Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

4 Nærare om utviklinga i grunnbeløpet og løner dei seinare åra

Tabell 4.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønstakarar i perioden 2002–2009. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.

Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og inntekta for lønstakarar. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring per år 2002 - 2009.

  2003200420052006200720082009Endring 2002–2009Endring per år
Grunnbeløp5,13,93,33,55,385,54,235,34,4
Minstepensjon for einslege5,13,93,33,55,3811,37,947,85,7
Minstepensjon for ektepar/sambuande7,46,14,94,05,3811,98,258,66,8
Alderspensjon i gjennomsnitt16,65,44,84,86,57,66,150,06,0
Uførepensjon i gjennomsnitt6,73,33,93,75,46,74,639,74,9
Lønstakarar i alt4,53,53,34,15,46,34,536,24,5
Industriarbeidarar i NHO- området3,53,63,43,65,55,73,933,14,2
Statstilsette4,33,73,44,55,16,74,436,84,6
Kommunetilsette4,43,83,43,94,86,74,636,24,5

1 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen.

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2010: 4 og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Pensjonane til den einskilde aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Gjennomsnittleg pensjon har likevel auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Vidare har pensjonane for ektepar og sambuande auka sterkare enn grunnbeløpet i åra 2002–2009. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane har auka meir enn grunnbeløpet av di særtillegget ordinær sats blei auka til frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008, og til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare både på grunn av auken i særtillegget og av di grunnpensjonen blei trappa opp.

Auken i grunnbeløpet i perioden 2002–2009 er 35,3 prosent, medan veksten for lønstakarar i alt var 36,2 prosent. Årsaka til skilnaden er mellom anna at partane i trygdeoppgjeret i 2008 blei samde om ei fordeling innanfor den økonomiske ramma der ein nytta noko av midlane til å auke særtillegget.

Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Dei viser mellom anna utviklinga av minstepensjonane frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast gjennom dei nemnde aukane frå 1. mai 2008 og 1. mai 2009.

Denne utviklinga vil halde fram det neste året som følgje av den vidare opptrappinga av særtillegget som partane blei samde om i trygdeoppgjeret for 2008. Det ordinære særtillegget aukar frå 97 prosent til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.

Til forsida