Meld. St. 30 (2012–2013)

Finansmarknadsmeldinga 2012

Til innhaldsliste

6 Endring av regelverket og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

6.1 Utvikling av regelverket

Nedanfor følgjer eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2012. Avsnitt 6.1.8 gjev eit lite oversyn over forskrifter fastsette i 2012, medan avsnitt 6.2 inneheld omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året.

Det overordna målet med endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2012 var å fremja finansiell stabilitet og effektive og velfungerande marknader.

6.1.1 Bankverksemd

Stortinget vedtok 13. desember 2012 nokre endringar i mellom anna finanstilsynslova og banksikringslova. Lovendringane er omtala i Prop. 11 L (2012–2013) «Om endringer i finanstilsynsloven, banksikringsloven og foretakspensjonsloven».

Etter endringane slår finanstilsynslova fast at Finanstilsynet har ansvar for å sikra interessene og rettane til forbrukarane i finansmarknadene. Lovendringa presiserer overfor finansmarknadene at forbrukarinteresser er, og framleis skal vera, ei viktig oppgåve for Finanstilsynet. Lovendringa byggjer på utkast til lovendring i høyringsbrevet frå Finansdepartementet 27. mars 2012, basert på eit initiativ frå finanskriseutvalet i NOU 2011: 1 «Bedre rustet mot finanskriser». Denne endringa i finanstilsynslova tok til å gjelda 1. januar 2013.

Etter endringa i banksikringslova skal medlemene av Bankenes sikringsfond kvart år betala full avgift til sikringsfondet, same kor stort fondet er. Vidare vert fristen som sikringsfondet har til å utbetala garanterte innskot, stuttare i og med at Bankenes sikringsfond skal dekkja tap på garanterte innskot snarast råd, og seinast innan ei veke etter at Finanstilsynet har kome til at ein medlemsinstitusjon korkje kan eller vil kunna verta i stand til å betala tilbake innskot, eller det er gjort vedtak om å setja ein medlemsinstitusjon under offentleg administrasjon. Før endringa var den maksimale utbetalingsfristen tre månader. Endringa i banksikringslova tok til å gjelda 1. januar 2013.

13. desember 2012 fastsette Finansdepartementet endringar i forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbankar, sparebankar, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond o.a. (kapitalkravsforskrifta). Ved endringa er golvet for berekna tapsgrad som følgje av misleghald (LGD) for bustadlån vidareført for 2013. Gjennomsnittleg LGD for massemarknadsengasjement med pant i bustadeigedom skal vera minst 10 prosent.

6.1.2 Forsikrings- og pensjonsverksemd

Stortinget vedtok 13. desember 2012 endringar i føretakspensjonslova. Endringane er del av arbeidet med å tilpassa pensjonslovene for privat sektor til dei nye reglane om alderspensjon i folketrygda. Endringane gjer mellom anna at eigarar av fripolisar kan velja å forvalta fripolisane sine med investeringsval. Endringa vil ikkje gjelda før det er fastsett utfyllande føresegner og forholdet til nye døyingstariffar er avklart. Stortinget vedtok samstundes ei endring som gjer det mogleg med raskare utbetaling av små alderspensjonar frå 1. januar 2013.

Finansdepartementet fastsette 26. september 2012 forskrift om opplysningsplikt til informasjonsordning for finansielle tenester (Finansportalen). Etter forskrifta skal skadeforsikringsselskapa gje eller ha tilgjengeleg opplysningar om standardiserte produkt og produktkombinasjonar som selskapet skal ha premietariffar for. Forskrifta vart sett i verk 1. januar 2013.

Finanstilsynet fastsette 29. juni 2012 endringar i utfyllande forskrift 18. november 1992 nr. 1242 om forsikringstekniske avsetningar i skadeforsikring. Endringane var i all hovudsak av lovteknisk karakter for å tilpassa forskrifta betre til dei endringane som alt var gjennomførte i forsikringsregelverket. Ei viktig presisering var at avsetning til både direkte og indirekte kostnader ved handsaming av skade skal omfattast av minstekravet til erstatningsavsetning.

