Meld. St. 12 (2009–2010)

Finansmarknadsmeldinga 2009

Til innhaldsliste

9 Verksemda til Det internasjonale valutafondet

9.1 Innleiing

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF eller Fondet) har 186 medlemsland 1 og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om økonomiske og finansielle spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: Overvake økonomien i medlemslanda med tanke på å førebyggje økonomiske ubalansar og kriser, gje lån til land som har betalingsbalanseproblem eller er i krisesituasjonar, og gje teknisk assistanse til medlemslanda.

Som i 2008 vart verksemda til IMF i 2009 sterkt prega av den finansielle og realøkonomiske krisa i verdsøkonomien. IMF var sentral i arbeidet med å dempe verknadene av krisa, mellom anna ved å låne ut midlar til land som fekk, eller stod i fare for å få, akutte vanskar med betalingstilhøva med utlandet. IMF måtte difor òg arbeide med å sikre sin eigen likviditet og inngjekk ekstraordinære, bilaterale låneavtaler med ein rekke medlemsland. I juni 2009 gav Noreg IMF ein trekkrett i Noregs Bank på opp til 3 milliardar SDR for dei generelle ordningane til IMF, og Regjeringa har nyleg foreslått overfor Stortinget at Noreg òg skal stille til disposisjon eit lån på 300 millionar SDR for dei spesielle ordningane for låginntektsland, jf. Prop. 83 S (2009-2010).

IMF la fram forslag om ein meir ekspansiv økonomisk politikk og korleis medlemslanda burde rette inn politikken for å dempe den økonomiske nedgangen. Då det vart klarare at krisa ikkje lenger var så akutt, tok IMF opp spørsmåla om når og korleis dei ekstraordinære tiltaka fleire land hadde sett i verk, kunne avviklast. På bakgrunn av erfaringane frå krisa tok IMF i tillegg opp arbeidet med å vurdere om organisasjonen var godt tilpassa utfordringane til medlemslanda og den globale økonomien. IMF vil i tida framover vurdere om mandatet bør justerast, om utlånsordningane og ressursane er eigna og tilstrekkelege, om IMFs rolle som rådgjevar for og overvakar av systemviktige land bør utviklast vidare, og kva som bør gjerast for å betre organisasjonen sitt styresett.

Avsnitt 9.2 gjev ei generell oversikt over opp­gåvene og ordningane til IMF og avsnitt 9.3 ei oversikt over styresettet til organisasjonen. Avsnitt 9.4 omtalar sentrale spørsmål som har vore handsama i styret til IMF sidan førre kredittmelding, medan avsnitt 9.5 gjev eit oversyn over særskilde forhold som gjeld Noreg.

9.2 Oppgåvene til IMF

9.2.1 Økonomisk overvaking

Formålet med IMF si overvaking er å fremje internasjonal økonomisk og finansiell stabilitet. Overvakinga av økonomien i medlemslanda skjer på multilateralt, regionalt og bilateralt nivå. Basis for den multilaterale og regionale overvakinga er analysar av utsiktene for verdsøkonomien i World Economic Outlook, som vert lagd fram to gonger kvart år. Der drøftar ein utsiktene for verdsøkonomien under eitt og særlege utfordringar i ulike regionar. Regionale utsikter vert òg analyserte i Regional Economic Outlook, som ser nærare på den økonomiske utviklinga for fem ulike regionar. IMF utarbeider i tillegg halvårlege analysar av utviklinga i dei internasjonale finansmarknadene i Global Financial Stability Report. Rapporten analyserer ulike delar av finansmarknadene i land og regionar, og drøftar samspelet mellom makroøkonomiske spørsmål og finansmarknadene.

Den bilaterale overvakinga utgjer kjernen i verksemda til IMF og vert utført gjennom jamne konsultasjonar overfor kvart medlemsland i samsvar med artikkel IV i IMF sine vedtekter. Dei fleste medlemslanda har årlege konsultasjonar som inneber at delegasjonar frå IMF møter styres­maktene og organisasjonar i kvart enkelt medlemsland for å samle inn og analysere økonomisk informasjon. IMF sine statuttar slår fast at medlemslanda har ei omfattande informasjonsplikt om økonomiske spørsmål. Styresmaktene må grunngje den økonomiske politikken dei fører, og diskutere eventuelle behov for omlegging med representantar frå IMF. Staben i IMF skriv deretter ein førebels, og seinare ein endeleg, rapport frå diskusjonane med si vurdering av utøvinga av den økonomiske politikken. Rapportane vert diskuterte i IMF-styret. Medlemslanda har ikkje plikt til å følgje tilrådingane frå IMF.

IMF si overvaking byggjer på ein omfattande analyse av penge- og finanspolitikken, finanssektoren og dei strukturelle forholda i medlemslanda. Overvakinga har gradvis vorte utvida som følgje av at meir handel og investeringar mellom land har gjeve tettare internasjonal økonomisk integrasjon. Denne integrasjonen har gjeve medlemslanda eit betre grunnlag for økonomisk utvikling, men har samstundes auka systemrisikoen. Den økonomiske krisa har vist både at store finansinstitu­sjonar speler ei stadig viktigare rolle i økonomien, og at tilbakeslag lettare spreier seg frå land til land enn før.

Som eit ledd i utvidinga av Fondet si overvaking vart det i 2009 etablert eit system for tidleg varsling av fare for finansiell ustabilitet (Early Warning Exercise – EWE). I samarbeid med Financial Stability Board (FSB) ser IMF her nærare på samspelet mellom finansiell og realøkonomisk utvikling. Gjennom analysar av høgrisikoscenario og såkalla stress-testar prøver ein å identifisere moglege veikskapar ved det finansielle systemet. Ut ifrå analysen utarbeider ein så forslag til førebyggjande tiltak. Resultata av EWE-analysane vert ikkje offentleggjorde.

IMF har vidare, i samarbeid med Verdsbanken og andre internasjonale organ, utarbeidd standardar og kodar for såkalla beste praksis på til saman tolv ulike område. Det er opp til kvart enkelt land om dei vil følgje desse standardane, men IMF oppmodar landa sterkt til å ta dei i bruk. Om lag tre firedelar av medlemslanda har fått gjennomført ei vurdering av IMF og Verdsbanken om korleis dei etterlever ein eller fleire av desse standardane (såkalla ROSCs – Report on the Observance of Standard and Codes).

I tillegg til det som er nemnt ovanfor, har IMF og Verdsbanken etablert eit særskilt system for vurdering av den finansielle sektoren i medlemslanda kalla Financial Sector Assessment Program (FSAP). Ein FSAP-prosess omfattar mellom anna ei vurdering av implementeringa av ulike standardar innanfor finansmarknadsområdet og ei vurdering av kor godt ulike myndigheitsorgan er førebudde på å handtere kriser. Som følgje av finanskrisa arbeider IMF for å styrkje si overvaking av den finansielle sektoren, mellom anna ved betre å integrere FSAP-prosessar i artikkel IV-konsultasjonane av medlemslanda.

9.2.2 Lån til land med betalingsbalanse­problem

9.2.2.1 Bakgrunn

IMF fungerer som ein kredittunion. Formålet er å sikre medlemslanda tilgang til finansieringsordningar slik at dei kan korrigere mellombelse vanskar i betalingsbalansen utan å måtte gripe til tiltak som kan ha uheldige økonomiske konsekvensar for landet sjølv eller for andre land.

Utlånsverksemda vert i hovudsak finansiert gjennom innskot frå medlemslanda (kalla kvotar) i IMF. Kor mykje kvart land er forventa å bidra med, altså storleiken på kvotane til kvart land, vert basert på kor stort landet er i verdsøkonomien relativt sett. Land med konvertibel valuta og utan betalingsbalanseproblem er pliktige til å stille finansielle midlar til disposisjon for IMF. I april 2010 var det 52 av 186 medlemsland.

Dei midlane IMF har til disposisjon kan institusjonen nytte til å gje mellombelse lån til medlemsland med betalingsbalanseproblem. For å kunne få lån må landa anten på førehand oppfylle kriteria i låneordninga eller gå inn i eit økonomisk tilpassings- og stabiliseringsprogram. Eit slikt program inneheld mellom anna krav, såkalla kondisjonalitet, til utforminga av den makroøkonomiske politikken. Krava skal sikre at tilhøva vert lagde til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling etter at låna er gjevne, og for at kreditorane skal få fornya tillit til landet. Vilkåra skal i fyrste rekkje leggje vekt på dei makroøkonomiske omsyna IMF særleg skal ivareta. I høve til retningslinene skal krav som er knytte til strukturpolitikk berre inn i programmet dersom dette er avgjerande for å oppnå dei makroøkonomiske måla. Blant krava legg IMF særleg vekt på at landa skal utvikle gode system for budsjettstyring. I utviklingsland legg IMF òg vekt på at landa fører ein politikk som er retta inn mot å redusere fattigdom. Frå norsk side har ein i tillegg understreka at kamp mot korrupsjon må ha høg prioritet. Låna frå IMF er ikkje sikra utover dei krava som IMF stiller. IMF si finansieringsverksemd er basert på at dei finansielle midlane vert resirkulerte. Låna har difor gjennomgåande kort nedbetalingstid. Kor mykje landa kan låne, er avhengig av kor stor kvoten til landet er.

9.2.2.2 Dei ulike låneordningane

Tabell 9.1 gjev eit oversyn over dei ulike låneordningane til IMF. Ordningane kan grovt delast inn i generelle låneordningar for alle medlemsland og særskilde låneordningar for låginntektsland. Dei generelle låneordningane vert finansierte av dei ordinære midlane til IMF. Grunnrenta for desse låna er SDR-renta, som vert bestemt i marknaden. Låntakar må i tillegg betale eit påslag for administrasjonskostnader og risiko som aukar med stor­leiken på lånet. Dei særskilde låneordningane for låginntektsland er ikkje finansierte ved dei ordinære ressursane til IMF, men er baserte på at IMF tek opp lån frå einskilde medlemsland. Renta som låntakarlanda betaler er no sett til null. Forskjellen mellom denne renta og SDR-renta som långjevarlanda mottek, vert finansiert gjennom ei separat ordning for gåvebidrag frå medlemslanda. Fordelinga av uteståande lån mellom dei ulike låneordningane er vist i figur 9.1. Dei endringane i utlånsverksemda som IMF gjennomførte i 2009, er omtala i avsnitta 9.4.2 og 9.4.3.

Figur 9.1 Lån etter låneordning. Mill. SDR

Figur 9.1 Lån etter låneordning. Mill. SDR

Kjelde: Noregs Bank og IMF.

I tillegg til låneordningar har IMF ei ordning som skal hjelpe låginntektsland som ikkje treng finansiering frå IMF, kalla Policy Support Instrument (PSI). Ordninga inneber tettare overvaking enn det som følgjer av ein vanleg årleg artikkel IV-konsultasjon. PSI byggjer på strategien landet sjølv har for å redusere fattigdom. Formålet er å gje omverda ei vurdering av den økonomiske politikken desse landa fører. Slike signal kan vere særleg viktige for at donorar skal vere villige til å yte finansiell assistanse og investere i landet. PSI kan i einskilde tilfelle utløyse gjeldsavtalar med kreditorlanda fordi det garanterer for ein sunn økonomisk politikk med målretta reformer. Seks land (Cape Verde, Mosambik, Nigeria, Senegal, Tanzania og Uganda) har program under PSI. Ingen nye program vart inngått i 2009.

Tabell 9.1 Oversikt over låneordningane til IMF per 1. april 2010

LåneordningLånegrense (i prosent av kvoten landet har)RenteTilbake­betalingFøremål
Dei generelle ordningane
Stand-By Arrangement (SBA) (1952)Årleg grense – normalt 200 prosent. Kumulativ grense over løpetida er 600 prosent, men kan vere høgareGrunnrente1 + 200–300 - rentepunkt23¼–5 årKortsiktige problem med betalingsbalansen
Extended Fund -Facility (EFF) (1974)Som for SBASom for SBA4½–10 årLangsiktige betalings­balansebehov som hovudsakleg kjem av strukturelle forhold
Flexible Credit Line (FCL) (2009)Inga fast l ånegrense. Vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle, men vanlegvis ikkje meir enn 1000 prosentSom for SBA3¼ –5 årFleksibel trekktilgang til land med sterk økonomisk stilling.
Emergency Assistance for natural disasters (ENDA) (1962)Normalt 25 prosent av kvoten, men kan aukast til 50 prosent i spesielle høveGrunnrente3¼–5 årBetalingsbalanseproblem i samband med natur­katastrofar
Emergency Assistance for post-conflict countries (EPCA) (1995)Som for ENDASom for ENDASom for ENDABetalingsbalanseproblem i samband med etter­verknad av borgarkrig, politisk uro og inter­nasjonale væpna konfliktar
Dei spesielle ordningane3
Extended Credit Facility (2009)Årlig grense- normalt 100 prosent. Kumulativ grense over løpetida er 300 prosent, men kan vere høgare0 prosent5½ –10 årMellomlangsiktig finansiering for vedvarande ­betalingsbalanseproblem. Dette er ei vidareføring av Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF)
Standby Credit Facility (SCF) (2009)Inga fast lånegrense. Vurderast i kvart enkelt tilfelle, men normalt same betingelsar som ECF-lån.0 prosent4-8 årMellomlangsiktig finansiering for mellombels ­problem med betalings­balansen
Rapid Credit Facility (RCF) (2009)Inga fast lånegrense. Vurderast i kvart enkelt tilfelle, men normal gjelder årlig og kumulativ grense på hhv. 25 og 75 prosent0 prosentSom for ECFKortsiktig, rask finansiering ved mellombels problem med betalings­balansen

1 IMFs ordinære utlånsrente (grunnrente, rate of charge) er ei kortsiktig SDR-rente (eit vekta gjennomsnitt av ei tremånadersrente for dei valutaene som er med i SDR: USD, euro, britiske pund og japanske yen), med eit påslag på 100 punkt (eit prosent­poeng) som skal dekkje mellom anna administrative utgifter og oppbygging av reservar. SDR-renta var 0,26 prosent 15. april 2010.

2 Nye rentevilkår vart innførte 1. august 2009. Endringane inneber eit rentepåslag på 200 punkt (to prosentpoeng) for den delen av lånet som går over 300 prosent av kvoten, og 300 punkt på den delen som går over 300 prosent av kvoten i meir enn tre år.

