Ot.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatteloven mv. (kjeldeskatt på pensjonar mv.)

Til innhaldsliste

8 Krava etter EØS-avtala

Skatteområdet er i utgangspunktet ikkje omfatta av EØS-avtala. Likevel vil skatteområdet kunne bli råka av dei alminnelege reglane om fri flyt av arbeid, tenester, kapital og varer, fri rett til etablering og forbodet mot statsstøtte.

I sak C-520/04 Turpeinen tok EF-domstolen stilling til dei finske reglane om kjeldeskatt på pensjonar. Etter dei finske reglane blei kjeldeskatten lagd på sjølve pensjonsytinga utan rett til frådrag. Den som budde i Finland, hadde rett til diverse frådrag. EF-domstolen bygde på unionsborgarskapen og kom til at pensjonistar som bur utanlands, skal ha rett til å bli skatta etter dei same reglane som pensjonistar som bur innanlands, dersom dei har heile eller nesten heile inntekta si frå vedkomande stat. I slike tilfelle vil pensjonisten kunne miste høvet til å få personlege letter og frådrag i nokon stat dersom ikkje kjeldestaten ga dei.

Praksis frå EF-domstolen frå tida etter underteikninga av EØS-avtala gir ikkje bindande uttrykk for pliktene etter EØS-avtala. Dette gjeld særleg i saker som byggjer på unionsborgarskapen, som ikkje gjeld for EØS. Departementet legg til grunn at dei norske reglane vil halde seg klart innanfor pliktene etter EØS-avtala dersom dei held seg innanfor EF-domstolen sine retningsliner for medlemsstatane i EU.