6.1.3 Finansierings- og kredittverksemd

13. desember 2012 fastsette Finansdepartementet endringar i forskrift 25. mai 2007 nr. 550 om kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett i ein sikringsmasse av offentlege lån, utlån med pant i bustad eller annan fast eigedom. Det vart presisert at lån med pant i fritidseigedom etter forskrifta skal reknast som eigedomshypoteklån. Skal slike lån vera grunnlag for obligasjonar med førerett, kan dei ikkje utgjera meir enn 60 prosent av forsvarleg verdigrunnlag. Endringane gjeld frå 1. januar 2013. Overgangsreglane som gav høve til å vekta engasjement med sameigde bustadkredittføretak med 20 prosent ved berekning av store engasjement, fall bort frå årsskiftet. Slike engasjement må no vektast med 100 prosent.

6.1.4 Verdipapirhandel og verdipapirfond

Stortinget vedtok ved lov 22. juni 2012 nr. 35 nokre endringar i bokføringslova, verdipapirhandelslova, eigedomsmeklingslova m.m. Endringane i bokføringslova følgde opp framlegget frå Bokføringsstandardstyret til lovendringar i delrapport 2. Det vart ikkje gjort framlegg om endringar i oppbevaringstida for rekneskapsdokumentasjon. Departementet viste til at det trengst meir kartlegging av kostnadene som oppbevaringstida medfører for næringslivet, og at ein vil gjennomføra ei slik kartlegging og deretter leggja vurderingane og eventuelle forslag fram for Stortinget.

I lova vart det òg vedteke endringar i verdipapirhandelslova, mellom anna at føretak som yter mellommannsteneste i tilknyting til delar i selskap regulerte av selskapslova, til dømes kommandittselskap og indre selskap, som hovudregel må ha løyve. Endringa vart sett i verk 1. januar 2013. Lovendringa gjekk òg ut på å heva terskelverdiane for prospektplikt frå 100 000 euro til 1 million euro, og å gjennomføra EØS-reglar som svarar til direktiv 2010/73/EU om endringar i prospektdirektivet og rapporteringsdirektivet. Dette førte mellom anna til at terskelverdien for EØS-prospekt vart auka frå 2,5 til 5 millionar euro, og at grensa for kor mange personar eit tilbod må rettast til før det utløyser prospektplikt, vart auka frå 100 til 150 personar. Lovendringa snevrar dessutan inn det stadlege verkeområdet for meldepliktsreglane, i tråd med EØS-reglar som svarar til Kommisjonens direktiv 2004/72/EF. Definisjonen av nærståande til primærinnsidaren vart vidare utvida til å omfatta andre slektningar som primærinnsidaren har delt hushald med det siste året. Lovendringa omfattar òg ny forskriftsheimel om meldepliktsreglane. Forskriftsheimelen opnar for at det kan fastsetjast nærare reglar om unntak frå meldeplikta for handel som utferdarselskapet gjer med eigne aksjar. Det vart òg gjort einskilde mindre endringar i verdipapirhandelslova. Desse endringane tok til å gjelda 1. juli 2012.

Stortinget vedtok ved lov 22. juni 2012 nr. 35 endringar i verdipapirregisterlova, mellom anna at politiet skal få elektronisk tilgang til opplysningar i verdipapirregisteret. Endringane tok til å gjelda 1. juli 2012.

Finansdepartementet fastsette endringar i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelslova (verdipapirforskrifta) som vart sette i verk 1. juli 2012. Etter endringane er definisjonen av profesjonelle investorar i verdipapirhandelslova § 7-4 nr. 8, jf. verdipapirforskrifta § 7-1, i samsvar med direktiv 2010/73/EU om endringar i prospektdirektivet og rapporteringsdirektivet. Regelen i verdipapirforskrifta § 7-1 vart bytt ut med ei tilvising til verdipapirforskrifta §§ 10-2 til 10-5. Endringa førte til at krinsen av investorar som skal reknast som profesjonelle ved vurdering av prospektplikta, vart utvida og omfattar dei same investorane som i dag kan reknast som profesjonelle kundar etter verdipapirhandelslova kapittel 10 II om investorvern.