3 Låneordningar som berre vert administrerte av IMF. Utlåna vert ikkje finansierte over dei ordinære ressursane til IMF, men gjennom bilaterale tilskot frå medlemslanda og spesielle IMF-ressursar. Renta på alle låneordningar for låginntektsland er sett til null fram til utgangen av 2011.

Kjelde: Noregs Bank og IMF.

9.2.2.3 Utviklinga i utlån

Dei siste tiåra fram til den internasjonale finanskrisa vart samla utlån frå IMF i all hovudsak bestemt av omfanget av kriser i framveksande økonomiar. Utlåna nådde eit toppnivå i 2003 på 65 milliardar SDR 2 . IMF gav ikkje nye store lån i perioden 2003–2007, og uteståande volum fall til det lågaste nivået sidan slutten av 1970-talet. Som følgje av den globale økonomiske krisa i kjølvatnet av finanskrisa har utlåna frå IMF auka kraftig sidan sommaren 2008, jf. figur 9.2. Lån knytte til låginntektsland har òg vist ein auke det siste året. Fire land har teke opp nye PRGF-lån (no ECF-lån), og like mange har teke opp lån gjennom ESF-ordninga. I alt hadde 63 land lån under dei særskilde ordningane ved utgangen av desember 2009, og samla uteståande beløp var 5,0 milliardar SDR.

Figur 9.2 Utvikling i netto utlån frå IMF

Figur 9.2 Utvikling i netto utlån frå IMF

Kjelde: Noregs Bank og IMF.

Samla utlån ved utgangen av februar 2010 var 45,2 milliardar SDR – meir enn ei dobling sidan februar 2009. Av desse utgjorde lån under dei generelle ordningane 40,1 milliardar SDR. Auken kjem primært av nye lån under SBA-ordninga. Elleve land har sidan april 2009 fått innvilga nye SBA-lån, og samla sett hadde 22 land slike lån ved byrjinga av februar 2010. Dette utgjer ei innvilga utlånsramme på 59 milliardar SDR. Figur 9.3 visar dei største låntakarlanda i IMF.

Figur 9.3 Dei største låntakarlanda i IMF, per 31. desember
 2009

Figur 9.3 Dei største låntakarlanda i IMF, per 31. desember 2009

Kjelde: Noregs Bank og IMF.

For ein nærare omtale av IMFs handtering av finanskrisa og nye lån i kjølvatnet av denne krisa, sjå avsnitt 9.4.1. Tabell 9.2 gjev eit oversyn over nye lån sidan 1. april 2009.

9.2.2.4 Gjeldssletting

Det internasjonale samfunnet innsåg på midten av 1990-talet at mange fattige land hadde ei gjeldsbyrde som var uhandterbar. I 1996 lanserte difor IMF og Verdsbanken eit felles initiativ for å redusere gjelda i desse landa til eit nivå som kunne handterast (Initiative for Heavily Indebted Poor Countries, HIPC). Gjeldssletting skal berre gjevast til land som kan dokumentere evne og vilje til stor eigeninnsats i form av makroøkonomisk tilpassing og økonomiske reformer. Slike krav byggjer på tidlegare røynsler med at vanskelege gjeldsproblem ikkje let seg løyse utan ei vesentleg omlegging av den økonomiske politikken, samstundes som reformene skal sikre effektiv bruk av det økonomiske rommet som gjeldsslettinga gjev.

HIPC-initiativet var meint som ei mellombels ordning for gjeldsletting, og i 2006 vedtok styret i IMF at ordninga skulle avsluttast. Alle land som ved utgangen av 2004 oppfylte kriteria for HIPC-initiativet, skal likevel ha rett til gjeldssletting så snart dei oppfyller krava for dette. 40 land er definerte som HIPC-land, dvs. fattige og gjeldstyngde land. 35 av desse har nådd avgjerdsstadiet (decision point) og har gjennomført den innleiande tilpassinga. Dei andre har vanskar med å kome inn under programmet. Fleire av desse er i, eller har nettopp arbeidd seg ut av, ein konfliktsituasjon og har store lån til IMF og Verdsbanken. Av dei 35 landa har 28 nådd sluttstadiet (completion point), medan sju land er i mellomstadiet under gjeldsprogrammet og gjennomfører tilpassinga av den økonomiske politikken. Fleire land er forventa å nå sluttstadiet i løpet av 12 til 18 månader. Dei totale kostnadene ved gjeldssletting til dei 40 HIPC-landa var rekna til å vere 74 milliardar USD i noverdi ved utgangen av 2008. Av dette dekkjer offentlege bilaterale kreditorar om lag halvparten, medan resten kjem frå IMF og andre multilaterale institusjonar.

I 2005 vart HIPC-initiativet supplert med eit nytt gjeldsinitiativ – Multilateral Debt Relief Initiative (MDRI) – som tek sikte på å slette 100 prosent av gjelda som HIPC-landa hadde til Det afrikanske utviklingsfondet, IMF og International Development Association (IDA, som er ein del av Verdsbank-gruppa) ved utgangen av 2004. Gjeld som er teken opp etter 1. januar 2005, er ikkje omfatta av MDRI. I 2007 slutta Den interamerikanske utviklingsbanken seg til dette gjeldsinitiativet. Formålet med MDRI er å frigjere ressursar som elles ville ha gått til å betale gjeld i HIPC-landa. Til forskjell frå HIPC-initiativet er ikkje MDRI knytt til ein føresetnad om parallell gjeldssanering verken frå andre private eller offentlege kreditorar eller andre multilaterale finansinstitusjonar. I tillegg til dei 40 HIPC-landa kan også Kambodsja og Tadsjikistan få sanert gjeld under MDRI. Ved utgangen av januar 2010 var det i alt 28 land som hadde fått sletta gjeld under MDRI. Samla gjeldssletting under MDRI er rekna til om lag 50 milliardar USD. Av dette dekkjer IMF i underkant av 4 milliardar USD.

9.2.3 Teknisk assistanse

Teknisk assistanse skal hjelpe medlemslanda til å få eit betre institusjonelt grunnlag for å gjennomføre den økonomiske politikken sin. Det vert i hovudsak gjeve teknisk assistanse innanfor tre område:

  • Utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikken.

  • Utvikling av gode institusjonar.

  • Lovgjeving for økonomisk verksemd og for finanssektoren.

Om lag 90 prosent av den tekniske assistansen går til land med lågt eller middels inntektsnivå. Denne verksemda legg beslag på om lag ein femdel av IMFs budsjett. For å sikre at den tekniske assistansen svarar godt til behova i mottakarlanda, og som eit ledd i den nye inntektsmodellen til IMF, vart det frå mai 2009 vedteke at kvart land må betale for den tekniske assistansen dei mottek. Betalinga er gradert slik at dei aller fattigaste landa betaler berre 10 prosent av kostnaden, medan dei rikaste landa må dekkje heile. Krav om betaling gjeld ikkje land med IMF-program eller land som får den tekniske assistansen finansiert av donorar.

Den tekniske assistansen vert i aukande omfang gjeven gjennom regionale senter. IMF har etablert slike senter i Fiji (Stillehavsområdet), Barbados (Karibia), Tanzania (Aust-Afrika), Mali (frankofone Vest-Afrika), Gabon (Sentral-Afrika) og Libanon (Midtausten). I mai 2009 vart det opna eit nytt senter i Mellom-Amerika, og det er planlagt å opne ytterlegare tre: Eitt i Sentral-Asia og to i Afrika. Gjennom bemanninga av sentra søkjer IMF å utnytte lokal kompetanse så mykje som mogleg, både faglig, geografisk og med omsyn til koordinering.

Noreg har støtta dei afrikanske sentra (Africa Regional Technical Assistance Centers – AFRITAC) med 3 millionar kroner årleg i perioden 2002–2004 og 2006–2008. Noreg er òg med på å finansiere teknisk assistanse gjennom ein eigen konto i IMF. I 2007 løyvde Utanriksdepartementet nye 3,5 millionar kroner til kontoen, pluss eit ekstratilskot på ca. 1,3 millionar kroner i samband med oppbygging av sentralbanken i Sudan. I september 2006 inngjekk Utanriksdepartementet og IMF i tillegg ein avtale som innebar at Noreg tok ansvar for å utføre hovudtyngda av den faglege hjelpa som var avtala mellom sentralbanken i Malawi og IMF. Avtalen er forlengd til ut 2011. Noregs Bank stiller inntil to årsverk per år til disposisjon for sentralbanken i Malawi. Den faglege assistansen frå Noregs Bank vert administrert av IMF, men finansiert av midlar frå Utanriksdepartementet.

9.2.4 Finansiering av IMF si verksemd

Den viktigaste inntektskjelda for IMF er renter på utlån. I tillegg har IMF nokre reservekontoar, der midlane er plasserte i finansielle instrument som gjev avkastning. Den største utgiftsposten er renter til kreditorane. IMF fungerer som ein kredittunion der medlemslanda (kreditorar) stiller midlar til disposisjon for utlån til andre medlemsland (debitorar). Noregs Bank får ei rente på innskota sine i IMF som er basert på kortsiktige marknadsrenter. I praksis reknar Noregs Bank med at banken over tid får noko mindre avkastning på desse midlane enn det som er gjennomsnittet for deira plasseringar av valutareservane. Om lag halvparten av utgiftene til IMF er knytte til den jamne drifta av organisasjonen. Av desse midlane går igjen om lag halvparten av utgiftene til ulike aktivitetar knytte til overvaking, medan resten er om lag likt fordelt på program/utlån og teknisk assistanse.

Utlånsmidlane som IMF har til rådvelde, er fyrst og fremst midlar som medlemslanda har stilt til disposisjon i samband med tildeling av kvotar. Under den globale krisa var det viktig å auke tilgangen på midlar på ein rask måte, og gjennom 2009 inngjekk IMF i tillegg bilaterale avtalar om store lån frå medlemslanda, mellom anna frå Noreg, jf. avsnitt 9.5. Desse utgjorde ved utgangen av 2009 vel ein tredel av IMFs samla tilgang på lånemidlar. Dei samla finansielle ressursane til IMF auka difor sterkt gjennom 2009, og ved utgangen av 2009 utgjorde dei 362,7 milliardar SDR (om lag 3500 milliardar kroner). Av dette beløpet var vel ein femdel rekna som ikkje tilgjengeleg fordi midlane er frå land som anten er på IMF-program eller vert vurderte til å ha ein svak betalingsbalansesituasjon. Fråtrekt ein nødvendig arbeidsbalanse og allereie lova beløp stod det ved årsskiftet att om lag 139,8 milliardar SDR som kan nyttast til nye utlån. Det er om lag 40 milliardar SDR meir enn eitt år tidlegare. Arbeidet med å styrkje utlånskapasiteten er nærare omtala i avsnitt 9.4.4.

IMF har i tillegg to spesielle ordningar der somme medlemsland har lova å gje organisasjonen kortsiktige lån for å styrkje likviditeten i IMF i krisesituasjonar. Desse er GAB (General Arrangements to Borrow, etablert i 1962) og NAB (New Arrangements to Borrow, etablert i 1998). Ordningane har til no sikra at IMF i tillegg kan mobilisere 34 milliardar SDR. Noreg deltek i NAB. IMF nytta ikkje desse ordningane i 2008 fordi dei var for tungvinne å aktivere og hadde for liten kapasitet. Etter toppmøtet til G20-landa i april 2009 har medlemslanda arbeidd med å auke beløpa som vert stilt til rådvelde gjennom NAB, og gjere ordninga lettare å bruke. I november 2009 vart det semje om at tilgjengelege midlar i NAB skulla aukast til 600 mrd. amerikanske dollar. Arbeidet med å reformere NAB er nærare omtala i avsnitt 9.4.4.

Det er for tida tre land som ikkje har betalt tilbake lån frå IMF som har forfalle, og såleis ikkje har klart å halde dei finansielle pliktene. Deira restansar utgjorde totalt om lag 1,3 milliardar SDR ved utgangen av 2009. Dette fordeler seg med 1,1 milliardar SDR på ordinære lån og 0,2 milliardar på spesielle utlånsordningar for låginntektsland. Restansane var uendra gjennom 2009. Om lag tre firedelar av restansane knytte seg til Sudan. Dei to andre landa er Somalia og Zimbabwe.

IMF har vedteke ein ny inntektsmodell for verksemda si, jf. omtale i Kredittmeldinga 2008. Modellen er enno ikkje trådt i kraft.

9.3 Styresett

9.3.1 Organa i IMF

Det øvste organet i IMF er guvernørrådet (Board of Governors). Det er sett saman av ein guvernør og ein vararepresentant frå kvart medlemsland. Rådet møtest til vanleg ved årsmøtet i IMF, som normalt vert halde i september eller oktober. Utanom dette gjer guvernørrådet vedtak ved skriftleg røysting. Sentralbanksjefen er norsk medlem i guvernørrådet, medan finansråden (departementsråden i Finansdepartementet) er vararepresentant.

Eit styre (Executive Board) på 24 stadlege styrerepresentantar leier arbeidet til dagleg. Dei fem landa som har skote inn den største kapitalen i IMF – USA, Japan, Tyskland, Frankrike og Storbritannia – peikar ut kvar sin representant til styret. Resten av styremedlemmene vert valde for toårsperiodar av einskilde medlemsland eller grupper av land som har organisert seg i valkrinsar. Kvar styremedlem har rett til å disponere eit sekretariat som er sett saman av personar frå landet eller landa han eller ho representerer. Noreg er representert i styret gjennom ein styremedlem for ein valkrins frå dei fem nordiske og dei tre baltiske landa. Styret vert leidd av IMF sin administrerande direktør (Managing Director). Dominique Strauss-Kahn frå Frankrike har hatt denne stillinga sidan 1. november 2007.

Den internasjonale monetære og finansielle komiteen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) har ein viktig funksjon som rådgjevande organ for guvernørrådet. Komiteen legg dei politiske føringane for verksemda til IMF. IMFC har 24 medlemmer på minister- eller sentralbanksjefnivå, som anten representerer eitt land eller ein valkrins av land etter same mønster som styrerepresentantane. For mange av valkrinsane møter finansministeren frå det landet som har styreposisjonen. Den nordisk-baltiske valkrinsen endra sin praksis frå 2010, slik at representanten til IMFC ikkje lenger treng kome frå det landet som har styreposisjonen. IMFC kjem saman to gonger kvart år (vår og haust) og gjev råd om den generelle strategien til IMF og om kva for økonomisk-politiske tema institusjonen skal konsentrere seg om. Viktige spørsmål er til dømes korleis ein best kan handtere aktuelle utfordringar for verdsøkonomien, og kva som skal til for å styrkje det internasjonale finansielle systemet. Den egyptiske finansministeren Youssef Boutros-Ghali tok over som leiar av IMFC i forkant av årsmøtet i IMF hausten 2008.

