Ot.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatteloven mv. (kjeldeskatt på pensjonar mv.)

Til innhaldsliste

5 Grunngivingar for kjeldeskatt på pensjonar mv.

Internasjonaliseringa av samfunnet verkar også inn på skattlegginga av pensjonar mv. Inntil nyleg har det vore vanlegast at den enkelte arbeider, sparer til pensjon og blir pensjonist i same stat. Internasjonaliseringa gjer at desse tre elementa i eit livsløp meir og meir blir spreidde på fleire statar. Dette gjer at det blir meir og meir vanleg at skatteføremon blir gitt av ein stat, medan pensjonisten bur i ein annan stat når utbetalingane kjem.

Kjeldeskatt på pensjonar mv. kan grunngiast på fleire måtar. Det mest sentrale er om sparinga til pensjonen er gitt skatteføremon i ein stat og/eller om avkastinga av sparinga er skapt der. Ei slik grunngiving lar det vere avgjerande at det skal vera samanheng i skattesystemet mellom på den eine sida finansieringa av pensjonen og på den andre sida skattlegginga av han.

Om ein legg vekt på kvar avkastinga av sparinga er skapt, vil dette tilseie at ein legg kjeldeskatt på pensjonar mv. som blir betalte av innanlandske innretningar. Slike reglar hindrar også at pensjonen blir heilt skattefri og at skatt kan bli unndregen. Kjeldeskatt på pensjonar mv. frå innanlandske innretningar, er greie å handheve ved at innretninga kan bli pålagd plikt til å trekkje kjeldeskatten. Reglane i svært mange land byggjer på denne modellen.

Om ein legg vekt på kvar pensjonssparinga er gitt skatteføremon, har det inntil nyleg vore tilstrekkeleg å leggje kjeldeskatt på pensjonar mv. frå innanlandske innretningar av di det berre er desse som er gitt skatteføremon. Når skatteføremonen blir utvida til å gjelde utanlandske innretningar, jf. kapittel 4 ovanfor, vil dette omsynet tale for at kjeldeskatt kan leggjast også på utbetalingar frå utanlandske innretningar.

Ei ytterlegare grunngiving for kjeldeskatt på pensjon kan vere omsynet til likskap. Kjeldeskatt på pensjon gjer til at pensjonistane som gruppe blir skattlagde meir likt.