samanslåing vil krevje godkjenning frå Finanstilsynet, og skal berre gjevast dersom nærare oppgitte vilkår i lova er oppfylte. Ein føresetnad for godkjenning er at dei fonda som skal slåast saman, stort sett har like mandat for investeringane, og at ein må gå ut frå at samanslåinga er i partseigarane si interesse. Før lovendringa kan tre i kraft, er det naudsynt å fastsetje nærare reglar i forskrift.

«Lov 19. juni 2009 nr. 59 om endringer i finansieringsvirksomhetsloven, børsloven, verdipapirregisterloven, verdipapirhandelloven mv. (eierskap i finansinstitusjoner og infrastrukturforetak på verdipapirområdet)» vart vedteken i 2009 etter forslag i Ot.prp. nr. 80 (2008–2009). Lovendringane som gjeld eigarskap i infrastrukturføretak, mjukar opp dei eksisterande reglane som set grenser for eigarskap i børsar, verdipapirregister og oppgjerssentralar. Endringane legg til rette for auka konkurranseevne for slike føretak i eit stadig meir internasjonalisert og konkurranseutsett marknad. Lovendringane vart sette i kraft frå 1. juli 2009.

Finansdepartementet endra «forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)» ved forskrift 13. mars 2009 nr. 304. Endringa inneber at det i ein overgangsperiode fram til 2012 skal vere tilgang til å utarbeide rekneskap etter kinesiske, kanadiske, indiske og koreanske rekneskapsstandardar. Forskrifta inneheld òg enkelte endringar i krav til transaksjonsrapportar for finansielle instrument av teknisk karakter.

Finansdepartementet fastsette 14. desember 2009 endringar i «forskrift 21. desember 2007 nr. 1776 om differensiering av forvaltningsgodtgjørelsen for verdipapirfondsandeler». Endringane vart sette i kraft 1. januar 2010. Endringane opnar for at forvaltarar av verdipapirfond kan tilby partseigarar satsar for rabattert forvaltningsgodtgjering for heile innskotet i fondet, altså slik at rabattsatsen gjeld frå fyrste krone. Tidlegare kunne ein berre tilby rabattsatsar for dei delane av partseigarars innskot som låg innanfor visse innskotsintervall.

Finansdepartementet fastsette 16. desember 2009 «forskrift om endringer i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)». Endringane trer i kraft 1. juli 2010. Endringane inneber at verdipapirføretak får ei utvida plikt til å gjere lydopptak av telefonsamtalar, ved at alle telefonsamtalar i samanheng med yting av investeringstenester må takast opp, bortsett frå telefonsamtalar om tenesta «drift av multilateral handelsfasilitet». Finansdepartementet oppheva samstundes unntaka frå plikta til å gjere lydopptak for verdipapirføretak og kredittinstitusjonar med avgrensa tenestespekter.

4.1.5 Eigedomsmekling

Finansdepartementet fastsette 18. desember 2009 «forskrift om endring av forskrift 8. februar 1999 nr. 196 om autorisasjon av regnskapsførere m.v. og forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling». Endringa er gjord som ein del av gjennomføringa av tenestedirektivet (direktiv 2006/123/EF) i norsk rett. Endringa inneber unntak frå hovudregelen i tenestelova om at ein søknad om løyve skal reknast som innvilga dersom svar ikkje er gjeve innan fristen, jf. tenestelova § 11 andre ledd. Forskrifta tok til å gjelde frå 28. desember 2009, samstundes med tenestelova.

4.1.6 Rekneskap og revisjon

Stortinget vedtok 19. juni 2009 «lov om endringer i revisorloven og enkelte andre lover (gjennom­føring av revisjonsdirektivet)». Lovendringane gjennomfører EØS-reglar som svarar til direktiv 2006/43/EF, og inneber mellom anna krav om revisjonsutval i føretak som er noterte på børs, og krav om periodisk kvalitetskontroll av revisorar. Lovendringane vart med einskilde unntak sette i kraft 1. juli 2009.

Finansdepartementet endra 30. januar 2009 «forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsføretak og morselskap for slike». Endringane er i hovudsak ei tilpassing av reglane i årsrekneskapsforskrifta om forenkla bruk av IFRS (International Financial Reporting Standards) til «forskrift 21. januar 2008 nr. 57 om forenklet anvendelse av internasjonale regnskapstandarder».

