Meld. St. 38 (2012-2013)

Verksemda til Avinor AS

Til innhaldsliste

5 Planane og strategiane til Avinor

Dette kapittelet gjer greie for planane til Avinor. § 10-planen til selskapet omfattar perioden 2012 -2014. Investeringsplanen er trekt fram til 2017. Kommentarar frå Samferdselsdepartementet følgjer til slutt i kapittelet.

Hovudmåla til Avinor er lista opp i § 10-planen. Måla er retta inn mot flyselskapa, passasjerane og samfunnet. Flyselskapa er direkte kundar av Avinor og bidreg med meir enn 50 prosent av inntektene. Andre kundar er mellom anna Forsvaret og flyplassane utanfor Avinor. Avinor vil òg leggje meir vekt på passasjerane og ta større ansvar for denne målgruppa. Avinor er definert som eit selskap med sektorpolitiske mål og ser det som ei hovudoppgåve å løyse samfunnsoppgåvene sine i samarbeid med styresmakter, regionar og næringsliv. Miljø er òg ein viktig del av dette ansvaret.

Trafikkveksten legg eit økonomisk grunnlag for at Avinor skal kunne utføre dei samfunnspålagde oppgåvene sine, men utløyser samstundes behov for nye investeringar. Utviklinga i internasjonalt regelverk og samarbeid, særleg gjennom det felles europeiske luftrommet innan EU, vil verke inn på organiseringa og drifta av selskapet. Planar for organiseringa av flysikringstenesta blir behandla nærmare i kapittel 6 og finansiering av Avinor i kapittel 7.

5.1 Tryggleik

Avinor har som mål å medverke til å halde oppe eit høgt tryggleiksnivå i norsk luftfart. Tryggleikstiltak som gir størst gevinst i forhold til ressursinnsatsen, blir prioriterte. Avinor vil delta i internasjonalt samarbeid for å medverke til løysingar som er tilpassa norske forhold. Når det blir innført tryggleikstiltak, vil Avinor leggje vekt på auka kostnadseffektivitet og høgare servicenivå. Selskapet skal òg ha spisskompetanse på område med særlege utfordringar i Noreg, til dømes vinterdrift.

Bakketenesta (plass-, brann- og redningstenesta) er avgjerande for å få ei effektiv og sikker trafikkavvikling. Utfordringane framover er mellom anna knytte til kompetanse og opplæring, oppfølging av regelverk, teknisk utstyr og køyretøy.

Tryggleikskontroll

Ein smidig tryggleikskontroll er viktig for passasjerane. Avinor vil halde fram arbeidet med å forenkle kontrollen både for dei reisande og for dei tilsette ved lufthamnene og i flyselskapa. Eit anna satsingsområde er kvalitetstesting av tryggleikskontrollen. Avinor arbeider med å optimalisere gjennomstrøyminga i tryggleikskontrollen, men reknar med at avgjerande endringar og effektivisering av tryggleikskontrollen under eksisterande regelverk i stor grad må basere seg på ny teknologi.

Det er viktig for Avinor å finne løysingar på tryggleikskontroll som gir minimalt stress for dei som blir kontrollerte, lite eller inga opphoping på gjennomstrøymingspunkta og nødvendig tryggleik. Avinor deltek òg i eit europeisk samarbeid for å utvikle ein meir effektiv og føreseieleg tryggleikskontroll.

Samfunnstryggleik og beredskap

Avinor prioriterer arbeid med risiko- og sårbarheitsanalysar for kontrollsentralane i flysikringstenesta med særleg vekt på reserveløysingar og høvet til å yte eit kontinuerleg tenestetilbod. Leigde linjer som ikkje er tistrekkeleg robuste og ulikt utstyr ved kontrollsentralane gjer dei einskilde kontrollsentralane sårbare. Avinor arbeider derfor for å gjere systema kompatible og skaffe større overføringskapasitet mellom sentralane.

