Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

9 Statspensjonar og andre pensjonsforhold

Ved handsaminga av St.meld. nr. 29 (1985–1986) føresette Stortinget at pensjonar skal regulerast i takt med grunnbeløpet i folketrygda. Ei slik regulering blei første gong gjort med verknad frå 1. mai 1986 og seinast 1. mai 2009.

Tenestepensjonane i offentleg sektor er såkalla bruttoordningar som blir gitt i tillegg til folketrygda. Pensjonen frå folketrygda skal alltid betalast fullt ut, medan tenestepensjonen blir redusert med eit samordningsfrådrag. Vanlegvis utgjer samordningsfrådraget ¾ grunnbeløp og heile tilleggspensjonen og/eller særtillegget når tenestepensjonen blir gitt for full tenestetid (vanlegvis 30 år).

Når satsane for særtillegg aukar, blir dette motsvara av eit høgare samordningsfrådrag, og Staten pensjonskasse sin del av utbetalte pensjonar aukar noko mindre enn auken i grunnbeløpet. Nettoeffekten av reguleringa av grunnbeløpet i 2010 og auken i satsane for særtillegg på utbetalte pensjonar vil være om lag 3 prosent. Dei totale meirutgiftene for pensjonane som følgje av endra grunnbeløp og særtillegg vil utgjere om lag 379 mill. kroner. Auken er delt med 0,5 mill. kroner på kap. 611 Pensjonar av statskassa, 373 mill. kroner på kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse, 1 mill. kroner på kap. 615 Yrkesskadeforsikring og 4 mill. kroner på kap. 616 Gruppelivsforsikring.

Under kap. 611 Pensjonar av statskassa, blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 0,5 mill. kroner.

Under kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 373 mill. kroner, fordelt med 369 mill. kroner på Post 01 Driftsutgifter og 4 mill. kroner på Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse.

Under kap. 615 Yrkesskadeforsikring og kap. 616 Gruppelivsforsikring blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med respektive 1 mill. kroner under kap 615 og 4 mill. kroner under kap 616.

Til forsida