Ot.prp. nr. 13 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffeprosessloven mv. (tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg mv.)

Til innhaldsliste

3 Pådømming av føreleggssaker i tingretten utan meddommarar

3.1 Gjeldande rett og tidlegare vurderingar

I straffesaker skal tingretten under hovudførehavinga vere sett med ein fagdommar og to meddommarar, jf. straffeprosessloven § 276. Hovudregelen er at meddommarane blir trekte frå dei alminnelege meddommarutvala, jf. domstolloven kapittel 5, og meddommarane er difor jamt over lekfolk. Dei tek del på lik line med fagdommaren når retten skal ta avgjerd om spørsmåla i saka. Denne handsamingsmåten avvik frå det som gjeld for tilståingssaker, der ein fagdommar etter § 248 på visse vilkår kan pådømme saka åleine, utan hovudførehaving. Den skuldgjevne har normalt ikkje krav på forsvarar under tingretten sin handsaming av føreleggssaker, jf. straffeprosessloven § 96 andre ledd. Når særlege grunnar taler for det, kan likevel retten nemne opp forsvarar, jf. § 100 andre ledd.

Etter det som går fram av Domstoladministrasjonens årsstatistikk for domstolane for 2007, kom det i 2007 inn til tingrettane i alt 16 864 straffesaker til pådømming i meddomsrett. For dei fire føregåande åra var tala 16 959 (2006), 17 651 (2005), 16 896 (2004) og 16 499 (2003). Det finst ikkje offisiell statistikk som viser kor mange av dei innkomne sakene som hadde grunnlag i eit førelegg som ikkje var vedteke. Domstoladministrasjonen har opplyst at det for alle tingrettane samla i 2007 kom inn noko under 3 200 saker som er registrerte med «ikkje vedteke forelegg». Oslo tingrett har opplyst at av ca. 3 500 meddomsrettssaker som kom inn til denne domstolen i ein tidbolk som svarar nokolunde til 2006, var ca. 1 200 føreleggssaker. Ingen av desse opplysningane gir grunnlag for å gje eit noggrant tal på føreleggssaker. Samla ligg det nær å tru at ca. 30 % av dei meddomsrettssakene som kjem inn til tingrettane, er saker om ikkje vedtekne førelegg.

Tingrettane skal trekkje og kalle inn to meddommarar til kvar sak, jf. domstolloven § 88 første og andre stykket. I utgangspunktet skal dei etter føresegna jamvel trekkje og innkalle to varamedlemmar for meddommarane. Mellom anna for å lette domstolane sitt arbeid gjer lova praktisk viktige unntak frå dette. Domstolloven § 89 gir domstolane høve til å fastsetje at dei same meddommarane skal gjere teneste i fleire saker som vert handsama rett etter kvarandre. Dinest har lova praktisk viktige unntak frå regelen om at retten skal trekkje og innkalle to varamedlemmar. Etter domstolloven § 88 andre stykket kan ein dommar avgjere å trekkje berre eit varamedlem til ei sak, og heilt late vere å trekkje varamedlemmar til ei sak der hovudførehavinga venteleg kan bli avvikla på ein dag, slik det ofte vil vere i føreleggssaker. Domstolane kan dessutan velje fritt mellom å innkalle varamedlemmane til hovudførehavinga, eller gje dei bod om å halde seg klare til å møte om det trengst. Jamvel med desse unntaka krev likevel handsaminga av ei sak med meddommarar monaleg meir ressursar enn om saka vert handsama av ein fagdommar åleine.

Straffeprosessloven av 1981 har alltid hatt den regelen at tingretten skal vere sett med meddommarar når han handsamar føreleggssaker. Det var annleis under den førre straffeprosesslova av 1887. Også denne lova fastsette opphavleg at retten skulle setjast med meddommarar (domsmenn), men i 1927 fekk § 377 fjerde stykket følgjande særregel:

«Saker hvor forelegg er utferdiget kan fremmes efter begjæring av påtalemyndigheten uten at tiltalebeslutning utferdiges, idet domsmenn i disse saker bare tilkalles hvis retten finner det påkrevet.»

Denne føresegna vart vedteken saman med fleire andre reglar om forenkling av handsamingsmåten, og var grunngjeven med spareomsyn. Men etter vedtakinga vart det usemje om det var ønskjeleg med eit slikt unntak frå prinsippet om lekfolksdeltaking i straffeprosessen, og det vart peika på dårlege røynsler med pådømming utan domsmenn. På denne bakgrunnen vart regelen endra på ny i 1935, og § 377 fjerde stykket fikk denne ordlyden:

«Saker, hvor forelegg er utferdiget, kan fremmes efter begjæring av påtalemyndigheten uten at tiltalebeslutning utferdiges. Når det i disse saker vilde være forbundet med uforholdsmessig ulempe eller utgift å tilkalle domsmenn, kan dette undlates. Beslutning herom kan ikke angripes ved kjæremål eller anke.»

