Ot.prp. nr. 33 (2002-2003)

Om lov om frittståande skolar (friskolelova)

Til innhaldsliste

10 Særleg opplæring for elevar frå språklege minoritetar

10.1 Gjeldande rett

Kommunane har ei plikt til å gi elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk nødvendig særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring inntil dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen, jf. forskrifta til opplæringslova § 24-1. Det går fram av den same forskrifta at særskild norskopplæring og tospråkleg fagopplæring skal vere tilgjengeleg ved den skolen der eleven går til vanleg, mens morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole. Det siste har samanheng med at morsmålsopplæring blir gitt i tillegg til det vanlege timetalet i grunnskolen.

Føresegna i forskrifta til opplæringslova § 24-1 gjeld berre grunnskoleelevar i den offentlege skolen, jf. opplæringslova §§ 1-1 og 2-12. Det er ikkje gitt tilsvarande føresegner når det gjeld elevar i offentleg vidaregåande opplæring. Privatskulelova har ikkje reglar om særleg grunnskoleopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Dette inneber at elevar i private skolar som er godkjende etter privatskulelova, må søkje om spesialundervisning, sjå nedanfor om § 3-6, dersom dei ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. Fleire private skolar har likevel valt å gi eit tilbod om særleg opplæring for språklege minoritetar.

10.2 Høyringsforslaget frå departementet

I høyringsbrevet foreslo departementet å gi grunnskoleelevane i friskolane ein tilsvarande rett til nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring som elevane i den offentlege skolen. Departementet argumenterte med at innføring av ein slik rett vil føre til at færre elevar vil ha behov for spesialundervisning.

10.3 Høyringsinstansane

Høyringsinstansane støttar forslaget om at minoritetsspråklege elevar skal ha tilsvarande rettar som i den offentlege skolen. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus understrekar at særleg språkopplæring ikkje er definert som spesialundervisning. Følgjene av dette har vore at elevar i private skolar ikkje har hatt krav på slik språkopplæring etter privatskulelova. Denne mangelen kan ha auka behovet for spesialundervisning hos desse elevane. Innføring av rett til særleg språkopplæring også for elevar i friskolar vil såleis kunne føre til at spesialundervisninga blir avgrensa til dei elevane lova hadde til formål å omfatte. Enkelte høyringsinstansar peiker på at forslaget inneber auka kostnader for kommunen.

Norske Privatskolers Landsforbund støttar forslaget, men er ueinig i at undervisninga skal kunne gjennomførast ved ein annan skole enn den eleven til vanleg går ved. Dei meiner dette kan bety eit unødvendig og uheldig skilje mellom innvandrarar og andre elevar.

Oslo kommune meiner det er urimeleg at heimkommunen skal fatte vedtak om dette og bere utgiftene utan å ha tilsynsmyndigheit. Heimkommunen bør få refusjonar frå staten.

Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer ei nærare berekning før ein tek stilling til i kva grad kommunen bør kompenserast.

10.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til høyringsbrevet, og foreslår at det blir lovfesta ein rett i samsvar med høyringsforslaget. Departementet foreslår også at forskrifta til opplæringslova § 24-1 samtidig blir teken inn i opplæringslova § 2-8.

Departementet viser elles til § 3-5 og forslaget til endringar i opplæringslova § 2-8 i lovutkastet, og til dei spesielle merknadene til forslaga.

Til forsida