Meld. St. 30 (2012–2013)

Finansmarknadsmeldinga 2012

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

2.1 Innleiing

Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er robust nok til å ta mot innskot og andre tilbakebetalingspliktige midlar frå ålmenta, formidla finansiering, utføra betalingar og omfordela risiko på ein tilfredsstillande måte. Ein viktig del av dette er at bankar og andre finansinstitusjonar er solide og verkar på ein føremålstenleg måte.

Tidlegare krisar har lært oss at det er vanskeleg på førehand å seia kva forstyrringar økonomien kjem til å verta utsett for. Økonomien er i endring, og endringane kan gjera det norske finanssystemet meir sårbart. Til dømes synte den internasjonale finanskrisa at svikt i dei internasjonale kapitalmarknadene kunne skada norske bankar. Låg rente, høg bustadgjeld og høgare levealder er faktorar som no påverkar sårbarheita i finanssystemet.

Utviklinga i internasjonale finansmarknader betra seg noko i 2012. Aksjekursane har stige, og risikopåslaga på gjeld har gått ned. I Noreg steig aksjekursane på Oslo Børs med 15 pst. Bufferane til livsforsikringsselskapa auka i 2012, men dei har framleis store utfordringar knytte til høgare levealder og låge renter. Tilhøva på dei internasjonale marknadene er framleis prega av uvisse. Bankane styrkte soliditeten sin i 2012, og dei har òg skaffa seg meir robust finansiering.

2.2 Finanssystemet og arbeidet med finansiell stabilitet

Det finansielle systemet er samansett av finansinstitusjonar og andre aktørar, marknadsplassar og infrastruktur for transaksjonar. Systemet gjennomfører betalingar og legg til rette for at aktørar i realøkonomien skal kunna handtera og omfordela finansiell risiko og allokera ressursar over tid. Dei sentrale institusjonane i det norske finanssystemet er bankar og andre kredittinstitusjonar (kredittføretak og finansieringsselskap), forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond. I høve til forvaltningskapitalen er kredittinstitusjonane som gruppe klårt størst, følgd av livsforsikringsselskapa, sjå boks 2.1.

Verksemda til finansinstitusjonane går ut på at dei tek på seg skyldnader og risiko, og det finst mange døme på at aktørar i realøkonomien er heilt avhengige av at finansinstitusjonane gjer opp for seg. Når desse institusjonane har problem, får det difor lett følgjer for realøkonomien. Vidare kan det økonomiske samspelet mellom finansinstitusjonane føra til at problema i ei grein av finanssystemet skader heile systemet. Problema kan verta forsterka gjennom negative vekselverknader mellom finansmarknadene og realøkonomien. Å førebyggja kriser i finanssystemet er ofte mindre ressurskrevjande enn å motverka utslaga av finanskriser. Å leggja til rette for finansiell stabilitet er difor ei svært viktig oppgåve for styresmaktene.

Styresmaktene arbeider for å førebyggja soliditets- og likviditetskriser i finanssystemet gjennom krav i lover og forskrifter og gjennom tilsyn med finansinstitusjonane og finansmarknadene. I Noreg har ein lagt stor vekt på ei heilskapleg og konsistent regulering, som mellom anna går ut på at same slags risiko vert regulert likt same kvar han finst, slik at risiko ikkje hopar seg opp der han er minst regulert. Dette prinsippet har lege til grunn for norsk finansmarknadsregulering i mange år. Det er òg ein føresetnad for finansiell stabilitet – og eit viktig mål i seg sjølv – å ha eit godt forbrukarvern på finansmarknaden.

Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Finansdepartementet har det overordna ansvaret for å sjå til at det finansielle systemet fungerer godt. Noregs Bank og Finanstilsynet skal medverka til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkja trugsmål mot stabiliteten. Finanstilsynet fører òg tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank er långjevar i siste instans.

I 2006 vart det etablert såkalla trepartsmøte mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. I desse trepartsmøta vert det utveksla informasjon om mellom anna utviklinga i norsk og internasjonal økonomi og stoda i finansmarknadene. Desse møta vert haldne kvart halvår, men oftare når det trengst. På grunn av finanskrisa og den urolege stoda i internasjonale finansmarknader har det vore halde fem slike trepartsmøte i 2012, medan det til no i 2013 har vore eitt møte.

Boks 2.1 Oversyn over den norske finansmarknaden

Forvaltningskapitalen i norske finansføretak og filialar av utanlandske føretak utgjer om lag 300 pst. av Fastlands-Noregs bruttonasjonalprodukt, jf. figur 2.1. Med unntak av tida etter den norske bankkrisa i byrjinga av 1990-talet har forvaltningskapitalen i den norske finansnæringa stort sett vakse raskare enn bruttonasjonalproduktet. Dei siste par åra har forvaltningskapitalen i finansnæringa auka om lag i samsvar med bruttonasjonalproduktet.

Figur 2.1 Forvaltningskapital i finansmarknaden som del av BNP for Fastlands-Noreg

Figur 2.1 Forvaltningskapital i finansmarknaden som del av BNP for Fastlands-Noreg

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finanstilsynet

Sju konsern og grupper står for om lag 68 pst. av den totale finansmarknaden, sjå tabell 2.1. Det gjeld DNB, Sparebank 1-gruppa, Nordea, KLP, Storebrand, Eika – Gruppen og Gjensidige.

Tabell 2.1 Strukturen i den norske finansmarknaden (inkl. utanlandske filialar). Talet på institusjonar og samla forvaltningskapital (mrd. kroner) i ulike bransjar. Prosent av forvaltningskapital i ulike bransjar og til saman (marknadsdelar). Per 31. desember 2012

Prosent av forvaltningskapital

Kredittinstitusjonar

Verdipapirfond

Skadeforsikring

Livsforsikring

Sum konsern

Samla tal på institusjonar

213

18

86

21

Samla forvaltningskapital (mrd. kroner)

5 590

557

201

993

Marknadsdelar, i prosent

DNB

36

18

1

27

32

Sparebank 1/Samarbeidende sparebankar

14

4

7

3

12

Nordea

10

10

0

6

10

KLP

1

12

2

30

5

Storebrand

1

10

1

24

5

Eika-gruppa

5

1

2

0

4

Gjensidige

0,3

0

27

1

1

Sum konsern/alliansar

67

56

40

92

68

Andre selskap

33

44

60

8

32

Heile marknaden

100

100

100

100

100

herav utenlandske filialar

13

-

30

0

11

herav utenlandseigde dotterselskap

12

-

0,5

7

10

Kjelde: Finanstilsynet.

Ved utgangen av 2012 var det 213 kredittinstitusjonar på den norske kredittmarknaden, ned frå 220 i 2011. Av desse institusjonane var 138 bankar, 30 kredittføretak og 45 finansieringsføretak. Kredittføretaka tilbyr for det meste pantelån til finansiering av næringsverksemd og bustadkjøp, medan finansieringsselskapa driv mest med leasing, bilfinansiering, kortbaserte utlån og forbruksfinansiering. Samla forvaltningskapital i desse finansføretaka var på om lag 5590 mrd. kroner.

Det uteståande volumet av lån frå bankar og kredittføretak har dei siste åra dreidd seg mot utlån til hushald, jf. figur 2.2. Fordelinga av utlån til føretak innanfor dei ulike sektorane vert gjennomgått nærare i avsnitt 2.3.

Figur 2.2 Uteståande lån frå bankar og kredittføretak etter sektor. Milliardar kroner

Figur 2.2 Uteståande lån frå bankar og kredittføretak etter sektor. Milliardar kroner

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det er 18 forvaltningsselskap for verdipapirfond på den norske marknaden, to færre enn i 2011. Dei har ein samla forvaltningskapital på om lag 557 mrd. kroner, som er om lag 70 mrd. kroner meir enn i 2011.

