Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

6 Krigspensjonering

Staten dekkjer utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25).

Under kap. 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2010 løyvd respektive 185 mill. kroner og 435 mill. kroner.

Etter ei tilleggslov av 29. juni 1951 nr. 34 skal krigspensjonane regulerast like mykje som statspensjonane, dvs. i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 2010 blir det rekna med meirutgifter på 5 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 11 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 16 mill. kroner for 2010.

Til forsida