Ot.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatteloven mv. (kjeldeskatt på pensjonar mv.)

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative følgjer av forslaget

Dei økonomiske følgjene for skatteinngangen av å innføre kjeldeskatt på pensjonar mv. vil avhenge av om skatteavtalene opnar for slik skattlegging. Tal frå NAV indikerer at om lag 30 pst. av mottakarane av pensjon frå folketrygda, Statens Pensjonskasse og Pensjonskassen for sjøfolk som er busette i utlandet, oppheld seg i land der det er delvis mogleg å leggje kjeldeskatt på pensjonar mv. Om lag 55 pst. oppheld seg i land som gir Noreg høve til å leggje kjeldeskatt på pensjon fullt ut. I begge desse gruppene kan dei som oppheld seg i EØS-statar og har tilnærma heile inntekta si frå Noreg, velje å bli skattlagde etter norske, interne skattereglar dersom dette gir mindre skatt. Berekningar viser at om lag halvparten av alle trygda i Noreg har ein gjennomsnittsskatt under 15 pst. Gjennomsnittet for desse er ein skatt på 9 pst.

I høringsnotatet anslo Finansdepartementet at ein kjeldeskatt på pensjonar mv. ville kunne gi eit potensielt skatteproveny på over 500 mill. kroner dersom all pensjon utbetalt til utlandet blei skattlagd, men at dagens skatteavtaler ville avgrense dette. Maksimalt proveny blei då anteke å vere om lag 350 mill. kroner. I høringssvara har Seniorsaken og FinnSpania Skatt og Økonomi peikt på at desse anslaga er for høge. Seniorsaken meiner mellom anna at inntektene til pensjonistar busette i utlandet er lågare enn for pensjonistar busette i Noreg, og at dette betyr eit lågare proveny. FinnSpania Skatt og Økonomi meiner anslaget er for høgt mellom anna av di dei meiner at mange vil flytte tilbake til Noreg som følgje av endringa.

Departementet understrekar at anslaga som blei presenterte i høringsnotatet, er å rekne som anslag på kor mykje ein maksimalt kan få i proveny. I høringsnotatet blei det dessutan presisert at ein del av dei som tek imot pensjonar mv. frå folketrygda o.a. framleis er busette i Noreg etter skatteloven, slik at maksimalt proveny truleg er lågare enn dette. Departementet meiner at det også er fleire andre usikre faktorar som truleg vil gjere til at faktisk proveny blir lågare enn maksimalt proveny. Mellom anna veit ein ikkje kor mange av dei som tek imot pensjon frå Noreg og er busette i EØS-statar, som vil krevje å bli skatta etter norske reglar for all inntekta si fordi dette gir lågare skatt. Vidare er det usikkert kor mange som tek imot pensjonar mv. frå Noreg og som aldri har vore busette i Noreg etter skatteloven. På bakgrunn av desse usikre momenta blir det anslått at forslaget gir eit proveny i 2010 på om lag 230 mill. kroner påløpt.

Departementet antek at kjeldeskatt på pensjonar mv. i liten grad vil redusere talet på norske pensjonistar som vil busetje seg i utlandet. Sjølv om det er vanskeleg å kunne seie noko om korleis dette vil utvikle seg i åra framover, er det grunn til å tru at talet vil auke. Statistisk sentralbyrå sine framskrivingar av befolkninga tyder på dette. Ifølgje desse vil talet på personar 67 år og eldre auke med mellom 15 og 18 prosent til 2015 og med mellom 110 og 190 prosent til 2060. Talet på personar med rett til norsk pensjon, som er født i eller er sterkt knytt til andre land, kan også komme til å auke kraftig. Vidare vil det nye folketrygdsystemet auke fleksibiliteten når det gjeld pensjonering. Muligheiter til å emigrere frå det norske skattesystemet til land med lågare skatt og levekostnader kan gjere det lønsamt å pensjonere seg tidleg, trass i at dette gir mindre pensjon i den nye folketrygda.

Dei administrative kostnadene ved å innføre ei ordning med kjeldeskatt på pensjonar mv. er berekna til 20 mill. kroner i 2009, inkludert systemutvikling, informasjon, opplæring og auka bemanning. Årlege forvaltningskostnader for ordninga i seinare år er berekna til om lag 10 mill. kroner. Anslaga er noko usikre.

Det vil bli oppretta ei eiga skattemanntalsgruppe (kommune 2335) for skattytarar som skal betale kjeldeskatt. Manntalet vil bli bygt opp med opplysningar frå NAV og forsikringsselskapa om pensjonar mv. betalt til personar som er busette i utlandet. Arbeidet med fastsetjing av kjeldeskatt vil bli lagt til eitt skattekontor. Eitt skatteoppkrevarkontor vil bli peika ut til å krevje inn kjeldeskatten på pensjoner mv.