Ot.prp. nr. 13 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffeprosessloven mv. (tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg mv.)

Til innhaldsliste

4 Endring i krava til provføring og domsgrunnar i føreleggssaker der den skuldgjevne er fråverande

4.1 Gjeldande rett

For føreleggssaker gjeld dei same reglane om gangen i hovedførehaving, provføring og utforming av dommen som for andre straffesaker. I det ligg mellom anna at retten som hovudregel skal avhøyre vitna munnlig under hovudførehavinga, og at retten med visse unntak må høyre dei prova som partane ønskjer å føre, jf. straffeprosessloven §§ 296 og 292 andre stykket. Blir den skuldgjevne domfelt, skal retten «bestemt og uttømmende» i dommen gjere greie for det sakstilhøvet som er prova og som tener som grunnlag for straffskuld, og dommen skal opplyse om det retten har lagt vekt på ved fastsetjinga av straffa og andre rettsfølgjer, jf. straffeprosessloven § 40 andre stykket. Med eitt unntak etter § 297 gjeld krava utan omsyn til om den skuldgjevne har møtt til hovudførehavinga, eller om retten har fremja saka etter reglane i straffeprosessloven § 281 utan at den skuldgjevne var til stades. Når eit vitne ikkje er til stades under hovudførehavinga i ei føreleggssak, og den skuldgjevne har uteblitt utan gyldig fråvere, er det etter § 297 første stykket andre punktum alltid høve til å lese opp frå ein politirapport eller rettboka den forklaringa som vitnet har gitt tidlegare.

4.2 Forslaga i høyringsnotatet

I sluttrapporten «Hurtigere straffesaksavvikling» (desember 2003) slo arbeidsgruppa som Justisdepartementet hadde oppnemnd, mellom anna frampå at «Justisdepartementet vurderer å forenkle kravene til bevisførsel og domsgrunner i foreleggssaker hvor den siktede uteblir uten gyldig forfall» (side 23, forslag nr. 18). Arbeidsgruppa viste til at føreleggssaker ofte blir pådømde etter straffeprosessloven § 281, og grunngav forslaget slik:

«Etter arbeidsgruppens syn taler gode grunner for å forenkle domstolsbehandlingen i foreleggssaker hvor siktede uteblir uten gyldig forfall. Forelegget er et tilbud fra påtalemyndigheten om å få saken avgjort utenrettslig og skal kun utferdiges der alternativet vil være å reise tiltale. Vedtagelse av forelegg har dels karakter av avtale om straff og dels av en oppgivelse av retten til domstolsbehandling. Der siktede lar vær å møte for retten, er det naturlig at domstolbehandlingen kan skje mer summarisk. Dette er ordningen etter den danske retsplejelovs § 934 første ledd som lyder: «Udebliver tiltalte uden oplyst lovlig forfald, eller nægter han at afgive forklaring, kan retten, når der ikke under sagen er spørgsmål om højere straf end bøder, og omstændighederne ikke findes at tale herimod, anse ham som den, der vedgår det ham påsigtede forhold, og påkjende sagen uden videre bevisførsle. Dommen kan udfærdiges ved en påtagning på anklageskriftet.»

En løsning etter modell fra den danske retsplejelov vil etter arbeidsgruppens syn være å gå noe for langt. Rettens ansvar for sakens opplysning er grunnleggende og ingen bør dømmes til straff uten at retten har vurdert bevisene for straffeskyld. Omfanget av bevisførselen og hvordan bevisene skal føres bør likevel overlates til rettens skjønn. Det bør i slike saker åpnes for at retten får straffesaksdokumentene til gjennomsyn, og at dom kan avsies på grunnlag av disse uten ytterligere forhandlinger. Kravene til domsgrunner kan også reduseres, slik at det ved domfellelse kun kreves en beskrivelse av det saksforhold som anses bevist, og at det ikke kreves begrunnelse for reaksjonsfastsettelsen, forutsatt at det ikke reageres med annet enn bot.

Forslaget kan gjennomføres ved endringer i straffeprosessloven § 292 og § 40.»