121 føretak driv med forsikringsverksemd på den norske marknaden. Av dei driv 100 føretak med skadeforsikringsverksemd. Det er eit nokså stort innslag av utanlandske filialar innanfor skadeforsikring. Dei utanlandske filialane stod for om lag 30 pst. av den totale verksemda innanfor skadeforsikring målt ut frå forvaltningskapital.

Ved utgangen av 2012 var det 21 livsforsikringsselskap på den norske marknaden, eitt mindre enn året før. Av dei 21 selskapa er 12 norske, medan resten er mindre filialar av utanlandske føretak. Livsforsikringsselskapa har ein samla forvaltningskapital på om lag 993 mrd. kroner.

Det er 88 pensjonskasser på den norske marknaden. Dei har ein samla forvaltningskapital på om lag 220 mrd. kroner.

I rapport frå AFF si leiarundersøking (Administrativt forskingsfond ved Noregs Handelshøgskule) viser resultata at frå 2002 til 2011 auka kvinnedelen blant norska leiarar frå 21,5 pst. til 31,4 pst. Tala for finansbransjen er i tråd med leiardelen blant kvinner elles i Noreg. Delen kvinner som er direktørar og banksjefar for forretningsbankar, sparebankar og innan forsikringsverksemd har auka frå 18,6 pst. i 2003 og til 27,2 pst. i 2012, sjå figur 2.3. Blant desse er kvinnedelen størst innafor forretningsbankar, kor kvinnedelen blant banksjefar og direktørar er 31,8 pst. Det var òg innafor forretningsbankar at kvinnedelen var høgast i 2003, og har låge stabilt med høgast kvinnedel over heile perioden.

Figur 2.3 Kvinnedelen blant banksjefar og direktørar i bankar og forsikringsselskap

Figur 2.3 Kvinnedelen blant banksjefar og direktørar i bankar og forsikringsselskap

Kjelde: Finans Norge/SSBs forhandklingsstatistikk for medlemmer av Finansnæringens Arbeidsgiverforening

2.3 Det makroøkonomiske biletet

Mellombels rekneskapstal tyder på at veksten i verdsøkonomien stansa i fjerde kvartal 2012, etter ei nokså god utvikling i kvartalet før. Utviklinga var særleg svak i Storbritannia og euroområdet, medan bruttonasjonalproduktet (BNP) var om lag uendra i USA. I Kina tok veksten seg noko opp mot slutten av fjoråret.

Uvissa om den vidare utviklinga internasjonalt er framleis stor. Den uavklåra finanspolitiske situasjonen i USA er ei kjelde til uvisse. Ved årsskiftet gjorde Kongressen vedtak som avgrensa omfanget av innstrammingar som ein elles hadde sett ut i livet ved inngangen til 2013. Det hindra at amerikansk økonomi fall utfor det såkalla budsjettstupet («fiscal cliff»). Medlemene av Kongressen vart likevel ikkje samde om å justera dei automatiske utgiftskutta, og dei vart difor sette i verk 1. mars i år. I tida framover må Kongressen fornya budsjettfullmaktene til føderale styresmakter. Utan nye fullmakter vil føderal sektor etter kvart måtta redusera utgiftene. Gjeldande fullmakt til å ta opp ny føderal gjeld går ut 18. mai. Det er difor framleis stor uvisse om kor sterk den finanspolitiske innstramminga i USA er. Dersom Kongressen i USA greier å semjast om å avgrensa storleiken på dei store utgiftskutta, er det venta at den positive utviklinga i USA vil halda fram.

Prognosemakarar trur på høg vekst i Kina jamført med dei tradisjonelle industrilanda, men lågare vekst enn i 2010 og 2011.

Mange land i Europa har sett i verk krevjande finanspolitiske innstrammingar for å retta opp dei ubalansane som bygde seg opp i åra før finanskrisa. Det dreg ned etterspurnaden. Arbeidsløysa er høg, og det er teikn til aukande sosial uro og sviktande tillit til politikk og viktige samfunnsinstitusjonar i fleire land. Stram kredittpraksis frå bankane til privat sektor gjer sitt til å halda investeringane nede.

Situasjonen i norsk økonomi står i sterk kontrast til situasjonen hjå mange av dei viktigaste handelspartnarane våre. BNP for Fastlands-Noreg auka med 3,5 pst. i 2012. Arbeidsløysa er låg, og sysselsetjinga er høgare enn før finanskrisa.

Norsk økonomi ser ut til å verta meir og meir todelt. Medan føretak som leverer til oljeverksemda har kapasitetsproblem, slit resten av fastlandsindustrien og tradisjonelle eksportføretak. Høg oljepris har gjeve store inntekter for petroleumsverksemda, og investeringane i olje- og gassutvinning auka med meir enn 14 pst. både i 2011 og 2012. Reknar ein med etterspurnaden etter arbeidskraft og varer og tenester til drifta på kontinentalsokkelen, svarar den samla etterspurnaden frå petroleumsverksemda no nesten til 19 pst. av BNP for Fastlands-Noreg. Når etterspurnaden frå petroleumsverksemda i andre land òg aukar, gjev det høg aktivitet hjå norske leverandørføretak. Todelinga synte seg òg i skilnader mellom regionane. Arbeidsløysa er lågast i dei fylka som har høgast tettleik av føretak som leverer til petroleumsverksemda.

Ei sterk krone råkar særleg tradisjonelle eksportføretak, som slit med låg etterspurnad frå eksportmarknadene. Lønsemda i desse føretaka er òg under press frå høge lønskostnader. I dei siste ti åra har lønskostnadene i norsk industri i gjennomsnitt auka med 1,6 pst. per år relativt til våre handelspartnarar, målt i felles valuta. Denne utviklinga har vore mogleg på grunn av stor vekst i prisane på norske eksportprodukt og på leveransar frå industrien til petroleumsverksemda. Sidan sommaren 2011 har prisane p,å delar av den tradisjonelle vareeksporten likevel gått ned. Det kjem dels av styrking av krona og dels av lågare verdsmarknadsprisar på nokre av produkta, mellom anna metall.

Veksten i konsumprisane var låg i fjor på grunn av ei sterk krone, fall i prisane på importerte konsumvarer og fall i prisane på elektrisitet. Årslønsveksten i 2012 var etter den førebels nasjonalrekneskapen på 4 pst, ned frå ein vekst på 4,2 pst. i 2011.

Eit trekk ved den økonomiske utviklinga i Noreg er den kraftige veksten i bustadprisar og gjeld i hushalda. Høg inntektsvekst over fleire år, låg rente, lett tilgang på lån i bankane og høg innvandring har auka presset i bustadmarknaden i dei sentrale områda av landet. Bustadprisane veks framleis raskt. Oppgangen i bustadprisane har gått saman med aukande opplåning i norske hushald, jf. omtale i avsnitt 2.4.2. Målt opp mot inntektene er gjelda historisk høg.

Handlingsrommet for pengepolitikken vert avgrensa av låge styringsrenter hjå handelspartnarane våre. Styringsrenta har halde seg på 1,5 pst. sidan mars i fjor, då renta vart sett ned med 0,25 prosenpoeng. Saman med høg inntektsvekst medverkar det låge rentenivået til høg etterspurnad frå hushalda. Veksten i denne etterspurnaden bremsa opp mot slutten av fjoråret. Veksten i hushaldsinntektene er framleis høg, men det kan sjå ut til at ein større del av inntektene gjekk til sparing i form av investeringar i bustad.

Auken i aktiviteten i fastlandsøkonomien vart spegla i arbeidsmarknaden. Sysselsetjinga har auka sidan fyrste halvår 2010, og det siste året har veksten i stor mon gått føre seg i privat sektor, godt hjelpt av arbeidsinnvandring. Arbeidsløysa utgjorde 3,2 pst. av arbeidsstyrken i 2012.

