Meld. St. 38 (2012-2013)

Verksemda til Avinor AS

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Samferdselsdepartementet opnar for at Avinor kan skilje ut flysikringsdivisjonen som eit eige dotterselskap innanfor Avinor AS. Omorganiseringa vil bli omfatta av reglane for verksemdsoverdraging og vil ikkje få konsekvensar for hovudavtalen eller gjeldande tariffavtalar.

Det blir ikkje opna opp for konkurranse om drift av tårn eller innflygingstenester ved lufthamnene til Avinor. Det blir heller ikkje opna for at Avinor engasjerer seg i konkurranse om å levere flysikringstenester i utlandet utover det som følgjer av Noreg si deltaking i den nordeuropeiske luftromsblokka, NEFAB.

Avinor vil medverke til aktivitet i samfunnet gjennom selskapets investeringar som er omtalte i § 10-planen.

Det er ikkje lagt opp til løyvingar over statsbudsjettet til Avinor i denne meldinga, verken i form av tilskot eller eigenkapitaltilførsel.

Samferdselsdepartementet vil greie ut og vurdere dei økonomiske rammevilkåra til Avinor med utgangspunkt i denne meldinga. Mindre utgifter i samband med dette vil bli handterte innanfor budsjettramma til departementet.

Elles ligg det ikkje andre framlegg i meldinga som er venta å få økonomiske eller administrative konsekvensar

Til forsida