5.2 Økonomi

Den økonomiske utviklinga til Avinor heng tett saman med utviklinga i flytrafikken. Trafikkprognosane til selskapet, jf. kapittel 3.1, viser at ein må rekne med vekst i passasjertalet dei neste åra. Dette fører til auka inntekter for Avinor, men utløyser samstundes behov for investeringar i ny kapasitet dei nærmaste åra. Avinor planlegg ein årleg kostnadsvekst som er lågare enn den årlege inntektsveksten, slik at konsernet vil ha ei positiv resultatutvikling i planperioden. Avinor venter vekst i driftsinntektene til konsernet som følgje av trafikkveksten og auka inntekter per passasjer gjennom at utviklinga av kommersielle tenester og tilbod ved lufthamnene held fram. Konsernet vil likevel ha ei forventa kostnadsutvikling som er høgare enn den berekna lønns- og KPI-veksten. Årsaka til dette er at store utbyggingsprosjekt vil bli gjennomførte parallelt med ei trafikkavvikling nær full kapasitet ved dei store lufthamnene.

Investeringar

Avinor er organisert som eit aksjeselskap, og det er styret og leiinga i Avinor som er ansvarlege for å prioritere investeringane til selskapet innanfor gjeldande finansielle rammevilkår. Selskapet utarbeider årleg ein langsiktig investeringsplan og ein finansiell verksemdsplan. Avinor legg desse hovudprinsippa til grunn for investeringsplanlegginga:

  • Investeringsporteføljen skal ha ein positiv noverdi.

  • På dei bedriftsøkonomisk lønnsame lufthamnene prioriterer Avinor investeringar som sikrar nok kapasitet på fly- og landside, og tiltak som aukar dei kommersielle inntektene.

  • For lokale og regionale lufthamner prioriterer selskapet investeringar for å halde lufthamnnettet på eit tilfredsstillande og differensiert tenestenivå (kostnadseffektiv drift).

  • For Flysikringsdivisjonen prioriterer Avinor investeringar for å tilpasse verksemda til eit felles europeisk luftrom, medrekna harmoniserte tekniske og operative krav. Vidare prioriterer Avinor på dette området ny teknologi og tiltak for å oppnå resultatforbetring.

Etter omfattande flytryggleikstiltak på heile lufthamnnettet dei seinare åra er Avinor no inne i ein periode der kapasitetsutvidingar ved dei største lufthamnene må prioriterast. I perioden 2013–2017 utgjer det samla investeringsbehovet 20,6 milliardar kroner. Avinor har planlagt å gjennomføre fleire store tiltak tidleg i perioden.

Figur 5.1 Årlege investeringar i 2007 – 2012 og prognose 2013–2023 (millionar kroner)

Figur 5.1 Årlege investeringar i 2007 – 2012 og prognose 2013–2023 (millionar kroner)

Dei største kapasitetsrelaterte investeringane i perioden er planlagde ved Oslo lufthamn, Gardermoen; Bergen lufthamn, Flesland; Trondheim lufthamn, Værnes, og Stavanger lufthamn, Sola. Investeringane er i hovudsak knytte til utbygging av auka terminalkapasitet for å møte den venta trafikkveksten. Det er ei utfordring for selskapet at behovet for auka kapasitet ved dei to største og mest lønnsame lufthamnene i landet (Gardermoen og Flesland) fell saman i tid.

På Oslo lufthamn, Gardermoen, er arbeidet med ny terminal 2 sett i gang, og første fase av arbeidet skal vere ferdigstilt i 2017. Ny terminal 3 ved Bergen lufthamn, Flesland, skal òg etter planen stå klar i 2017.

Avinor har vidare planlagt større investeringar ved Kristiansund lufthamn, Kvernberget; Kristiansand lufthamn, Kjevik, og Ålesund lufthamn, Vigra. Avinor har lagt opp til å forlengje rullebanane ved Sandnessjøen lufthamn, Stokka, og Stokmarknes lufthamn, Skagen, i 2014. Utvidinga av terminalen ved Tromsø lufthamn, Langnes, er planlagd i 2019–2021. Det ligg også føre planar om ei forlenging av rullebanen ved Kirkenes lufthamn, Høybuktmoen, jf. omtale i NTP. Ved dei andre lufthamnene skal det gjennomførast tiltak som er nødvendige for å vareta den eksisterande infrastrukturen.