I nasjonalbudsjettet 2013 rekna Finansdepartementet med ein vekst i BNP for Fastlands-Noreg på 2,9 pst. i år. På grunn av lågare aktivitet i fastlandsindustrien og i eksportretta føretak vert veksten truleg mindre enn det. Finansdepartementet vil leggja fram nye anslag i revidert nasjonalbudsjett i mai.

2.4 Bankar og andre kredittinstitusjonar

Nedanfor følgjer ei gjennomgåing av ulike risikofaktorar for bankar og andre kredittinstitusjonar, og av soliditets- og resultatutviklinga i institusjonane.

2.4.1 Likviditetsrisiko

Omgrepet likviditetsrisiko blir nytta om risikoen for at ein aktør i økonomien ikkje kan innfri skyldnader ved forfall sjølv om han er solvent. Aktørar er rekna som solvente når verdien av eigedelane deira er høgare enn verdien av gjelda, slik at eigenkapitalen er positiv. Likviditetsrisiko oppstår mellom anna når det er ulik forfallsstruktur på eigedelar og skyldnader.

Fordi bankverksemd i stor mon går ut på å finansiera langsiktige, ikkje-likvide utlån med likvide innskot, er bankane særleg utsette for likviditetsrisiko. Dersom bankane i tillegg finansierer langsiktige utlån eller andre ikkje-likvide eigedelar med kortsiktige lån i marknaden, kan det auka likviditetsrisikoen hjå bankane.

Finansieringa til bankar og kredittføretak er illustrert i figur 2.4. Finansiering som skriv seg frå kundeinnskot og kundeinnlån, auka frå 42 pst. av den samla finansieringa i 2011 til 46 pst. i 2012. Auka sparing hjå hushalda medverka til innskotsveksten, og desse innskota vert normalt rekna som stabil finansiering på grunn av den norske innskotsgarantiordninga. Innskot frå utanlandske fond har òg auka, men desse innskota må reknast som mindre stabile.

Lange obligasjonslån, inkludert obligasjonar med førerett (OMF), auka som del av den totale finansieringa i 2012, sjå figuren. Slik finansiering utgjer no om lag 30 pst. av den samla finansieringa til bankane og kredittføretaka. Lån frå andre kredittinstitusjonar har gått ned frå 15 pst. i 2011 til 6 pst. i 2012.

Figur 2.4 Samansetjing av finansieringa til bankane og kredittføretaka. Prosent av forvaltningskapital

Figur 2.4 Samansetjing av finansieringa til bankane og kredittføretaka. Prosent av forvaltningskapital

Kjelde: Finanstilsynet

Bankane og kredittføretaka har store forfall på marknadsfinansieringa i utanlandsk valuta dei neste åra, jf. figur 2.5. Det gjer at bankar og kredittføretak med relativt høg utlånsvekst er sårbare for forstyrringar i tilgangen på finansiering.

Figur 2.5 Senior obligasjonsgjeld etter forfall og valuta per 16. april 2012. Milliardar kroner

Figur 2.5 Senior obligasjonsgjeld etter forfall og valuta per 16. april 2012. Milliardar kroner

Kjelde: Finanstilsynet

Ein stor og aukande del av gjelda til bankane og kredittføretaka er OMF. Ein av grunnane til framveksten av desse verdipapira er at bankane har tent på å skilja ut godt sikra bustadlån til kredittføretak som kan utferda OMF, medan dei sjølve har halde att meir risikable eigedelar i balansen. Det fører til dømes til at det i ein krisesituasjon vil vera lågare tilgang på sikre eigedelar som føretaka kan pantsetja for å sikra seg finansiering.

2.4.2 Kredittrisiko

Om lag 80 pst. av forvaltningskapitalen til bankane og bustadkredittføretaka er utlån, og kredittrisikoen er normalt den viktigaste risikofaktoren for kredittinstitusjonane. Kredittrisikoen er sterkt knytt til kva evne og vilje norske hushald og føretak har til å betala renter og avdrag, og til verdiutviklinga på bustader og annan pantsett eigedom.

Den evna hushalda har til å bera gjeld, kan målast etter gjeldsbøra og rentebøra. Gjeldsbøra kan målast som gjeld i prosent av disponibel inntekt,1 medan rentebøra er renteutgifter i prosent av disponibel inntekt. Gjeldsveksten til hushalda har i store delar av 1990- og 2000-talet vore høgare enn inntektsveksten, slik at gjeldsbøra har auka. Gjeldsbøra ligg no på om lag 200 pst., sjå figur 2.6. Høg lønsvekst hjå hushalda dei siste åra har gjort at veksten i gjeldsbøra har avtatt noko.

Figur 2.6 Gjeldsbør (høgre akse) og rentebør (venstre akse) hjå hushalda

Figur 2.6 Gjeldsbør (høgre akse) og rentebør (venstre akse) hjå hushalda

Kjelde: Noregs Bank

Rentebøra er etter måten låg, men er var for renteendringar. Det er fare for at mange hushald kan få vanskar med å bera ein større renteauke. Finanstilsynet har i ein stresstest rekna ut at ei lånerente på 6,7 prosent, med den gjeldsbøra hushalda har i dag, vil føra til at gruppa hushald som står for ein fjerdedel av den samla gjelda blant hushalda, får ei rentebøra på over 30 prosent. Ein slik renteauke kan difor ha monaleg innverknad på etterspurnaden frå hushalda, jf. boks 2.2.

Boks 2.2 Renteauke og etterspurnaden etter varer og tenester

Ein renteauke påverkar samla etterspurnad i økonomien gjennom fleire kanalar. Ein av desse kanalane er endringar i etterspurnaden etter varer og tenester frå hushalda. Hushalda sit på krav (fyrst og fremst innskot), og dei har teke opp lån. Storparten av gjelda til norske hushald er lån med flytande rente. Dei som har slike lån, må betala meir i renter og minska konsumet av varer og tenester når renta stig. Den høge gjeldsveksten dei siste åra har gjort at ei renteauke hjå hushaldas lån kan ha større innverknad på etterspurnaden deira.

Samla gjeld hjå hushalda var ved utgangen av 2012 om lag 2300 mrd. kroner, medan samla disponibel inntekt var om lag 1200 mrd. kroner. Aukar renta med til dømes 3 prosentpoeng, må hushalda årleg betala om lag 69 mrd. kroner meir i rente på gjelda. Det er ikkje automatikk i at samla etterspurnad etter varer og tenester fell like mykje, men talet illustrerer at den høge gjelda kan få stor innverknad på etterspurnaden frå hushalda, og det kan i sin tur påverka innteninga til føretaka.

Tilhøva på bustadmarknaden har innverknad på etterspurnaden og tilbodet av lån til hushalda. Bustadprisane har auka mykje dei siste tjue åra, jf. boks 2.3. Høge bustadprisar vil over tid medverka til auka etterspurnad etter lån frå hushalda, fordi mykje av gjelda til hushalda vert teken opp for å kjøpa bustad. Optimisme kan òg medverka til høg etterspurnad etter lån frå norske hushald. Til dømes kan den gode inntektsveksten for norske lønstakarar, von om vedvarande låge renter og god utvikling på arbeidsmarknaden vera med på å auka etterspurnaden. Dei som er etablerte på bustadmarknaden, kan realisera prisoppgangen på bustaden med å ta opp meir lån. Ein verdiauke på bustadene gjer at hushalda kan få tilbod om å låna meir på bustaden, av di trygda for banken aukar i verdi. Dei siste åra har det vore sterk konkurranse om lånekundane i marknaden for bustadlån, samstundes som kredittinstitusjonane har hatt god tilgang på finansiering i kapitalmarknaden.

