Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2010

Dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2010 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992. Forslag til nye reglar som skal gjelde frå 1. januar 2011, har vore på høyring. Finansdepartementet vil innan kort tid leggje fram eit endeleg forslag.

Alderspensjonistar - særfrådrag

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får ho eller han eit særfrådrag i inntekta. I 2010 utgjer fullt særfrådrag 1 614 kroner per månad, dvs. 19 368 kroner for heile året. Skattytarar som etter fylte 67 år har teke ut alderspensjon etter § 19-6 i folketrygdlova, har òg rett til eit slikt særfrådrag. Skattytarar mellom 67 og 70 år som ikkje har teke ut full alderspensjon, får særfrådraget avkorta. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekninga av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar - særfrådrag

Skattytarar som får førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16, tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2010 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 614 kroner per månad, dvs. 19 368 kroner for heile året. Er arbeidsevna nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønsinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrådrag. I 2010 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 26 prosent av inntekta, men maksimalt 60 950 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønsinntekter på 36 prosent av inntekta, men maksimalt 72 800 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. i 2010 er 3 prosent. Til samanlikning er trygdeavgift på lønsinntekt 7,8 prosent.

Særskild skatteavgrensingsregel

Det gjeld ein særskild skatteavgrensingsregel som sikrar at pensjonistar mv. med låg inntekt og formue ikkje skal betale skatt. Denne regelen inneber at skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter reglane som er nemnde ovanfor, og som ikkje mottek tidsavgrensa uførestønad, ikkje skal betale skatt når nettoinntekta (allmenn inntekt minus minstefrådrag pluss evt. formuestillegg) er under 113 700 kroner for einslege og 206 700 kroner for ektepar. Ved utrekninga av nettoinntekta skal ein leggje til 1,5 prosent av nettoformue over 200 000 kroner.

Skatteavgrensinga som følgje av skatteavgrensingsregelen blir trappa ned med inntekta. Dette skjer ved at trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt skal setjast til 55 prosent av den allmenne inntekta som overstig dei skattefrie grensene. Skatteavgrensingsregelen skal nyttast når denne regelen gir lågast skatt. Den særskilde skatteavgrensingsregelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Skatteavgrensingsregelen gjeld òg for skattytarar som har overgangsstønad, etterlatnepensjon, minst 2/3 uførepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP).

Til forsida