Røystevekta landa har i IMF er basert på ein kombinasjon av kvotestorleiken og såkalla basisstemmer. Kvar 100 000 SDR i kvote gjev ei stemme. Kvart land har dessutan 250 basisstemmer uavhengig av kvotestorleik. Då IMF vart etablert, utgjorde basisstemmene over 11 prosent av samla stemmevekt. Kvoteaukar har medført at basisstemmene no utgjer berre 2 prosent av stemmevekta. USA er den største medlemmen i IMF, og har ei røystevekt på 16,77 prosent. USA kan dermed blokkere vedtak som krev 85 prosent tilslutning. I styret til IMF kjem det svært sjeldan til ei formell votering. Styret søkjer i stor grad å kome fram til ein konsensus om dei einskilde sakene. Det er vedteke ei reform av kvotar og stemmerett, som mellom anna inneber ei tredobling av basisstemmene. Noreg gav sitt samtykke til den føreslåtte stemmerettsreforma etter vedtak i Stortinget 12. september 2008. Ratifiseringsprosessen er enno ikkje ferdig i tilstrekkeleg mange land til at reformene har teke til å gjelde. Samstundes har IMF starta arbeidet med neste kvoterevisjon, som er planlagd framskunda frå 2013 til januar 2011, sjå nærare omtale i avsnitt 9.4.7.

9.3.2 Den nordisk-baltiske valkrinsen

Dei fem nordiske og dei tre baltiske landa utgjer ein valkrins og har ein felles representant i IMFs styre. Posisjonen som styremedlem går på omgang mellom landa. Noreg har ei røystevekt på 0,77 prosent, og den nordisk-baltiske valkrinsen representerer 3,44 prosent av røystene. I 2008–2009 var styremedlemmen frå denne valkrinsen Jens Henriksson frå Sverige, og den svenske finansministeren representerte den nordisk-baltiske valkrinsen i IMFC. I perioden 2010–2012 er Per Callesen frå Danmark nordisk-baltisk styrerepresentant. Finland representerer valkrinsen i IMFC våren 2010, og deretter kjem Noreg til å ha dette vervet hausten 2010 og våren 2011.

Landa i nordisk-baltisk valkrins samordnar synspunkta sine på viktige IMF-saker i fyrste rekkje gjennom den nordisk-baltiske monetære og finansielle komiteen (Nordic-Baltic Monetary and Financial Committee, NBMFC). Dei norske medlemmene er finansråden (departements­råden i Finansdepartementet) og visesentralbanksjefen. Dei andre landa er representerte på eit tilsvarande nivå. NBMFC har til vanleg møte to gonger i året. Komiteen vert i ein treårsperiode frå og med 2010 leidd av den norske finansråden, Tore Eriksen.

Det er etablert ei førebuande gruppe for NBMFC (Alternates-gruppa) som er sett saman av representantar for finansdepartementa og sentralbankane i alle landa i den nordisk-baltiske valkrinsen. Hovudoppgåva er å førebu sakene som NBMFC skal diskutere.

I samordninga mellom landa i valkrinsen prøver ein å kome fram til felles standpunkt som styremedlemmen frå gruppa presenterer i styret for IMF. I dei aller fleste sakene vert landa samde. Dersom landa ikkje vert samde, er det fleirtalssynet som vert framført i styret. I slike høve kan mindretalet, dersom «nasjonale interesser» tilseier det, be om at styrerepresentanten framfører også deira syn. Terskelen er høg for å be om det. Dersom eit land i valkrinsen ikkje aksepterer denne prosedyren, må styrerepresentanten frå nordisk-baltisk valkrins avstå frå å ta del i diskusjonen når saka vert handsama i IMFs styre. I samband med godkjenninga av eit lån til Sri Lanka i juli 2009 gjekk den nordisk-baltiske styrerepresentanten inn for å godkjenne lånet, men opplyste samstundes at Noreg og Danmark ville at styrerepresentanten skulle ha avstått frå å stemme.

Styremedlemmen for dei nordisk-baltiske landa i IMFs styre utarbeider halvårlege rapportar om verksemda i IMF, der dei viktigaste sakene og dei nordisk-baltiske synspunkta vert presenterte. Rapportane vert publiserte på nettsidene til Finansdepartementet og Noregs Bank.

Samarbeidet i den nordisk-baltiske valkrinsen fungerer godt. Det er etablert eit eige sett med reglar som styrer sambandet.

9.3.3 IMF-arbeidet i Noreg

Finansdepartementet har ansvaret for saker som gjeld Noregs medlemskap i IMF. Noregs Bank forvaltar etter § 25 i sentralbanklova det finansielle mellomværet med IMF. På oppdrag frå Finansdepartementet har Noregs Bank ansvaret for det daglege arbeidet med IMF i Noreg. I samråd med departementet lagar banken forslag til norske synspunkt i saker som skal opp i IMF-styret. Finansdepartementet tek den endelege avgjerda om kva syn Noreg skal fremje overfor dei andre landa i valkrinsen og IMF. Arbeidsdelinga mellom departementet og banken er nedfelt i ei skriftleg forståing.

Utanriksdepartementet, som har ansvaret for regjeringa si handsaming av verdsbanksaker, vert òg trekt inn i arbeidet. Det skjer gjennom jamleg samordning av einskilde saker og møte mellom representantar for institusjonane. Det er etablert ei konsultasjonsgruppe mellom Finansdeparte­mentet, Utanriksdepartementet og Noregs Bank om internasjonale økonomiske, finansielle og utviklingspolitiske spørsmål i samband med verksemda til IMF og Verdsbanken. Gruppa møtest til vanleg før vår- og haustmøta til IMF og Verds­banken.

9.3.4 Samarbeid med FN, Verdsbanken og Financial Stability Board (FSB)

Utviklingskomiteen (Development Committee, eller The Joint Ministerial Committee of the Boards of Governors of the Bank and Fund on the Transfer of Real Resources to Developing Countries) er ein felles rådgjevande ministerkomité for IMF og Verdsbanken. Komiteen er organisert på same måte som IMFC, og dei nordiske og baltiske landa har ein felles representant. Komiteen har møte i samband med vår- og årsmøta, og medlemmene er i hovudsak finansministrar eller utviklingsministrar. Mandatet til komiteen er å gje IMF og Verdsbanken råd i viktige utviklingsspørsmål, mellom anna i kampen mot fattigdom, og om dei finansielle ressursane som trengst for å fremje økonomisk utvikling i utviklingslanda.

IMF, Verdsbanken og FN møtest jamleg i ECOSOC (Economic and Social Council). IMF har ein permanent utsending til FN. Hovudoppgåva er kommunikasjon og samarbeid mellom IMF og FN. Både FN sjølv og FN-organisasjonen UNCTAD har, til liks med ei rekkje andre internasjonale organisasjonar og institusjonar, observatørstatus på møta i IMFC.

Etter initiativ frå G20 er Financial Stability Board (FSB) gitt ei sentral rolle i det internasjonale arbeidet for å betre reglar og tilsyn for finanssektoren. FSB vart etablert i april 2009 gjennom ein utviding av Financial Stability Forum (FSF) med dei G20-landa som ikkje allereie var medlemar. Det betyr at medlemskrinsen no er G20 pluss Hong Kong, Nederland, Singapore, Spania og Sveits. FSB er eit rådgivande organ, og eventuelle bindande vedtak må takast i andre internasjonale fora eller nasjonalt. Forløparen FSF vart etablert i samband med Asia-krisa på slutten av 1990-talet og var dominert av G7-landa. FSB har såleis ein breiare representasjon og legitimitet enn FSF, men er likevel ikkje ein institusjon basert på global representativitet slik som IMF.

Finanskrisa og det alvorlege internasjonale til­bakeslaget har understreka behovet for styrkt samarbeid mellom IMF og FSB. I november 2008 nedfelte dei to partane si forståing av arbeidsdelinga og samarbeidet mellom dei i eit felles offisielt brev til ministermøtet i G20-landa. IMF skal ha ansvaret for overvakinga av det internasjonale finansielle systemet, medan FSB skal ha ansvaret for internasjonale reformer med omsyn til tilsyn, standardar og reglar for finansinstitusjonars drift. Det blir samarbeidd om utviklinga og bruken av tidlegvarslingssystem, der IMF konsentrerer seg om samspelet mellom realøkonomi og finanssektor og dessutan sårbarheit for det makroøkonomiske systemet, medan FSB konsentrerer seg om sårbarheita i det finansielle systemet.

Frå norsk og nordisk-baltisk side har ein peikt på kor viktig det er at samarbeid også på finansmarknadsområdet vert forankra i globale organ med brei representasjon. Basert på den universelle representasjonen og den særskilde kompetansen på overvaking og rådgiving om samspelet mellom makroøkonomi og finansiell stabilitet som IMF har, har valkrinsen difor arbeid for at IMF skal ha ei aktiv og sentral rolle i samsvar med sitt mandat.

9.3.5 Openheit og informasjon om IMF sine aktivitetar

IMF har i fleire år arbeidd for å verte ein meir open institusjon. Stadig meir informasjon vert lagd ut på IMFs internettsider. IMF offentleggjer kalenderen for styremøta den komande veka, og kvar 14. dag vert media orienterte om aktivitetar som er i gang. Det er lagt opp til eit interaktivt system på Internett som tillet journalistar frå heile verda å delta på desse orienteringane. Men saksdokumenta til styret er ikkje offentlege i forkant av styrehandsaminga, dei skriftlege innlegga til styremedlemmene er ikkje offentlege, og styremøta er lukka. Styrereferatet vert ført som eit kort oppsummerande dokument som syner synspunkta i styret, også synspunkta til styremedlemmer som er i mindretal, men inneheld ikkje informasjon om standpunktet til kvar einskild styremedlem.

Styret i IMF handsamar landsaker og multilaterale overvakingssaker som Global Financial Stability Report og World Economic Outlook. I tillegg tek styret opp saker som gjeld organisering og utforming av det vidare arbeidet til organisasjonen. Dei fleste sakene er landsaker, og det er ei særleg utfordring å oppnå meir openheit i slike saker. IMF kan ikkje offentleggjere desse rapportane utan samtykke frå det landet saka gjeld. IMF har oppfordra medlemslanda til å offentleggjere landrapportane frivillig. Av dei ordinære landrapportane vert 88 prosent offentleggjorde, og 98 prosent av landa godtek at IMF offentleggjer pressemeldingar om rapportane. Prosentdelen har vore uendra dei siste åra. Gruppa av industriland er mest open. Industrilanda offentleggjer normalt rapportane ei til to veker etter at dei har vore diskuterte i styret i IMF, medan det tek om lag seks veker for dei framveksande økonomiane og utviklingslanda.

IMF gjekk i 2009 gjennom sin politikk på dette området. Styret gjekk mellom anna inn for det overordna prinsippet at dokument og informasjon vert offentlege viss ikkje sterke og spesielle omsyn tilseier noko anna. Landrapportar skal i utgangspunktet offentleggjerast, viss ikkje det aktuelle medlemslandet klart nektar offentleggjering. Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen ønskte å gå lenger på fleire punkt, mellom anna ved å kreve at land som nektar publisering av landrapportar skal gje ei skriftleg forklaring til styret. Noreg pekte særleg på behovet for auka openheit av styret sitt arbeid med policysaker. Frå norsk side kunne ein tenke seg ei ordning der standpunktet til den enskilde styremedlemen kom fram av det offentlege referatet frå styremøtet. Ein kunne og tenke seg ei ordning der representantane kunne offentleggjere dei skriftlege styreinlegga sine. Det var ikkje støtte i styret for desse framlegga.

Finansdepartementet legg vekt på å ha god dialog med det sivile samfunnet. Noreg og dei andre landa i nordisk-baltisk valkrins har mellom anna vore pådrivarar for at IMF skal gje ut ein rapport med oversikt over land som set seg imot offentleggjering av landrapportane sine. Dette gjeld både rapportar om den regulære overvakinga og rapportar som er knytte til låneprogram. Det er ikkje fleirtal i styret for dette.

Finansdepartementet ynskjer auka openheit om IMF og styret sitt arbeid. Ei meir open haldning både frå IMF og frå medlemslanda er med på å styrkje gjennomføringa av den økonomiske politikken og gjere landa mindre utsette for kriser. Auka informasjon og innsyn i IMFs avgjerdsprosessar har ein eigenverdi, og vil styrkje den demokratiske forankringa til organisasjonen. Det gjer òg regjeringar meir ansvarlege og politikken meir truverdig, og kan gje auka forståing av IMFs rolle og politikk overfor medlemslanda.

Finansdepartementet legg vekt på å ha god dialog med frivillige organisasjonar om IMF-spørsmål. Som eit ledd i dette har Finansdepartementet og Utanriksdepartementet sida 2006 delteke i eit konsultasjonsforum med det sivile samfunnet om multilaterale bank- og finansspørsmål. Formålet med forumet er å bidra til auka innsyn og kunnskap om Noreg si rolle i dei multilaterale finansinstitusjonane. Konsultasjonsforumet har normalt møte to gonger i året, før vår- og haustmøta til IMF og Verdsbanken.

9.3.6 Evaluering av verksemda til IMF

IMFs uavhengige evalueringskontor (Independent Evaluation Office, IEO) vart etablert i 2000. Kontoret rapporterer direkte til styret og er uavhengig av administrasjonen. Formålet med IEO er å stimulere læringskulturen innanfor IMF, styrkje truverdet til institusjonen, auke forståinga for det arbeidet IMF gjer, og støtte styret i arbeidet med å leie og overvake institusjonen. IEO har tre ulike tilnærmingar: systematiske evalueringar av IMFs ulike politikkområde, samanliknande analyse av kva erfaringar ulike land har med IMFs råd både i overvakings- og utlånspolitikken, og inngåande evalueringar av erfaringane til enkeltland.