Finansdepartementet endra 30. januar 2009 «forskrift av 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper». Endringane, som i hovudsak omfattar noteopplysningar, er ei oppfølging av at årsrekneskapsforskriftene er tilpassa IFRS (International Financial Reporting Standards) og nye verksemdsreglar for forsikring.

Finansdepartementet fastsette 15. mai 2009 «forskrift om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56». Endringa inneber at forvaltningsorgan som har opplysningar som kan vere eigna til å fastslå om det ligg føre rekneskapsplikt etter rekneskapslova § 1-2, har plikt til å gje desse opplysningane til Rekneskapsregisteret utan å vere hindra av teieplikt.

I medhald av «lov om endringer i revisorloven» vedtok departementet 19. juni 2009 «forskrift om overgangsregler til revisorloven», jf. forskrift 19. juni 2009 nr. 60, mellom anna slik at revisjonsutval i føretak som er noterte på børs, må vere på plass etter neste generalforsamling i føretaket.

Departementet endra «forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder» ved forskrift 26. juni 2009 nr. 951 og ved forskrift 28. oktober 2009 nr. 1316. Endringane var av teknisk karakter.

Departementet endra «forskrift 7. september 2006 nr. 1062 til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapslova av 17. juli 1998 nr. 56» ved forskrift 3. desember 2009 nr. 1440. Endringa inneber at ordninga med utsett frist for forseinkingsgebyr for rekneskapspliktige som leverer årsrekneskap o.l. elektronisk gjennom Altinn-portalen, vart forlengd med verknad for rekneskapsåret til og med 2010.

Finansdepartementet endra 18. desember 2009 «forskrift av 23. august 1999 nr. 957 om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak». Endringane inneber at verdipapirføretak kan bruke reglane om forenkla bruk av IFRS (International Financial Reporting Standards), og at verdipapirføretak ikkje kan bruke reglane for små føretak i rekneskapslova.

Finansdepartementet endra 18. desember 2009 «forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsføretak og morselskap for slike». Endringane inneber at bankar og finansieringsføretak o.l. i notar i årsrekneskapen skal gje opplysningar om utlån som er tilpassa krava i dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS (International Financial Reporting Standards). Krava gjer det lettare å samanlikne opplysningar i ulike rekneskapar.

Finansdepartementet endra 18. desember 2009 «forskrift av 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper». Endringane inneber særskilde lettar i krava til noteopplysningar for små forsikringsselskap.

Finansdepartementet fastsette 18. desember 2009 «forskrift om endring av forskrift 8. februar 1999 nr. 196 om autorisasjon av regnskapsførere m.v. og forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling». Endringa er gjord som ein del av gjennomføringa av tenestedirektivet (direktiv 2006/123/EF) i norsk rett. Endringa inneber unntak frå hovudregelen i tenestelova om at ein søknad om løyve skal reknast for innvilga dersom svar ikkje er gjeve innan fristen, jf. teneste­lova § 11 andre ledd. Forskrifta tok til å gjelde frå 28. desember 2009, samstundes med tenestelova.

4.1.7 Anna

Ny lov om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering vart vedteken 6. mars 2009. Lova implementerer EØS-reglar som svarar til det såkalla tredje kvitvaskingsdirektivet (direktiv 2005/60/EF), og andre internasjonale skyldnader og anbefalingar på området, særleg anbefalingane frå organisasjonen Financial Action Task Force (FATF). Formålet med lova skal vere å gjere det vanskelegare å utnytte det finansielle systemet til kvitvaskingsformål. Finansdepartementet fastsette 13. mars 2009 «forskrift om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering mv.» og «forskrift om kontrollutvalget for tiltak mot hvitvasking». Forskriftene og lova tok til å gjelde frå 15. april 2009.

«Lov 24. mai 1985 nr. 28 om Noregs Bank og pengevesenet» vart endra ved lov 19. juni 2009 nr. 47 etter forslag frå departementet i Ot.prp. nr. 58 (2008–2009). Endringane gjeld lovfesting av rekneskaps- og bokføringsreglar for banken, innføring av ekstern revisjonsordning og lovfesting av krav om internrevisjon. Vidare vart det gjeve nærare reglar for tilsyns- og kontrollansvaret til representantskapet og hovudstyret. Ordninga med personlege varamedlemmer i hovudstyret vart erstatta med ei ordning med minimum to ikkje-personlege varamedlemmer.

