Ot.prp. nr. 13 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffeprosessloven mv. (tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg mv.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei einskilde førsegnene

Til endringa i forvaltningsloven § 19 fyrste ledd ny bokstav c:

Føresegna gjev eit tilsvarande unntak for forskingsopplysningar frå retten til partsinnsyn etter forvaltningslova som kva som følgjer av framlegget til offentleglova § 26 fjerde ledd om eit generelt unntak for forskingsopplysningar frå retten til innsyn etter offentleglova. Det blir difor vist til merknadene til denne føresegna.

Til endringa i straffeprosessloven § 276:

Første stykket i føresegna får nye andre til femte punktum. Andre punktum opnar for å gjere unntak frå hovudregelen i første punktum om at tingretten under hovudførehavinga i straffesaker skal ha to meddommarar. Om det nærmare innhaldet i regelen visar ein til punkt 3.5 ovanfor. Pådømming utan meddommarar føreset både at strafferamma for det eller dei tilhøve som førelegget gjeld, ligg innanfor det som andre punktum fastset, og at retten ikkje finn handsamingsmåten lite tilrådeleg, jf. tredje punktum. Lite tilrådeleg («betenkelig») vil handsamingsmåten kunne vere til dømes dersom saka har særskilt mykje å seie for den skuldgjevne, eller det er særskilte utfordringar knytta til å kommunisere med den skuldgjevne. Saker om føretaksstraff vil ofte gjelde store summar og kan jamvel reise kompliserte spørsmål, slik at dei ikkje er eigna for pådømming utan meddommarar.

Slik føresegna er utforma, vil pådømming utan meddommarar kunne kome på tale mellom anna i føreleggssaker om naskeri (straffeloven 1902 § 391 a), skadeverk (straffeloven1902 § 291), innehav og bruk av narkotika (legemiddelloven § 31 jf. § 24) og brot på vegtrafikkloven (vegtrafikkloven § 31 jf. t.d. § 6). Gjeld førelegget fleire strafflagde tilhøve, er det strammeramma etter lova for kvart av dei som avgjer om saka ligg innanfor regelen i første stykket andre punktum.

Det følgjer av fjerde punktum at partane ikkje kan anke tingretten si avgjerd om at det ikkje skal vere med meddommarar. Det same gjeld ei avgjerd om å setje retten med meddommarar. Med unntak av det som går fram av femte punktum, vil ein part likevel kunne nytte avgjerda som grunnlag for ei anke over dommen. I dette ligg at avgjerda kan tene som ankegrunn der den ankande parten hevdar at strafferamma overstig grensa etter § 276 første stykke andre punktum. Men om innvendinga gjeld vurderinga av om sakshandsamingsmåten var lite tilrådeleg, kan ikkje avgjerda bli nytta som ankegrunn, jf. første stykke femte punktum . I staden må anken då bli knytt til innhaldet i dommen.

Til endringa i straffeprosessloven § 355:

Orda «eller varamedlemmene» i tredje ledd fjernast for at fråsegna skal få det same innhaldet som blei vedteke ved lov 15. juni 2007 nr. 38. Dei aktuelle orda kom inn i fråsegna igjen ved ein feil da tvistelova blei sett i kraft 1. januar 2008.

Til offentleglova § 26 nytt fjerde ledd:

Føresegna gir høve til å gjere unntak frå innsyn for opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt i sak som gjeld økonomisk stønad eller rådgjeving frå det offentlege i samband med forskingsprosjekt. Føremålet med unntaket er å hindre at konkurrerande forskarar eller andre får tilgang til materialet og kan dra nytte av det på urettvis eller illojal måte.

Med forskingsidear er meint både presentasjon av aktuelle tema som blir presentert som aktuelle å forske på og dei meir konkrete planane der opplegg, kva ein eventuelt vonar å oppnå osv. kjem fram. Opplysningar som gjeld forskingsprosjekt kan mellom anna omfatte førebels forskingsmateriale og resultat, metodane som skal brukast, kva slags utstyr ein tenkar å nytte seg av, kva slags finansieringskjelder ein har og liknande. Opplysningar som i generelle vendingar fortel at eit forskingsprosjekt eksisterar, men ikkje seier noko meir konkret om prosjektet, er ikkje omfatta av unntaket.

Det er ikkje krav om at ein forskingsidé eller eit forskingsprosjekt skal representere nokon form for økonomisk verdi for at unntaket skal gjelde. Ofte vil resultata av forskinga ikkje ha nokon konkret verdi før etter lang tid, og dette kan ein ikkje sjå på førehand. På den andre sida vil sjølvsagt prosjekt som det alt er knytt økonomisk verdi til vere omfatta av unntaket.

Unntaket gjeld berre når opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt inngår i ei sak som gjeld økonomisk stønad eller rådgjeving frå det offentlege i samband med eit forskingsprosjekt. Dersom slike opplysningar går fram i saker som ikkje gjeld slik økonomisk stønad eller rådgjeving, vil ikkje unntaket gjelde. Derimot vil unntaket, dersom det fyrst ligg føre ei sak om økonomisk stønad eller rådgjeving frå det offentlege i samband med eit forskingsprosjekt, gjelde uavhengig av kva slags dokument opplysningane går fram av. Til dømes vil unntaket gjelde dersom slike opplysingar frå søknaden er gjevne att i eit anna dokument. Unntaket skal òg gjelde uavhengig av kva slags offentleg organ det blir søkt om stønad frå eller bede om rådgjeving frå. Dette kan til dømes vere dei statlege organa Noregs forskingsråd eller Innovasjon Noreg, eit universitet eller ein kommune.

Føresegna gjev berre høve til å gjere unntak for dei delane av eit dokument som inneheld opplysingar om forskingsidear og forskingsprosjekt, ikkje andre delar av dokumentet. Dersom eit dokument utelukkande inneheld slike opplysningar, vil det vere høve til å gjere unntak for heile dokumentet. Det same gjeld dersom eit av dei tre alternative vilkåra i offentleglova § 12 er oppfylte.

Plikta etter offentleglova § 11 til å vurdere meirinnsyn skal gjelde på vanleg måte for unntak for forskingsidear og forskingsprosjekt. Føremålet med unntaket tilseier likevel at meirinnsyn som oftast ikkje vil vere aktuelt med mindre den aktuelle forskaren sjølv erklærer at vedkommande ikkje har noko imot offentleggjering, eller andre særskilde omsyn tilseier innsyn. Det vil vere meir aktuelt å utøve meirinnsyn etter at dei aktuelle forskingsprosjekta er avslutta.

Til ikraftsetjings- og overgangsføresegna:

Føresegna seier at lova gjeld frå den tid Kongen fastset, og at Kongen kan sette i kraft dei ulike lovendringane til ulik tid. Det trengst ikkje nokre særskilde tiltak før ikraftsetjinga. Av St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Justisdepartementet går det fram at framlegget til endring av straffeprosessloven § 276 er tenkt å ha budsjettverknad frå 1. juli 2009. Dersom Stortinget sluttar seg til lovframlegget, vil departementet syte for ikraftsetjing i samsvar med dette.

Endringane i forvaltningsloven og offentleglova vil bli sette i kraft så snart dei er vedtekne.

Siste setning av føresegna regulerer kva for steg i straffesakshandsaminga ei sak må vere på for at den nye regelen skal gjelde om høve til å pådømme saka utan meddommarar. Etter framlegget er det saker som kommer inn til tingretten med krav om pådømming etter at endringslova har tredd i kraft, som den nye regelen gjeld for.

Til forsida