6.1.5 Eigedomsmekling

Med verknad frå 1. juli 2012 vart det gjort endringar i lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling (eigedomsmeklingslova). Lovforslag vart fremja i Prop. 107 L (2011–2012) og vedtekne 22. juni 2012. Lova slår klårt fast at ho omfattar formidling av kjøparposisjon til fast eigedom. Dessutan gjev lova medhjelparar som har greidd særskild eksamen i oppgjer, utvida høve til å stå for det økonomiske oppgjeret i eigedomshandlar. Departementet fekk òg heimel til å gje nærare reglar om at personar kan arbeida som medhjelparar i ein avgrensa periode utan å ha teke medhjelpareksamen.

Departementet fastsette med verknad frå 1. juli 2012 endringar i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling (eigedomsmeklingsforskrifta). Det vart fastsett at personar som ikkje har greidd medhjelpareksamen, kan utføra oppgåver som medhjelpar i opp til seks månadar før dei må ta eksamen. Dessutan vart det fastsett reglar om kva for oppgåver ein medhjelpar kan utføra.

6.1.6 Rekneskap, revisjon og bokføring

Ved lov 22. juni 2012 nr. 35 vart det gjort endring i revisorlova og rekneskapsførarlova. Endringa gjeld krav om dokumentasjon av vandel ved søknad om godkjenning som revisor eller rekneskapsførar. Etter lovendring må ein ha ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40. Lovendringa er ikkje sett i verk.

Ved lov 22. juni 2012 nr. 35 vedtok Stortinget nokre endringar i lov 2004 nr. 73 om bokføring (bokføringslova), og Finansdepartementet har fastsett tilhøyrande endringar i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring (bokføringsforskrifta). Lovendringane er omtala i Prop. 107 L (2011–2012) kapittel 2. Etter endringane kan bokføringspliktige fritt velja oppbevaringsmedium, og lova inneheld ei lemping på krava til spesifikasjon. I tillegg vart det gjort fleire mindre justeringar i bokføringsregelverket av teknisk karakter, særleg for å klårgjera eller presisera innhaldet i regelverket. Dei samla endringane er venta å føra til forenklingar for dei bokføringspliktige. Lov- og forskriftsendringane vart delvis sette i verk 1. juli 2012 og 7. september 2012. Resten av endringane vart sette i verk 1. januar 2013.

I Prop. 48 L (2012–2013) gjorde Finansdepartementet 7. desember 2012 framlegg om endringar i rekneskapslova og nokre andre lover (rapportering om samfunnsansvar m.m.). I proposisjonen vart det tilrådd at selskap som er store etter definisjonen av store føretak i rekneskapslova, årleg skal leggja fram kva dei gjer for menneskerettar, arbeidstakarrettar, sosiale tilhøve, det ytre miljøet og motarbeiding av korrupsjon. I proposisjonen vart det òg tilrådd å ta bort plikta til å utarbeida konsernrekneskap for selskap som berre har mindre viktige dotterselskap.

Finansdepartementet fastsette 1. februar 2012 forskrift om klagenemnd for revisor- og rekneskapsførarsaker. Klagenemnda skal handsama klager på vedtak i Finanstilsynet knytte til revisorar og rekneskapsførarar, til dømes klager på avslag på søknader om løyve og klager på vedtak om tilbakekalling av løyve. Forskrifta tok til å gjelda straks. Klagesaker som er komne inn til handsaming i departementet etter 1. juli 2011, vil i tråd med overgangsregelen i forskrifta bli sende til handsaming i klagenemnda. Klagesaker som er komne inn til departementet før dette tidspunktet, vert handsama og avgjorde av departementet.

Finansdepartementet fastsette 30. april 2012 endringar i forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-reglar om vedtekne internasjonale rekneskapsstandardar. Endringane gjeld mellom anna ei presisering av kva for effektar overføring av finansielle eigedelar har for risikoeksponeringa til føretak som rapporterer etter «International Financial Reporting Standards» (IFRS).

