Ot.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatteloven mv. (kjeldeskatt på pensjonar mv.)

Til innhaldsliste

9 Utanlandsk rett

Nedanfor blir dei interne reglane i enkelte nærliggjande land omtalde. Avgrensingar av retten til å skattleggje, som dei aktuelle landa kan ha gjort i skatteavtale, blir ikkje omtalde.

9.1 Danmark

Danmark legg kjeldeskatt på pensjonar og ulike sosiale ytingar. Kjeldeskatten følgjer dei same reglane som gjeld for den som bur i Danmark, med enkelte tillempingar når det gjeld personlege lettar og frådrag. Skatteplikta omfattar visse pensjonar som er omfatta av pensjonsbeskatningsloven, og folkepensjon som blir utbetalt etter lovgivinga. For pensjonsordningane som er omfatta av pensjonsbeskatningsloven, gjeld eit vilkår om at ordninga har hatt skatteføremon. Det har inntil 2008 vore eit allment vilkår for skatteplikt at pensjonsinstituttet har heimting eller fast driftsstad i Danmark.

Utbetalaren pliktar å gjere forskotstrekk. Forskotet blir trekt etter skattekort som blir utferda til mottakaren av pensjonen. Dersom denne ikkje legg fram skattekort, skal det trekkjast 60 pst. av utbetalinga.

Som følgje av avgjerda til EF-domstolen i sak C-150/04 Kommisjonen mot Danmark er dei danske reglane om skattlegging av pensjon blitt endra. Frå 1. januar 2008 blir det gitt frådrag i Danmark også for pensjonssparing i føretak som hører heime i andre EØS-statar etter ein såkalla «avtalemodell». Avtalemodellen er ein modell med tre partar. Han inneber at dei utanlandske pensjons­føretaka må gjere avtale med danske skattestyresmakter og i avtala ta på seg ei plikt til å innberette, gjere forskotstrekk og betale inn skatt. Samstundes må skattytar samtykke til at slike pensjonar blir skattlagde i Danmark også etter at vedkomande flytter derifrå og sjølv om skatteavtala mellom staten der vedkomande bur og staten der pensjonsføretaket hører heime, gir retten til å skattleggje til den sistnemnde. Det er også gitt særlige reglar som opnar for at skattytarar som flytter til Danmark, kan få rett til frådrag for sparing i utanlandske pensjonsføretak.

9.2 Sverige

Sverige pålegg kjeldeskatt etter lagen om särskild inkomstskatt för utomlands bosatta (SINK) på alminneleg pensjon etter sosialforsikringslov­givinga, pensjon på grunnlag av offentleg tilsetjing og tenestepensjon og ytingar frå annan pensjonsforsikring enn tenestepensjon.

Som ei følgje av avgjerda til EF-domstolen i sak C-150/04 Kommisjonen mot Danmark og C-522/04 Kommisjonen mot Belgia, har dei svenske reglane om frådrag for premier til tenestepensjonsforsikringar og andre pensjonsforsikringar blitt utvida til å omfatte premiar til slike forsikringar i forsikringsføretak innan heile EØS-området.

Tenestepensjon er skattepliktig etter SINK om han byggjer på teneste som hovudsakleg er utført i Sverige. Når det gjeld betalingar frå annan pensjonsforsikring, følgjer det av endringane som er omtala i avsnittet ovanfor at skatteplikta etter SINK omfattar betalingar frå forsikringsføretak som er etablerte i annan EØS-stat enn Sverige. Slike betalingar er berre skattepliktige for den delen som det er gitt frådrag for i Sverige.

Ettersom retten til frådrag er blitt utvida til å gjelde sparing i forsikringsføretak i heile EØS-området, er det sett som vilkår for frådrag at forsikringsføretaket gir kontrollopplysningar til Skatteverket. Utbetalarar utanfor Sverige har ikkje plikt til å gjere forskotstrekk i betalingane. Ansvaret for å betale skatten ligg på mottakaren.

Frå 1. januar 2005 kan personar som ikkje er busette i Sverige, velje mellom å bli skattlagde etter dei allmenne reglane som gjeld for busette, eller etter SINK.

9.3 Finland

Personar som ikkje bur i Finland, pliktar å skatte dit for inntekt som har si kjelde i Finland. Pensjonar blir rekna for å ha si kjelde i Finland dersom dei kjem frå den finske staten, ei finsk kommune eller noko anna finsk offentlegrettsleg organ. Pensjonar blir rekna for å ha si kjelde i Finland også når dei byggjer på arbeid, oppdrag eller teneste som einast er blitt gjort i Finland, for rekninga til ein finsk arbeids- eller oppdragsgivar.

Kjeldeskatten blir pålagd utan omsyn til om pensjonen byggjer på sparing som har hatt skatteføremon i Finland og utan omsyn til om mottakaren tidlegare har budd i Finland. Når det gjeld pensjonar som blir betalte på grunnlag av ei pensjonsforsikring (eller ei trafikkforsikring), byggjer skatteplikta på at forsikringa er teikna i Finland.

Frå og med 2006 blir skatten fastsett ved alminneleg likning etter den same progressive skalaen og med dei same frådraga som gjeld for pensjonistar som bur i Finland.

9.4 Tyskland

Frå 1. januar 2005 legg Tyskland skatt på pensjonar som blir betalte til busette og ikkje busette personar frå tyske lovfesta pensjonsordningar og andre tyske forsikringsføretak eller betalingsagentar. Skatten blir fastsett ved alminneleg likning. Det blir berre gitt frådrag for kostnader som heng saman økonomisk med inntekta frå Tyskland. Dei fleste lettar og frådrag busette får, blir derfor ikkje gitt.

9.5 Frankrike

Frankrike legg kjeldeskatt på pensjonar og livrenter som blir betalte av innretningar som er hører heime i Frankrike. Skattlegginga skjer etter dei same reglane som gjeld for personar som er busette i Frankrike.

Skatten blir trekt ved kjelda etter ein progressiv skala, som for 2008 er på 0 pst. på beløp som ikkje overstig 13 583 Euro, 12 pst. på beløp mellom 13 583 og 39 409 Euro og 20 pst. på beløp over 39 409 Euro. Beløp under 8 Euro per måned blir ikkje kravd inn. Skattetrekket er i utgangspunktet eit forskotstrekk. Den endelege skatten blir ilikna på grunnlag av skattedeklarasjonar. Desse blir levert til skattekontoret for ikkje-busette ( Centre des Impôts des Non-Résidents ). Skattetrekket kan reknast som endeleg oppgjer for skatten dersom inntekta ikkje overstig 39 409 Euro (2008).