Ot.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatteloven mv. (kjeldeskatt på pensjonar mv.)

Til innhaldsliste

4 Pensjonssparing og skattereglane for slik sparing

Det er vanleg å dele pensjonane i tre grupper etter korleis dei er finansierte. Desse gruppene er dei offentlege trygdeordningane, pensjonar i arbeidstilhøve og individuelle pensjonsordningar.

Dei offentlege trygdeordningane inngår i folketrygda. Tilskota blir gjorde gjennom betaling av arbeidsgivaravgift og folketrygdavgift. Arbeidsgivaravgifta kjem til frådrag i inntekta, medan trygdeavgifta ikkje gjer det.

Den private sparinga til pensjon blir stimulert gjennom skatteføremonar. Full skatteføremon etter skatteloven inneber at det blir gitt frådrag for betalinga av premien og/eller innskot, at det ikkje blir betalt skatt av avkasting på pensjonsmidla medan dei står i pensjonsinnretninga og at pensjonsformuen er friteken frå formuesskatt. Skatteføremonen blir teken igjen når pensjonen blir utbetalt ved at denne blir skattlagd som personinntekt.

Skatteloven §§ 6-45 - 6-47 gir praktisk talt alle yrkesaktive tilgang til pensjonssparing med skatteføremon. For ordningar i arbeidstilhøve blir det gitt frådrag for kostnaden til sikring av pensjonen. Dette gjeld til dømes innbetalingar til Statens Pensjonskasse og til pensjonsordningar som går inn under lov om foretakspensjon og lov om innskuddspensjon.

Frå og med inntektsåret 2008 blir det også gitt frådrag etter skatteloven §§ 6-45 og 6-47 for innbetalingar til pensjonsavtaler etter ei ny lov om individuell pensjonsordning. Etter at retten til frådrag for innbetalingar til individuelle pensjonsavtaler etter skatteloven (IPA) og fortsetjingsforsikringar etter lov om foretakspensjon § 4-9 er oppheva frå og med 12. mai 2006, er det berre avtaler som er i samsvar med den nye lova som blir handsama like gunstig skattemessig som dei kollektive ordningane etter foretaks- og innskuddspensjonslovene.

I arbeidstilhøve kan det som eit alternativ eller tillegg til pensjonsordningane med full skatteføremon, sparast til alderspensjon i kollektive livrenter. Frå og med inntektsåret 2007 vil alle premieinnbetalingar frå arbeidsgivar til ei kollektiv livrente vere skattepliktige som løn for arbeidstakaren. For avtaler som er oppretta etter 31. desember 2007, er det berre avkastinga som er skattepliktig. Ho blir skattlagd først ved utbetaling av ytingane og berre som alminneleg inntekt. Inneståande middel er som tidligare fritekne frå formuesskatt. Sjå elles omtala av endringane for kollektive livrenter i kapittel 3.

Individuelle livrenter etter skatteloven § 5-41 og FSFIN § 5-41 fekk tidlegare skatteføremon ved at midla var fritekne frå formuesskatt og at avkastinga i dei tradisjonelle forsikringsavtalene blei skattlagd først ved utbetaling, jf. skatteloven §§ 4-2 andre ledd og 5-41 første ledd, jf. FSFIN § 5-41. Fritaket for formuesskatt er oppheva med verknad frå og med inntektsåret 2007.

Medan dei sparte midla er i pensjonsinnretninga, blir dei gitt føremon ved at forsikringsselskapa får frådrag for avsetning til pensjonsfond som er naudsynte til å dekke eller sikre pliktene etter pensjonsavtalene, jf. skatteloven § 8-5.

Som følgje av dei norske pliktene etter EØS-avtala (fellesskapsretten), er det frå og med 1. juli 2008 opna for pensjonssparing med skatteføremon i utanlandske innretningar. Dette følgjer av skatteloven § 6-46 saman med lov om foretakspensjon § 1-1 og lov om innskuddspensjon § 2-2. Etter lov om individuell pensjonsordning § 1-2 er det høve til å inngå individuell pensjonsavtale med skatteføremon i utanlandsk innretning. Frådrag blir gitt etter skatteloven § 6-47 for slike avtaler.

Når det gjeld pensjon over drift, får den tidlegare arbeidsgivaren frådrag for å yte pensjonen. Det er ikkje vanleg å sjå det slik at desse pensjonane har ein skatteføremon. I høve til kjeldeskatt på pensjon er det likevel eit poeng at dette frå­draget minkar det norske skattefundamentet og at dette er ein økonomisk rett som det ikkje blir lagt formuesskatt på.