Av Straffeprosesslovkomiteen si innstilling (1969) side 130 går det fram at fridommen til å pådømme føreleggssaker utan meddommarar etter kvart vart lite brukt og fekk lite å seie økonomisk. Årsaka var mellom anna at lova hadde til vilkår at bruk av meddommarar måtte innebere ei «uforholdsmessig ulempe eller utgift», og at det i praksis var naudsynt med ei konkret og uttrykkeleg grunngjeving for kvifor det var slik i den aktuelle saka. Straffeprosesslovkomiteen meinte at meddommarar var med i mange saker der rettstryggleiken ville vere god nok med ein røynd embetsdommar, men fann det vanskeleg å utforme ei rasjonell avgrensing av saker der det ikkje skulle vere behov for meddommarar. Alt i alt fann ikkje komiteen at føremonene ved å sløyfe meddommarar var større enn ulempene «så lenge antallet av forseelsessaker som behandles ved domstolene ikke er større enn det er hos oss» (innstillinga side 130). Departementet slutta seg til Straffeprosesslovkomiteens vurdering, og føyde til at ein laut jamvel leggje vekt på det meddommarar kan ha å seie som eit korrektiv som styrkjer rettstryggleiken (Ot.prp. nr. 35 (1978-79) side 89). Justiskomiteen vurderte framlegget om at retten alltid skal innkalle meddommarar i foreleggssaker «som ein nytteleg endring som vil vere med på å sikre rettstryggleiken» (Innst. O. nr. 37 (1980-81) side 12).

Som ein lekk i «Prosjekt hurtigere straffesaksbehandling» oppnemnde departementet i juni 1999 to arbeidsgrupper til å greie ut tiltak for å få ned sakshandsamingstida i straffesaker. Etter forslag frå ein dommar i Oslo byrett vurderte den eine arbeidsgruppa (Arbeidsgruppe II) om det bør vere høve til å pådømme føreleggssaker utan at meddommarar tek del. Arbeidsgruppa kom til at den ikkje ville gjere framlegg om det, og grunngav det mellom anna slik (sluttrapport «Prosjekt hurtigere straffesaksbehandling - Arbeidsgruppe II» side 81-82):

«Etter arbeidsgruppens oppfatning er det neppe tvilsomt at det er tid å spare på at legdommere ikke deltar i foreleggsaker. Arbeidsgruppen finner imidlertid at forslaget bryter for sterkt med det grunnleggende prinsippet i norsk straffeprosess om legmannsdeltagelse, og finner ikke å kunne gi sin tilslutning til forslaget. Heller ikke i avgrenset utstrekning slik som byrettsdommeren har antydet. Det er naturligvis realitetsforskjell på et trivielt trafikkforelegg og et forelegg som for eksempel kan ha betydning for siktedes arbeidsforhold, eksempelvis et forelegg mot en polititjenestemann, men arbeidsgruppen finner de prinsipielle motforestillinger avgjørende. Legmannsprinsippet i norsk straffeprosess bygger opp under den alminnelige tilliten til rettsvesenet, og legdommere kan ofte bidra til fornuftige rettsavgjørelser. Ikke minst i mange foreleggsaker kan legdommere gi nyttige innspill og slik supplere fagdommerens vurdering.

Arbeidsgruppen har vurdert om det kan være grunn til å åpne for en adgang til at siktede selv gis anledning til å gi avkall på at legdommere skal delta i foreleggsaker. Det kan enten skje ved at siktede må melde fra til retten om at han ønsker legdommere eller at han selv uttrykkelig må si fra om han godtar at saken avgjøres av en fagdommer alene. En forespørsel til siktede om dette kan inntas i stevningen. - Arbeidsgruppen finner imidlertid heller ikke å ville foreslå dette. De beste grunner taler for å opprettholde prinsippet om legdommerdeltagelse fullt ut i enhver straffesak der skyldspørsmålet avgjøres.»

3.2 Rettsstoda i andre nordiske land

I svensk straffeprosess skal tingsrätten som hovudregel bli sett med «en lagfaren domare och tre nämndemän», jf. rättegångsbalken 1 kapittel 3b §. I saker der strafferamma ikkje går over bøter eller fengsel inntil 6 månader, og saka heller ikkje gjeld føretaksstraff, kan retten setjast utan meddommarar. Men då kan ikkje straffa verte strengare enn ei bot.