Finanstilsynet har sidan 1994 gjennomført undersøkingar av korleis bankane praktiserer utlån med pant i bustad. Den siste undersøkinga gjekk føre seg i juli og august 2012. Dei 28 største bankane var med i undersøkinga, og desse bankane står for om lag 85 prosent av alle bustadlån frå bankane.

Av det totale låneopptaket for bustader utgjorde lån til kjøp av bustad 40 pst., medan 60 pst. av låna var knytte til andre føremål, mellom anna omfinansiering av bustadlån.

Gjennomsnittleg lånegrad (lån i høve til bustadverdien) på nye bustadlån låg på 51 pst., medan 17 pst. av låna hadde ein lånegrad på meir enn 85 prosent av verdien på bustaden, jf. figur 2.7. I undersøkinga frå 2011 hadde til samanlikning 26 pst. av låna ein lånegrad utover 90 pst. Det er særleg lån til låntakarar under 35 år som har høg lånegrad. Undersøkinga for 2012 synte at 43 pst. av låna til låntakarar under 35 år hadde ein lånegrad på meir enn 85 pst., medan 19 pst. av låna til denne gruppa var høgare enn verdien på bustaden.

Figur 2.7 Fordeling av nye bustadlån etter lånegrad

Figur 2.7 Fordeling av nye bustadlån etter lånegrad

Kjelde: Finanstilsynet

Boks 2.3 Utviklinga på bustadmarknaden

Figur 2.8 Utviklinga i realbustadprisar i nokre land og bustadprisutviklinga i Noreg deflatert med ulike faktorar (1995 = 100)

Figur 2.8 Utviklinga i realbustadprisar i nokre land og bustadprisutviklinga i Noreg deflatert med ulike faktorar (1995 = 100)

Kjelde: Federal Reserve Bank of Dallas, OECD, Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet

Norske bustadprisar steig med om lag 8 pst. i 2012, mot 9 pst. i 2011. Veksten i 2013 har til no vore høg. Berre i januar steig bustadprisane med om lag 5,3 pst. Justert for prisveksten, realbustadprisane, er bustadprisane no på eit historisk høgt nivå. I åra fram mot den internasjonale finanskrisa auka bustadprisane i svært mange land, mellom anna som følgje av låge renter og høg optimisme. Etter finanskrisa har bustadprisane i mange land falle, jf. figur 2.8A.

Tilbodet av bustader i Noreg er høgare i dag enn i 1995. Auken i bustadprisane i Noreg etter 1995 må difor hanga saman med at etterspurnaden jamt over har auka meir enn tilbodet. Høg og aukande folketalsvekst, migrasjon, låg arbeidsløyse, god lønsvekst og låg rente er faktorar som kan vera med på å forklara auken i etterspurnaden.

Kor mykje hushalda er villige til å betala for ein bustad, rettar seg likevel ikkje berre etter slike fundamentale faktorar, men heng òg saman med hushaldas tru på framtida. Ei tru på framtidig prisvekst kan vera sjølvoppfyllande. Undersøkingar1 viser at når prisane på bustader stig, vil stendig fleire rekna med at stiginga held fram.

Økonomisk teori tilseier at bustader vert bygde når prisen på ein nybygd bustad er høgare enn byggjekostnaden og alternativverdien av tomta. Bustadprisane i Noreg er no høge jamført med byggjekostnadene i sentrale område, og skilnaden mellom dei aukar, jf. figur 2.8B. Dei høge bustadprisane rundt dei store byane utløyser høg byggjeaktivitet. Over tid vil aktiviteten føra til at tilbodet av bustader aukar relativt til etterspurnaden, og såleis dempa veksten i bustadprisane. Bygging av bustader tek tid, og kapasitetsgrenser både i byggjenæringa og hjå regulerande styresmakter kan gjera at det går mange år frå eit etterspurnadssjokk melder seg, til effekten på tilbodssida er over.

1 Gelain, P. & K.J. Lansing (2013), «House prices, expectations, and time-varying fundamentals», Norges Bank Working Paper 05.

Når bustadprisane fell, fell òg verdien på det pantet bankane har for eksisterande bustadlån. Det kan føra til at bankane strammar inn på tilbodet av nye lån. Men etterspurnaden etter nye lån kan òg minka fordi bustadene vert billigare, og fordi omsetnaden på bustadmarknaden kan falla. Eit kraftig prisfall på bustader kan redusera etterspurnaden frå hushalda etter varer og tenester, ettersom formuen deira minkar i verdi. Slik kan eit prisfall på bustader påverka innteninga i dei ikkje-finansielle føretaka.

Når økonomien i hushalda vert dårlegare, prioriterer hushalda ofte å betala ned på bustadlånet og stramma inn på konsum og andre utgifter. Slik var det i Noreg under bankkrisa i starten av 1990-åra, og slik er det no i mange land i Europa. I periodar med finansiell uro kan banktapa på bustadlån difor vera etter måten små, endå om mange hushald slit med stor gjeld. Ein slik ubalanse i den finansielle stillinga til hushalda kan likevel råka bankane ved at det aukar banktapa på lån til føretaka.

Den evna føretaka har til å handtera gjeld, er var for den økonomiske utviklinga, både i Noreg og internasjonalt. Gjeldsopptaket som føretaka har i bankane, har auka mykje dei siste åra, jf. figur 2.9. Utlåna til føretaka utgjer om lag 40 pst. av dei samla utlåna frå bankane og kredittføretaka.

Figur 2.9 Føretaksgjeld etter kjelder. Behaldning. Milliardar kroner

Figur 2.9 Føretaksgjeld etter kjelder. Behaldning. Milliardar kroner

Kjelde: Noregs Bank

Utlånsundersøkinga til Noregs Bank viser at bankane har stramma inn på kredittpraksisen overfor føretaka i 2012. For lån til føretak som driv med næringseigedom, som utgjer om lag 30 pst. av utlåna til føretaka, er innstramminga endå større. Bankane nemner omsynet til eigenkapitaldekninga som den viktigaste grunnen til innstramminga.

I dei fleste næringane har gjeldsbetjeningsevna til føretaka (resultatet i prosent av bank- og obligasjonsgjeld) minka dei siste åra. Figur 2.10 syner utviklinga for dei børsnoterte føretaka under eitt. Gjeldsbetjeningsevna gjev ein indikasjon på den evna føretaka har til å handtera svikt i innteninga utan at det går ut over kreditorane. Eigenkapitaldelen (eigenkapital i prosent av balansen) hjå føretaka har halde seg ikring 40 pst. sidan 2002.

Figur 2.10 Gjeldsbetalingsevne og eigenkapitaldel for børsnoterte føretak

Figur 2.10 Gjeldsbetalingsevne og eigenkapitaldel for børsnoterte føretak

Kjelde: Noregs Bank

Ein stor del av dei totale bankutlåna til føretak er lån til føretak som driv med skipsfart eller næringseigedom, jf. figur 2.11. Næringseigedom og skipsfart er konjunkturutsette næringar.

Figur 2.11 Utlån frå bankar til ulike næringar. Prosent av totale utlån til føretaka

Figur 2.11 Utlån frå bankar til ulike næringar. Prosent av totale utlån til føretaka

Kjelde: Noregs Bank

Næringseigedomsverksemder er ømfintlege for dei innanlandske konjunkturane. Kontorsegmentet er det største segmentet innanfor næringseigedomslån, og til dømes i Oslo har realprisane på kontorlokala og kontorleiga samvariert med sysselsetjinga i Noreg dei siste 30 åra. Skulle arbeidsløysa i Noreg auka, er det god grunn til å tru at lønsemda innanfor næringseigedom vil minka.

Innanfor skipsfart varierer risikobiletet mellom dei ulike undersegmenta, men sett under eitt er innteninga i skipsfartsføretaka ømtolig for utviklinga i verdsøkonomien. Næringa har merka uroa internasjonalt. Fraktratane i fleire av undersegmenta har falle sidan 2011, og det heng saman med overkapasitet. Lågare fraktratar fører til lågare lønsemd og dårlegare gjeldsbetjeningsevne innanfor skipsfart.