Departementet tok opp arbeidsgruppa sine forslag til lovendringar i høyringsnotatet september 2006 om hurtigare handsaming av straffesaker. Departementet peika for det første på at forslaga gjeld der den skuldgjevne ikkje møter til hovudførehavinga i ei føreleggssak, utan å ha gyldig grunn, slik at vilkåra for å fremje saka etter straffeprosessloven § 281 er oppfylte. Om det er slik, vil ofte ikkje vere på det reine før hovudførehavinga tar til. Spørsmålet om retten skal ha høve til å bestemme omfanget av provføringa dreier seg i røynda om når retten skal kunne avskjere visse prov. Høyringsnotatet inneheldt ikkje forslag til særskilde reglar om provavskjering i føreleggssaker der den skuldgjevne er fråverande. I staden bad departementet høringsinstansane om deira syn på framlegg til eit nytt stykke i straffeprosessloven § 296 om å gje høve til å lese opp forklaringar i føreleggssaker som retten har fremja i den skuldgjevne sitt fråvere (forslaget er av eit mistak ikkje tatt med i oversynet over mogelege lovendringar til slutt i høyringsnotatet):

«I saker etter § 268 som er fremmet etter § 281, kan opplesning av gjengivelse av forklaring i rettsbok eller politirapport av forklaring tre i stedet for en muntlig forklaring når det ikke er fremsatt innsigelser mot dette, og retten ikke finner det betenkelig.»

Med ein slik regel ville departementet rå til at gjeldande § 297 første stykke andre punktum vart oppheva som overflødig.

I høyringsnotatet sa departementet seg skeptisk til ein regel som ville la retten seie dom på grunnlag av saksdokumenta. Det viste mellom anna til at å handsame saka berre på grunnlag av saksdokumenta (og utan meddommara) ikkje gir så god tryggleik for at retten fangar opp det som kan vere av ufullstendig saksopplysing, og at ålmenta får dårlegare innsyn i saka om dommen vert sagt berre på grunnlag av saksdokumenta. Men departementet meinte at det kunne vere grunn til å lempe noko på krava til kva ein fellande dom skal innehalde i føreleggssaker der den skuldgjevne ikkje har møtt, og foreslo eit nytt andre punktum i straffeprosessloven § 40 femte stykket, slik:

«Domsgrunnene skal i alle saker som har vært behandlet med meddomsrett, angi hovedpunktene i rettens bevisvurdering. Dette gjelder ikke for saker etter § 268 som er fremmet etter § 281.»

4.3 Høyringsfråsegnene

Dei fleste høyringsinstansane som har gjeve fråsegner til forslaga om å forenkle provføringa og domsgrunnane i føreleggssaker, går imot forslaga.

Riksadvokaten ser ikkje at den foreslegne ordninga sikrar ei forsvarleg handsaming av skuldspørsmålet, og meiner at det ikkje ligg føre grunnar som veg tungt nok til å innføre særlege reglar for føreleggssaker som vert fremja etter straffeprosessloven § 281. Han tvilar på om det er grunn til å avskaffe kravet til domsgrunnar, og peikar på at den føreslegne endringa vil gjere det vanskeleg for den domfelte å angripe dommen. Av di lova berre krev at retten skal ta inn i dommen hovedpunkta i provsvurderinga, kan endringsframlegget etter riksadvokatens syn truleg ikkje gje noka monaleg innsparing i tidsbruken.

Oslo tingrett går ikkje inn for at retten skal kunne pådømme føreleggssaker på grunnlag av saksdokumenta og meiner at framlegget bryt for mykje med prinsippet om munnleg sakshandsaming. Men tingretten ser det som ein klår føremon om straffeprosessloven får ei føresegn om at forklaringar som er leste opp i desse sakene, kan leggjast fram for retten, slik at dommaren ikkje treng notere det som blir lest opp. Oslo tingrett sluttar seg ikkje til forslaget om å endre krava til domsgrunnar. Retten viser til at det når domfelte skal vurdere å krevje ny handsaming av saka etter straffeprosessloven § 282, kan vere viktig at hovudpunkta i både provsvurderinga og reaksjonsfastsetjinga går fram av dommen.