Også i Finland er utgangspunktet at tingsrätten i straffesaker vert sett med «ordförande och tre nämndemän» (rättegångsbalken 2 kapittel 1 §). I straffesaker der tiltalen etter lova ikkje kan føre til anna eller strengare straff enn bøter eller fengsel i eitt år og seks månader, kan tingsrätten likevel setjast med bare «ordförande», jf. rättegångsbalken 2 kapittel 6 §. I slike høve kan ikkje retten idømme strengare straff enn ei bot. Ved proposisjon 12. juni 2008 (RP nr. 85/2008) har den finske regjeringa gjort framlegg om å endre denne føresegna, slik at tingsrätten sett med einedommar skal kunne handsame straffesaker som kan føre til fengsel i høgst to år, og dessutan nokre særskilt nemnde straffbare handlingar. Etter framlegget vil tingsrätten med berre ein dommar kunne seie dom i saker om mellom anna grovt tjuveri, grovt brukstjuveri av motorkøyrety, grovt heleri, grovt skadeverk og grovt bedrageri.

Etter den danske retsplejelov § 686 stk. 2 skal førsteinstansdomstolen setjast med meddommarar (»domsmænd») i straffesaker «hvor der bliver spørgsmål om højere straf end bøde, eller som i øvrigt skønnes at være af særlig indgribende betydning for tiltalte eller af særlig offentlig interesse», eller det følgjer av ei anna lovføresegn at det skal vere med meddommarar.

3.3 Forslaga i høyringsnotatet og bakgrunn for dei

I brev 2. mai 2002 bad dåverande sorenskrivar i Oslo tingrett departementet vurdere ei lovendring som ville gje tingretten høve til å handsame føreleggssaker utan meddommarar. Forslaget tok sikte på føreleggssaker av alle slag, men sorenskrivaren peika også på at det ville vere mogeleg å gje endringa stuttare rekkjevidd, til dømes slik at ho berre fekk femne om misferdsaker (forseelser) eller saker der bota i førelegget ikkje går over ein viss sum. Som bakgrunn for forslaget viste han til ein sterk auke i tale på straffesaker. Sorenskrivaren nemnde at Arbeidsgruppe II i Prosjekt hurtigere straffesaksbehandling hadde drøfta og forkasta eit tilsvarande forslag, og uttalte om det mellom anna:

«Etter min oppfatning tok ikke arbeidsgruppen i sin vurdering tilstrekkelig hensyn til at det bør være et fornuftlig forhold mellom sakenes alvor, omfang og kompleksitet på den ene side og ressursbruken på den annen. Det forhold at lekmannselementet er et bærende prinsipp i strafferettspleien og skal være det også i fremtiden, er ikke ensbetydende med at det ikke kan gjøres unntak på begrensede områder, hvor reaksjonen er forholdsvis lite inngripende, og en dom normalt og ut fra en alminnelig samfunnsmessig betraktning ikke er sterkt infamerende.»

Elles viste sorenskrivaren i brevet til at både Sverige og Danmark har særreglar av dette slaget. Han opplyste at Oslo tingrett fekk inn 1191 føreleggssaker i 2001, og sa dom i 333 av dei. Domstolen sitt inntrykk var at dei aller fleste sakene galdt misferd, og at idømte bøter til vanleg låg mellom 2 000 og 10 000 kroner. Sorenskrivaren meinte at tidsbruken for handsaming av føreleggssaker kunne gå ned til det halve utan bruk av meddommarar, og at ein dommar då ville kunne ta 3-4 føreleggssaker per dag. Differansen vart rekna å svare til om lag to dommarårsverk.

Rapporten «God ressursutnytting i domstolene», som ei arbeidsgruppe nedsett av Domstoladministrasjonen kom med i oktober 2003, tilrår å greie ut om både føreleggssaker og andre straffesaker der påstanden berre er bøtestraff, bør kunne bli handsama som einedommarsaker (rapporten punkt 3.9.3). Arbeidsgruppa, som hadde sorenskrivaren i Oslo tingrett til leiar, viser til at lekdommarar har ein sentral plass i rettargangen, og at det er eit vanleg syn at bruken av lekdommarar inneber ein rettstryggleiksgaranti. Vidare heiter det:

«Det er likevel et spørsmål om det er nødvendig med meddommere i foreleggssaker, ut fra en avveining av ressursbruken i forhold til sakens betydning. Ettersom straffereaksjonen her «bare» er bot, med en subsidiær fengselsstraff om boten ikke betales, har disse sakene en mindre alvorlig karakter enn de øvrige straffesakene. Det vises også til at tingrettsdommerne behandler de fleste sivile saker som enedommere, og at mange av disse er langt mer krevende og av større betydning for partene enn foreleggssakene. Både Sverige og Danmark har regler som gjør at alle bøtesaker, med visse unntak, behandles av en fagdommer alene, jf. rättergångsbalken 1. kap § 3b og retsplejeloven § 686, st 2.»

