Meld. St. 30 (2012–2013)

Finansmarknadsmeldinga 2012

Til innhaldsliste

3 Saker som er handsama av Finansdepartementet i 2012 etter finansieringsverksemdlova, forsikringsverksemdlova, børslova og verdipapirhandellova

Oversynet gjev opplysingar om søkjar/klagar, vedtak, heimel, dato, saksnummer og om det er sett vilkår i saker som er handsama av Finansdepartementet etter reglane i finansieringsverksemdlova, forsikringsverksemdlova og verdipapirhandellova i 2012. Oversynet er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.

Forkortingar:

finansvl. – lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven)

forsvl. – lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringsvirksomhetsloven)

vphl. – lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelsloven)

børsl. – lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven)

Eit løyve til å driva forsikringsverksemd

26.10.2012 – 12/3531

Borettslagenes Sikringsordning AS. Løyve til å drive skadeforsikringsverksemd. Vilkår. Heimel: forsvl. § 2-1.

Eit vedtak om skiping av dotterbank i utlandet

26.3.2012 – 11/3357

DnB Bank ASA. Løyve til å etablera dotterbank i Estland. Heimel: finansvl. § 2a-3 fjerde ledd.

Fire fusjonar mellom finansinstitusjonar

24.4.2012 – 12/1549

Sparebanken Møre og Møre Finans AS. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finvl. §§ 2c-2, 3-6 og 3-3.

14.06.2012 – 12/831

Sparebanken Telemark og Holla Lunde Sparebank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finvl. § 2c-2 fyrste ledd.

27.06.2012 – 12/835

Sparebank 1 Hallingdal og Øystre Slidre Sparebank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finvl. § 2c-2 fyrste ledd.

05.12.2012 – 03/257

DnB Bank ASA og Nordlandsbanken ASA. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: forretningsbanklova § 21.

Eit vedtak om konvertering av grunnfondskapital

09.11.2012 – 12/2614

Sparebanken Sør. Løyve til konvertering av grunnfondskapital til eigardelskapital og skiping av sparebankstifting. Vilkår. Heimel: finvl. § 2b-2 andre ledd og 2b-2 tredje ledd, jf. 2d-1 og 2d-6.

Eit løyve til å driva verksemd i utlandet gjennom dotterselskap

20.12.2012 – 12/4272

Oslo Børs ASA. Løyve til å driva verksemd i Sverige gjennom Burgundy AB som heileigd dotterselskap. Vilkår. Heimel: børsl. § 8.

Til forsida