Ot.prp. nr. 13 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffeprosessloven mv. (tingretten si handsaming av saker om ikkje vedtekne førelegg mv.)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Etter Domstoladministrasjonens årsstatistikk for domstolane for 2007 kjem det årleg inn til tingrettane i alt om lag 17 000 meddomssaker. Som nemnt i punkt 3.5 ligg det nær å rekne med at om lag 30 % - det vil seie godt og vel 5 000 saker - gjeld førelegg som ikkje er vedtekne. Forslaget her om pådømming utan meddommarar femner ikkje om alle desse sakene, berre dei som etter lova høgst kan medføre bot og/eller fengsel i inntil eitt år og der retten dessutan ikkje finner det lite tilrådeleg å pådømme saka utan meddommarar. Mellom anna av di rettens vurdering i nokon mon vil byggje på skjønn, let det seg ikkje gjere å seie på førehand kor mange av føreleggssakene som i praksis vil verte pådømde i tingretten utan meddommarar. I eit overslag i høyringsnotatet september 2006 vart det rekna med at to tredeler av føreleggssakene vil kunne verte pådømde på denne forenkla måten (høringsnotatet punkt 19). I så fall får endringa verknad for om lag 3 400 saker.

Den mest direkte verknaden av endringa er at tingrettane får mindre arbeid med å kalle inn meddommarar. Det er grunn til å tru at det jamvel vil verte råd å tidsetje sakene tidlegare enn i dag, slik at den samla sakshandsamingstida i tingrettane vert stuttare. Til illustrasjon kan ein nemne at tingrettane i 2007 hadde ei gjennomsnittleg handsamingstid på 0,5 månader for einedommarsaker og 2,7 månader for meddomsrettssaker, jf. Domstoladministrasjonens årsstatistikk. Det skal framleis vere hovudførehaving i føreleggssakene med dei fristane som gjeld for innkallinga. Som nemnt skal korkje hovudførehavinga eller pådømminga elles vere mindre grundig enn før. Med av di sakene rent administrativt vert enklare, ligg det likevel nær å vente at sakshandsamingstida for føreleggssakene vil nærme seg handsamingstida for einedommarsaker.

Endringsforslaget vil jamvel gje lågare utgifter til meddommarar. Etter rettsgebyrforskrifta § 1-1 skal meddommarar som hovudregel ha ei godtgjøring på 250 kroner for kvar dag eller del av dag som går med til møte på rettsstaden. Føreleggssaker vil til vanleg ikkje ta meir enn ein dag. Meddommarar som får løn frå arbeidsgjevaren sin uavkorta medan dommertenesta varer, får ikkje lenger godtgjering etter ei endring i føresegna i rettsgebyrforskrifta som gjeld frå 1. januar 2008.

For meddommarar som dokumenterer utlegg og/eller tapt arbeidsforteneste, kan retten dekkje utlegget eller tapet i rimeleg omfang, jf. rettsgebyrforskrifta § 1-4. Meddommarar som får trekk i løn på grunn av fråvere frå arbeidet, eller som er sjølvstendig næringsdrivande, vil ofte ha tap som går langt ut over den ordinære godtgjeringa på 250 kroner for kvar dag.

Etter opplysningar frå Domstoladministrasjonen var utgiftene til meddommarar i straffesaker for tingrettene i 2007 mellom 57 og 58 millionar kroner. Fordelt på 17 000 saker gir det ein gjennomsnittskostnad på om lag 3 350 kroner for kvar sak. Det seier seg sjølv at føreleggssakene er dei billegaste sidan dei til vanleg vert avvikla på ein dag. Skal ein slutta noko frå tala for 2007, lyt ein jamvel ta omsyn til at etter 1. januar 2008 får ikkje folk som held fram å ha løn frå arbeidsgjevaren under dommertenesta, noka godtgjersle. Talet er usikkert, men alt i alt reknar departementet med ei innsparing på om lag 4 millionar kroner.

Framlegga til endringar i offentleglova og forvaltningsloven (unntak frå innsynsretten for forskingsopplysingar utan kommersielt verdi) har ikkje nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar.

Til forsida