Finansdepartementet fastsette 16. mai 2012 forskrift som vidarefører ordninga med utsett frist ved elektronisk innsending av årsrekneskapar o.l. Med heimel i forskrifta vert det gjeve ein månads utsetjing av fristen for å senda inn årsrekneskap dersom rekneskapen vert send inn elektronisk gjennom Internett-portalen Altinn, for rekneskapsår som er avslutta seinast 30. juni 2013. Utsett frist ved elektronisk innsending av årsrekneskap er 1. september i innsendingsåret.

Finansdepartementet fastsette 7. september 2012 endringar i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring. Endringane byggjer på framlegg frå Bokføringsstandardstyret til forskriftsendringar som trongst for å setja i verk endringane i bokføringslova som vart vedtekne ved lov 22. juni 2012 nr. 35.

Finanstilsynet fastsette 29. november 2012 endringar i rekneskapsførarforskrifta når det gjeld krav til utdanning, krav til praksis og krav til oppbevaring av dokumentasjon av etterutdanning. For å verta rekneskapsførar skal minst eitt av to år med praksis vera relevant praksis frå ei autorisert rekneskapsførarverksemd. Kravet til utdanning er presisert og endra på somme punkt. Kravet til oppbevaring av dokumentasjon av etterutdanning er endra frå ti til seks år. Endringane er iverksette, så nær som kravet om eitt års praksis frå autorisert rekneskapsførarverksemd, som vert iverksett frå 1. januar 2014.

6.1.7 Anna

Finansdepartementet fastset i samsvar med lov om renter ved forsinket betaling § 3, ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen skal vera lik styringsrenta til Noregs Bank, med eit tillegg på minst 7 prosentpoeng. 21. juni 2012 vart forseinkingsrenta fastsett til 8,50 prosent p.a., jf. forskrift 21. juni 2012 nr. 565 om renter ved forseinka betaling. 21. desember 2012 vart forseinkingsrenta fastsett til 8,50 prosent p.a., jf. forskrift 21. desember 2012 nr. 1340.

6.1.8 Fastsette forskrifter

Finansdepartementet fastsette 11 forskrifter på finansmarknadsområdet i 2012:

  • forskrift 1. februar 2012 nr. 111 om klagenemnd for revisor- og regnskapsførersaker

  • forskrift 30. april 2012 nr. 378 om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

  • forskrift 16. mai 2012 nr. 441 om endring av forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven

  • forskrift 21. juni 2012 nr. 1340 om renter ved forsinket betaling

  • forskrift 26. juni 2012 nr. 643 om endring i forskrift om eiendomsmegling

  • forskrift 7. september 2012 nr. 865 om endringer i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring

  • forskrift 26. september 2012 nr. 911 om opplysningsplikt til informasjonsordning for finansielle tjenester

  • forskrift 26. september 2012 nr. 765 om endring av forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringsytelser og etablering av filial av forsikringsselskap og pensjonsforetak med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.

  • forskrift 13. desember 2012 nr. 1287 om endring i forskrift om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskrifta)

  • forskrift 13. desember 2012 nr. 1226 om endring i forskrift om kredittforetak som utsteder obligasjoner med fortrinnsrett i en sikkerhetsmasse bestående av offentlige lån, utlån med pant i bolig eller annen fast eiendom

  • forskrift 19. desember 2012 nr. 1340 om renter ved forsinket betaling

6.2 Løyve i forvaltningssaker

DnB Bank ASA fekk 26. mars 2012 løyve til å skipa dotterbank i Estland. Løyvet var ei naturleg oppfølging av at DnB Bank ASA 20. desember 2010 fekk løyve til å kjøpa dei resterande 49 prosent av aksjane i Bank DnB Nord A/S. Løyvet vart gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 2a-3 fjerde ledd. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sparebanken Møre og Møre Finans AS fekk 25. april 2012 løyve til å slå saman føretaka. Det vart samstundes gjeve løyve til overføring av aktiva og passiva (verksemda) frå Møre Finans AS til Sparebanken Møre. Løyvet er gjeve på vilkår.

Fjordkraft AS fekk 16. mai 2012 løyve til å driva finansieringsverksemd. Løyvet vart gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-7. Løyvet er gjeve på vilkår om at finansieringsverksemda er avgrensa til å tilby kreditt til føretaket sine kundar for betaling av nettleige. Fjordkraft må dessutan tydeleg opplysa om at føretaket ikkje er underlagt tilsyn av Finanstilsynet.