På flysikringsområdet er det planlagt investeringar for 900 millionar kroner i perioden 2014–2017. Flysikringstenesta står overfor utfordringar som følgje av at EU etablerer eit felles europeisk luftrom. For å medverke til ei meir effektiv avvikling av flytrafikken over Europa gjennom det felles europeiske luftrommet må Avinor å investere i ny teknologi for lufttrafikktenesta fram mot 2017. I perioden etter 2017 føreset investeringsplanen ytterlegare investeringar i kjernesystema for lufttrafikktenesta i tillegg til fornying av teknologi innanfor kommunikasjon, navigasjon og overvaking.

Avinor har varsla at selskapet ikkje vil vere i stand til å finansiere alle dei planlagde investeringane innanfor gjeldande rammevilkår. Sjå kap. 7.4 om finansiering av Avinor.

Lufthamnstruktur og nye flyplassprosjekt

I tilknyting til forarbeida til Nasjonal transportplan 2014–2023 gjennomførte Avinor ei kartlegging og utgreiing av ei rekkje lokale initiativ til å endre lufthamnstrukturen. Tilrådingane frå Avinor er behandla i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023.

På Helgeland er det foreslått å byggje ei ny og større lufthamn ved Mo i Rana for å erstatte lufthamnene Mo i Rana lufthamn, Røssvoll, og Mosjøen lufthamn, Kjærstad. Regjeringa er positiv til initiativet til å byggje ei ny lufthamn på Helgeland og vil arbeide vidare med regionalpolitiske avklaringar og ei breiare vurdering av dei regionale konsekvensane ved ei eventuell endring av lufthamnstrukturen.

I Lofoten er det òg foreslått å byggje ei ny større lufthamn, samstundes som Leknes lufthamn og Svolvær lufthamn, Helle, blir lagde ned. Samferdselsdepartementet har i Nasjonal transportplan 2014-2023 lagt opp til å vente på nødvendig utgreiing, avklaring og dialog med lokale styresmakter før departementet eventuelt går vidare med prosjektet.

Avinor vil vidareføre arbeidet med å greie ut to moglege lokalitetar for ei ny lufthamn ved Hammerfest. I tillegg skal Avinor vurdere arealreservar ved dagens lufthamn i Hammerfest. Regjeringa vil kome attende til spørsmålet om framtidig lufthamnløysing for Hammerfest når det ligg føre tilstrekkeleg grunnlag for avgjerd.

Trafikkprognosar viser at det vil bli behov for ein tredje rullebane ved Oslo lufthamn, Gardermoen, innan 2030. Ved behandlinga av Nasjonal transportplan 2010-2019, jf. St.meld. nr. 16 (2008-2009) og Innst. S. nr. 300 (2008-2009), er det bestemt at det skal bandleggjast eit areal til ein eventuell tredje rullebane. Samferdselsdepartementet arbeider med den vidare bandleggingsprosessen. Ved Stavanger lufthamn, Sola, vil Avinor vurdere kapasiteten i banesystemet. Det kan bli nødvendig å byggje ein ny parallell rullebane for å gi plass til ei terminalutviding, og for å sikre auka kapasitet i takt med trafikkutviklinga. Det kan òg bli behov for ein rullebane nummer to ved Bergen lufthamn, Flesland, omkring år 2025. Det er ikkje vedteke om det skal byggjast nye rullebanar. Om Regjeringa seinare kjem til at det blir nødvendig å byggje nye rullebanar, vil det bli ei grundig konsesjonsbehandling som mellom anna vil omfatte høyring av kommunane som blir påverka.

Omstrukturering av Luftforsvaret og konsekvensar for sivil luftfart

Avinor og Forsvaret har eit strategisk og operativt samarbeid som omfattar både lufthamndrift og bruk av luftrommet.

Kampflybasen vil bli flytta frå Bodø til Ørland, og den militære lufthamndrifta ved Bodø vil bli lagd ned. Forsvaret skal i denne samanhengen etablere ein framskoten base på Harstad/Narvik lufthamn, Evenes. Forsvaret ser òg på alternative løysingar for lufthamnene på Bardufoss og Andøya.

