Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

11 Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

11.1 Innleiing

Ordninga med supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg blei innført frå 1. januar 2006 for å sikre personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå folketrygda ei samla inntekt svarande til minstepensjon, jf. lov 29. april 2005 nr. 21. Ytingane frå ordninga blir prøvde mot inntekt og òg mot formue, og det er et vilkår at stønadstakar er busett i Noreg. Detaljane i ordninga går fram av Ot.prp. nr. 14 (2004–2005). Garantinivået i ordninga etter § 5 i lova om supplerande stønad svarar til minstepensjonane i folketrygda, med unntak av at regelen om dobbelt særtillegg til ein pensjonist som forsørgjer ektefelle over 60 år ikkje er innlemma i ordninga. Det er dermed tre satsar for supplerande stønad ut frå sivil status og alderen til ektefellen. Med ektefellar meiner ein òg sambuarar mv. (sjå § 2 andre ledd i lova).

11.2 Endring av satsane for supplerande stønad

Som ledd i trygdeoppgjeret i 2008 blei det som nemnt etablert ein opptrappingsplan for særtillegget til ytingar frå folketrygda. Satsane for supplerande stønad følgjer same opptrappingsplan som særtillegget for alders-, uføre- og etterlatnepensjon i perioden 2008-2010. Satsane for supplerande stønad går direkte fram av lova, jf. § 5, og i samsvar med opptrappingsplanen blei dei naudsynte justeringane i satsane frå 1. mai 2008 gjennomført etter forslag i Ot.prp. nr. 77 (2007–2008), som eit første steg i planen. Andre steg i opptrappingsplanen blei etter forslag i Ot. prp. nr. 99 (2008–2009) gjennomført frå 1. mai 2009.

Frå 1. mai 2010 skal ein setje i verk den siste delen av opptrappingsplanen for særtillegget. Fullt særtillegg etter ordinær sats skal då auke frå 97 prosent til 100 prosent av grunnbeløpet (G) i folketrygda.

Slik heving av særtilleggssatsen gjer at satsane for supplerande stønad blir endra som følgjer:

  • Frå 1,97 G til 2 G for einslege.

  • Frå 2,47 G til 2,50 G for ein stønadstakar med ektefelle under 67 år.

  • Frå 1,82 G til 1,85 G for kvar av ektefellane når dei begge har fylt 67 år.

Arbeidsdepartementet foreslår at § 5 første ledd i lov om supplerande stønad blir endra i tråd med dette. Ein viser til lovforslaget.

11.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir gjort framlegg om at endringane tek til å gjelde straks, med verknad frå 1. mai 2010. Dei auka satsane for supplerande stønad er rekna å gi meirutgifter på om lag 3,5 mill. kroner i 2010. Heilårseffekten er rekna til om lag 5,5 mill. kroner. Endringane vil òg gjelde for personar som hadde supplerande stønad før 1. mai 2010. Forslaga har ikkje nemnande administrative konsekvensar.

Med grunnbeløpet 75 641 kroner utgjer maksimal supplerande stønad på årsbasis 151 282 kroner for einslege, 189 103 kroner for stønadstakarar som forsørgjer ektefelle og 139 936 kroner for kvar av ektefellane når begge er stønadstakarar.

Til forsida