Sparebanken Telemark og Holla og Lunde Sparebank fekk 14. juni 2012 løyve til å slå seg saman. Sparebanken Telemark tok over sparebankverksemda frå Holla og Lunde sparebank, som vart nedlagd. Det vart skipa to sparebankstiftingar, som har eigenkapitalbevis i den fusjonerte banken. Banken har fått namnet Sparebanken Telemark. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sparebank 1 Hallingdal og Øystre Slidre Sparebank fekk 27. juni 2012 løyve til å slå seg saman. Sparebank 1 Hallingdal tok over sparebankverksemda frå Øystre Slidre Sparebank, som vart nedlagd. Det vart skipa to sparebankstiftingar, som har eigenkapitalbevis i den fusjonerte banken. Banken har fått namnet Sparebank 1 Hallingdal Valdres. Løyvet er gjeve på vilkår.

DNB Bank ASA fekk 5. juli 2012 løyve til å fusjonera med Nordlandsbanken ASA. Løyvet er gjeve med heimel i forretningsbanklova § 21 og finansieringsverksemdlova §§ 2a-7 andre ledd. Løyvet er gjeve på vilkår. Løyvet var ei oppfølging av at Finansdepartementet 28. juni 2011 avslo ein søknad frå DNB Bank ASA om forlenging av dispensasjon frå finansieringsverksemdlova § 2a-6 andre ledd fjerde punktum for vidareføring av Nordlandsbanken ASA som 100 prosent eigd dotterselskap av DNB Bank ASA, og at DNB Bank ASA hadde frist til 31. desember 2012 med å få konsernstrukturen i samsvar med vedtaket i Finansdepartementet.

Lillestrøm Sparebank fekk 6. juli 2012 løyve til å konvertera grunnfondskapital til eigardelskapital. Det vart samstundes gjeve løyve til å skipa Sparebankstiftinga Lillestrøm. Sparebankstiftinga tok vederlagsfritt imot eigenkapitalbevisa som vart utferda ved konvertering med heimel i finansieringsverksemdlova § 2b-2. Løyvet er gjeve på vilkår.

Borettslagenes Sikringsordning AS fekk 26. oktober 2012 løyve til å driva skadeforsikringsverksemd innanfor klasse 16; diverse økonomiske tap. Løyvet er gjeve med heimel i lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet (forsikringsverksemdlova) § 2-1. Med heimel i finansieringsverksemdlova § 2a-3 fyrste og andre ledd og § 2a-6, jf. § 2a-5, jf. § 2a-2 bokstav d, vart det samstundes gjeve løyve til at Stiftelsen Borettslagenes Sikringsfond kan eiga 100 prosent av aksjane i Borettslagenes Sikringsordning AS. Løyvet er gjeve på vilkår.

5. november 2012 fekk Spiro Finans AS løyve til å driva finansieringsverksemd. Løyvet vart gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3. Spiro Finans AS er eit dotterselskap av Storbysamarbeidet. Storbysamarbeidet er eit samarbeid mellom burettslag i dei største norske byane. Hovudproduktet skal vera sikring mot tap og forskotering av felleskostnader. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sparebanken Sør fekk 9. november 2012 løyve til å konvertera grunnfondskapital til eigardelskapital, og utferding av eigenkapitalbevis. Det vart samstundes gjeve løyve til å skipa Sparebankstiftinga Sparebanken Sør. Løyvet er gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 2b-2 og er gjeve på vilkår.

Oslo Børs ASA fekk 20. desember 2012 løyve til å utøva verksemd i Sverige gjennom dotterselskapet Burgundy AB. Løyvet er gjeve med heimel i børslova § 8 og er gjeve på vilkår.

I samband med salet av NOS Clearing til Nasdaq Omx Stockholm AB vurderte Finanstilsynet om den nye eigaren var skikka til å sikra ei god og forsvarleg drift av føretaket i samsvar med verdipapirhandelslova. Finanstilsynet fann den nye eigaren skikka, slik at vilkåra i verdipapirhandelslova §§ 13-1 (4), jf. § 9-1 (5) var oppfylte.

Til forsida