Den norske Dommerforening går imot at det vert høve til å pådømme føreleggssaker på grunnlag av saksdokumenta. Høyringsinstansen viser til prinsippa om direkte provføring og munnleg handsaming, og meiner at ei munnleg og beinveges provføring er best eigna til å bringe dei faktiske omstenda i saka på det reine. Dommerforeningen meiner dessutan at det ikkje ligg noka særskilt vinning i ein regel som gjer unntak frå rettens plikt til å ta inn i dommen hovedpunkta i provsvurderinga. Agder lagmannsrett sluttar seg til Dommerforeningens syn og viser til at dersom tingretten si handsaming av føreleggssaker blir svekka, vil det truleg gjere det naudsynt å fremje fleire ankesaker til handsamin g i lagmannsretten.

Nordland statsadvokatembete stør ikkje forslaga om å forenkle i provføringa eller domsgrunnane. Hordaland statsadvokatembete meiner at grunngjevingsplikten etter straffeprosessloven § 40 ikkje bør bli mindre i føreleggssaker, og reknar med at ei viss grunngjeving gir færre ankar. Trøndelag statsadvokatembete meiner at ein ikkje bør opne for å seie dom på grunnlag av saksdokumenta.

Politidirektoratet har ikkje nemnande motsegner mot forslaga til forenkla handsaming av føreleggssaker som blir fremja etter straffeprosessloven § 281.

Oslo statsadvokatembete har ikkje noko imot ein regel om at tingretten kan handsame saka på grunnlag av saksdokumenta, dersom retten er sett utan meddommarar og den skuldgjevne har vore avhøyrd.

Den norske Advokatforening har ikkje innvendingar mot forslaget om å utvide høvet til å lese opp forklaringar i føreleggssaker der saka er fremja utan at den skuldgjevne er til stades (straffeprosessloven § 296), men stør ikkje forslaget om å forenkle domsgrunnane i desse sakene (straffeprosessloven § 40 femte stykket).

4.4 Departementet si vurdering

I høyringsnotatet gav departementet uttrykk for skepsis mot å innføre ein regel som let tingretten seie dom på grunnlag av saksdokumenta i føreleggssaker der den skuldgjevne har late vere å møte til hovudførehavinga. Mange av høringsinstansane deler denne skepsisen. Slik departementet ser det, har ikkje høyringa brakt fram argument som svekkjer innvendingane, og departementet tar såleis ikkje opp noko framlegg til ein regel om pådømming på grunnlag av saksdokumenta.

Mange av høyringsinstansane er jamvel negative til forslaget om å endre krava til domsgrunnar etter straffeprosessloven § 40 femte stykket for desse føreleggssakene. Departementet er samd i at det truleg er radt lite å spare ved ei slik endring, og at ho kan svekkje grunnlaget som domfelte får til å vurdere om han eller ho skal krevje at tingretten handsamar saka på ny etter straffeprosessloven § 282. I den mon endringa ville føre til fleire kravsmål etter § 282 enn etter dagens regler, vil ho virke mot sitt føremål. Departementet gjer difor ikkje noko framlegg om å endre krava til domsgrunnar etter straffeprosessloven § 40.

Høyringsinstansane har sagt lite om forslaget til eit nytt tredje stykke i straffeprosessloven § 296 om utvida høve til å lese opp forklaringar i føreleggssaker fremja etter § 281. Slik forslaget var utforma, vart det truleg ikkje oppfatta som særskilt vidtfemnande eller prinsipielt. Det er framleis uvisst om forslaget kan gje ei merkande vinning, og verdien av ei lovendring på dette punktet, blir difor uviss. Attåt det kjem det at føresegnene i straffeprosessloven §§ 296 og 297 frå før er lite oversiktlege, og at ein lyt sjå dei saman med det ålmenne kravet til rettvis rettargang, jf. til dømes dom 9. november 2006 frå Den europeiske menneskerettsdomstolen i sak Kaste og Mathisen mot Noreg. Når departementet ser alt dette under eitt, er det kome til at det ikkje vil nytte dette høvet til å gjere framlegg om å endre straffeprosessloven §§ 296 og 297.

Til forsida