Bankane har liten direkte eksponering mot føretak innan petroleumsutvinning, men aktiviteten i denne sektoren er viktig for mange norske føretak. Særleg innan tenesteyting og industri, som står for ein monaleg del av bankutlåna til føretak, er det mange føretak som drar nytte av petroleumsutvinninga. Prisutviklinga på olje og gass har stor innverknad på innteninga og gjeldsbeteningsevna til dei føretaka som baserer seg på leveransar til føretak innan petroleumsutvinning.

2.4.3 Soliditet og inntening

Den evna bankane har til å bera tap utan at innskytarar og andre vanlege kreditorar lir tap, heng saman med nivået og kvaliteten på kjernekapitalen og annan ansvarleg kapital. Etter kapitaldekningsreglane skal kjernekapitalen utgjera minst 4 pst. av den risikovekta balansen, og den totale kapitaldekninga (ansvarleg kapital i prosent av den risikovekta balansen) skal vera minst 8 pst., sjå omtale i kapittel 3. Alle norske bankar stetta minstekrava med god margin ved utgangen av 2012. Vekta etter storleiken på banken låg den gjennomsnittlege kapitaldekninga på 13,3 pst. ved utgangen av 2012, opp 1,1 prosentpoeng frå året før.

I tida etter den internasjonale finanskrisa har rein kjernekapitaldekning, der ansvarleg lånekapital og hybridkapitalinstrument (instrument med eigenskapar sams med både gjeld og eigenkapital) er trekte ifrå, vorte meir nytta som mål på soliditeten i bankane. Finanstilsynet la til grunn at alle norske bankar skulle ha ei rein kjernekapitaldekning på minst 9 pst. innan utgangen av fyrste halvår 2012. Fasiten syner at alle så nær som tre bankar nådde målet før fristen, og at alle bankane var i mål ved utgangen av året 2012.

Figur 2.12A syner at norske bankar har styrkt soliditeten dei siste åra. For bankane under eitt har den reine kjernekapitaldekninga auka jamt sidan 2008, og dekninga låg på 11,1 pst. ved utgangen av 2012. Det er 1,2 prosentpoeng høgare enn på same tid året før. Figuren syner òg kor mykje rein kjernekapital bankane har som del av den ikkje-risikovekta forvaltningskapitalen. Skilnaden mellom desse to måla på soliditet tyder på at tilveksten i eigedelar har vore større enn tilveksten i kapitalkrav. Skilnaden har auka over tid og har aldri vore høgare enn ved utgangen av 2012. Når skilnaden aukar, kan det indikera at bankane manøvrerer verksemda mot utlån som vert vekta lågare i berekningsgrunnlaget for kapitalkrava, til dømes gjennom at dei låner ut meir til bustadføremål og mindre til føretak.

Figur 2.12 Rein kjernekapital i prosent av berekningsgrunnlag og forvaltningskapital og utviklinga i resultat jamført med forvaltningskapitalen

Figur 2.12 Rein kjernekapital i prosent av berekningsgrunnlag og forvaltningskapital og utviklinga i resultat jamført med forvaltningskapitalen

Kjelde:  Finanstilsynet

Bankane har styrkt soliditeten i 2012 ved å henta inn kapital i marknaden og halda att delar av resultatet. Før skatt fekk bankane eit samla resultat på vel 37 mrd. kroner, om lag 4 mrd. kroner meir enn året før.2 Jamført med forvaltningskapitalen var resultata i 2012 på nivå med gjennomsnittet for dei ti siste åra, sjå figur 2.12B. Betringa av resultatet kjem for det meste av auke i netto renteinntekter, som er den viktigaste inntektskjelda til bankane.

Kredittpåslaga på bankanes gjeld har minka, sjå figur 2.13A. Dette har ført til billigare finansiering hjå bankane. Trass i at prisane har gått mykje ned, har norske bankar framleis høgare finansieringskostnader på verdipapirmarknaden enn i tida før finanskrisa. Rentemarginen, det vil seia differansen mellom gjennomsnittleg utlåns- og innskotsrente, gjekk òg ned i 2012, jf. figur 2.13B.

Figur 2.13 Indikative kredittpåslag for femårige bankobligasjonar og OMF og rentemargin

Figur 2.13 Indikative kredittpåslag for femårige bankobligasjonar og OMF og rentemargin

Kjelde: Finanstilsynet, DNB Markets

Gjennomføringa av Basel III-tilrådingane i EØS-retten og i Noreg vil gje høgare minstekrav til kapitaldekning enn dei krava som gjeld i dag, jf. omtale i kapittel 3. Endå om dei norske bankane er på god veg til å greia desse framtidige minstekrava, er det viktig at dei held fram med å styrkja soliditeten.

Fordi bankane i stor mon overfører utlånsporteføljar til kredittføretaka, har det vore ein stor auke i låna som kredittføretaka eig. Om lag 60 pst. av alle norske bustadlån ligg no samla i eit bustadkredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett (OMF).

Kredittføretaka (Eksportfinans ASA er ikkje medrekna) hadde monaleg lågare resultat i 2012 enn året før, mest på grunn av eit fall i netto renteinntekter. Jamført med forvaltningskapitalen gjekk resultatet før skatt ned frå 0,47 pst. i 2011 til 0,27 pst. i 2012. Kredittføretaka hentar det meste av finansieringa si ved å utferda OMF. Kostnadene ved å finansiera seg gjennom OMF har gått ned i 2012, men fallet i renteinntekter har vore større.

Kredittføretaka har styrkt soliditeten i 2012. Kredittføretak som utferdar OMF og er heileigde av ein bank, auka den reine kjernekapitaldekninga frå 10,2 pst. til 12,2 pst. i 2012. Kredittføretak som utferdar OMF og er deleigde av fleire bankar, auka den reine kjernekapitaldekninga frå 9,9 pst. til 10,6 pst. gjennom året. Kredittføretak som ikkje utferdar OMF, auka òg den reine kjernekapitaldekninga med eit par prosenteiningar i 2012.

Finansieringsselskapa hadde eit resultat før skatt på om lag 2 mrd. kroner i 2012. Det er noko høgare enn i 2011. Betringa av resultatet heng saman med ein auke i netto renteinntekter. Ved utgangen av 2012 hadde finansieringsselskapa ei rein kjernekapitaldekning på 15,7 pst., ned 0,6 prosentpoeng frå året før.

Eit nærare oversyn over dei økonomiske tilhøva i kredittinstitusjonane (og forsikringsselskapa) i 2012, i form av ei oppstilling av utvalde resultat- og balansepostar, finst i vedlegg 1. Vedlegget inneheld òg eit oversyn over utviklinga innanfor forbruksfinansiering, som fleire finansieringsselskap og somme bankar driv med.

2.5 Forsikring og pensjon

Dette underkapitlet inneheld ei gjennomgåing av ulike risikofaktorar som er særeigne for forsikrings- og pensjonsverksemda, og av soliditets- og resultatutviklinga i institusjonane i denne delen av finansmarknaden.

2.5.1 Forsikringsrisiko

Livsforsikringsselskap og pensjonskasser lovar forsikra personar ei yting når ei definert hending skjer, til dømes at den forsikra vert ufør eller når den alderen som krevst for å få alderspensjon. Pengeverdien av desse lovnadene er dei viktigaste skyldnadene som livsforsikringsselskapa og pensjonskassene har.