IEO har gode føresetnader for å gjennomføre og følgje opp evalueringar. Kontoret har uavgrensa tilgang til interne dokument i IMF og nær kjennskap til korleis IMF fungerer. Kontoret er til rådvelde for styret i oppfølginga av dei tilrådingane styret fremjar.

I 2009 offentleggjorde IEO rapportar om IMFs haldning til handelspolitiske spørsmål og om IMFs samhandling med medlemslanda. IEO starta òg arbeidet med å evaluere forskingsverksemda til IMF og arbeidet med å vurdere korleis IMF hadde handtert oppgåvene sine i tida før finanskrisa.

9.4 Aktuelle spørsmål sidan Kredittmeldinga 2008

9.4.1 IMF si handtering av finanskrisa og nye lån som følgje av krisa

IMF møtte krisa med fleire tiltak. Institusjonen var raskt ute med store lån til land som fekk vanskar med betalingsbalansen. Arbeidet med å følgje opp låna og gje råd til låntakarlanda om korleis dei skulle løyse problema sine, la beslag på mykje av IMF sine ressursar. Ein føresetnad for det som vart gjort, var at IMF vart tilført ekstra midlar gjennom bilaterale låneavtalar med fleire medlemsland. Medlemslanda vart òg i prinsippet einige om å auke beløpa som vert stilte til rådvelde i den multilaterale låneordninga New Arrangement to Borrow (NAB). Vidare vart låneordningane til IMF gjorde meir fleksible, slik at finansiering skulle kunne gjevast raskare, med større beløp og med meir formålstenlege vilkår enn før. Dette gav i nokon mon finansiell tryggleik for medlemslanda. Eit viktig førebuande tiltak var innføringa av ei fleksibel låneordning (Flexible Credit Line, FCL) for land som sjølv med eit godt økonomisk utgangspunkt var redde for å få finansieringsvanskar.

IMF sine utlån auka mykje som følgje av finanskrisa og den globale økonomiske nedgangen som følgde. Særleg mange lån vart gjevne i fyrste halvår 2009. Frå inngangen til 2009 og fram til utgangen av februar 2010 gav IMF 11 nye ordinære SBA-lån og tre føre-var-avtalar om FCL-lån. IMF gav òg fleire nye lån til låginntektsland. Tabell 9.2 gjev oversikt over nye lån under dei generelle ordningane og under låginntektsordningane.

Tabell 9.2 Medlemsland med nye kriselån sidan 1. april 20091

  LånetypeInnvilgaTilbakebetalings­perioden startarBeløp. Millionar SDR
        InnvilgaUtbetalt
        SDRKvote %SDR
De ordinære låneordningane
AngolaSBA23.11.200922.02.2012859300229
BosniaSBA08.07.200923.06.20121015600183
Costa RicaSBA11.04.200910.07.20104923000
Dominikanske RepublikkSBA11.14.200908.03.20121095500489
GuatemalaSBA22.04.200921.10.20106313000
IrakSBA24.02.201023.02.201223772000
JamaicaSBA04.02.201003.05.2011821300414
MaldiveneSBA04.12.200901.10.2010496005
MongoliaSBA01.04.201001.10.2010153300107
RomaniaSBA04.05.200903.05.20111144311006088
Sri LankaSBA24.07.200923.03.20111654400433
Extended Arrangements
MoldovaEFF29.01.201028.01.201318515020
SeychelleneEFF29.01.201028.01.20132020012
De spesielle låneordningane for låginntektsland
KomorenePRGF21.09.200920.09.201213,61534,3
DR KongoPRGF11.12.200910.12.2012346,56549,5
GhanaPRGF15.07.200914.07.2012387,510567,6
TajikistanPRGF21.04.200920.04.201278,39026,1
EtiopiaESF26.08.200925.10.2010153,711573,5
MaldivaneESF04.12.200903.12.20118,21004,1
MosambikESF30.06.200929.06.2010113,610099,4
TanzaniaESF29.05.200928.05.2010218,8110198,9

1 Tall gjeld til og med 28. februar 2010.

Kjelde: Noregs Bank og IMF.

IMF sette òg i verk tiltak for å styrkje overvakinga og rådgjevinga overfor medlemslanda. Overvakinga av dei finansielle sektorane gjennom FSAP vart modernisert og betre koordinert med dei vanlege artikkel IV-konsultasjonane. Vidare legg IMF no større vekt på å forstå korleis problem i finansmarknaden i eitt land kan spreie seg til fleire land. Såkalla Early-Warning Exercises skal analysere konsekvensane for den økonomiske utviklinga dersom lite sannsynlege, men svært uheldige hendingar skulle inntreffe, sjå nærare omtale i avsnitt 4.2.1. Med avdempinga av den økonomiske krisa gjennom 2009 endra IMF vektlegginga i rådgjevinga til meir å dreie seg om korleis dei ekstraordinære tiltaka mange land hadde sett i verk under krisa, best kan avviklast. IMF har fått ei viktig rolle som rådgjevar når G20-landa gjennom 2010 og 2011 prøver å samordne den økonomiske politikken sin for å fremje ein balansert økonomisk vekst i åra framover.

Som eit ledd i arbeidet med å styrkje det finansielle sikringsnettet for medlemslanda i IMF vart omfanget av dei spesielle trekkrettane (Special Drawing Rights – SDR) auka i to omgangar hausten 2009. SDR er i røynda ingen valuta eller fordring på IMF, men snarare ein rett innehavarar av SDR har på andre medlemmer i IMF til å byte til seg framand valuta, sjå nærare omtale i boks 9.1. IMF hadde allereie i september 1997 vedteke å auke uteståande SDR med 21,5 milliardar. Men ikkje før hausten 2009 hadde tilstrekkeleg mange medlemsland ratifisert denne utvidinga, og ho vart effektiv 9. september 2009. På toppmøtet i oktober 2009 gjekk G20-landa inn for ein ytterlegare sterk auke i uteståande SDR. Den 28. august 2009 vart medlemslanda tildelte 161,2 milliardar SDR, slik at samla behaldning kom opp i 204,1 milliardar. I tråd med IMFs statuttar vart tildelinga fordelt mellom medlemslanda i tråd med kvotane deira. Denne tildelinga var særleg viktig for utviklingsland med svak tilgang til internasjonale finansmarknader, som på den måten fekk styrkt dei internasjonale reservane sine. Sidan SDR ikkje kan brukast til kjøp av varer og tenester utan fyrst å ha vorte veksla om til konvertibel valuta, har auken i SDR-mengda gjeve behov for å auke kapasiteten i dei frivillige vekslingsavtalane for SDR. IMF har difor teke initiativ til å reforhandle eksisterande avtalar og å inngå avtalar med nye land. Noregs Bank inngjekk 17. august 2009 ein ny frivillig vekslingsavtale der Noregs Bank forpliktar seg til at den faktiske behaldninga av SDR skal vere mellom 782 og 2345 millionar SDR. Samla er Noregs Banks tildelte behaldning i dag 1563 millionar SDR. Samla sett er beløpa som kan handlast, og mengda av land som vil kjøpe SDR frivillig gjennom slike avtalar, no auka monaleg.

Boks 9.1 Dei spesielle trekkrettane (Special Drawing Rights – SDR)

SDR er ei internasjonal reservefordring – ein sentralbankvaluta – etablert av IMF. Det er ikkje ein valuta i rett tyding av ordet eller eit krav på IMF, men meir å rekne som eit krav på valutareservane til medlemslanda i IMF. SDR kan berre nyttast til kjøp av varer og tenester om dei fyrst vert veksla om til vanlege valutaer som til dømes dollar, euro og yen. IMF har etablert ordingar som skal sikre slik veksling mellom sentralbankar. Det er ikkje nokon privat marknad for SDR. SDR vert òg brukt som rekneskapseining i IMF og visse andre internasjonale institusjonar, og i private fordringar som til dømes obligasjonar.

Bakgrunnen for etableringa av SDR var at ein ville sikre at land skulle ha tilstrekkelege valutareservar for å forsvare valutakursen. Under det såkalla Bretton-Woods-systemet med faste valutakursar hadde land tidvis behov for store reservar til dette formålet. I 1969, då IMF etablerte SDR, var det frykt for at redusert tilgang på dollar ville føre til mindre tilgang på global likviditet. Ein var såleis bekymra for at land kunne kome til å føre restriktiv økonomisk politikk for å styrkje eigen utanriksøkonomi og på den måten sikra seg tilstrekkelege internasjonale reservar. Det ville i så fall ha verka negativt på internasjonal handel og den globale økonomiske veksten.

Mykje har endra seg sidan den fyrste tildelinga av SDR på 9,3 milliardar i perioden 1970–72. Bretton Woods-systemet med faste valutakursar braut saman i 1973, og meir utvikla internasjonale kapitalmarknader inneber at land har fått lettare tilgang til reservar ved å låne. Likevel såg ein i tilknyting til finanskrisa at tilgangen på global kreditt kan tørke ut, og at det dermed framleis er fare for at ein kan kome i ein situasjon med allmenn restriktiv økonomisk politikk fordi mange land samstundes opplever ei kraftig forverring av utanriksøkonomien og vil auke valutareservane. Særleg låginntektsland med svak tilgang på internasjonale kredittmarknader kan ha nytte av SDR. På den bakgrunnen gjennomførte IMF ei ny tildeling hausten 2009.

SDR vert tildelt dei monetære styresmaktene – som regel sentralbankane – i IMFs medlemsland og fordelt i tråd med kvotane landa har i IMF. SDR inngår både på aktiva- og passivasida i sentralbankane sine balansar. SDR-fordringa og SDR-gjelda vert forrenta til SDR-renta 3. Tildelt SDR er såleis i utgangspunktet kostnadsfritt for mottakarane. Men om landa bruker av SDR-behaldninga si, og dermed har mindre SDR enn tildelt, vil dei ha ein netto rentekostnad. Har dei ei behaldning som er større enn tildelinga, mottek dei ei netto renteinntekt. Sjølv om betalinga skjer vis-à-vis IMF, er SDR ikkje ei fordring på IMF – IMF berre administrerer mellomværet mellom sentralbankane.

Ei rekkje medlemsland i IMF er med i den frivillige vekslingsordninga der land med sterk utanriksøkonomi kjøper SDR frå land med svakare utanriksøkonomi, som treng internasjonal valuta. Om den frivillige ordninga ikkje er tilstrekkeleg, kan IMF krevje av land med tilstrekkeleg sterk betalingsbalanse at dei vert kjøparar i vekslingsordninga, men det har enno ikkje vore naudsynt. Vekslingsordningane sikrar samstundes rolla SDR har som reservefordring. Noreg inngår i gruppa av medlemsland som frivillig har forplikta seg til å veksle om SDR. Såleis kan bankens behaldning av SDR vere høgare enn den akkumulerte tildelinga sidan 1969.

Om SDR vert ei dominerande global reservefordring vil avhenge av ei rekkje forhold, som kor ofte dei vert brukte i internasjonale transaksjonar og storleiken på, likviditeten i og den relative avkastninga til SDR-plasseringar. Det er òg spørsmål om politiske forhold, som til dømes interessa til USA, euroområdet og Kina for å fremje SDR som global reservefordring. SDR innfrir ikkje på desse punkta i dag. Den sterke stillinga til den amerikanske dollaren som dominerande reservevaluta har endra seg lite sidan andre verdskrig trass i store utfordringar og konkurranse frå andre valutaer. Dette viser at grunnane til at ein valuta vert reservevaluta er samansette, og at endringar skjer sakte.

Den samla SDR-tildelinga lyder no på 204,1 milliardar SDR, i overkant av 320 milliardar USD. Framleis utgjer samla SDR-tildeling mindre enn 5 prosent av valutareservane i verda. Noregs Banks behaldning utgjorde 1,6 milliardar SDR ved utgangen av 2009, om lag 6 prosent av valutareservane.

9.4.2 Endringar i dei generelle låne­ordningane til IMF

Sidan hausten 2008 har IMF arbeidd med å gå gjennom organisasjonen sine lånefasilitetar og retningsliner for utlån. Formålet har vore å vurdere endringar som kan gjere lånefasilitetane meir tilpassa medlemslanda sine behov og situasjonen i verdsøkonomien. Endringane i dei generelle ordningane som alle medlemslanda kan benytte, er omtala nedanfor, medan endringane i dei spesielle ordningane for låginntektsland er omtala i avsnitt 9.4.3.

Styret vart i mars 2009 einig om ei omfattande reformpakke for dei generelle utlånsordningane som dekkjer følgjande endringar, med effekt frå 1. mai 2009:

  • Eit nytt likviditetsinstrument – Flexible Credit Line (FCL). Ordninga gjev føre-var-avtale om tilgang til monaleg og rask finansiering om eit akutt betalingsbalanseproblem skulle oppstå. Landa som er kvalifiserte for å få slik finansiering, må ha ført ein berekraftig økonomisk politikk dei siste åra, ha ein haldbar gjeldssituasjon og ha hatt ein normal tilgang på internasjonale finansmarknader (samla utgjer desse krava såkalla ex ante-kondisjonalitet). Lånebeløpet vert vurdert i kvart einskilt tilfelle, men skal normalt ikkje gå over 1000 prosent av eit lands kvote i IMF. Landet kan trekkje heile beløpet med ein gong ordninga er godkjend av styret, men vel sjølv om og når lånet eventuelt skal trekkjast på. Ordninga kan sjå ut til å vere særleg aktuell for framveksande økonomiar. Hittil har tre land fått tilgang til fasiliteten: Colombia, Mexico og Polen. Ingen av desse landa har hittil trekt på utlånsordninga.

  • Eit formelt rammeverk for land som ynskjer føre-var-tilgang på store lån gjennom den tradisjonelle låneordninga SBA. Dette rammeverket kallast High Access Precautionary Arrangement (HAPA). Ordninga inneber at eit land får godkjent ein lånerett av IMFs styre, og dermed kan det trekkje på midlane dersom det skulle oppstå behov for dei. Formålet med ein slik rett er å byggje tillit og førebyggje kriser. Til forskjell frå FCL kan eit land ikkje trekkje heile lånebeløpet på ein gong. Kondisjonaliteten er den same som for andre SBA-lån.

  • Fleire utlånsordningar som sjeldan har vore brukte dei siste åra, vart avvikla. Dette gjaldt Complementary Financing Facility (CFF) og Supplement Reserves Facility (SRF).

