Ot.prp. nr. 33 (2002-2003)

Om lov om frittståande skolar (friskolelova)

Til innhaldsliste

8 Ordensreglement o.l.

8.1 Gjeldande rett

Opplæringslova §§ 2-9 og 3-7 slår fast at det skal fastsetjast ordensreglement for skolane. Her skal det givast reglar om åtferda til elevane og om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet. Det skal også givast reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Det går direkte fram av lova at eleven skal få høve til å forklare seg munnleg før det blir teke noka avgjersle om refsing, og at fysisk refsing eller anna krenkjande behandling ikkje må nyttast.

Privatskulelova § 11 har reglar om arbeidsmiljøet og rettar og plikter for elevane. Det går fram av føresegna at kvar skole skal ha eit reglement som mellom anna skal innehalde reglar om åtferd, om kva tiltak som kan brukast når elevane bryt reglementet, og om framgangsmåten i slike saker.

8.2 Høyringsforslaget frå departementet

Departementet foreslo at reglane i privatskulelova § 11 om ordensreglement i det vesentlege blir førte vidare i den nye lova, men slik at det blir gjort språklege tilpassingar til opplæringslova §§ 2-9 og 3-7.

Departementet viste vidare til artikkel 28 nr. 2 i Barnekonvensjonen om at det skal treffast alle nødvendige tiltak for at skolen sin disiplin blir gjennomført på ein måte som er i samsvar med barnet sitt menneskeverd, og uttalte:

«For å synliggjøre barnekonvensjonen artikkel 28 nr. 2, slik det er gjort i opplæringsloven, vil departementet foreslå en bestemmelse om at fysisk refsing eller annen krenkende behandling ikke må benyttes. I tillegg bør det framgå av loven at reglementet skal gjøres kjent for elevene og foreldrene, og at eleven skal ha anledning til å uttale seg før det blir tatt en avgjørelse om refsing.»

8.3 Høyringsinstansane

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar forslaget til departementet.

Norsk Skolelederforbund meiner det bør eksplisitt seiast at eleven får høve til å ta med seg «partsrepresentant» når han eller ho skal uttale seg.

8.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Etter departementet si vurdering er ikkje gjeldande regelverk til hinder for at ein elev kan ta med seg ein person når eleven skal uttale seg. Departementet ser ikkje noko behov for å lovfeste ein slik regel.

Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som er referert ovanfor, og foreslår ei føresegn i tråd med dette.

Departementet viser elles til § 3-9 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.

Til forsida