Finansdepartementet fastset i samsvar med lov om renter ved forseinka betaling § 3 ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen skal vere styringsrenta til Noregs Bank med eit tillegg på 7 prosentpoeng. 26. juni 2009 vart forseinkingsrenta fastsett til 8,25 prosent p.a., jf. forskrift 26. juni 2009 nr. 862. 17. desember 2009 vart forseinkingsrenta fastsett til 8,75 prosent p.a., jf. forskrift 17. desember 2009 nr. 1599.

Kredittilsynet endra 21. desember 2009 namn til Finanstilsynet og flytta til nye lokale i Revierstredet 3. Den viktigaste årsaka til at tilsynet bytte namn, er at det nye namnet passar betre til verksemdsområdet til Finanstilsynet. Det nye namnet er òg i samsvar med internasjonal praksis for integrerte finanstilsyn. Tilsynet har heile tida hatt det internasjonale namnet «The Financial Supervisory Authority of Norway».

4.1.8 Fastsette forskrifter

Finansdepartementet fastsette 40 forskrifter på finansmarknadsområdet i 2009:

Forskrift 23. januar 2009 nr. 57 om endring i forskrift om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske livsforsikringsselskaper

Forskrift 23. januar 2009 nr. 58 om endring i forskrift om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske skadeforsikringsselskaper og gjenforsikringsselskaper

Forskrift 30. januar 2009 nr. 89 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

Forskrift 30. januar 2009 nr. 102 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper

Forskrift 3. februar 2009 nr. 111 om endring i forskrift om offentlig administrasjon av filial av bank med hovedsete i fremmed stat

Forskrift 25. februar 2009 nr. 240 om bankers adgang til lån og innskudd i Norges Bank mv.

Forskrift 13. mars 2009 nr. 303 om kontrollutvalget for tiltak mot hvitvasking

Forskrift 13. mars 2009 nr. 302 om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering mv.

Forskrift 13. mars 2009 nr. 304 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

Forskrift 16. mars 2009 nr. 324 om ikrafttredelse av lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven) § 10-18

Forskrift 18. mars 2009 nr. 327 om forvaltningen av Statens obligasjonsfond

Forskrift 8. mai 2009 nr. 495 om Statens finansfond

Forskrift 8. mai 2009 nr. 496 om endring i forskrift om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper

Forskrift 15. mai 2009 nr. 520 om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring av regnskapsloven

Forskrift 26. mai 2009 nr. 575 om beregning av kapitalavkastning i livsforsikringsselskaper mv.

Forskrift 19. juni 2009 nr. 707 om overgangsregler til lov 19. juni 2009 nr. 60 om endringer i revisorloven og enkelte andre lover (gjennomføring av revisjonsdirektivet)

Forskrift 26. juni 2009 nr. 862 om renter ved forsinket betaling

Forskrift 26. juni 2009 nr. 907 om endring i forskrift til forsikringsloven (livsforsikring mv.)

Forskrift 26. juni 2009 nr. 908 om overgangsregler til lov 19. juni 2009 nr. 48 om endringer i lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond og enkelte andre lover

Forskrift 26. juni 2009 nr. 951 om endring i forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 29. juni 2009 nr. 913 om egenkapitalbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper

Forskrift 6. juli 2009 nr. 990 om endring i forskrift om livsforsikringsselskapers og pensjonsforetaks kapitalforvaltning og forskrift om skadeforsikringsselskapers kapitalforvaltning

Forskrift 30. september 2009 nr. 1224 om endring i forskrift om overgangsregler til lov 19. juni 2009 nr. 48 om endringer i lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond og enkelte andre lover

Forskrift 28. oktober 2009 nr. 1316 om endring av forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 3. desember 2009 nr. 1439 om endring i forskrift til forsikringsloven (livsforsikring mv.)