For kvar einskild person kan det vera stor uvisse knytt til om ei viss hending ber til eller ikkje. Forsikringsselskapa minskar uvissa knytt til den einskilde ved å ha mange kundar. Den risikoen dei står att med på skyldnadssida av verksemda, er i stor mon knytt til om fleire vert uføre, eller om dei forsikra i gjennomsnitt lever lenger enn det som er lagt til grunn. Risikoen heng òg saman med kva slags forsikring dei forsikra har. Når det gjeld ytingspensjon, i motsetnad til innskotspensjon, har selskapa til dømes ofte teke på seg ein lovnad om livsvarig alderspensjon. Dersom dei forsikra lever lenger enn det som vart lagt til grunn då premiane vart betalte inn, må forsikringsselskapa dekkja inn underreserveringa.

Levealderen i Noreg går opp. Dei føresetnadene om levealder (døyingsgrunnlaget) for kollektiv pensjon som ein har nytta dei siste åra (det såkalla K2005-grunnlaget), er ikkje tilpassa endringane i levealderen til dei forsikra. Finanstilsynet foreslo difor i mars 2013 at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene må retta seg etter eit nytt minstekrav til døyingsgrunnlag frå 2014. Det nye minstekravet skal sikra at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene set av nok kapital til å møta den høgare levealderen, sjå kapittel 3 for nærare omtale. I praksis vil det nye minstekravet seia at selskapa må auka premiane for alderspensjonane i kollektive pensjonsordningar. Dei finansielle avsetningane for allereie opptent alderspensjon i kollektive ordningar må òg aukast. Selskapa kan nytta eit eventuelt overskot ved forvaltninga av kundemidlane (avkastninga på kollektivportefølja utover den renta dei har garantert kundane) til å finansiera opp til 80 pst. av denne auken i avsetningane (oppreservering). Dei resterande 20 prosentane må selskapa dekkja med eigne midlar.

Det høvet selskapa har til å bruka av avkastningsoverskotet til kundane for å finansiera oppreserveringa, er avgrensa i tid og gjeld overskot i perioden 2014–2019. Figur 2.14 syner kor stor avkastning selskapa må ha på kundemidlane i denne perioden for fullt ut å kunna nytta høvet til å bruka av kundeoverskotet (den øvste, stipla linja), samanlikna med den gjennomsnittlege garanterte renta, historisk bokført avkastning for livsforsikringsselskapa og renta på tiårige norske og europeiske statsobligasjonar.3

Figur 2.14 Utviklinga i gjennomsnittleg rentegaranti i norske livsforsikringsselskap og renter på tiårige statsobligasjonar for Noreg (NOK) og eurosona (EUR)1, bokført avkastning på eigedelane og anslag for garantert avkastning og oppreserveringsbehov

Figur 2.14 Utviklinga i gjennomsnittleg rentegaranti i norske livsforsikringsselskap og renter på tiårige statsobligasjonar for Noreg (NOK) og eurosona (EUR)1, bokført avkastning på eigedelane og anslag for garantert avkastning og oppreserveringsbehov

1 Obligasjonar med AAA-rating

Kjelde:  Finanstilsynet, Finansdepartementet

Denne avkastninga som selskapa må ha, kjem i tillegg til den avkastninga dei må ha på kundemidlane for å dekkja rentegarantien (utan å belasta eigenkapitalen til selskapet).

2.5.2 Marknadsrisiko

Etter verksemdsreglane i forsikringsverksemdslova, som har vore gjeldande sidan 2008, skal kundane som har kollektive pensjonsprodukt med kontraktfastsette ytingar, kvart år førehandsbetala for forvaltning av midlane knytte til forsikringskontrakten. Forsikringsselskapa ber ein marknadsrisiko ved at dei har garantert kundane ei avkastning av midlane deira (rentegaranti), og dette skal det òg kompenserast for i premiane. Det er difor viktig at selskapa tek seg godt nok betalt for denne rentegarantien, og at dei nyttar inntektene til å byggja opp forsvarlege eigenkapitalbufferar for dei åra avkastninga av kundeporteføljane er lågare enn rentegarantien.

Rentegarantien er annleis for fripolisar og individuelle forsikringskontraktar teikna før 2008. Selskapa kan ikkje ta inn rentegarantipremie på desse produkta, men får i staden inntektene sine ved at selskapet og kunden deler overskotet frå kapitalavkastninga.

Den garanterte avkastninga på kundemidlane knytte til kontraktar der premien ikkje kan endrast, gjer at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særleg utsette for marknadsrisiko, det vil seia risikoen for vinst eller tap knytt til endringar i marknadsprisar på eigedelane.

Dei siste åra har marknadsrentene gått ned, særleg på lite risikable verdipapir. Marknadsrenta på statsobligasjonar er no jamt over lågare enn den gjennomsnittlege rentegarantien, jf. figur 2.14. Viktige referanserenter som pengemarknadsrenta og styringsrenta er låge, og det er venta at dei held seg låge ei tid framover, jf. figur 2.15. For selskapa vil eit vedvarande lågt rentenivå gjera det vanskeleg å sikra tilstrekkeleg avkastning i høve til rentegarantien.

Figur 2.15 Pengemarknadsrenta og styringsrenta. Anslag for dei begge. Frå Pengepolitisk  rapport 1/13

Figur 2.15 Pengemarknadsrenta og styringsrenta. Anslag for dei begge. Frå Pengepolitisk rapport 1/13

Kjelde: Noregs Bank

Marknadsrisikoen for livsforsikringsselskapa har vorte knytt meir opp til utviklinga for obligasjonar og sertifikat. Medan aksjedelen i porteføljane av eigedelar har minka, har aksjedelen av renteberande papir auka, jf. figur 2.16.

Figur 2.16 Eigedelane til livsforsikringsselskapa. Del av total finansiering

Figur 2.16 Eigedelane til livsforsikringsselskapa. Del av total finansiering

Kjelde: Finanstilsynet

Avkastninga til forsikringsselskapa og pensjonskassene av midlane i kundeporteføljen varierer frå år til år, jf. figur 2.14. For å jamna ut svingingane i resultata kan selskapa til dømes rekneskapsføra rentepapir til kostpris (amortisert kost). Det krev at dei tek sikte på å sitja på papira til forfall. Ei slik verdifastsetjing fører mellom anna til at selskapa – om renta fell og marknadsprisen på rentefordringane stig – over fleire år kan ha ei høgare årleg avkastning på desse fordringane enn det marknadsrenta skulle tilseia. Etter kvart som eldre rentefordringar forfell og nye blir kjøpte inn, vil det likevel vera vanskeleg for selskapa å oppnå høgare rente enn det som er vanleg i marknaden.

2.5.3 Soliditet og inntening

Livsforsikringsselskapa hadde eit resultat før skatt på 5,1 mrd. kroner i 2012, opp frå 3,5 mrd. kroner i 2011. Det verdijusterte resultatet før skatt (som tek omsyn til urealiserte kursgevinstar) var 13,4 mrd. kroner i 2012.

Bufferkapitalen gjev uttrykk for den evna livsforsikringsselskapa har til å ta tap utan å hamna under dei fastsette minstekrava til ansvarleg kapital. Bufferkapitalen – kapitalbuffer over dei fastsette minstekrava – er samansett av eigenkapital og kundemidlar. Jamført med forvaltningskapitalen var bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa 5,5 prosent ved utgangen av 2012, om lag 0,7 prosentpoeng høgare enn i 2011, jf. figur 2.17. Det kjem for det meste av ein auke i kursreguleringsfonda, som speglar urealiserte endringar i marknadsverdien på eigedelane i kollektivporteføljen.

Figur 2.17 Utviklinga i bufferkapital. I prosent av forvaltningskapital

Figur 2.17 Utviklinga i bufferkapital. I prosent av forvaltningskapital

Kjelde: Finanstilsynet

Kapitaldekninga i selskapa under eitt var 16,2 prosent ved utgangen av 2012, ein liten auke jamført med 2011. Kapitaldekningskravet for livsforsikringsselskapa er, til liks med det som gjeld for kredittinstitusjonane, 8 prosent. Alle selskapa stettar dette kravet.