Omstruktureringa av Forsvaret og lokalisering av ny kampflybase vil få økonomiske konsekvensar for Avinor. Det ligg ikkje føre noka totalvurdering av kostnadene, og dei økonomiske konsekvensane er ikkje inkluderte i dei finansielle planane til Avinor. I Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt opp til å starte ein prosess for å få på plass ei langsiktig løysing for sivil luftfart i Bodø.

5.3 Kundane til Avinor

Flyselskapa er dei største direktekundane til Avinor og bidreg med meir enn 50 prosent av inntektene til selskapet. Andre sentrale kundar er Forsvaret og flyplassane utanfor Avinor, som Avinor mellom anna leverer flysikringstenester til. Avinor har som strategiske mål å utvikle ein konkurransedyktig prisstruktur og vere den føretrekte leverandøren av tenester til Forsvaret og eksterne lufthamner.

Forventa passasjervekst dei neste åra vil føre til utfordringar knytte til kapasitet og service, men gir òg grunnlag for økonomisk vekst. Det er eit mål for Avinor at passasjerane skal oppleve reisa som smidig og god, og Avinor har som strategi å ta initiativ til nye tiltak på dette området. Avinor ser behov for å ta større ansvar for passasjerane i samarbeid med flyselskapa.

Punktlegheit, effektivitet og service

Avinor har eit internt mål om å vere blant den beste tredjedelen i Europa når det gjeld punktlegheit, effektivitet og service. Målet er å halde oppe den høge punktlegheita og forbetre områda der resultata ikkje er tilfredsstillande. Avinor har etablert faste konsultasjonsordningar med kundar og samarbeidspartnarar. Selskapet vil mellom anna halde fram samarbeidet med flyselskapa for å betre punktlegheita, gjennomføre eit meir effektivt driftskonsept ved dei lokale lufthamnene og initiere nye tiltak for at passasjerane skal oppleve reisa som smidig og god. Avinors interne målsettingar for punktlegheit (88 prosent) og regularitet (98 prosent) ved lufthamnene skal framleis gjelde.

Samarbeidsavtalar

Avinor har inngått ein samarbeidsavtale med dei tre største flyselskapa om kvalitet på lufthamntenester. Målet med avtalen er å fastleggje krav til kvalitet på fem nærmare definerte lufthamntenester, og dessutan å regulere konsekvensar ved avvik i tenestetilbodet. Avtalen skal styrkje samarbeidet mellom lufthamnene og flyselskapa for å oppnå betre kvalitet for passasjerane. Avtalen er i ein prøveperiode fram til og med april 2013. Det er ingen økonomiske insentiv i prøveperioden. Avinor og flyselskapa vurderer å inngå ein ny avtale med økonomiske insentiv når prøveperioden går ut.

Flyselskapa og Avinor forhandlar vidare om ein samarbeidsavtale med økonomiske insentiv for flysikringstenesta, som skal vere klar i juni 2013.

Det er elles inngått ein samarbeidsavtale mellom Avinor og Forsvaret, jf. omtale i kapittel 2.

Passasjerundersøkingar

Avinor gjennomfører undersøkingar av kvaliteten på tilbodet av tenester til passasjerane ved lufthamnene. Desse undersøkingane blir gjennomførte kvartalsvis for Oslo lufthamn, Gardermoen, to gonger årleg for ni av Avinor-lufthamnene og ein gong årleg for ytterlegare seks lufthamner.

Tilkomst

Avinor legg vekt på at lufthamnane skal planleggjast og byggjast med universell utforming, slik at forholda blir lagde til rette for personar med redusert mobilitet. Utforminga blir vurdert i nært samarbeid med organisasjonane på området.

Det vil vere ulik standard ved lufthamnene. Ved dei aller fleste Avinor-lufthamnene vil det framleis ikkje vere aktuelt med passasjerbruer mellom terminalen og flyet. Avinor testar for tida ut nye løfte- og heiseinnretningar mellom fly og bakkeplan.

Regional eigedomsutvikling

Avinor har sidan tidleg på 2000-talet gjennomført fleire kommersielle eigedomsprosjekt knytte til kjerneverksemda og i geografisk nærleik til lufthamnene. Avinor har på denne måten lagt til rette for servicetilbod som lufthamnkundane etterspør, til dømes parkering, hotell og konferansefasilitetar. Strategien for desse initiativa har vore å behalde eigarskapen til sentrale eigedommar tett opp til luftfartsverksemda, mens drifta har vore konkurranseutsett til profesjonelle aktørar. Utover finansielle overskot, som fortløpande blir førte over til den operative lufthamndrifta, har dette òg medverka til å auke den finansielle verdien i konsernet.