Arbeidsgruppa viser elles til Oslo tingretts overslag om at retten kan spare om lag to dommarårsverk dersom føreleggssaker vert handsama utan meddommarar. Gruppa peika på at ei slik regelendring kan ha ulik rekkjevidd ved å femne om til dømes alle straffesaker der påstanden går ut på bøtestraff, alle føreleggssaker, eller berre førelegg i misferdsaker.

Høsten 2003 oppnemnde Justisdepartementet ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe til å vurdere tiltak som kan gje ei meir effektiv straffesakshandsaming i Oslo (og - om råd - i landet elles). Arbeidsgruppa hadde dåverande administrasjonssjef i Oslo tingrett til leiar. I sluttrapporten «Hurtigere straffesaksavvikling» (desember 2003) gjer gruppa framlegg om eit tillegg til straffeprosessloven § 276, slik at føreleggssaker som hovudregel skal bli handsama utan meddommarar, men at saksførebuande dommar etter krav frå den skuldgjevne eller når særlege grunner ligg føre, skal kunne avgjere at retten skal ha meddommarar (tiltak nr. 17). Arbeidsgruppa uttaler mellom anna:

«Arbeidsgruppen vil be Justisdepartementet igjen å se på muligheten for å avholde hovedforhandlinger i foreleggssaker uten legdommere. Det er enighet om at legdommerprinsippet bør stå sterkt i den norske strafferettspleien. Etter arbeidsgruppens syn, vil de fleste foreleggssaker kunne undergis en betryggende behandling uten legdommerdeltagelse. Til sammenligning behandles i dag gebyr (parkeringsgebyr m.v.) av en fagdommer alene og alvorlige straffesaker kan avgjøres etter forenklet rettergang av en fagdommer alene etter reglene i straffeprosessloven § 248. Det er da vanskelig å begrunne at et forelegg for enkle trafikkforseelser, tollovertredelser m.v. skal behandles med legdommere. På samme måte som for sivile saker, bør siktede kunne kreve retten satt med legdommere. Forberedende dommer bør også kunne bestemme dette når særlige grunner gjør det ønskelig - eksempelvis der dommeren vurderer en annen reaksjon enn bot. Noen avgjørende grunn mot at disse sakene som hovedregel avgjøres uten legdommere kan det da ikke være.

Legdommerprinsippet står for øvrig sterkt også i Sverige og Danmark, uten at det der er ansett nødvendig med legdommer i (alle) foreleggssaker.»

Også denne arbeidsgruppa viser til innsparingsoverslaget for Oslo tingrett, og til at ein kan avgrense ei endring til å gjelde berre for misferdsaker. Arbeidsgruppa meiner dessutan at førelegg ilagt føretak etter straffeloven kapittel 3 a (føretaksstraff) bør bli handsama med lekdommarar.

I det høyringsnotatet september 2006 om hurtigare handsaming av straffesaker, som er nemnt før i proposisjonen, tok departementet opp om tingretten bør kunne pådømme føreleggssaker utan meddommarar (punkt 14.2 i høyringsnotatet). Departementet rekna med at ei slik endring kan forenkle sakshandsaminga monaleg, og viste til at Sverige og Danmark har ei slik ordning, jamvel om ein også der legg stor vekt på prinsippet om lekfolksdeltaking i rettargangen i straffesaker. Samstundes peika departementet på at lekfolksdeltaking i rettargangen står sterkt i norsk rettstradisjon, og at det ligg nær å rekne med at ho styrkjer tilliten til rettsstellet. Som mange andre straffesaker reiser føreleggssakene jamleg spørsmål om å vurdere bevis, som er den delen av domsoppgåva som er ein hovudgrunn for lekfolksdeltaking.