  • Dei normale grensene for lånebeløp vart dobla til 200 prosent av kvoten på årleg basis og 600 prosent av kvoten på kumulativ basis. Dette vart gjort for å gjenopprette lånetilgangen i forhold til økonomiske storleikar som produksjon (BNP), handel og kapitalstraumar.

  • Strukturen for renter og tilbakebetaling vart forenkla. Det vart vedteke ein felles rentestruktur for alle dei ordinære låneordningane. Tilleggsrentene, som skal sikre IMF mot store tap på utlån og gje eit insentiv til tidleg tilbakebetaling, varierte tidlegare mellom dei ulike låneordningane. Tilsvarande vart bruken av tilbakebetalingsplan forenkla.

  • Rammeverket for dei krava som IMF pålegg land som tek opp lån – kondisjonaliteten – vart endra. Som gjort greie for i Kredittmeldinga 2008 var dei viktigaste endringane at land får tilgang på FCL utan tradisjonell kondisjonalitet, jf. ovanfor, og at bruken av såkalla performance criteria (PC) for å stille strukturkrav til land som har IMF-lån, vart avvikla. Det siste inneber at IMF-styret no vil basere seg på ei mindre rigid og meir heilskapleg og skjønnsmessig vurdering for å avgjere om eit låneprogram har tilstrekkeleg god framdrift. I tillegg skal oppfølginga av tilrådingane i IEOs rapport om strukturkondisjonalitet styrkjast. Dette inneber mellom anna auka vektlegging av forhold som er avgjerande for å lukkast med eit særskilt stabiliseringsprogram, og ei hovudavgrensing til område som er innanfor IMF si kjernekompetanse.

Den nordisk-baltiske valkrinsen støtta denne omlegginga av kondisjonalitetspolitikken. Reforma er i tråd med mål som Noreg har arbeidd for i lengre tid. Meir fleksibilitet og auka målretting i krava kan gje betre nasjonal eigarskap og tilpassing av stabiliseringsprogrammet til landspesifikke tilhøve.

9.4.3 IMF sitt arbeid i låginntektsland

IMF speler ei viktig rolle i den innsatsen det internasjonale samfunnet gjer for å fremje økonomisk vekst og redusere fattigdom. Over 40 prosent av medlemslanda er definerte som låginntektsland. IMFs viktigaste bidrag er å fremje makroøkonomisk og finansiell stabilitet. IMF er òg tildelt ei vesentleg rolle når det gjeld arbeidet med å oppnå FNs tusenårsmål gjennom program- og utlånsverksemda si.

Dei siste tiåra har IMFs låneprogram for låginntektsland fått meir langsiktig karakter mellom anna ved at låna vert rullerte fleire gonger. Bakgrunnen for praksisen med å rullere lån er at desse landa er i ein situasjon med vedvarande problem med betalingsbalansen og difor treng meir langsiktig finansiering. Med dette har IMF fått ei utviklingsrolle.

Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen har lenge vore kritiske til at IMF sine lån har fått ein slik langvarig karakter. IMF er i utgangspunktet ikkje tiltenkt ei slik utviklingsrolle og har ikkje bygd spesiell kompetanse på dette området, slik som Verdsbanken. Valkrinsen har såleis vore oppteken av at IMF må leggje vekt på dei områda der organisasjonen har sin kjernekompetanse, dvs. makroøkonomisk stabilisering, og finans-, penge- og valutakurspolitikk, og dessutan institusjonar og strukturpolitikk som høyrer direkte inn under dette. Ein legg vekt på at rolla ikkje skal overskride IMF sitt mandat, som er å gje medlemsland kortsiktige lån slik at dei kan korrigere mellombels underskot på betalingsbalansen. Noreg har vore pådrivar for denne nordisk-baltiske haldninga og har fleire gonger teke spørsmålet om langsiktig utviklingsfinansiering opp til drøfting i valkrinsen. Frå norsk side har ein også argumentert for at PRGF-ordninga burde avviklast og erstattast av ein SBA-liknande ordning med subsidiert rente.

Også låginntektslanda har vorte hardt ramma av den globale finansielle og økonomiske krisa. Eksporten har falle, private overføringar frå utlandet i form av investeringar og heimsende midlar frå emigrantar har gått ned, og bilaterale bistandsoverføringar er reduserte. Dette bidreg til å svekkje både offentlege budsjett og driftsbalansen mot utlandet. Samstundes er tilgangen på kreditt i dei internasjonale kapitalmarknadene redusert. Dei fattigaste landa er i utgangspunktet sårbare, og økonomiske tilbakeslag kan få store konsekvensar for innbyggjarane og setje kampen mot fattigdom tilbake. G20-landa har understreka at IMF si rolle overfor låginntektslanda har vorte viktigare som følgje av den globale finansielle og økonomiske krisa. Under toppmøtet sitt i april 2009 forplikta G20-landa seg til å bidra til å auke ressursane til dei internasjonale institusjonane og dermed styrkje deira evne til å hjelpe til med å nå tusenårsmåla. Dei vart einige om å bidra til å doble IMFs ressursar til dei spesielle låneordningane for låginntektsland.

Å styrkje IMFs kapasitet til å hjelpe desse landa finansielt, og å skape meir fleksible låneordningar, har difor vore eit hovudmål for IMF gjennom 2009. Den 23. juli i fjor vart endringar i utlånsordningane til låginntektslanda vedtekne i styret, med verknad frå 7. januar 2010. IMF skal heretter forvalte følgjande tre spesielle låneordningar for låginntektsland med rente på gåvevilkår:

  • Extended Credit Facility (ECF) erstattar den tidlegare PRGF-ordninga og er i all hovudsak ei vidareføring av denne under eit nytt namn. Ordninga er retta inn mot mellomlangsiktige lån til land med vedvarande betalingsbalanseproblem og makroøkonomiske ubalansar. Med vedvarande meiner ein her minst tre år. Lån under ordninga vert difor godkjende for ein periode på tre år, eventuelt forlengde med to år. Tilbakebetaling skal, som i PRGF-ordningen, skje over ein periode frå 5½ til 10 år. Det såkalla Poverty Reduction Strategy Paper (PRSP), som land må utarbeide for å kvalifisere til ordninga, kan presenterast noko seinare til styret enn det som har vore pålagt under PRGF-ordninga.

  • Standby Credit Facility (SCF) er ei ny ordning for låginntektsland som skal finansiere meir kortsiktige betalingsbalanseproblem. Utforminga er etter modell av den tradisjonelle SBA-ordninga, som er open for alle medlemsland, og retta inn mot stabilisering av den økonomiske situasjonen. SCF kan nyttast anten innanlandske eller eksterne forhold er skuld i betalingsbalanseproblema. Ordninga kan òg nyttast som førebyggjande lån for å hindre tap av tillit i marknadene. Til forskjell frå den tradisjonelle SBA-ordninga vert SCF gjeve til subsidiert rente. Lengda på utbetalingsperioden for lånet er eitt–to år med ein tilbakebetalingsperiode på mellom fire og åtte år. Lånetilsegn kan gjevast både på bakgrunn av faktiske og potensielle betalingsbalanseproblem. Sjølv om låntakaren må utarbeide eit såkalla «letter of intent» som gjer greie for korleis låneprogrammet fremjar fattigdomsnedkjemping og økonomisk vekst, vert det ikkje kravd eit PRSP i samband med eit SCF-lån.

  • Rapid Credit Facility (RCF) er ei ordning for raskt å gje eit mindre lån til land der det har oppstått eit akutt, kortsiktig betalingsbalanseproblem. Kondisjonalitetskrava er svært avgrensa. Lån kan gjevast uavhengig av bakgrunnen for problema med betalingsbalansen. RCF kan berre fornyast og utvidast dersom sjokket i økonomien kjem av forhold utanfor styresmaktene sin kontroll og dersom landet har ført fornuftig økonomisk politikk dei siste åra. Ordninga erstattar mellom anna Exogeneous Shocks Facility (ESF). Eksisterande låneprogram under ESF vert ikkje konverterte til RCF, men vert ståande uendra til dei er avslutta.

I tillegg vert Policy Support Instrument (PSI), som et ein ordning utan lån, vidareført. PSI inneber tettare overvaking av den økonomiske politikken enn det landet ville få gjennom dei vanlege artikkel IV-konsultasjonane, jf. avsnitt 9.2.1.

Styrevedtaket i juli 2009 inneber òg at krava, den såkalla kondisjonaliteten, som IMF stiller ved lån til låginntektsland, vert lagde om på same måte som for dei generelle ordningane, jf. avsnitt 9.4.2. Vidare vedtok styret å auke gåveelementet ved å redusere den faste, subsidierte rentesatsen som låntakarane betaler, frå ½ prosent til null. Bakgrunnen var at nedgangen i marknadsrentene i stor grad har redusert forskjellen mellom marknadsrenta og den subsidierte rentesatsen. Rentesatsane vert vurderte på nytt ved utgangen av 2011.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har støtta denne omlegginga. Frå norsk side hadde ein i utgangspunktet ynskt at langsiktig utviklingsfinansiering i IMF-regi, som PRGF, skulle avviklast, jf. omtale i Kredittmeldinga 2008 og i St.prp. nr. 81 (2008–2009). Noreg fekk ikkje gjennomslag for dette synspunktet. Mange av IMF sine medlemsland ser på PRGF og etterfølgjaren ECF som eit viktig tilbod til låginntektslanda, trass i utfordringane som utforminga og funksjonen til desse ordningane representerer for IMF. Regjeringa er likevel glad for omlegginga og ser på etableringa av dei to nye ordningane for kortsiktige betalingsbalanseproblem, SCF og RCF, som eit viktig skritt i den retninga Noreg har ønskt. Desse to ordningane inneber at låginntektsland har reelle alternativ til PGRF/ECF om dei treng betalingsbalansestøtte frå IMF. Samstundes fekk Noreg gjennomslag for å kunne øyremerkje bidrag av både lånemidlar og subsidiemidlar til dei einskilde ordningane, slik at støtte til for eksempel SCF og RCF ikkje treng innebere støtte til ECF.

Regjeringa er spesielt glad for omlegginga av kondisjonalitetspolitikken. Krava til strukturelle endringar i økonomien skal no i større grad avgrensast til forhold som er avgjerande for at målet for stabiliseringsprogrammet skal verte nådd, og til områdar som er innanfor IMF si kjernekompetanse. Reforma er i tråd med mål Noreg har arbeidd for i lengre tid, som meir fleksibilitet og auka målretting i krava. Dette kan gi sterkare nasjonal eigarskap og betre tilpassing av stabilseringsprogrammet til landspesifikke tilhøve, og vil bidra til at låginntektsland med IMF-program får utvida politiske handlingsrom til å drive konjunkturstyring. Med utgangspunkt i Soria Moria-erklæringa har Regjeringa vore særleg opptatt av å få til endringar som hindrar at mottakarland vert stilt overfor krav om å privatisere eller liberalisere for å få støtte frå IMF. Risikoen for at det skal kunne skje ser no ut til å vere betydeleg redusert.

På bakgrunn av omlegginga og etterspurnaden etter lån har IMF bedd fleire land, blant dei Noreg, om nye, frivillige bidrag av både lånemidlar og subsidiemidlar til ordningane for låginntektsland, jf. avsnitt 9.4.4 nedanfor. For ein nærare omtale av dette og av omlegginga generelt, sjå Prop. 83 S (2009–2010).

9.4.4 Finansieringa av utlånsverksemda til IMF

9.4.4.1 Innleiing

Den ordinære utlånsverksemda til IMF vert finansiert gjennom dei innbetalte kvotane, dei multilaterale låneordningane (GAB og NAB) og ved bilaterale lån frå einskilde medlemsland, ei ordning som IMF tok i bruk i 2009. Dei spesielle låneordningane for låginntektsland er ikkje IMF sine eigne ordningar, men vert administrerte av IMF på vegner av medlemslanda. Lån til låginntektsland vert ikkje finansierte gjennom IMFs ordinære midlar, men gjennom særskilde bidrag frå medlemslanda.

9.4.4.2 Bilaterale lånetilsegner overfor IMF

Som følgje av den sterke veksten i utlåna og utsiktene til at fleire land kan få vanskar med å finansiere underskot på betalingsbalansen, la IMFC-møtet i april 2009 opp til at utlånskapasiteten til IMF skulle tredoblast frå 250 milliardar dollar til 750 milliardar dollar. Innan september 2009 hadde medlemslanda lova å stille i alt 500 milliardar dollar til rådvelde for IMF i form av bilaterale avtalar. Dei fyrste avtalane som kom i stand, var med Japan, Noreg og Canada, og IMF byrja å trekkje på desse i juli 2009. Tabell 9.3 gjev eit oversyn over dei bilaterale avtalane IMF har inngått for å skaffe midlar til dei generelle låneordningane.

Tabell 9.3 Bilaterale lånetilsagn overfor IMF.1 Milliarder USD.

Japan100
Noreg4,5
EU178
Canada10
Sveits10
Russland10
Kina50
Brasil10
India10
Sum382,5

1 Til rådvelde for IMF sine generelle ordningar.

Kjelde: Noregs Bank og IMF.

Det auka engasjementet til sterkt framveksande økonomiar syner seg ved at land som Kina, Russland, Brasil og India no bidreg med bilaterale lån til IMF. Kina, Brasil og India inngjekk avtalar om å kjøpe «IMF-sertifikat» i staden for å gje lån til IMF. Det er fyrste gong IMF skriv ut slike verdipapir. Verdipapira skil seg i røynda ikkje mykje frå låneavtalane. På same måte som for låneavtalane skjer overføringa av midlar til IMF fyrst når midlane skal brukast til å finansiere lån frå IMF til eit medlemsland.

Sidan låginntektsland òg vart hardt råka av den globale krisa, har IMF uttrykt ynske om samla sett å auke kapasiteten sin til å gje subsidierte lån (lån og subsidiemidlar til låginntekstland) med 17 milliardar dollar innan 2014. Dette er meir enn det G20-landa vart einige om i april 2009, som var ei dobling i desse ressursane tilsvarande 6 milliardar dollar i løpet av to til tre år. Så langt har IMF fått lovnader eller inngått avtalar om nye lånemidlar til låginntektsordningane på omkring 7,5 milliarder USD.