Avinor har høve til bedriftsøkonomisk lønnsam utvikling innanfor den eksisterande eigedomsportefølja og i nye prosjekt. Dagens flyplasshotell på Gardermoen, Flesland og Sola blir drivne nær kapasitetsgrensa, og utvidingar av hotella er etterspurte. Det er vidare behov for å utvide parkeringskapasiteten ved fleire lufthamner. Utover utviding av eksisterande bygningsmasse har Avinor grunnareal nær lufthamnene som kan leggjast til rette for kontor for internasjonalt orienterte verksemder og verksemder med utstrekt bruk av flyfrakt. Slik Avinor vurderer det, vil denne typen verksemd falle inn under § 3 i vedtektene om at selskapet i størst mogleg grad skal vere sjølvfinansiert gjennom inntekter frå hovudverksemda og anna forretningsverksemd i tilknyting til lufthamnene.

Avinor er merksam på at eigedomsverksemda i prinsippet kan kome i konkurranse med lokale eller nasjonale eigedomsutviklarar. Avinor vurderer likevel at eigedomsutviklinga medverkar til å gjere lufthamna meir attraktiv som kollektivknutepunkt og i staden styrkjer det regionale næringslivet. Avinor meiner at ein slik aktivitet òg er ein del av samfunnsoppdraget til selskapet. Avinor legg til grunn at den gjennomsnittlege totalkapitalavkastninga på denne typen utviklingsportefølje bør vere på 10–15 prosent. Hotellengasjementet har til no gitt totalkapitalavkastning på dette nivået.

5.4 Internasjonalisering av flyplassar

Avinor viser til at det internasjonalt har blitt vanlegare at lufthamner heilt eller delvis blir privatiserte. Dette gjer det mogleg å kjøpe lufthamner (heilt eller delvis) som ei finansiell investering og å inngå ulike former for samarbeidsavtalar om drift og utvikling av lufthamner.

Avinor ønskjer å vurdere om det kan vere strategisk viktig å delta i denne marknaden, og om dette forretningsområdet kan styrkje konsernet si evne til å løyse samfunnsoppdraget. Selskapet peiker på at ei sterkare internasjonalisering vil kunne gi auka kompetanse og større konkurransekraft gjennom deltaking i fleire marknadssegment. Samstundes er Avinor merksam på at det vil vere krevjande å byggje opp ein internasjonal organisasjon.

Avinor viser til at dersom Samferdselsdepartementet opnar for dette, vil konkrete initiativ i første omgang vere knytte til konsulenttenester og eventuelt konkurranse om driftsoppdrag eller kommersielle avtalar. Selskapet vil òg vurdere om det er mogleg å kombinere forretningsutvikling med internasjonalt bistandsarbeid.

5.5 Samfunn og miljø

Plansamarbeid

Avinor deltek i arbeidet med Nasjonal transportplan saman med dei statlege transportetatane og arbeider for tverrsektorielle løysingar på transport- og infrastrukturutfordringane.

Lokalt samarbeider Avinor med kommunale og regionale styresmakter i arbeidet med masterplanar ved lufthamnene og konkrete utbyggingstiltak. Avinor ser eit aukande behov for å samordne den kommunale og regionale planlegginga, mellom anna i samband med kapasitetsutvidingar og varetaking av miljøomsyn i tilbringartransporten til lufthamnene. Avinor ønskjer ut frå dette å utvikle eit meir strukturert samarbeid med regionale styresmakter og vil derfor ta initiativ til å etablere eit samarbeidsforum på nasjonalt nivå.

Miljø

Avinor har som mål å vere ein pådrivar i å forbetre miljøprestasjonane til luftfarten. Selskapet har i 2011 leidd eit samarbeidsprosjekt med den samla luftfartsnæringa i Noreg for å utvikle tiltak som reduserer klimapåverknaden frå luftfarten.