I høyringsnotatet slo departementet frampå at skal tingretten få pådømme føreleggssaker utan meddommarar, bør det berre gjelde saker som er lite inngripande for den skuldgjevne. Straffeloven 2005 vidarefører ikkje skiljet mellom brotsverk og misferd (forbrytelse og forseelse), så det vil ikkje vere tenleg å knyte ein slik regel til om saka gjeld brotsverk eller misferd. Som ei anna løysing nemnde departementet at lova kan knyte høvet til å pådømme utan meddommarar til strafferamma i det straffebodet som førelegget gjeld, og slik at grensa bør gå mellom straffebod som heimlar bøter og/eller fengsel i inntil eitt år på den eine sida, og strengare straffebod på den andre. Brot på vegtrafikkloven vil då gå inn under det som tingretten kan handsame utan meddommarar, jf. vegtrafikkloven § 31 første ledd. Ei innvending mot å late strafferamma vere avgjerande, er at ho ikkje treng seie så mykje om kor inngripande saka er for den skuldgjevne i det einskilde høvet.

Ei tredje løysing som vart nemnd i høyringsnotatet, er å knyte spørsmålet om å bruke meddommarar til storleiken på den bota som førelegget fastset. Denne storleiken vil ofte seie noko om kor grovt lovbrotet er, og regelen vil vere enkel å praktisere. Men når ei bot blir ilagd, skal ein ta omsyn til både den strafflagde handlinga og til overtredaren sine inntekts- og formueshøve. Storleiken på bota i førelegget kan difor etter omstenda seie meir om den skuldgjevne sin økonomi enn om kor grovt lovbrotet er. Difor treng heller ikkje storleiken på bota i førelegget vere eit veleigna kriterium. Departementet nemnde òg den løysinga at det kan vere opp til den skuldgjevne sjølv om retten skal setjast med meddommarar, men heldt samstundes fram ymse motlegg mot dette - at få skuldgjevne vil ha gode føresetnader for å vurdere spørsmålet om rettens samansetjing, at ordninga ville gjere prosessen meir uoversiktleg, og at det er uvisst om det ville gje noka prosessøkonomisk vinning.

Departementet sende på høyring desse alternative utkasta til nye andre og tredje punktum i straffeprosessloven § 276 første ledd:

Alternativ 1:

«Ved hovedforhandling settes retten med en fagdommer og to meddommere. I saker etter § 268 kan retten settes uten meddommere dersom saken ikke er særlig inngripende eller av særskilt offentlig interesse. Rettens avgjørelse av om den skal settes med meddommere, kan ikke påkjæres eller brukes som ankegrunn.»

Alternativ 2:

«Ved hovedforhandling settes retten med en fagdommer og to meddommere. I saker etter § 268 om forhold som kan straffes med bot eller fengsel inntil ett år, kan retten settes uten meddommere. Dette gjelder ikke hvor retten finner behandlingsmåten betenkelig. Rettens avgjørelse av om behandlingsmåten er betenkelig kan ikke påkjæres eller brukes som ankegrunn.»

Departementet såg ikkje nokon avgjerande grunn til å ha særskilte reglar for saker om føretaksstraff.

3.4 Høyringsfråsegnene

Fleirtalet av høyringsinstansane har ei positiv haldning til å minske bruken av meddommarar i føreleggssaker, og dei fleste av dei stør opp om alternativ 2.

Domstoladministrasjonen (DA) meiner at det er heilt naudsynt med ei forenkling i handsaminga av føreleggssaker der den skuldgjevne nektar straffeskuld, og seier at mange meddommarar opplever slike saker som misbruk av tida deira. DA er i denne samanhengen ikkje samd i at ilegging av straff etter sin art er meir alvorleg enn å dømme i ein tvist mellom sivile partar. DA sluttar seg til departementets forslag alternativ 1, og meiner at alternativ 2 skaper fare for å gripe feil. Domstoladministrasjonen er samd i at det ikkje bør vere høve til å anke over retten si avgjerd om samansetjinga eller bruke avgjerda som ankegrunn.

Riksadvokaten peikar på at somme føreleggssaker ikkje vil vere utgreidde i fullt omfang, og at det såleis kan vere vitne eller andre prov som den skuldgjevne ønskjer å få avhøyrde eller førte, men som politiet ikke kjende til då førelegget vart utferda. Riksadvokaten ser ikkje bort frå at politiet sender føreleggssaker til domstolane utan å etterkome slike ønske, og at den skuldgjevne såleis kan ha gode grunnar for å halde fast ved å nekte å vedta. Han meiner likevel at retten må kunne handsame føreleggssaker utan meddommarar, og går inn for å utforme regelen om dette i tråd med høyringsnotatet alternativ 2.

Politidirektoratet (POD) stør tanken om å redusere bruken av meddommarar i føreleggssaker, og ser på anten høyringsnotatet alternativ 2 eller storleiken på den konkrete bota som dei mest tenlege alternativa for avgrensinga. POD meiner at med departementet sitt forslag til utforming av alternativ 2 vil retten måtte setjast med meddommarar i saker der strafferamma er ein kombinasjon av bot og fengsel, og ser for sin del ikkje nokon god grunn til at det skal vere meddommarar med ved handsaminga av eit lovbrot med strafferamme seks månaders fengsel og bot, dersom dette ikkje skal gjelde lovbrot med ei strafferamme på inntil eitt års fengsel.