Fleire land valt å nytte den nyleg mottekne tildelinga av SDR til å gje lån til låginntektsordningane i SDR i staden for i vanleg valuta. I denne samanhengen er ikkje SDR berre ei rekneeining, men långjevaren betaler trekk under avtalen i SDR utan å veksle om til konvertibel valuta. Høvet til å gje lån i SDR kan bidra til å skaffe fleire finansielle ressursar til låginntektsordningane. Men samstundes kan det kome til å setje den frivillige vekslingsordninga for SDR, der blant andre Noregs Bank deltek, under press. Bruk av SDR reiser difor spørsmål knytte til byrdefordelinga mellom långjevar og deltakarane i vekslingsordninga. Den nordisk-baltiske valkrinsen har vore oppteken av å sikre at land som gjev lån i SDR, òg skal stille som motpart i omvekslinga slik at ein oppnår ei rettferdig byrdefordeling over tid.

9.4.4.3 Norske lånebidrag

15. juni i fjor gav Stortinget samtykke til ein låneavtale mellom IMF og Noregs Bank der Noreg stiller 3 mrd. SDR, som tilsvarar om lag 27 mrd. kroner, til disposisjon for dei generelle ordningane til Fondet, sjå St.prp. nr. 81 (2008–2009). Låneavtalen vart underteikna 26. juni og gjeld i fem år. IMF gjennomførte 30. juli 2009 det fyrste trekket etter avtalen.

I samband med arbeidet med denne avtalen vart også spørsmålet om eit eventuelt norsk lån til ordningane for låginntektsland teke opp. Regjeringa er oppteken av situasjonen i sårbare land og ynskjer å bidra til å sikre deira tilgang på internasjonal kapital, men fordi ein har vore skeptisk til korleis låginntektsordningane var utforma, jf. avsnitt 9.4.3, orienterte Regjeringa i St.prp. nr. 81 (2008–2009) om at ho ikkje ville stille lånemidlar til disposisjon for dei spesielle låneordningane for låginntektsland då. Regjeringa la i staden opp til å knyte eventuelle nye norske bidrag til desse ordningane til at IMF i tråd med norske ønskjer etablerte ordningar retta inn mot meir kortvarige betalingsbalanseproblem. I same proposisjon understreka Regjeringa at Noreg i samband med slike eventuelle bidrag ville stille krav om avgrensingar i bruken av strukturkondisjonalitet i tråd med rapporten frå Det uavhengige evalueringskontoret ved IMF (IEO) som kom i 2008, og dei nye signala frå styret i samband med vedtaket om endringar i kondisjonaliteten i IMFs generelle ordningar i mars 2009. I finanskomiteens handsaming av St.prp. nr. 81 (2008–2009) slutta fleirtalet seg til Regjeringa si vurdering.

Omlegginga av låneordningane som vart vedteken i fjor sommar inneber, etter Regjeringa sitt skjønn, at to av ordningane har ei slik utforming og karakter at Noreg kan og bør bidra med midlar. Både den nye SCF- og den nye RCF-ordninga er retta inn mot kortsiktige betalingsbalanseproblem. På denne bakgrunnen bad Regjeringa 5. mars i år om samtykke frå Stortinget til å inngå ein ny låneavtale mellom Noreg og IMF, jf. Prop 83 S (2009–2010). I avtalen stiller Noreg 300 millionar SDR, om lag 2,7 milliardar kroner, til disposisjon for dei spesielle låneordningane for låginntektsland. Det er ikkje aktuelt med norske lånebidrag til PRGF-etterfølgjaren ECF, og i avtalen er heile lånebeløpet øyremerkt dei kortsiktige låneordningane, SCF og RCF.

9.4.4.4 Norske subsidiebidrag

Bilaterale donorar bidreg òg med subsidiemidlar til ordningane for låginntektsland. Desse midlane dekkjer skilnaden mellom marknadsrenta og den renta låginntektslanda faktisk betaler på låna. Noreg gav i 2005 ei tilsegn på 24,7 milliardar SDR (i underkant av 240 millionar kroner) til ESF-ordninga som no vert avvikla. Størsteparten av den norske tilsegna er framleis ubrukt, jf. omtale i Kredittmeldinga 2008 og i Prop. 1 S (2009–2010) frå Utanriksdepartementet. Etter avtale med Utanriks­departementet og i tråd med Stortinget si hand­saming av Prop. 1 S (2009–2010) har Finansdepartementet orientert IMF om at desse midlane vert gjorde tilgjengelege for RCF og SCF frå 2010. Regjeringa vil ikkje vurdere ytterlegare subsidietilskot til ordningane så lenge det er såpass mykje igjen av dei midlane Noreg allereie har stilt til disposisjon.

9.4.4.5 Utvida NAB-avtale

På IMFC-møtet i fjor haust vart landa einige om at dei bilaterale låna frå medlemslanda etter kvart skulle gå inn i ei utvida og meir fleksibel NAB-ordning. Det vart lagt opp til at NAB i alt skulle aukast med 500 milliardar USD. Auken skulle kome både som følgje av at dei landa som deltek i NAB-ordninga, skulle auke sine beløp, og som følgje av at fleire land kjem med i ordninga. IMFC understreka at auken i lånte midlar ikkje skulle kome i staden for ein auke i kvotane, som det vart lagt opp til skulle gjennomførast innan januar 2011. Den 24. november 2009 vart dei aktuelle landa i prinsippet einige om å utvide NAB-ordninga opp til 600 milliardar USD og i nokon grad gjere denne ordninga meir fleksibel.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har støtta arbeidet med å sikre utlånskapasiteten til IMF gjennom multilaterale ordningar som NAB. Ein legg vekt på at krinsen av deltakarar bør utvidast for betre å spreie byrda ved å finansiere IMF. Men valkrinsen meiner òg at IMFs finansiering i hovudsak bør baserast på innbetalte kvotar, mellom anna fordi det er kvotane som bestemmer stemmevektene til dei ulike landa i IMF. Dei ulike innlånsordningane bør fungere som ein reserve som ikkje vert trekt på i normale tider. Frå norsk og nordisk-baltisk side legg ein difor vekt på at storleiken på NAB bør revurderast i tilknyting til neste kvoterevisjon, som etter planen skal avsluttast i januar 2011.

Regjeringa tek sikte på at Noreg skal delta i den utvida NAB-ordninga og etter kvart overføre Noregs bilaterale avtale om lån til IMFs ordinære ordningar, som har ei ramme på 3 milliardar SDR, til nye NAB. Det norske bidraget til NAB vil med dette auke frå noverande 379 millionar SDR til om lag 3,5 milliardar SDR. Noregs bidrag er såleis sett til 6,2 milliardar USD i den førebelse avtalen om endringane. Regjeringa vil fremje ein proposisjon for Stortinget om samtykke til norsk deltaking i den nye NAB-ordninga.

9.4.5 Endringar i IMF si overvakings- og rådgjevingsverksemd

9.4.5.1 Nye prioriteringar i den bilaterale over­vakinga

Formålet med IMF si overvaking er å fremje internasjonal monetær og finansiell stabilitet. Hausten 2008 vedtok styret prioriteringar for den bilaterale overvakinga for perioden 2008–2011 som vart tekne inn som vedlegg til IMFC-kommunikeet av 11. oktober 2008, jf. omtalen i Kredittmeldinga 2008. Prioriteringane frå 2008 var sterkt prega av finanskrisa og den kraftige auken i prisane på energi og andre råvarer som hadde skjedd fram til sommaren det året. Sidan då har den globale konjunkturnedgangen ført til lågare prisar på energi og andre råvarer. I tillegg er situasjonen i verdsøkonomien no betrakteleg betre, og såleis har land mindre behov for råd om kortsiktig krisehandtering og meir behov for råd om avvikling av krisetiltak og om politikk for balansert vekst framover.

Som følgje av dette vedtok IMF-styret hausten 2009 å justere prioriteringane. Dei nye prioriteringane som vart støtta av IMFC på møtet 4. oktober 2009, har desse hovudpunkta:

  • Avvikle krisetiltaka gradvis. Tiltaka må behaldast inntil den økonomiske oppgangen er sikra og finanssystema igjen fungerer tilfredsstillande. Samstundes må spelerommet for framtidige politiske tiltak gjenvinnast, mellom anna ved å styrkje statsfinansane. Nødvendig omstilling og konsolidering av finanssystema må heller ikkje hemmast.

  • Styrkje det globale finansielle systemet. Nasjonale og internasjonale reguleringar og tilsyn må betrast. Kapitalrørsler mellom land må ikkje på ny resultere i ubalansar som kraftig kredittvekst og oppblåsing av fordringsprisar.

  • Rebalansere den internasjonale økonomiske utviklinga. Makroøkonomisk politikk og strukturpolitikk må fremje haldbar vekst og redusere dei globale ubalansane. Internasjonal handel og konkurranse må fremjast.

I samarbeid med andre institusjonar skal IMF fremje ei felles forståing av dei underliggjande kreftene og samanhengane som desse utfordringane inneber, og dra lærdommar frå ulike land til felles nytte. Vidare skal IMF åtvare om nye risikoar for global økonomisk og finansiell stabilitet og gje velgrunna råd om makroøkonomisk politikk og finansmarknadspolitikk for å understøtte desse måla.

Men IMF beheld følgjande underliggjande føringar for den bilaterale overvakinga frå 2008, då ein meinte at dei framleis er like relevante:

  • Risikovurderingar må stå sentralt. System for tidlegvarsling (Early Warning Exercise) må byggjast ut. I tillegg til analysar av hovudscenario må ein prøve å få fram utfall som er mindre sannsynlege, men som kan få stor innverknad, særleg dersom det vert nødvendig med politiske tiltak for å avgrense grenseoverskridande konsekvensar.

  • Samspelet mellom realøkonomien og finanssektoren må integrerast betre. Gjennomgangen av den økonomiske utviklinga i dei enkelte medlemslanda (artikkel IV-diskusjonane) må vie større plass til analysar av den finansielle stabiliteten, medrekna dei realøkonomiske aspekta. Den særskilde vurderinga av den finansielle sektoren i medlemslanda (FSAP) må verte ein meir integrert del av dei regelmessige diskusjonane. Det må òg utviklast ei djupare forståing og meir inngåande drøfting av samanhengen mellom finansmarknader og institusjonar.

  • Det multilaterale perspektivet må styrkjast. Krisa viste på nytt kor viktig dette er. Analysen av utviklinga i kvart enkelt land må ta omsyn til både inngåande og utgåande påverknader, særleg sidan desse effektane er vortne stadig viktigare som følgje av aukande økonomisk og finansiell integrasjon. Multilaterale perspektiv og felles erfaringar er òg viktig for utforminga og innretninga av politikkråda til IMF.

  • Analysen av valutakursar og ekstern stabilitet må vidareutviklast. Analysane og metodane må styrkjast for at vurderingane for den samla økonomiske politikken skal få større gjennomslagskraft.

I styrediskusjonen støtta den nordisk-baltisk valkrinsen i all hovudsak forslaget til prioriteringar. I tillegg understreka valkrinsen at den multilaterale overvakinga er svært viktig, dels fordi IMF har eit særleg fortrinn i å fremje dette aspektet, og dels fordi den globale krisa viste at internasjonalt samarbeid og koordinering av økonomisk politikk hadde vorte viktigare.

9.4.5.2 Mutual Assessment Prosess og sam­arbeidet med G20-landa

Overvakingspolitikken til fondet vart òg framheva i samband med initiativet på statsleiarmøtet for G20-landa i Pittsburgh i september 2009. Under møtet forplikta G20-landa seg til å føre ein økonomisk politikk som skal sikre ein varig økonomisk vekst. Det vart lagt eit rammeverk for sterk, haldbar og balansert vekst der det vart etablert ein prosess for å setje opp måla for politikken, utforme politikken og vurdere framgangen i måloppnåinga, kalla Mutual Assessment Prosess eller ein gjensidig vurderingsprosess. IMF vart bedd om å hjelpe til i denne prosessen. Spesielt vart Fondet bedd om å hjelpe til i analysen av korleis den økonomiske politikken i ulike land og regionar heng saman, og om politikken internt i dei enkelte landa og mellom landa er gjensidig konsistent og i samsvar med målet om ei balansert og haldbar global økonomisk utvikling. I kommunikeet av 4. oktober 2009 støtta IMFC at Fondet tok på seg denne rolla.

Sjølve utforminga av den gjensidige vurderingsprosessen vart finansministrane og sentralbanksjefane i G20-landa einige om i november 2009, og då skisserte dei òg ein tidsplan for gjennomføringa av prosessen det fyrste året. Fyrst skal kvart enkelt land utforme mellomlangsiktige rammeverk og planar for den økonomiske politikken og beskrive dei anslaga for den økonomiske utviklinga som vert lagde til grunn i rammeverket. Dernest skal ei innleiande gjensidig vurdering av dette gjennomførast. Til slutt skal ein, med bakgrunn i alternative scenario og politikktiltak, utgreie meir spesifikke politikkanbefalingar for G20-landa.

IMF-styret var positivt til at Fondet involverte seg i den gjensidige vurderingsprosessen under eit styremøte om dette i desember i fjor. Det at G20-landa ynskjer å bruke Fondet sin kunnskap på bilateral og multilateral overvaking, ser ein dels som eit teikn på IMF si sentrale rolle på dette feltet og dels som ei moglegheit til å auke innverknaden av Fondet si overvaking. Styret slutta seg difor til at IMFs stab kunne støtte G20-landa i gjennom­føringa av den gjensidige vurderingsprosessen. Styret bad om regelmessige oppdateringar om Fondet si involvering i den gjensidige vurderingsprosessen til G20-landa.

Den nordisk-baltisk valkrinsen delte langt på veg den samla vurderinga frå IMF-styret. Valkrinsen og Noreg meiner IMF ikkje må vere ansvarleg for prosessen, men ser at det å bidra positivt til G20-landa sin gjensidige vurderingsprosess vil tene både desse landa og resten av medlemmene i Fondet. Og sjølv om Fondet si eiga overvaking framleis må skje på sjølvstendig grunnlag, kan G20-prosessen gje svært nyttig erfaring og innverknad i systemviktige land.

9.4.6 Spørsmålet om nytt mandat for IMF

9.4.6.1 Innleiing

Eit nytt mandat for IMF var eit av fire forhold som vart framheva i IMFC-kommunikeet hausten 2009. Dei tre andre var finansieringsrolla til Fondet, multilateral overvaking og IMFs styresett. Desse fire forholda vart omtala som «the Istanbul Decisions».

