Meld. St. 30 (2012–2013)

Finansmarknadsmeldinga 2012

Til innhaldsliste

10 Verksemda til Statens finansfond 2012

10.1 Innleiing

Statens finansfond (Finansfondet) vart skipa 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lova vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009. Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009. Finansdepartementet legg opp til at Statens finansråd vert avvikla i 2014, sjå nærare omtale i avsnitt 3.2.4.

Målet med Finansfondet er å «bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggja særleg viktige saker fram for departementet før fondet tek avgjerd, og departementet kan instruera fondet.

Finansfondet betalte ut det fyrste innskotet 30. september 2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein bank preferansekapital på snautt 27 mill. kroner.

Bankane som fekk tildelt kapital frå Finansfondet, representerte om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerte 21 pst. av alle bankane i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosentpoeng. Alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.

10.2 Styre og administrasjon

Finansfondet er eit eige rettssubjekt og vert leidd av eit styre som er oppnemnt av Kongen for tre år om gongen. Kongen oppnemnde 6. mars 2009 eit styre med advokat Endre Skjørestad som styreleiar, advokat Bjørg Ven som nestleiar og professor Thore Johnsen som styremedlem. Fagdirektør Anna Rømo og fyrsteamanuensis Jøril Mæland vart samstundes oppnemnde som varamedlemer.

Styret tilsette 9. mars 2009 Birger Vikøren som administrerande direktør i Finansfondet.

Då advokat Endre Skjørestad vart oppnemnd som ny styreleiar i Finanstilsynet 15. april 2010, vart advokat Bjørg Ven ny leiar i styret i Finansfondet. Bjørn Arild Gram vart oppnemnd som ny nestleiar i styret. Oppnemningane vart gjorde gjeldande frå 15. april 2010. Styret i Finansfondet er elles det same som før.

1. mai 2010 vart Eystein Kleven tilsett som ny administrerande direktør i Finansfondet etter at Birger Vikøren gjekk attende til Noregs Bank. Stillinga som administrerande direktør i Finansfondet har i 2010, 2011 og 2012 vore ei 50 prosent stilling. Fondet har på timebasis nytta to rådgjevarar, ein jurist frå Finanstilsynet og ein økonom frå Noregs Bank.

10.3 Verksemda i 2012

I 2009 dreiv Statens finansfond i hovudsak med etablering og med å vurdera søknader frå bankar som ynskte kapitalinnskot. I 2010 gjekk Finansfondet over i ein forvaltningsfase. Det er meininga at verksemda i Finansfondet skal avgrensast etter kvart som bankane betaler tilbake kapitalinnskota.

Finansfondet hadde i 2012 eit driftsbudsjett på 10,3 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene var på om lag 2,8 mill. kroner. Ved årsskiftet 2011/2012 hadde Finansfondet uteståande om lag 631,3 mill. kroner fordelt på 18 bankar. I 2012 betalte Grong Sparebank tilbake innskotet på 22 mill. kroner 14. mai. Aurskog Sparebank betalte tilbake innskotet på 60 mill kroner 23. mai, og Holla Lunde Sparebank betalte tilbake innskotet på 41 mill 11. juni. Ved årsskiftet 2012–22013 hadde Finansfondet uteståande om lag 508 mill kroner fordelt på 15 bankar.

I finansmarknadsmeldinga 2011 vart det peika på at uroa på innlånsmarknadene frå sommaren 2011 (mellom anna som følgje av gjeldsstoda for ein del europeiske land), var hovudgrunnen til at ikkje fleire bankar løyste inn. Tilsynelatande er stoda i innlånsmarknadene noko betre no. Likevel har to av dei bankane som har løyst inn, for ein stor del henta pengar hjå dei lokale investorane, ikkje i den institusjonelle kapitalmarknaden. Den tredje banken løyste inn som følgje av samanslåing med ein annan bank. Enno finn altså bankane det meir lønsamt å halda på innskotet frå Finansfondet enn å erstatta kapitalen i marknaden. Det kan variera frå bank til bank om det berre er eit spørsmål om pris, eller òg om tilgang. Dersom ikkje uroa i innlånsmarknadene aukar att, vil truleg fleire av bankane løysa inn før årsskiftet fordi renta på innskotet frå Statens finansfond går opp frå hausten.

I 2012 vart det innbetalt renter for 2011 frå kapitalinnskota i bankane. Rentene for 2011 skal betalast seinast fem dagar etter at tilsynsrådet har fastsett årsresultatet for banken. Dei oppsamla renteinntektene frå kapitalinnskota i bankane var om lag 42,4 mill. kroner i 2012.

Det er knytt ei rekkje vilkår til kapitalinnskota i bankane, jf. omtale i Meld. St. 12 (2009–2010) Finansmarknadsmeldinga 2009. Finansfondet har i 2012 gjennomført kontrolltiltak for å sjå om bankane oppfyller vilkåra. Oppfølging av utlånspolitikken, kredittstrategien og løns-, utbytte- og gåvepolitikken til bankane krev særskild rapportering til Finansfondet. Ved å etablera den særskilde rapporteringa har fondet lagt vekt på forsvarleg oppfølging av kapitalinnskota og teke omsyn til rapporteringbøra til bankane. Omfanget av rapporteringa er avgrensa. I tillegg til å gjennomgå dei halvårlege rapportane frå bankane til fondet går Finansfondet gjennom kvartalsrekneskapen til bankane.

Finansfondet har mellom anna måtta ta stilling til spørsmål om konsernbidrag i bankkonsern og samtykke til samanslåing mellom bankar, fordi fondet har innskot i ein av bankane. Av særlege kontrolltiltak som Finansfondet har undersøkt er om bankane har følgt opp plikta til å opplysa om kapitaltransaksjonar som kan ha verknad på fondsinnskota, og om slike transaksjonar har hatt innverknad. Den framleis usikre internasjonale stoda i finansmarknadene gjer at fondet òg i år må ha særleg fokus på den økonomiske stillinga til bankane. Utviklinga i innlånsmarknaden ålment og særskilt for dei bankane fondet har innskot i, har difor vore analysert i samband med kvartalstala frå bankane. Det er ikkje avdekt noko som trugar fondsinnskota eller gjer at fondet ikkje vert prioritert. Finansfondet meiner at kapitalinnskota frå fondet framleis fremjar føremålet med dei, nemleg å styrkja bankane og sikra normal utlånsverksemd.

Til forsida