Oslo tingrett opplyser at domstolen i løpet av det siste året (dvs. i 2006) fekk inn om lag 3 500 meddomsrettssaker, av dei om lag 1 200 føreleggssaker. Videre opplyser tingretten at det vert sagt dom i om lag 50 % av føreleggssakene, dvs. i om lag 600 saker. Oslo tingrett konstaterer at utgangspunktet etter forslaga i høyringsnotatet er at føreleggssaker skal bli handsama som meddomsrettssaker, og den er samd i dette utgangspunktet. Samtidig viser Oslo tingrett til at tingrettsdommarar handsamar saker av andre slag, både sivile saker og enkeltståande rettergangsskritt i straffesaker, som kan vere mykje meir inngripande enn dei fleste føreleggssaker er, og opplyser at meddommarar i mange føreleggssaker gir uttrykk for undring over at dei er innkalte til å dømme i slike saker der provsvurderinga ofte er enkel og meddommarane ikkje har mykje å kome med når det gjeld straffutmålinga. Oslo tingrett stør forslaget om å kunne pådømme føreleggssaker utan meddommarar, og meiner at alternativ 2 er det beste.

Oslo statsadvokatembete stør forslaget om at retten i ein viss mon skal kunne pådømme føreleggssaker utan bruk av meddommarar, og meiner at alternativ 2 er best.

Trøndelag statsadvokatembete tykkjer at handsaming av føreleggssaker utan meddommarar i tingretten kan gje ei monaleg forenkling og innsparing, og går inn for ei slik ordning i samsvar med departementets alternativ 1.

Den Norske Advokatforening er samd i at ei viss innskrenking i bruken av meddommarar i føreleggssaker er forsvarleg, men peikar på at domstolshandsaming utan meddommarar berre må gjelde for dei minst inngripande sakene og saker der provsvurderinga er enkel. Etter Advokatforeningen sitt syn treffer ikkje departementets forslag godt nok. Advokatforeningen har vist til formuleringa i tvistemålsloven § 323 om at retten som hovudregel skal setjast utan meddommarar, men at partane kan krevje meddommarar.

Forsvarergruppen av 1977 ser ikkje avgjerende innvendingar mot å handsame ordinære føreleggssaker utan meddommarar. Men føreleggssakene er inga homogen gruppe, av di dei også femner om foretaksbøter i mangemillionerklassa og saker som kan reise viktige og prinsipielle spørsmål som har mykje å seie for dei involverte. Forsvarergruppen meiner at alle saker om føretaksstraff bør ha meddommarar. I andre føreleggssaker kan ein late vere å setje retten med meddommarar i samsvar med dei kriteria som er skisserte i høyringsnotatet, likevel slik at retten også lyt ta omsyn til om den skuldgjevne krev at retten blir sett med meddommarar.

Somme høyringsinstansar går imot forslaget om å opne for at tingretten kan handsame føreleggssaker utan meddommarar.

Den norske Dommerforening meiner at det er uheldig om tingretten skal pådømme føreleggssaker utan meddommarar, og viser til at det er provsvurderinga ved skuldspørsmålet som framom alt danner bakgrunnen for lekfolksdeltakinga i pådømming av straffesaker. Jamvel om føreleggssakene til vanleg vil vere blant dei mindre alvorlege straffesakene, finn ikkje høyringsinstansen grunn til å bryte med prinsippet om lekfolksdeltaking i saker der retten må vurdere prova under skuldspørsmålet.

Agder lagmannsrett sluttar seg til synspunkta frå Den norske Dommerforening, og meiner også at om handsaminga i tingretten blir svekka, vil det truleg gjere at fleire ankesaker må slippe fram til handsaming utan avsiling etter straffeprosessloven § 321 første ledd.

Nordland statsadvokatembete går imot forslaget om pådømming av føreleggssaker utan meddommarar, og peiker på at desse sakene i praksis kan vere vanskelege, inngripande eller summarisk etterforska. Av de framsette alternativa til endring av § 276 er alternativ 2 det beste.