Ei utviding av IMFs mandat skal sikre at Fondet dekkjer alle sider ved makroøkonomisk politikk og finansmarknadspolitikk som er relevant for global økonomisk og finansiell stabilitet. Bakgrunnen er erfaringane frå den pågåande krisa, som særleg omfatta finansielle forhold, samstundes som fleire av desse forholda ikkje eksplisitt inngår i mandatet til Fondet. Spørsmål knytte til Fondet si finansieringsrolle og multilaterale overvaking vert naturleg tekne opp i samband med mandatdiskusjonen. Spørsmål om IMF sitt styresett vedkjem ikkje direkte forhold knytte til mandatet og vert difor handsama for seg. Likevel vil sjølvsagt reformer av styresett ha innverknad på legitimiteten og effektiviteten til alle mandat. Spørsmål om IMF sitt styresett er tekne opp i avsnitt 9.4.7.

Det kjem til å vere omfattande diskusjonar om IMF sitt mandat framover. Fyrst legg ein opp til ei brei tilnærming, medan meir konkrete forslag kjem etter kvart. Styret skal leggje fram ein rapport til IMFC i september 2010.

Styret hadde ein innleiande diskusjon i februar 2010, på bakgrunn av eit stabspapir som skisserte visse hovudtankar. Papiret tok opp tre forhold: overvaking, utlån og internasjonale reservar.

9.4.6.2 Overvaking

Staben foreslo at den finansielle og multilaterale overvakinga må styrkjast. I den finansielle overvakinga vil IMF ta på seg ei overordna rolle for makrosystemiske risikoar gjennom analysar av makroøkonomiske og makrofinansielle forhold. Fondet vil òg samarbeide tett med andre institusjonar som Bank of International Settlement (BIS) og Financial Stability Board (FSB), som har ansvaret for mikroovervaking og regelverksutforming. Dette samsvarar med arbeidsdelinga i samband med utarbeiding av tidlegvarslingsanalysen (Early Warning Exercise). Det vart òg foreslått at Financial Sector Assessment Program (FSAP) vert obligatorisk for systemviktige land. Endeleg burde Fondet få ei meir aktiv rolle i overvakinga av internasjonale kapitalrørsler. Fondet bør kunne gje råd om kva vilkår som må vere på plass før reguleringar og kontroll vert avvikla, og kva vilkår som inneber at ein må innføre kontroll og reguleringar ved eksterne ubalansar.

Styrkinga av den multilaterale overvakinga bør supplere dagens bilaterale og multilaterale overvaking med ein meir forpliktande politikkdiskusjon med dei systemviktige land, slik at internasjonale makroøkonomiske ubalansar vert takla gjennom samordna tiltak. Dette var bakgrunnen for den multilaterale konsultasjonen om globale ubalansar som vart gjennomført i 2006, men som hadde blanda resultat. Både den gjensidige vurderingsprosessen til G20-landa og tidlegvarslingssystemet, som vart innført i 2008, er nye eksempel på gode initiativ. Men den fyrstnemnde prosessen ligg delvis utanfor IMF, og den sistnemnde er delvis konfidensiell. Av di medlemslanda no synest å erkjenne verdien av systemovervaking og samordna politikk, er det viktig å overføre dei positive elementa til den generelle multilaterale overvakinga Fondet gjennomfører.

9.4.6.3 Utlån

Staben foreslo å revurdere utlånsordningane til Fondet. Den nye Flexible Credit Line (FCL) og rammeverket for ein SBA med High Access Precautionary Arrangement (HAPA) viste seg å vere vellukka nye tilskot i samband med krisa, sjå 9.4.1. Framleis kan det likevel synast som om det å bruke ordningane gjev negative stigmatiseringsverk­nader for landa, eller at vilkåra som må oppfyllast, er for krevjande. Difor vert det anbefalt at ordningane vert meir fleksible med omsyn til storleik og løpetid på låna, og at krava vert reduserte, eventuelt at lånestorleik og andre vilkår vert graderte etter den økonomiske situasjonen i kvart enkelt land.

Staben reiste òg spørsmål ved om Fondet kan erstatte krav om trygd i mottakarlandet med krav om trygge for låna. Dette kunne redusere dei negative signalverknadene med å søkje om lån, samstundes som risikoen for Fondet ikkje vert auka. Men aktiva IMF skulle få pant i kan ikkje vere likvide internasjonale fordringar, for dei ville landa sjølve bruke før dei kom til Fondet. Eiga statsgjeld er òg uaktuell, sidan låntakaren er staten. Det må såleis gjerast avgrensingar med omsyn til akseptable, men lite omsetjelege internasjonale fordringar og private innanlandske fordringar. Nokre krav må likevel behaldast, fordi landa må godtgjere at dei har eit reelt eksternt lånebehov, og at dette vert korrigert, slik at låna vert tilbakebetalte som avtala.

Staben erkjende at låneordningane for låginntektsland nyleg vart reformert, sjå 9.4.4.2. Likevel vart det reist spørsmål om ein kunne auka fleksibiliteten ytterlegare med omsyn til lånestorleik og andre lånevilkår og utvide ordningane til å omfatte fleire forhold, som til dømes effektane av klimaendringar. Engasjementet i særlege sårbare land, som til dømes land med intern politisk uro eller i militære konfliktar med andre land, kan òg vurderast på nytt.

Alle dei ulika forslaga til auka utlån kan innebere at ein har stort behov for nye ressursar til Fondet.

9.4.6.4 Reservar

Staben peika på at sterk oppbygging av internasjonale reservar i ein del framveksande økonomiar prega tida før krisa og vart gjenspegla dei globale eksterne ubalansane. Ein fortsatt auke i reservar er kostbart både for overskots- og underskotsland. Det synest likevel å oppvegast av overskotslanda sitt ynske om tryggleik for tilgjengelege midlar ved behov, som krisa har vist fort kan oppstå, og ynsket deira om eksportleidd vekst, som ein oppnår ved intervensjonar for å halde eigen valuta låg.

Staben meinte at store reservar ut frå eit tryggleiksmotiv til ein viss grad kunne møtast med meir attraktive låneordningar i Fondet, betre overvaking for å dempe grunnane til store ubalansar i verdsøkonomien og eventuell innføring av kapitalreguleringar i særtilfelle. Men erfaringane til landa i Asia på slutten av 1990-talet og fordelen med store reservar i den pågåande krisa gjer det sannsyneleg at ein del land framleis vil ynskje å «sjølvforsikre seg». Mange land synest òg framleis å satse på eksportleidd vekst.

Ifølgje staben står det då att den utvegen at andre valutaer enn den amerikanske dollaren kan vere reservevaluta. Fondet kan meir aktivt oppfordre land til å spreie plasseringane av dei internasjonale reservane på ulike valutaer. I tillegg kan ein arbeide for å utvikle dei spesielle trekkrettane (SDR) som ei fullverdig reservefordring. Begge desse alternativa vil det ta tid å gjennomføre, og dei byr på relativt store utfordringar. Til dømes har den amerikanske dollarens reservevalutastatus samanheng med ei rekkje marknadsmessige forhold som politiske vedtak åleine ikkje kan endre. Staben viser til at ein eventuell eigen internasjonal reservevaluta, utskriven av ein global institusjon, kan vurderast, men at det vil by på store operasjonelle og politiske utfordringar, som det uansett vil ta lang tid å utgreie og få på plass.

9.4.6.5 Norske synspunkt

Noreg ynskte velkomen diskusjonen om ei mogleg reform av mandatet til Fondet. Fordi diskusjonen var i ein innleiande fase og forslaga til dels var nokså ambisiøse, framheva ein frå norsk side at syna som vart fremja, til ein viss grad var førebelse. Noreg støtta vidare staben i at ein truleg best gjennomfører endringar i mandatet utan ei omfattande endring av vedtektene til Fondet. Det vart òg peika på at eventuelle endringar i hovudsak bør knytast til erfaringane frå den pågåande krisa. Såleis synest endringane i overvakinga å vere mest nødvendige. Særleg auka vektlegging av det multilaterale og finansielle aspektet synast å vere viktig. På det multilaterale planet vart spesielt behovet for å fremje internasjonal koordinering framheva. Det vart òg peika på at utfordringa er å få land til å følgje anbefalingane frå Fondet. Fondet må søkje å overføre dei positive elementa i den gjensidige vurderingsprosessen G20-landa har, til Fondet si eiga overvaking. På det finansielle planet støtta Noreg obligatorisk FSAP for systemviktige land og ei meir aktiv rolle for Fondet i forhold til internasjonale kapitalrørsler.

Frå norsk side er ein open for å vurdere forbetringar i låneordninane til IMF. Ein har òg peikt på at eventuelle justeringar i dei eksisterande låneordningane eller innføring av nye ordningar bør vente til ein har hatt ein meir grundig gjennomgang av erfaringane frå krisa. Ambisjonane til fondet om vesentleg større rolle som global likviditetsgarantist må i tillegg sjåast i samanheng med kva som realistisk kan innhentast i nye ressursar, anten gjennom kvotar eller lån.

I tillegg åtvara Noreg mot at IMF prøver å utvide si rolle i låginntektsland, spesielt dersom oppgåva meir naturleg høyrer inn under andre utviklingsinstitusjonar som Verdsbanken og regionale utviklingsbankar.

Noreg var open, men avventande til forslaga knytte til store internasjonale reservar. Det vart blant anna peika på den store tildelinga av nye SDR i 2009. Erfaringane med denne må vurderast nøye før ein eventuelt søkjer å følgje opp dette sporet.

9.4.7 Reform av kvotar, stemmerett og styresett

9.4.7.1 Bakgrunn

Finanskrisa, som starta i industrilanda og har råka heile verdsøkonomien, har forsterka ynsket frå mange utviklingsland og framveksande økonomiar om at IMF må tilpasse seg ein global situasjon der desse landa har fått auka økonomisk og politisk tyngd. Blant anna ynskjer dei ein større innverknad på IMF sine avgjerder, og at organisasjonen må forsterke sin innsats for å overvake og gje råd til tradisjonelle industriland, for eksempel no i samband med finanskrisa.

I mai 2008 la IMF sitt uavhengige evalueringskontor (IEO) fram ein rapport om IMF sitt styresett. Rapporten tilrådde at det vart sett i verk tiltak mellom anna for å klargjere rollene til institusjonen sine ulike organ og særleg ansvarsfordelinga mellom den administrative leiinga, styret og den internasjonale monetære og finansielle komiteen (IMFC). Etter IEO sin vurdering var det behov for endringar med sikte på å styrkje institusjonens legitimitet. Desse spørsmåla synest endå meir relevante i dag då ein ser at meir og meir av strategistyringa skjer i regi av G20-landa, som så legg premissane for IMFC-møta, sjå omtale i avsnitt 9.4.8.

9.4.7.2 Dei viktigaste elementa i det pågåande arbeidet

I april 2008 vedtok guvernørrådet ei kvote- og stemmerettsreform som inneber at kvoteformelen vert forenkla, og at han betre speglar den relative storleiken mellom landa i verdsøkonomien. Forslaget inneber mellom anna at låginntektslanda samla sett får auka si røystevekt med 1,1 prosentpoeng til 9,4 prosent. Reforma krev endringar i statuttane til IMF. Endringane må verte ratifiserte av minst 60 prosent av medlemslanda med minst 85 prosent av stemmevekta. Noreg ratifiserte reforma ved kongeleg resolusjon av 12. september 2008, etter at Stortinget hadde gjeve sitt samtykke til at slik ratifikasjon kunne skje. Ved utgangen av oktober 2009 var det 42 land, som til saman utgjer 64 prosent av stemmevekta, som hadde ratifisert avtalen. Reforma har såleis ikkje teke til å gjelde enno.

Gjennom 2009 har IMF arbeidd med eit breiare sett av spørsmål knytte til organisasjonen sitt styresett. Styret la fram ein rapport til årsmøtet i oktober 2009. Rapporten inneheldt fem viktige spørsmål:

  • Gjennomføring av ei ny kvotereform innan januar 2011.

  • Reformer for å auke involveringa av politikarar på høgt nivå i IMF sine avgjerder, anten ved å reformere IMFC eller ved å innføre eit råd med avgjerdsmakt (Council).

  • Søkje å effektivisere arbeidsmetodane til IMF sitt styre mellom anna ved å vurdere storleiken, samansetninga og stemmekrava for å gjennomføre vedtak.

  • Eit meir ope val av den øvste leiinga til IMF basert på kvalifikasjonar.

  • Ein gjennomgang av IMFs mandat i lys av erfaringane frå krisa.

Mange av desse spørsmåla heng saman. Mellom anna vil ei kvotereform verke inn på spørsmål knytte til representasjon i IMFC/Council, samansetjinga av styret og stemmeordningane. Difor vert desse spørsmåla truleg gjennomførte som ein breiare pakke av reformer. Styret vil leggje fram ein ny rapport om arbeidet med desse spørsmåla til IMFC-møtet våren 2010. IMFC-møtet i oktober 2009 slutta seg til at leiinga i IMF skal veljast i ein open prosess der ein legg vekt på kvalifikasjonar.

Den neste ordinære kvoterevisjonen skal normalt gjennomførast i 2013. I april 2009 vart deltakarane i IMFC einige om at kvoterevisjonen skulle framskundast to år, til januar 2011. Før ein ny kvoterevisjon er det ynskjeleg at tilstrekkeleg mange land ratifiserer avtalen frå 2008, slik at han trer i kraft. Vidare gjennomgang av kvotane gjev høve til å vurdere både den samla storleiken på kvotane, dvs. kor mykje finansielle ressursar IMF treng, og fordelinga av kvotane mellom land og landgrupper. Mange land meiner ei skeiv fordeling av kvotane har påverka IMF sin effektivitet og legitimitet negativt. Tidlegare erfaring er at det er tidkrevjande å nå fram til semje i IMF sitt styre om reformer av kvoteordninga.

I oktober 2009 slutta IMFC seg til forslaget frå G20-landa om ei overføring av stemmevekt på minst fem prosent frå over- til underrepresenterte land ved å basere endringane på den eksisterande kvoteformelen.