Klima

Ein rapport om berekraftig og samfunnsnyttig luftfart frå 2011 viser at dei totale klimautsleppa frå norsk luftfart vil kunne stabiliserast fram mot 2025. Utsleppa frå innanriks sivil luftfart vil gå ned, mens utsleppa frå utanrikstrafikken vil auke noko på grunn av meir trafikk.

Avinor vil arbeide for å redusere innverknaden klimaendringar kan få på luftfartsinfrastrukturen. Vidare vil selskapet kartleggje kor sårbare tilbringarsystema til lufthamnene er.

Luftfartsnæringa i Noreg har teke initiativ til ei omfattande utgreiing om berekraftig biodrivstoff til luftfartsformål i Noreg. Arbeidet blir leidd av Avinor.

Forureining

Avinor har kartlagt miljøstatus og risiko for forureining ved alle lufthamnene i selskapet, jf. kapittel 4. Avinor vil følgje opp risikoanalysane med utgreiingar og tiltak for å sikre både at drifta oppfyller forureiningslova med tilhøyrande forskrifter, og utsleppsløyva som er gitt. Oppfølginga av risikoanalysene skal vere avslutta innan 2015. Avinor vil utarbeide eigne tiltaksplanar for å handtere forureining ved kvar einskilt lufthamn. Her blir òg forureiningar frå fluorstoff som var tilsett i brannskum, handterte.

Flystøy

Avinor-lufthamnene oppfyller i dag alle krav i gjeldande regelverk om flystøy. Blant viktige tiltak i tida framover nemner Avinor innføring av eit system for å registrere kva for traséar flya faktisk følgjer ved dei største lufthamnene, støykartleggingar med tilhøyrande tiltaksplanar ved Værnes, Flesland og Sola (ferdigstilt i 2012), utprøving av kurvande innflyging på Oslo lufthamn, Gardermoen, og dessutan støyisolering.

Kollektivdel

Det er eit politisk mål å auke kollektivdelen i tilbringartransporten til lufthamnene. Avinor har fastsett nye, høgare interne mål for kollektivdelen i tilbringartransporten til dei store lufthamnene i selskapet fram mot 2020. Tabell 5.1 viser transportmiddelfordelinga i prosent ved dei største lufthamnene i 2007 og 2009 og Avinors mål for 2020. Saman med Transportøkonomisk institutt har Avinor i 2011 og 2012 gjennomført eit utgreiingsprosjekt, der formålet har vore å auke kollektivdelen i reisene til Avinors lufthamner, både for passasjerar og tilsette. Sentrale verkemiddel for å oppnå høgare kollektivdel ligg utanfor verksemda til Avinor. Fleire lufthamner har derfor etablert samarbeidsgrupper med representantar frå kommunen, Statens vegvesen, fylkeskommunen og bussoperatørar for å samordne tiltaka.

Tabell 5.1 Kollektivdel (buss og tog) i tilbringartransporten (2007 og 2009) og mål for kollektivdelen (2020) (prosent)

Kollektivdel

Mål

2007

2009

2020

Oslo

61

65

70

Stavanger

10

14

30

Bergen

22

26

32

Trondheim

43

42

60

Kjelde: Transportøkonomisk institutt

Globalisering og utvikling av reiselivet i Noreg

I 2011 blei det gjennomført eit utgreiingsprosjekt ved Transportøkonomisk institutt, på oppdrag for Avinor, om kva luftfarten har hatt å seie for globaliseringa. Godstransport med fly har blitt stadig viktigare dei siste åra, spesielt frakt av fersk laks til marknader i Asia og USA. Fleire nye interkontinentale ruter frå Noreg vil kunne gi fordelar for norsk næringsliv i form av meir direkte ruteføring, og Avinor arbeider for å realisere fleire interkontinentale direktesamband frå Noreg gjennom marknadsundersøkingar, insentivordningar og marknadsføring overfor flyselskapa.

Vidare arbeider Avinor langsiktig saman med mellom anna Innovasjon Noreg og ulike reiselivsaktørar og destinasjonar for å sette Noreg tydelegare på kartet som reisemål og for å auke trafikken og etablere nye ruter ved norske lufthamner.