Også Hordaland statsadvokatembete meiner at ein bør halde fast ved ordninga med meddommarar i føreleggssaker. Prosessordninga bør vere så einskapleg som råd, og den skuldgjevne - som ofte møter utan forsvarer i føreleggssakene - vil lettare kunne kjenne seg «overkøyrd» som ein fagdommar skal pådømme saka åleine. Den skuldgjevne bør ikkje bli sett overfor eit val med omsyn til samansetjinga av retten. Men domstolloven bør bli endra slik at dei same meddommarane kan gjere tjeneste i flere saker. Ein bør jamvel vurdere ein regel om at den skuldgjevne skal bli pålagt å betale sakskostnader dersom førelegget blir vedteke seinare enn ei veke før hovudførehavinga.

Norsk forening for kriminalreform (KROM) er heilt usamd i at tingretten skal kunne avgjere og handsame føreleggssaker utan meddommarar. Forslaga om dette i høyringsnotatet manglar alle dei kontrollmekanismar som sikrar ei korrekt avgjerd. Det er viktig med meddommarar jamvel i føreleggssaker, ettersom sakene er viktige for dei som dei gjeld. For den som blir berørt, kan ei bot vere like stigmatiserande og inngripande som ei kortare fengselsstraff.

Likestillings- og diskrimineringsombodet peikar på at personar med minoritetsbakgrunn ofte kjenner lite til det norske rettssystemet og ikkje er gode nok i norsk til å ivareta interessene sine i ein domstolsprosess. Røynsler som Senter mot etnisk diskriminering har gjort, syner at personar med minoritetsbakgrunn har vanskeleg for å skjøne innhaldet i, og omfanget av, ei føreleggssak. Det er naudsynt at ei effektivisering av saksgangen i ei straffesak varetar det behovet som denne gruppa har for særskilt tilretteleggjing, medrekna at ein sikrar at den skuldgjevne forstår prosessen, kva for tiltak som blir iverksette, og kva for rettar vedkommande har.

3.5 Departementets vurdering

Departementet meiner det er grunn til å opne for at tingretten i visse høve kan handsame føreleggssaker utan meddommarar.

Departementet ser rett nok framleis dei innvendingane mot å handsame saker om straffeskuld utan meddommarar som høyringsnotatet gjer greie for. Jamvel om saker av andre slag i røynda kan ha mykje meir å seie for dei som saka gjeld, held departementet fast ved at det å idømme straffskuld prinsipielt er noko av det mest alvorlege som domstolane tek avgjerd om. Departementet ser det heller ikkje som avgjerande at saker der den skuldgjevne har tilstått, ofte kan verte pådømde av ein embetsdommar åleine, jamvel der det er tale om å dømme til ei lang fengselsstraff (straffeprosessloven § 248). Den som møter for retten for å få ein tilståingsdom, vil gjerne ha forsona seg med saka mykje meir enn den som møter for å forsvare seg mot ein påstand om straffskuld. Samstundes må det jamvel i straffeprosessen vere ein viss proporsjonalitet mellom det saka gjeld, og dei ressursane som vert nytta i sakshandsaminga. Etter departementets syn er det uråd å sjå heilt bort frå dei opplysningane som er komne fram under høyringa, om at meddommarar i føreleggssaker i nokon mon er undrande til den tenesta som dei er innkalla til. Departementet legg til grunn at lekfolksdeltakinga i rettargangen er med på å auke tilliten til rettsstellet. Men tillitsomsynet har òg ei anna side, ved at i alle høve meddommarane sin tillit til domstolane truleg føreset at dei oppfattar det slik at dei reelt sett trengst. Også frå ein samla synsstad er det vel slik at tillitsomsynet tilseier at retten har ein bemanning som er solid, men ikkje overdimensjonert for oppgåva.

Høyringsinstansene er delte i synet på om det bør vere høve til å pådømme visse føreleggssaker utan meddommarar. Høyringa syner likevel ein viss tilslutnad til ei slik endring, både frå domstolshald og frå påtalemakta og forsvararane. Av di endringa også vil gje ei reell administrativ forenkling for tingrettane, er departementet vorte ståande ved å fremje eit forslag som med nokre justeringar svarer til alternativ 2 i høyringsnotatet. Departementet strekar under at forenklinga er avgrensa til å gjelde samansetjinga av retten i desse sakene. Påtalemakta sitt ansvar for å vurdere sakene omhyggjeleg før oversending til retten vert ikkje mindre, og pådømminga skal vere fullverdig og samvitsfull. Endringa gir heller ikkje grunnlag for å gje mindre informasjon til den skuldgjevne, og dette gjeld enn meir om den skuldgjevne på grunn av minoritetsbakgrunn eller av andre årsaker har større behov for informasjon enn vanleg.