9.4.7.3 Norske synspunkt

Noreg meiner at fyrste prioritet må vere at kvote- og stemmerettsreforma frå 2008 vert ratifisert av tilstrekkeleg mange land til å verte sett i verk. Ho er eit viktig fyrste steg for å sikre utviklingsland og framveksande økonomiar betre representasjon i IMF. Noreg er innstilt på å støtte ei vesentleg overføring av stemmevekt til desse landa i komande kvoterevisjonar. Noreg støttar ei vidare styrking av framveksande økonomiars rolle, men legg vekt på at kvoterevisjonen må baserast på objektive økonomiske og finansielle kriterium som i den kvoteformelen som vart vedteken i 2008. Det er viktig at kvote- og stemmevekt vert overført frå overrepresenterte til underrepresenterte land basert på deira vekt i verdsøkonomien. Om sjølve kvote­formelen vert revidert, vil vi frå norsk side legge vekt på at det må vere ein klar samanheng mellom finansielle bidrag til IMF og representasjon. Dei nordiske landa er til saman ein stor bidragsytar, og tilstrekkeleg god representasjon er viktig for å oppretthalde denne støtta. I tillegg arbeider Noreg for å sikre låginntektslanda si stemme i IMF, til dømes gjennom ein ytterlegare auke i dei såkalla basisstemmene.

Når det gjeld ei breiare styrereform, er det Regjeringa si overordna vurdering at IMF treng eit styresett som sikrar organisasjonen relevans, handlekraft og legitimitet gjennom demokratiske organ. Noreg er difor innstilt på å støtte endringar i IMF sitt styresett som kan fremje desse måla. Mellom anna vil Noreg arbeide for:

  • Å sikre at val til leiande posisjonar i IMF skjer på bakgrunn av kvalifikasjonar og ynskjelege eigenskapar, og ikkje på bakgrunn av nasjonalitet. IMFC gjekk hausten 2009 inn for at valet til leiande posisjonar skal vere ein open, demokratisk prosess basert på kvalifikasjonar. Ein slik prosess bør føre til at utviklingsland vert betre representerte i leiande posisjonar.

  • Å halde på like mange representantar i IMF-styret, slik at styret kan ha ei brei og demokratisk samansetjing. Ein reduksjon av talet på styremedlemmer gjer styret mindre representativt for mangfaldet blant medlemslanda.

  • Noreg kan støtte eit framlegg om å gjere IMFC om frå ein rådgjevande komité til eit råd (council) med avgjerdsmakt, noko statuttane til IMF opnar for, dersom dette styrkjer interessa i tonegjevande land for å drøfte viktige internasjonale økonomiske og finansielle spørsmål i eit IMF-organ, jf. nedanfor.

9.4.8 G20-prosessen og IMF si rolle

G20 har sida hausten 2008 vekse fram som den viktigaste internasjonale arenaen for drøfting av overordna økonomiske og finansielle spørsmål. G20 består i utgangspunktet av 19 land samt EU på fellesskapsnivå. G20-landa har i lang tid hatt eit samarbeid mellom finansdepartement og sentralbankar, medan samarbeidet på statsleiarnivå vart fyst etablert i tilknyting til finanskrisa. G20 har så langt hatt tre slike toppmøte for statsleiarar, høvesvis i Washington D.C. i november 2008, i London i april 2009 og Pittsburgh i september 2009. Neste toppmøte er planlagt i Montreal i juni 2010.

Den rolla G20 tok for å handtera finanskrisa og styrkje internasjonal koordinering var ein viktig årsak til at ikkje den globale krisa vart djupare. G20 vart einige om sentrale tiltak mot den pågåande krisa og om ein agenda for å arbeide fram reformer for å førebyggje nye kriser. G20 drøfter både makroøkonomisk politikk og finansmarknadspolitikk, samt oppgåver, ressurstilgang og styresett for ulike internasjonale organisasjonar som til dømes IMF og Verdsbanken. G20 har gitt Financial Stability Board (FSB) ei sentral oppgåve i det internasjonale arbeidet for å betre reglar og tilsyn for finanssektoren. I tillegg har G20 foreslått tiltak på andre område som til dømes mattryggleik, energi og klima.

Det at G20 nyttar IMF sin kompetanse på det makroøkonomiske og finansielle området til å gjennomføre ulike tiltak i ei kritisk tid for verdsøkonomien bidrar til å styrkje IMF som eit sentralt instrument i det internasjonale økonomiske samarbeidet, i samsvar med den tradisjonelle rolla IMF har hatt i krisehandsaming. Men samstundes har G20 i praksis overteke mykje av strategistyringa av IMF gjennom dei felles føringane som G20-landa vert einige om og seinare bringer inn i IMF-organ der dei formelle vedtaka vert teke. Ein ser klåre teikn til at framveksten av G20 har redusert rolla til IMFC, IMF sitt rådgjevande ministerråd, som representerer den multilaterale tilnærminga til internasjonalt samarbeid. G20-landa ser i aukande grad på G20 som det fremste forumet for internasjonalt økonomisk samarbeid. Dette vart framheva i samband med Pittsburgh-konferansen i september 2009, og har vorte gjentatt seinare av Sør-Korea, som leiar G20 i 2010.

Etableringa og rolla til G20 og FSB er ikkje forankra utanfor denne kretsen. Desse foruma er ikkje basert på representasjon, og det kan difor stillast spørsmål ved legitimitet og innsyn i avgjerdsprosessane om desse de facto legg føringar for arbeidet i globale, representative organisasjonar. Manglande representasjon i G20 og FSB kan sette norsk og nordisk-baltisk innverknad i internasjonale økonomiske og finansielle spørsmål under press. Regjeringa har difor understreka kor viktig det er å forankre G20-initiativa i globale og representative organisasjonar og å sikre IMF si rolle som globalt samarbeidsorgan og oppgåveløysar. Frå norsk side har ein òg peikt på legitimitetsproblemet til G20 og verdien av å styrkje IMF-samarbeidet og rolla til IMFC som det sentrale forumet for drøfting av globale økonomiske spørsmål. Ein arbeider med å etablere eit felles nordisk-baltisk syn på rolla til G20 og FSB.

9.4.9 Norske og nordiske bidrag til IMF sitt stabiliserings­program for Island og Latvia

To land i den nordisk-baltiske valkrinsen, Island og Latvia, har vorte særleg råka av den internasjonale finanskrisa. I Island hadde store økonomiske ubalansar bygd seg opp gjennom fleire år, og ut over våren 2008 vart det klart at desse utgjorde eit monaleg problem. Samstundes fekk islandske bankar auka vanskar med å finansiere seg i dei internasjonale marknadene.

På den bakgrunnen inngjekk Noregs Bank og Sedlabanki Islands i mai 2008 ein kredittavtale motsvarande opptil 500 millionar euro for å støtte dei islandske styresmaktene i arbeidet med å stabilisere den økonomiske utviklinga på Island. Den islandske sentralbanken inngjekk tilsvarande kredittavtalar med sentralbankane i Danmark og Sverige. Avtalane hadde opphavleg ei løpetid ut 2008, men vart forlengde ut 2009. Island har ikkje bedd om ytterlegare forlenging.

Etter at situasjonen på Island i oktober 2008 vart dramatisk verre og dei tre største islandske bankane måtte setjast under administrasjon, bad Island om eit program med IMF for å stabilisere Islands økonomi. I samband med IMF-styret si godkjenning av dette programmet 19. november 2008 gjekk Noreg saman med Danmark, Finland og Sverige om å love at dei fire landa samla ville gje eit langsiktig lån på 2,5 milliardar USD eller om lag 1,8 milliardar euro. Noregs del er 480 millionar euro og er organisert som eit lån frå Noregs Bank og Sedlabanki Islands. Basert på valutakursen 8. april tilsvarar dette 3,8 milliardar kroner.

For nærare omtale av situasjonen på Island og norsk støtte viser ein til St.prp. nr. 47 (2008–2009) og finansminister Johnsens skriftlege fråsegn til finanskomiteen i samband med Dokument 8:46 S (2009–2010) om bistand til Island uavhengig av Icesave-avtalene.

Den 23. desember 2008 inngjekk også Latvia ein avtale om eit stabiliseringsprogram med IMF for å handtere ei akutt finans- og betalingsbalansekrise. Krisa kom etter fleire år med til dels kraftig økonomisk vekst, med lett tilgang på internasjonal finansiering og kredittdrive privat forbruk. Store ubalansar hadde bygd seg opp og gjorde den latviske økonomien sårbar då den internasjonale finanskrisa kom hausten 2008 og tilgangen på kapital tørka ut. Målsetjinga med IMF-programmet er å stabilisere den makroøkonomiske situasjonen i landet mellom anna ved å støtte Latvias valutakurspolitikk gjennom auka valutareservar, stabilisere banksektoren, mellom anna nasjonalisere og refinansiere den største latviskeigde banken i landet, og sikre statsfinansane.

Lånebehovet under Latvias stabiliseringsprogram er sett til 7,5 milliardar euro over programperioden fram til utgangen av 2011. IMF dekkjer sjølv om lag 1,7 milliardar euro av dette. EU på fellesskapsnivå er den største bidragsytaren med 3,1 milliardar euro i lån, og det er inngått ein eigen avtale mellom EU og Latvia om stabiliserings­programmet. I samband med at IMF-styret handsama programmet, gav Danmark, Finland, Noreg og Sverige i fellesskap lovnad om lån til Latvia på til saman 1,8 milliardar euro, med fyrste utbetaling i 2010. Det vart teke atterhald om godkjenning i dei respektive nasjonalforsamlingane. I tillegg gav Verdsbanken, EBRD, Estland, Tsjekkia og Polen lovnader om lån på til saman 0,9 milliardar euro, slik at det samla finansieringsbehovet vart dekt.

På same måte som i arbeidet med støtte til Island har Regjeringa lagt stor vekt på eit tett nordisk samarbeid om støtte til Latvia. Fordelinga mellom dei fire nordiske långjevarlanda av låna til Latvia og Island er sedd i samanheng, og samla reflekterer denne fordelinga dei relative kvotane landa har i IMF. Noregs del er fastsett til 378 millionar euro for Latvia. Med utgangspunkt i valutakursen 8. april tilsvarar det om lag 3 milliardar norske kroner. Dei nordiske långjevarlanda samarbeider om lånevilkår og vil inngå ein avtale som sikrar byrdefordelinga ved eit eventuelt misleghald. I tillegg deltek Estland i dette samarbeidet.

Regjeringa la 16. april i år fram ein proposisjonen om fullmakt til å inngå ein avtale om lån frå den norske staten til den latviske staten i tråd med dette, jf. Prop 112 S (2009–2010). For nærare omtale av situasjonen i Latvia og den norske støtta viser ein til denne proposisjonen.

9.5 Særskilde forhold som gjeld Noreg

IMF analyserer jamleg norsk økonomi. Den såkalla artikkel IV-konsultasjonen med Noreg vert gjennomført ved at ein delegasjon frå IMF har møte med Finansdepartementet, Noregs Bank, andre offentlege styresmakter og representantar for partane i arbeidslivet, akademia og den finansielle sektoren. Noreg har samtykt i at rapportane som vert utarbeidde i samband med artikkel IV-konsultasjon, vert offentleggjorde. Det gjeld både vurderinga som delegasjonen skriv ved avslutninga av konsultasjonen i Noreg, og den meir omfattande stabsrapporten som ligg til grunn for diskusjonen i styret. Informasjon om desse konsultasjonane finn ein på Noregs landsider på internettsida til IMF. Rapportar og innlegg frå nordisk-baltisk valkrins på IMFC-møta ligg òg på nettsidene til Finansdepartementet og Noregs Bank.

På bakgrunn av dei stabile økonomiske og finansielle forholda i Noreg og omsynet til ein effektiv bruk av ressursane til IMF vert artikkel IV-konsultasjonane med Noreg berre gjennomførte annakvart år. I dei mellomliggjande åra gjennomfører IMF-staben ein enklare konsultasjon som ikkje vert drøfta i IMFs styre. Ein full artikkel IV-konsultasjon vart gjennomført i november 2009. Den endelege rapporten vart drøfta i IMFs styre 22. januar og offentleggjord 27. januar saman med eit samandrag av styret si vurdering.

Som eit ledd i overvakingsarbeidet har IMF i samarbeid med Verdsbanken og andre internasjonale organ utarbeidd standardar på til saman tolv ulike område. IMF og Verdsbanken vurderer korleis medlemslanda etterlever ein eller fleire av desse standardane (såkalla ROSCs – Report on the Observance of Standard and Codes). IMF har tidlegare vurdert om Noreg oppfyller fleire av desse standardane, særleg innanfor finansiell sektor (FSAP). IMF gjennomførte i 2009 ei vurdering av om Noreg møter krava i standarden for ein open budsjettprosess («Fiscal Transparency»). Ein rapport vart lagd fram 3. juni 2009. Rapporten trekkjer fram at budsjettprosessen i Noreg er karakterisert av ein høg grad av openheit, spesielt innanfor forvaltninga av ressursinntekter, der Noreg set beste praksis. IMF uttrykkjer at offentleg sektor i Noreg er desentralisert og på mange område fungerer svært godt. Særleg innanfor desse fire områda er praksisen ifølgje IMF framifrå:

  • Klar rolle- og ansvarsfordeling

  • Ein open budsjettprosess

  • Lett tilgang for publikum til god informasjon om budsjetta

  • God datakvalitet sikra av Riksrevisjonen og Statistisk sentralbyrå

Rapporten trekkjer òg fram einskilte område som kan betrast, mellom anna foreslår IMF utvida informasjon i budsjettdokumenta med til døme samla oversikt for statlig og kommunal sektor over budsjetterte utgifter og inntekter, tiltak for å betre planlegginga av finanspolitikken på mellomlang sikt, utvida bruk av internrevisjon og mindre bruk av nettobudsjettering

Fotnotar

1.

Kosovo vart teken opp som ny medlem 29. juni 2009.

2.

Verdien av 1 SDR vert rekna ut som eit vege gjennomsnitt av eit utval valutaer. Frå og med 2006 har verdien vore basert på fire valutaer (amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen). Verdien vert kalkulert dagleg, og 1. april 2010 var 1 SDR = 1,53435 amerikanske dollar eller 8,98189 norske kroner.

3.

SDR-renta er eit vekta gjennomsnitt av tremånaders pengemarknadsrente for euro, britiske pund, japanske yen og amerikanske dollar. Ho vert såleis ikkje fastsett på bakgrunn av tilbod og etterspørsel etter SDR.

Til forsida