Ot.prp. nr. 13 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffeprosessloven mv. (tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg mv.)

Til innhaldsliste

5 Unntak frå innsyn for opplysningar om forskingsprosjekt mv. i offentleglova og forvaltningslova

5.1 Innleiing

Offentleglovutvalet, utvalet som fremja utgreiinga NOU 2003: 30 Ny offentlighetslov, vart i mandatet bede om å vurdere om det var grunn til å gjere modifikasjonar i offentlegprinsippet av omsyn til utvikling av forskingsidear, jf. NOU 2003: 30 s. 186-190. Dei forslaga som Offentleglovutvalet fremja i denne samanheng vart ikkje følgde opp i Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd. Departementet kjem no attende til saka.

5.2 Gjeldande rett

Det finst korkje i gjeldande offentlegheitslov eller i den nye offentleglova noko generelt unntak for forskingsidear og forskingsprosjekt. Forskrift 14. 1986 nr. 351 til offentlighetsloven punkt V nr. 1 gjev rett nok høve til å gjere unntak for dokument som gjeld det offentlege si forskingsverksemd. Dette unntaket omfattar likevel berre det offentlege si eiga forskingsverksemd og er dessutan ikkje vidareført i offentleglova eller i offentlegforskrifta.

I nokre høve vil opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt vere omfatta av teieplikta for forretningsløyndomar etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2, slik at dei skal haldast utanom innsyn etter offentlighetsloven § 5 a (og etter offentleglova § 13 når denne tek til å gjelde frå 1. januar 2009). Forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2 fastset likevel berre teieplikt for opplysningar der det kan vere fare for økonomisk tap ved offentleggjering. Føresegna vil ikkje gje unntaksheimel for opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt utanfor det kommersielle området eller der det ikkje er nærliggjande med nokon kommersiell verdi av forskinga på det aktuelle tidspunktet.

Etter forvaltningslova §§ 18 flg. har partane rett til innsyn i dokumenta i eiga sak. Dette vil og gjelde der det er fleire partar i ei sak, til dømes ei sak der fleire forskarar har søkt om stønad til forskjellige forskingsprosjekt. Teieplikta etter forvaltningslova § 13 gjeld ikkje overfor partane i ei sak, jf. forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 1. Etter forvaltningslova § 19 fyrste ledd bokstav b har partane likevel ikkje rett til innsyn i opplysingar som gjeld tekniske innretningar, produksjonsmetodar, forretningsanalysar og berekningar og forretningsløyndommar elles, når desse er av ein slik art at andre kan utnytte dei i si eiga næringsverksemd. På lik line med kva som gjeld for unntaket frå innsyn på grunn av teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2, vil dette unntaket frå partsinnsyn ikkje omfatte opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt utanfor det kommersielle området eller der det ikkje er nærliggjande med nokon kommersiell verdi av forskinga på det aktuelle tidspunktet.

5.3 Offentleglovutvalet sitt forslag

Eit samla offentleglovutval meinte det var behov for å innføre unntak både i høve til ålmenta si innsynsrett etter offentlighetsloven og frå retten til partsinnsyn for forskingsopplysingar utan direkte økonomisk verdi, jf. NOU 2003: 30 s. 188-190. Med omsyn til ålmenta si innsynsrett etter offentlighetsloven (frå 1. januar 2009 offentleglova) foreslo utvalet at dette skulle gjerast ved å utvide teieplikta etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2 slik at ho òg skulle omfatte forskingsprosjekt, utan omsyn til om prosjektet har økonomisk verdi, sjå NOU 2003: 30 s. 299 andre spalte. Det vart foreslått eit tilsvarande nytt unntak i forvaltningslova § 19 fyrste ledd for partsinnsynet etter forvaltningslova, sjå NOU 2003: 30 s. 99 andre spalte.

5.4 Høyringa

For generelle opplysningar om høyringa av NOU 2003:30 visar ein til Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) pkt. 2.4 (s. 16-18). I det følgjande blir det berre gjort greie for synspunkta til dei høyringsinstansane som uttala seg om forslaga frå utvalet om unntak for forskingsopplysningar utan direkte økonomisk verdi.

Noregs forskingsråd slo fast at framlegget frå utvalet om at opplysningar om ikkje-kommersielle forskingsprosjekt skulle bli omfatta av teieplikta og bli unnateke frå partsinnsyn var i samsvar med det Forskingsrådet sjølv hadde gått inn for, og støtta framlegget om å ta desse presiseringane inn i sjølve lova. Forskingsrådet stilte likevel spørsmål om ikkje prosjektsøknadene burde omtalast meir spesifikt i sjølve offentlighetsloven, med ein eigen paragraf der som presiserer at det kan gjerast unntak frå offentlegheit for dokument vedrørande behandling av søknadar om forskingsmiddel. Dette ville etter rådet si vurdering skape ein ryddig praksis.

Statens arbeidsmiljøinstitutt uttala at instituttet følgde argumentasjonen frå utvalet i spørsmålet om å «modifisere offentlighetsprinsippet av hensyn til forskeres utvikling av ideer».

Helse- og omsorgsdepartementet uttala at det er behov for å verne forskarar sine idear mot tjuveri og plagiering, og støtta difor framlegget frå utvalet når det gjaldt unntak frå partsinnsyn.

Utdannings- og forskingsdepartementet (det noverande Kunnskapsdepartementet) støtta framlegget frå utvalet.

5.5 Departementets vurderingar

Departementet sluttar seg til Offentleglovutvalet og dei nemnde høyringsinstansane i samband med at dei går inn for at det bør gjelde unntakshøve for opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt òg for forskingsopplysningar som ikkje har økonomisk verdi eller der ein økonomisk verdi ikkje er nærliggjande, både frå innsynsretten etter offentleglova og frå retten til partsinnsyn etter forvaltningslova. I motsetjing til utvalet meiner departementet at det med omsyn til innsynsretten etter offentleglova vil vere meir føremålstenleg for å vareta dei unntaksbehova som gjer seg gjeldande for forskingsidear og forskingsprosjekt å ta inn eit nytt unntak i den nye offentleglova (som tek til å gjelde 1. januar 2009) enn å utvide teieplikta etter forvaltningslova. Mellom anna ut frå høyringa går det fram at unntaksbehovet knyter seg til saker der forskarar legg forskingsidear og -prosjekt fram for det offentlege i samband med søknad om økonomisk stønad eller førespurnad om rådgjeving i tilknyting til prosjektet. I samsvar med grunnsynet bak den nye offentleglova, som er at eit unntakshøve ikkje bør gå lenger enn dei saklege og reelle unntaksbehova tilseier, gjer difor departementet framlegg om eit unntak i offentleglova for opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt i saker som gjeld økonomisk stønad eller rådgjeving frå det offentlege i samband med forskingsprosjekt.

I forvaltningslova blir det foreslått eit tilsvarande unntak frå retten til partsinnsyn.

Til forsida