I Nord-Noreg har elles Avinor etablert «Northern Lights Airports» som varemerke for dei største lufthamnene. Avinor støttar òg arbeidet med charterfond for Nord-Noreg under leiing av NHO Reiseliv Nord-Norge.

Nordområda

Ein særskild gjennomgang av transportinfrastrukturen i nordområda har inngått i Avinors arbeid med NTP for 2014–2023. Avinor viser til at det er viktig å utvikle Tromsø lufthamn, Langnes, som knutepunkt for reiselivet i tillegg til å avklare moglegheitene for større lufthamner i vekstregionane Helgeland, Lofoten og Hammerfest.

Avinor er i ferd med å utarbeide ein eigen strategi for nordområda. Sluttrapport frå arbeidet skal leggjast fram ved utgangen av 2013.

5.6 Vurderingane til Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet meiner at Avinor har sett gode strategiske hovudmål for verksemda. Departementet føreset at dei tiltaka selskapet sett i verk, er i tråd med selskapets formål.

Tryggleik

Regjeringa har som visjon at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller alvorleg skadde i transportsektoren. Samferdselsdepartementet understrekar at arbeidet med å forbetre flytryggleiken må prioriterast kontinuerleg for at ein heile tida skal kome nærmare nullvisjonen på luftfartsområdet.

Det er viktig at tryggleikskontrollane ved lufthamnene blir gjennomførte mest mogleg kostnadseffektivt og til minst mogleg ulempe for passasjerane og dei tilsette i luftfarten.

Samferdselsdepartementet understrekar at Avinor må prioritere arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og sjå dette arbeidet i samanheng med føringar i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 og departementets Strategi for samfunnssikkerhet og beredskap i samferdselssektoren. Gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar, arbeid med kriseplanverk og øvingar er viktige føresetnader for Avinors arbeid med samfunnstryggleik og beredskap ved lufthamnene og på flysikringsområdet.

Departementet legg vidare til grunn at Avinor skal halde fram med deltakinga i fora knytte til samfunnstryggleik og beredskap, så som Sikkerhetsrådet for luftfarten, Etatsgruppe vulkansk aske (EVA) og departementets halvårlege kontaktmøte om samferdselsberedskap. Avinor skal halde fram med aktiv deltaking i prosjekt og analysar initiert av Samferdselsdepartementet. Avinor skal mellom anna følgje opp resultata frå prosjektet Analyse av sårbarhet og risiko innen samferdsel – kartlegging av kritiske objekter (SAMROS II, 2013). Prosjektet har som overordna mål å gjere dei mest kritiske objekta i samferdselssektoren meir robuste.

Økonomi

Avinor har lagt til grunn ein periode med vekst i flytrafikken og driftsresultatet. Men selskapet har òg lagt opp til eit høgt investeringsnivå. Styret er ansvarleg for vurdering og prioritering av selskapets investeringer innanfor gjeldande finansielle rammevilkår. Regjeringa har ikkje vurdert eller teke stilling til dei einskilde konkrete investeringsprosjekta og/eller tidspunkt for gjennomføring av desse. Eventuell regulering frå styresmaktene av utbyggingsprosjekta vil bli behandla i samband med kvart einskilt prosjekt. Sjå nærmare vurderingar av økonomien til Avinor og finansielle spørsmål i kapittel 7.

Regjeringa er positiv til at Avinor planlegg vidare med sikte på ei investering i ei ny lufthamn på Helgeland i Mo i Rana. Regjeringa legg til grunn at selskapet vil bli tilført midlar for å kunne gjennomføre investeringa.

Regjeringa er òg positiv til at Avinor planlegg vidare med sikte på etablering av ei ny lufthamn i Hammerfest. Det er behov for ytterlegare utgreiingar for å klargjere lokaliseringsspørsmålet. Regjeringa legg til grunn at selskapet vil bli tilført midlar for å kunne gjennomføre investeringa.

Når det gjeld planar for ei framtidig lufthamnløysing i Lofoten, er det behov for ytterlegare utgreiingar.

For Bodø lufthamn skal det startast opp ein prosess for å få på plass ei langsiktig løysing for sivil luftfart i Bodø.

Kundar og passasjerar

Det er viktig at Avinor følgjer opp passasjerundersøkingane og arbeider for å forbetre reiseopplevinga til passasjerane ved alle lufthamnene.