Finanstilsynet gjennomfører regelmessig stresstestar som måler såkalla bufferkapitalutnytting, det vil seia kor mykje av bufferkapitalen som må brukast for å dekkja tap i eit visst stresscenario. Ved utgangen av 2012 var bufferkapitalutnyttinga til livsforsikringsselskapa under eitt 79 prosent. Det er 24 prosenteiningar lågare enn i 2011.

Pensjonskassene4 hadde i 2012 eit resultat før skatt på 5 mrd. kroner. Det utgjer om lag 2,5 prosent av den gjennomsnittlege forvaltningskapitalen deira. Det aller meste av auken i resultatet skriv seg frå ein auke i netto finansinntekter. Den positive utviklinga i verdipapirmarknaden førte til betring i den verdijusterte og bokførte avkastninga på kollektivporteføljen i pensjonskassene, jf. figur 2.18.

Figur 2.18 Verdijustert og bokført (stipla) avkastning på kollektivporteføljen, private og kommunale pensjonskasser. Prosent

Figur 2.18 Verdijustert og bokført (stipla) avkastning på kollektivporteføljen, private og kommunale pensjonskasser. Prosent

Kjelde: Finanstilsynet

Bufferkapitalen til pensjonskassene utgjorde 22,8 mrd. kroner ved utgangen av 2012, tilsvarande 11,1 pst. av forvaltningskapitalen i pensjonskassene. Det er ein auke på om lag 2 prosentpoeng, mest som følgje av god utvikling i finansinntektene utover garanterte renter, noko som fører til ein auke i kursreguleringsfondet.

Ved utgangen av 2012 hadde pensjonskassene samla ei kapitaldekning på 16,5 prosent, om lag 0,7 prosentpoeng lågare enn året før. Alle pensjonskassene fylte kapitaldekningskravet på 8 prosent ved utgangen av 2012. Samla bufferkapitalutnytting for pensjonskassene fall frå 82 pst. ved utgangen av 2011 til 71 pst. ved utgangen av 2012.

Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene står overfor store utfordringar knytte til aukande levealder og låge renter. Som Finansdepartementet har streka under i finansmarknadsmeldingane i fleire år, er det svært viktig at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene passar på at det med god tryggingsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet.

Skadeforsikringsføretaka fekk eit resultat før skatt på 7,1 mrd. kroner i 2012, om lag 4 mrd. kroner meir enn året før. Resultatet i den tekniske rekneskapen (resultatet på forsikringsdrifta) auka med 38 prosent. Det kjem av at premieinntekta auka med om lag 7 prosent, samstundes som erstatningskostnadene gjekk svakt ned. På same tid auka netto finansinntekter frå om lag 2 mrd. kroner i 2011 til 4,5 mrd. kroner i 2012.

Summen av skadeerstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning målt i prosent av premieinntekter for eiga rekning kallast «combined ratio». Det gjev eit uttrykk for kor lønsam sjølve forsikringsverksemda er, det vil seia kor stor del av utgiftene skadeforsikringsselskapa kan dekkja gjennom premiane. Er «combined ratio» høgare enn 100 pst., må selskapet ha andre inntekter for å gå i balanse, til dømes finansinntekter. I 2012 var «combined ratio» for skadeforsikringsselskapa på snautt 90 prosent, ein nedgang frå om lag 96 prosent året før, jf. figur 2.19. Både skadeprosenten (erstatningsutbetalingar i prosent av premieinntekter) og kostnadsprosenten (driftsutgifter i prosent av premieinntekter) gjekk ned. Nedgangen i kostnadsprosenten utgjorde mesteparten av fallet i «combined ratio».

Figur 2.19 Utviklinga i kostnads- og skadeprosenten for skadeforsikringsføretaka

Figur 2.19 Utviklinga i kostnads- og skadeprosenten for skadeforsikringsføretaka

Samla sett var soliditeten i norske skadeforsikringsføretak i 2012 relativt god. Bufferkapitalutnyttinga låg totalt på 41,8 prosent, mot 55,4 prosent ved utgangen av 2011.

2.6 Verdipapirføretak

Verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, hadde driftsinntekter på 5,5 mrd. kroner i 2012, om lag 0,8 mrd. kroner mindre enn året før. Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, var i 2012 emisjons- og rådgjevingsverksemd (såkalla «corporate finance»), aktiv forvaltning av porteføljar på vegner av investorar og investeringsrådgjeving. Verdipapirføretaka som ikkje er integrerte i bankar, hadde eit samla driftsresultat på 589 mill. kroner i 2012. Det er 133 mill. kroner meir enn året før.

2.7 Nærare om konkurransen i bankmarknaden

Dette underkapitlet ser nærare på konkurransen i bankmarknaden.

Sterk konkurranse mellom tilbydarane kan auke effektiviteten i produksjonen av varer og tenester, gje lågare prisar, meir innovasjon og høgare økonomisk vekst. Økonomien som heilskap vil hauste fordelar av sterk konkurranse i bankmarknaden, men samanhengen mellom konkurranseintensiteten i banknæringa og til dømes økonomisk vekst er kompleks. Skal ein fullt ut hauste fordelane av konkurranse i bankmarknaden, bør ein mellom anna ha eit vakent auge til om det kan vere ei forbindelse mellom finansiell ustabilitet og konkurransen i bankmarknaden, kva koplinga mellom konkurranse og finansiell stabilitet er, og kva ein eventuelt kan gjera for å oppnå finansielle stabilitet samstundes som ein har høg konkurranse.

Empirisk forsking gjer ingen klar konklusjon på om sterk konkurranse i banknæringa eventuelt styrker eller svekkjar utsiktane til finansiell stabilitet.5

Ein del av litteraturen peikar på at høg konkurranse kan svekkja utsiktane for finansiell stabilitet ved at marginane til bankane vert minska.6 Det kan leia til at bankane tek større risiko. Dersom reduserte marginar også inneber lågare utlånsrenter, kan det leia til at hushalda og føretak tek opp større lån. Nokon meiner òg at høg konkurranse kan svekkja utsiktane for finansiell stabilitet ved at det vert meir krevjande for styresmaktene å halda tilsyn med fleire mindre bankar og samspelet mellom dei, samanlikna med færre og større bankar. Andre økonomar peikar på at risikoen for tap på utlån heng saman med kva marginar bankane kan leggja inn.7 Aukar konkurransen mellom bankane, slik at utlånsrenta vert lågare enn ho elles ville ha vore, kan det redusera risikoen på bankanes utlån. Vidare kan høg konkurranse gjera det lettare å halda tilsyn, om konkurransen kuar framveksten av store, komplekse bankar.

Høg gjennomstrøyming av tilbydarar kan vera eit teikn på sterk konkurranse. Til dømes kan det vera vanskeleg å hevda at konkurransen er svak i ein marknad kor ein relativt stor del av tilbydarane ikkje klarer seg i konkurransen og forsvinn ut – ofte gjennom konkurs – og nye tilbydarar vert etablert i stort mon. Ein slik dynamikk kan ein ikkje venta å finna i ein bankmarknad, sjølv om konkurransen skulle vera sterk. Bankane er underlagt særskilde reglar som gjer at straumen av nye selskap inn og ut av marknaden ikkje nødvendigvis er like sterk som i andre marknader. Til dømes treng ein bank løyve for å starta, tilsynet skal sjå til at banken for ikkje driv med for høg risiko og banken kan ikkje gå konkurs etter konkurslovgjevinga. Det gjer at strukturen i bankmarknaden kan skilja seg frå strukturen i andre marknader over tid, sjølv om konkurransetilhøva kan vera av same slaget.