Framlegget gjer ikkje noka endring i straffeprosessloven § 321. For å få fremja ein anke til lagmannsretten i saker der det ikkje er idømt nokon annan reaksjon enn bot, inndraging eller tap av retten til å føre motorvogn, slik tilfellet vil vere i føreleggssaker, vil det framleis vere krav om særskilt samtykke frå lagmannsretten. Retten skal berre gje slikt samtykke når særlege grunnar taler for det, jf. straffeprosessloven § 321 første stykket andre punktum. Når lagmannsretten vurderer samtykke, kan den ta omsyn til at saka er pådømd av ein fagdommar åleine. Departementet er difor samd med Agder lagmannsrett i at den føreslegne endringa, kan gjere at det blir naudsynt å gje samtykke til fleire ankesaker. Men at saka er pådømd av ein fagdommar åleine, vil ikkje i seg sjølv vere nok til at det ligg føre «særlige grunner» i lova si meining. I utgangspunktet reknar ikkje departementet at endringsforslaget vil gje nokon stor auke i talet på saker som må fremjast til ankehandsaming etter § 321 første ledd.

Slik dei to alternativa til endring av straffeprosessloven § 276 vart formulerte i høyringsnotatet, vil det vere opp til retten å avgjere om ei sak skal bli pådømd utan meddommarar (så sant saka høyrer med blant dei som retten etter lova kan handsame slik). Korkje påtalemakta eller den skuldgjevne sitt syn på spørsmålet vil med andre ord vere avgjerande for kva avgjerd retten skal ta om samansetjinga.

Den norske Advokatforening har i høringsfråsegna si vist til tvistemålsloven § 323, og gått inn for ein hovudregel om at saker om ikkje vedtekne førelegg blir pådømde utan meddommarar, men at partane kan krevje at retten blir sett med meddommarar.

Departementet ser det framleis slik at det ikkje er tenleg å late det vere opp til den skuldgjevne å krevje at det skal vere meddommarar med ved pådømminga i tingretten. Den skuldgjevne vil sjeldan ha eit godt grunnlag for å vurdere spørsmålet, og det er uvisst om endringa i så fall samla sett vil gje noka forenkling. Skal ein samanlikna med rettargangen i sivile saker (no tvisteloven § 9-12 første ledd), lyt ein ta omsyn til at partane der svarer for utgiftene i større mon enn i straffesaker, sjå mellom anna rettsgebyrlova § 2. Slik departementet ser det, har det ikkje kome fram under høyringa noko som skiplar det som departementet her gir uttrykk for i samsvar med høyringsnotatet på dette punktet. Men som nemnt kan både påtalemakta og den skuldgjevne sitt syn på spørsmålet inngå i den vurderinga som retten skal gjere.

Politidirektoratet har peika på at med ein regel som svarar til alternativ 2 i høringsnotatet, lyt ein setje retten med meddommarar i saker der strafferamma er ein kombinasjon av bot og fengsel. Departementet føreslår at det skal vere lovbrot der den lengste fengselsstraffa etter lova er fengsel i eitt år, som det skal vere høve til å pådømme utan meddommarar. Departementet er samd med Politidirektoratet at det ikkje bør gjere nokon skilnad at ei bøtestraff kan bli idømt saman med fengsel, og har endra lovforslaget samanlikna med høyringsforslaget for å få dette betre fram.

Departementet tar ikkje opp forslag om at saker med føretaksstraff alltid skal bil pådømde med meddommarar. Men slike saker kan etter omstenda vere vanskelege eller gjelde store summar, og det kan tale for at pådømming utan meddommarar må seiast å vere utilrådeleg eller at retten i alle høve bør setjast med meddommarar. Det kastar eit visst lys over dette spørsmålet at det ikkje trengst særskilt samtykke frå lagmannsretten etter straffeprosessloven § 321 første stykket til å fremje ein anke over bot som er idømt eit føretak.

Departementet føreslår at det ikkje skal vere høve til å anke over retten si avgjerd om samansetjinga, og at det heller ikkje bør vere fritt fram for å nytte avgjerda som ankegrunn. Tingretten si vurdering av om det er utilrådeleg å pådømme saka utan meddommarar, bør såleis vere endeleg. Ein annan regel ville lett kome til å hemme saksframdrifta. Men ein part som meiner saka fell utanom den kategori saker som tingretten kan handsame utan meddommarar, bør ha høve til å nytte dette som grunnlag for anke over sakshandsaminga mot dommen.

I saker som blir pådømde utan meddommarar, bør det gå fram av rettsboka at retten har vurdert spørsmålet om sammensetjinga. Men departementet ser det ikkje som naudsynt at retten gir noka særskilt grunngjeving for standpunktet sitt.

Til forsida