Departementet ser det som positivt at Avinor er oppteke av å forbetre punktlegheit, effektivitet og service. Avinor bør nå dei interne punktlegheits- og regularitetsmåla kvart år. Ei eventuell utviding av samarbeidsavtalane mellom Avinor og flyselskapa, der det blir lagt inn økonomiske insentiv, kan medverke til auka tenestekvalitet og vil vere positivt.

Regjeringa er oppteken av at alle skal ha lik rett til å delta i samfunnet. Samferdselsdepartementet arbeider med eit nytt regelverk som skal avklare kva for krav som skal gjelde for universell utforming på norske flyplassar. Det er viktig at organisasjonar som representerer passasjerar med redusert mobilitet, blir trekte inn i planprosessane på eit tidleg tidspunkt ved nybygg og ombyggingar, slik at løysingane som blir valde, i størst mogleg grad kan ta omsyn til flest mogleg av dei reisande.

Regional eigedomsutvikling

Den kommersielle verksemda i tilknyting til lufthamnene, medrekna eigedomsutvikling, er ei viktig kjelde til finansieringa av Avinor og dermed til å halde oppe eit landsomfattande lufthamnnett innanfor ramma av Avinor. Samferdselsdepartementet vil likevel påpeike at den kommersielle verksemda ikkje i vesentleg grad må kome i konkurranse med eller fortrengje lokalt næringsliv. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn at Avinor i den vidare utviklinga av den kommersielle verksemda, medrekna regional eigedomsutvikling, legg vekt på prosjekt som bidreg til å fremje den regionale utviklinga rundt lufthamnene og ikkje svekkjer det lokale næringslivet. Dette må skje i dialog med regionale og lokale styresmakter og gjennomførast i tråd med vedtekne planar for regional utvikling, slik at aktiviteten ikkje kjem i konflikt med vedtekne strategiar for mellom anna arealutvikling og transport.

Dersom Avinor ønskjer å utvide verksemda ut over den typen som selskapet driv i dag, må dette leggjast fram for Samferdselsdepartementet. Departementet har ei restriktiv haldning til utviding av Avinor sin kommersielle verksemd som ikkje støtter opp under kjerneverksemda.

Internasjonalisering av flyplassar

Samferdselsdepartementet si prinsipielle vurdering er at det ikkje er aktuelt for Avinor med utanlandsengasjement på lufthamnsida, og at Avinor bør bruke ressursane sine på å løyse utfordringane i Noreg.

Samfunn og miljø

Samferdselsdepartementet er positivt til at Avinor ønsker å medverke til betre plansamarbeid, særleg med fylkeskommunane.

Departementet vil elles vise til at det er viktig at Avinor vidarefører miljøengasjementet, og at selskapet held fram med å ha ei aktiv rolle i klimapolitikken.

Det er positivt at Avinor har teke initiativ til å kartleggje miljøstatus og risiko for forureining ved lufthamnene. Samferdselsdepartementet legg til grunn at Avinor set i verk nødvendig opprydding av forureining som er avdekt etter miljøkartlegginga.

Dei nye måla Avinor har sett for kollektivdelen ved dei store lufthamnene, vil vere viktige for å oppnå overføring av passasjerar frå bil til kollektivtransport. Måla er såleis i tråd med dei overordna transportpolitiske måla Regjeringa har sett i Nasjonal transportplan 2014–2023. Dette vil vere eit viktig bidrag til å oppnå berekraftig vekst ved desse lufthamnene.

Samferdselsdepartementet vil be Avinor vurdere å leggje særskilt til rette på lufthamnene for passasjerar som har nytta kollektive reisemiddel.

Samferdselsdepartementet er elles opptatt av at Avinor held fram arbeidet for å leggje til rette for fleire nye direkte ruter mellom utlandet og Noreg. Det bør òg leggjast vekt på å utvikle nye interkontinentale direkteruter ved Oslo lufthamn, Gardermoen. Etablering av nye ruter er viktig for næringslivet i ein open, eksportretta økonomi som den norske, og det har også mykje å seie for reiselivet som er ei viktig næring i Distrikts-Noreg.

Til forsida