Forskrift 3. desember 2009 nr. 1440 om endring av forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

Forskrift 14. desember 2009 nr. 1512 om endring i forskrift om differensiering av forvaltningsgodtgjørelsen for verdipapirfondsandeler

Forskrift 16. desember 2009 nr. 1555 om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

Forskrift 16. desember 2009 nr. 1556 om endring i forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

Forskrift 17. desember 2009 nr. 1599 om renter ved forsinket betaling

Forskrift 17. desember 2009 nr. 1630 om risikostyring og internkontroll i Norges Bank

Forskrift 18. desember 2009 nr. 1687 om endring i forskrift om autorisasjon av regnskapsførere m.v. og forskrift om eiendomsmegling

Forskrift 18. desember 2009 nr. 1688 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

Forskrift 18. desember 2009 nr. 1689 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak

Forskrift 18. desember 2009 nr. 1726 om forskrift om endring i diverse forskrifter som inneholder navnet «Kredittilsynet»

Forskrift 18. desember 2009 nr. 1800 om endring i forskrift om beregning av solvensmarginkapital og solvensmarginkapital for norske skadeforsikringsselskaper og gjenforsikringsselskaper

Forskrift 18. desember 2009 nr. 1807 om endring i forskrift for årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper

Forskrift 21. desember 2009 nr. 1734 om endring i forskrift om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak

Forskrift 21. desember 2009 nr. 1735 om endring i forskrift om minstekrav til kapitaldekning for markedsrisiko mv. for kredittinstitusjoner og verdipapirforetak

Forskrift 21. desember 2009 nr. 1736 om endring i forskrift om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)

4.2 Løyve i forvaltningssaker

Finansdepartementet har 19. januar 2009 avslått klage frå Josef K (tidlegare Totalvekst) over Finanstilsynet sitt vedtak 24. juni 2008 om tilbakekalling av løyve til å yte investeringstenester, jf. verdipapirhandellova § 9-4 fyrste ledd nr. 4. Finanstilsynet fann at føretaket hadde utført alvorlege og systematiske brot på kravet til god forretningsskikk i verdipapirhandellova. I vedtaket presiserer Finansdepartementet på einskilde punkt kva som ligg i kravet til god forretningsskikk, men sluttar seg i det vesentlege til Finanstilsynet sine vurderingar av dei faktiske forholda, og at det representerer brot på kravet til god forretningsskikk.

Finansdepartementet har 5. februar 2009 avslått klage frå Caveo ASA over Finanstilsynet sitt vedtak 24. juni 2008 om tilbakekalling av løyve til å yte investeringstenester, jf. verdipapirhandellova § 9-4 fyrste ledd nr. 4, jf. § 10-11. Finanstilsynet fann at føretaket hadde utført alvorlege og systematiske brot på kravet til god forretningsskikk i verdipapirhandellova. I vedtaket presiserer Finansdepartementet på einskilde punkt kva som ligg i kravet til god forretningsskikk, men sluttar seg i det vesentlege til Finanstilsynet sine vurderingar av dei faktiske forholda, og at dette representerer brot på kravet til god forretningsskikk.

I vedtak 13. mars 2009 fekk International Maritime Exchange ASA utvida løyve til å drive regulert marknad. Løyvet er gjeve med heimel i børslova § 4 fyrste ledd, jf. verdipapirhandellova § 2-2 fyrste ledd nr. 4, jf. femte ledd nr. 2 og 5. Det er knytt vilkår til løyvet.

IBM Global Financing AS fekk 8. mai 2009 med heimel i finansieringsverksemdslova § 2-10 jf. § 1-3 dispensasjon frå kravet i forskrift om store engasjement. Det er knytt vilkår til dispensasjonen.

Finansdepartementet godkjende 26. mai 2009 med heimel i finansieringsverksemdslova § 2-7 samarbeidsavtalar mellom produktføretak osv. i Terra-Gruppen AS og sparebankane som eig Terra-Gruppen.

Finansdepartementet har med heimel i finansieringsverksemdslova §§ 2-2 jf. 2-3 og 2a-7 23. juni 2009 gjeve KLP løyve til å overta alle aksjane i Kommunekreditt Norge AS. Eksportfinans ASA fekk samstundes med heimel i finansieringsverksemdslova § 1-3 mellombels dispensasjon frå forskrift om store engasjement. Det er knytt vilkår til dispensasjonen.