Å vurdera graden av konkurranse i bankmarknaden er ei vanskeleg øving. Ei tenleg tilnærming kan vera å kombinera ymse indikatorar. Eit mykje nytta mål på konsentrasjonen i marknaden er den såkalla Herfindahl-Hirschmann-indeksen (HHI), som er summen av kvadrerte marknadsdelar for tilbydarane i marknaden. Ein høg HHI viser at marknaden er meir konsentrert, noko som kan vere eit teikn på mindre konkurranse. HHI lik 1 indikerer monopol. Ein HHI høgare enn 0,25, indikerer grad av marknadskonsentrasjon.8 Jamvel om HHI ikkje direkte indikerer konkurranse, tyder økonomisk forsking på at det er ein klår samanheng mellom dei to variablane.9

Figur 2.20 syner utviklinga i HHI basert på marknadsdelar i samla forvaltningskapital for den norske bankmarknaden i perioden 1990–2011. Figuren viser at marknaden dei ti siste åra har vorte gradvis meir konsentrert, med unntak av ein stutt periode rundt 2009 då marknadskonsentrasjonen fall.

Figur 2.20 Utviklinga i HHI målt ut frå marknadsdelar i samla forvaltningskapital. Nokre kredittføretak innretta mot særskilde kredittprodukt, t.d. Eksportfinans og Kommunalbanken, er ikkje rekna med

Figur 2.20 Utviklinga i HHI målt ut frå marknadsdelar i samla forvaltningskapital. Nokre kredittføretak innretta mot særskilde kredittprodukt, t.d. Eksportfinans og Kommunalbanken, er ikkje rekna med

Kjelde: Finanstilsynet

Når ein konstruerer eit mål som HHI, er det svært viktig å tenkja gjennom kva slags marknader ein ser på. Norske bankar konkurrerer i røynda på mange undermarknader. Skilnader mellom dei ulike undermarknadene kan til dømes gå på produkt og geografi, og det kan vera vanskeleg å skilja marknadene frå kvarandre. Ulike konsentrasjonsmål gjev best meining om ein analyserer homogene produkt innanfor eit nærare avgrensa område. Konsentrasjonsmål som omfattar samla marknadsdelar for så ulike kundegrupper som personkundar og store føretak, har difor manglar som mål på konkurranse.

Figur 2.21 viser utviklinga i HHI for to undermarknader i personkundesegmentet der produkta må seiast å vera nokolunde homogene.10 Grafane viser at marknadskonsentrasjonen i dei to marknadene steig mot ein topp rundt 2004 og seinare har gått mest ned. Målt på denne måten er konsentrasjonen i marknadene for innskot frå personkundar og bustadlån til personkundar relativt låg. Vi kan merka oss at figur 2.21 syner eit anna utviklingstrekk enn figur 2.20. Det kan tyda på at konsentrasjonen i dei andre delane av bankmarknaden har auka nokså mykje.

Figur 2.21 HHI for marknadsdelar m.o.t. innskot frå personkundar og bustadlån til personkundar

Figur 2.21 HHI for marknadsdelar m.o.t. innskot frå personkundar og bustadlån til personkundar

Kjelde: Finanstilsynet

Ein annan peikepinn på graden av konkurranse i bankmarknaden, er dei gjennomsnittlege rentemarginane til bankane (renteinntekter minus rentekostnader). Under elles like vilkår, er det grunn til å tru at auka konkurranse gjev lågare rentemarginar.

Figur 2.22 viser at rentemarginen i høve til den gjennomsnittlege forvaltningskapitalen har vore fallande over fleire år. Ei forklaring kan vera at konkurransen har auka. Men utviklinga må òg sjåast i samanheng med andre faktorar. Til dømes har det vore ein langvarig høgkonjunktur i norsk økonomi. Med lågt misleghald på lån, stigande panteverdiar og ein generelt sterk realøkonomi kan kredittrisikoen ha vorte oppfatta som minkande over mange år. Det verkar i så fall inn på kva for ein risikopremie bankane bør krevja på utlåna sine. Noko som kan stø opp om eit slikt syn, er utviklinga i skilnaden mellom den gjennomsnittlege utlånsrenta frå bankane og renta på ein tiårig statsobligasjon, som kan vera ein indikator på risikopremien på banklån. Denne skilnaden har falle frå 3,6 prosenteiningar i 1990 til om lag 1,6 prosenteiningar i 2011. Det tyder på at risikopremien har minka gjennom perioden.

Figur 2.22 Utviklinga i netto renteinntekter  (renteinntekter minus renteutgifter). Prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital

Figur 2.22 Utviklinga i netto renteinntekter (renteinntekter minus renteutgifter). Prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital

Kjelde: Finanstilsynet

Men fallande utlånsrenter i høve til statspapirrenter heng truleg òg saman med strukturelle tilhøve i bankmarknaden, til dømes bruk av kostnadsreduserande teknologi. Det finn ein spor av i tala over sektorvis produktivitetsvekst i nasjonalrekneskapen. Produktivitetsauken i finanssektoren har i gjennomsnitt vore om lag 4,6 pst. årleg i perioden 1990–2011, medan produktivitetsauken i økonomien i same perioden generelt har lege på om lag 1,9 pst. årleg i gjennomsnitt.

Figur 2.23 viser at filialar av utanlandske bankar har arbeidd seg inn på den norske bankmarknaden i åra etter 1993. Marknadsdelen til filialane steig jamt og raskt fram til finanskrisa, då han gjekk noko tilbake.

Figur 2.23 Utviklinga i marknadsdelane til dei utanlandske filialane i den norske bankmarknaden, både nyetableringar og tidlegare dotterbankar

Figur 2.23 Utviklinga i marknadsdelane til dei utanlandske filialane i den norske bankmarknaden, både nyetableringar og tidlegare dotterbankar

Kjelde: Finanstilsynet

Auken i deltakinga til utanlandske aktørar på den norske bankmarknaden tyder på auka internasjonalisering. Det opnar for fleire tilbydarar og meir konkurranse.

Fotnotar

1.

Inntekt etter skatt og overføringar

2.

To mindre bankar gjekk med underskot i 2012.

3.

På figur 2.14 er det lagt til grunn at livsforsikringsselskapa ikkje har gjort noka oppreservering før 2013. I realiteten stemmer ikkje dette, og det gjer at avkastninga dei må oppnå, er lågare enn det figuren viser. Vidare er det òg lagt til grunn at livsforsikringsselskapa bruker maksimalt av kva dei kan frå kundemidlane, for å utføra oppreserveringa (80 pst. av den totale oppreserveringa). Dersom dei skyt til relativt meir sjølve, vil dette også medverka til at den naudsynte avkastninga fell.

4.

Desse tala for pensjonskassene byggjer på eit utval som står for om lag 93 pst. av den samla forvaltningskapitalen i pensjonskassene.

5.

Boyd, J. H. & De Nicolò, G. «The Theory of Bank Risk Taking and Competition Revisited» (2005), The Journal of Finance, 60: 1329–1343.

6.

Keeley, M.C., «Deposit insurance, risk and market power in banking» (1990) American Economic Review, 80, 1183–1200.

7.

De Nicolo, G and Lucchetta, M, «Bank Competition and Financial Stability: A General Equilibrium Exposition (2013) CESifo Working Paper Series No. 4123.

8.

Sjå til dømes U.S. Departement of Justice and the Federal Trade Commission (2010), «Horizontal Merger Guidelines».

9.

J.A. Bikker & K. Haaf (2002), «Competition, concentration and their relationship: An empirical analysis of the banking industry», Journal of Banking & Finance, Vol 26, Issue 11.

10.

Det kan likevel vera grunn til å tru at det finst ein viss grad av heterogenitet i marknaden for bustadlån til personkundar. Til dømes har lokale bankar større kunnskap om lokale tilhøve enn nasjonale bankar.
Til forsida