Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

B Forslag til vedtak om trygdeoppgjeret 2010

I

Grunnbeløpet i folketrygda blir sett til 75 641 kroner med verknad frå 1. mai 2010.

II

  1. Pensjonar i Statens pensjonskasse blir regulerte i samsvar med auken i grunnbeløpet pr. 1. mai 2010.

  2. Statens pensjonskasse blir gitt fullmakt til å regulere og tilpasse pensjonar som på grunn av særlege pensjonstekniske høve ikkje med eit rimeleg resultat kan regulerast i samsvar med punkt 1.

  3. Arbeidsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjonar av statskassa på same måten som for statspensjonistar etter punkt 1.

III

I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

KapPostFormålKroner
611Pensjonar av statskassa
01Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med500 000
frå kr 20 900 000 til kr 21 400 000
612Tilskott til Statens pensjonskasse
01Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med369 000 000
frå kr 7 498 000 000 til kr 7 867 000 000
70For andre medlemer av Statens pensjonskasse,
overslagsløyving, blir auka med4 000 000
frå kr 84 000 000 til kr 88 000 000
615Yrkesskadeforsikring
01Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med1 000 000
frå kr 85 000 000 til 86 000 000
616Gruppelivsforsikring
01Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med4 000 000
frå kr 142 000 000 til kr 146 000 000
660Krigspensjon
70Tilskott, militære, overslagsløyving, blir auka med5 000 000
frå kr 185 000 000 til kr 190 000 000
71Tilskott, sivile, overslagsløyving, blir auka med11 000 000
frå kr 435 000 000 til kr 446 000 000
664Pensjonstrygda for sjømenn
70Tilskott, blir auka med30 000 000
frå kr 478 000 000 til kr 508 000 000
666Avtalefesta pensjon
70Tilskott, blir auka med38 000 000
frå kr 1 515 000 000 til kr 1 553 000 000
667Supplerande stønad til personar over 67 år
70Tilskott, blir auka med11 600 000
frå kr 330 000 000 til kr 341 600 000
2620Stønad til einsleg mor eller far
70Overgangsstønad, overslagsløyving, blir auka med64 000 000
frå kr 2 532 000 000 til kr 2 596 000 000
2651Ytingar under arbeidsavklaring
70Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving, blir auka med703 000 000
frå kr 27 840 000 000 til kr 28 543 000 000
2655Uførheit
70Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med496 000 000
frå kr 19 660 000 000 til kr 20 156 000 000
71Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med784 000 000
frå kr 31 060 000 000 til kr 31 844 000 000
72Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med51 000 000
frå kr 2 004 000 000 til kr 2 055 000 000
76Yrkesskadetrygd, overslagsløyving, blir auka med2 000 000
frå kr 70 000 000 til kr 72 000 000
2670Alderdom
70Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med1 082 000 000
frå kr 42 868 000 000 til kr 43 950 000 000
71Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med1 741 000 000
frå kr 68 967 000 000 til kr 70 708 000 000
72Ventetillegg, overslagsløyving, blir auka med1 000 000
frå kr 33 000 000 til kr 34 000 000
73Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med145 000 000
frå kr 5 755 000 000 til kr 5 900 000 000
2680Ytingar til gjenlevande ektefellar
70Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med32 000 000
frå kr 1 270 000 000 til kr 1 302 000 000
71Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med26 000 000
frå kr 1 025 000 000 til kr 1 051 000 000
72Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med2 000 000
frå kr 97 000 000 til kr 99 000 000
Til forsida