Finansdepartementet presiserte 24. juni 2009 forhold ved Loomis Norge AS’ løyve til å drive valutaverksemd av 21. juni 2007. Det vart mellom anna presisert at det sentrale når det gjeld løyve til å drive valutaverksemd, er at den banken, eller dei bankane Loomis Norge AS samarbeider med, har løyve til å yte bankverksemd i Noreg.

Sparebanken Møre og Tingvoll Sparebank fekk 30. september 2009 løyve til å slå seg saman ved at aktiva og passiva frå Tingvoll Sparebank vart overførte til Sparebanken Møre i samsvar med vedtak i forstandarskapa til dei to bankane. Finansdepartementet gav samstundes løyve til å avvikle Tingvoll Sparebank og opprette Sparebankstiftelsen Tingvoll. Løyve vart gjeve med heimel i dei nye lovreglane i finansieringsverksemdslova om kapital- og organisasjonsformer i sparebanksektoren mv. (finansieringsverksemdslova kapittel 2b, 2c og 2d). Det er knytt vilkår til løyvet.

Sparebanken Vest og Sauda Sparebank fekk 30. september 2009 løyve til å slå seg saman ved at aktiva og passiva frå Sauda Sparebank vart overførte til Sparebanken Vest i samsvar med vedtak i forstandarskapa til dei to bankane. Finansdepartementet gav samstundes løyve til å avvikle Sauda Sparebank og opprette Sparebankstiftelsen Sauda. Løyve vart gjeve med heimel i dei nye lovreglane i finansieringsverksemdslova om kapital- og organisasjonsformer i sparebanksektoren o.l. (finansieringsverksemdslova kapittel 2b, 2c og 2d). Det er knytt vilkår til løyvet.

20. oktober 2009 fekk Sparebank 1 Nord-Norge løyve til å kjøpe 75 prosent av aksjane i den russiske banken Agrokredbank. Løyvet er gjeve med heimel i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar § 2a-3 fjerde ledd. Det er knytt vilkår til løyvet.

Strømme Microfinance AS er gjeve løyve til å drive finansieringsverksemd. Løyvet vart gjeve 12. november 2009 med heimel i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar § 3-3. Verksemda fekk unntak frå paragrafar i finansieringsverksemdslova, jf. finansieringsverksemdslova § 1-3 tredje ledd. §§ 3-7 og 4-2 gjeld likevel. Det er knytt vilkår til løyvet.

Finanstilsynet gav løyve til å yte investeringstenester til ni nye verdipapirføretak i 2009. I tillegg vart det gjeve utvida løyve til to verdipapirføretak (løyve til nye investeringstenester). Finanstilsynet har vidare gjeve den regulerte marknaden Oslo Børs ASA løyve til å yte investeringstenester som nemnt i verdipapirhandellova § 2-1 fyrste ledd nr. 7, drift av multilateral handelsfasilitet. Finanstilsynet gav òg løyve til fem nye forvaltningsselskap for verdipapirfond.

Som følgje av at Finansdepartementet og Noregs Bank oppretta ein tiltakspakke for banknæringa hausten 2008, søkte fleire bankar/konsern om lov til å opprette spesialføretak som kan emittere obligasjonar med fortrinnsrett (OMF). Ti kredittføretak fekk slikt løyve.

I 2009 gav Finanstilsynet tjue løyve med heimel i reglane i finansieringsverksemdslova om eigarkontroll i finansinstitusjonar.

I 2009 kalla Finanstilsynet tilbake løyvet til å yte investeringstenester frå elleve verdipapirføretak. I tillegg har fire verdipapirføretak gjeve avkall på løyvet til å yte einskilde investeringstenester, men har framleis løyve til å yte andre investeringstenester. Finanstilsynet har vidare kalla tilbake løyvet til å yte investeringstenester frå eitt forvaltningsselskap for verdipapirfond.

Sju av 75 private pensjonskasser som hadde konsesjon melde frå om avvikling i 2009.

Tolv forsikringsformidlingsføretak fekk konsesjon frå Finanstilsynet i 2009. Av desse var det sju forsikringsmeklings- og gjenforsikringsmeklingsføretak og fem forsikringsagentføretak.

Til forsida