Ot.prp. nr. 33 (2002-2003)

Om lov om frittståande skolar (friskolelova)

Til innhaldsliste

2 Ordningar i andre land

2.1 Sverige

2.1.1 Godkjenning av frittståande skolar

I 1992-1993 var det 105 private grunnskolar i Sverige, mens det i dag er ca. 490 frittståande grunnskolar som gir eit tilbod til 4 prosent av elevane i Sverige.

«Skolverket», eit organ som etter norsk forvaltningsterminologi kan karakteriserast som eit direktorat, har ansvaret for å godkjenne og føre tilsyn med private skolar. Statsråden i Utbildningsdepartementet kan ikkje instruere Skolverket i enkeltsaker.

Klager over dei avgjersler som blir tekne i Skolverket, blir behandla av forvaltningsdomstolen. I første instans er dette som oftast Länsrätten. Klager kan gå vidare til Kammarrätten.

Godkjenning av private skolar er regulert i «skollagen», som også omfattar offentlege grunnskolar og vidaregåande skolar. Dei frittståande skolane er regulerte i kapitla 9 og 10.

Det går fram av skollagen at frittståande skolar skal godkjennast dersom

  • skolens opplæring «ger kunskaper och färdigheter som till art och nivå väsentligen svarar mot de kunskaper och färdigheter som grundskolan [...] skall förmedla». I tillegg må «de allmänna mål och den värdegrund som gäller för utbildning inom det offentliga skolväsendet» også oppfyllast

  • skolen står open for alle som oppfyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skolar. Dette gjeld likevel ikkje «för sådana barn vilkas mottagande skulle medföra att betydande organisatoriska eller ekonomiska svårigheter uppstår för skolan»

  • skolen har minst 20 elevar, om det ikkje finst «särskilda skäl för ett lägre elevantal»

  • skolen oppfyller andre vilkår, til dømes krav til leiing, lokale, eigar og budsjett.

Dette inneber at svenske styresmakter ikkje krev at frittståande skolar skal ha eit bestemt formål. Det er likevel presisert i lova at også skolar som har ei «konfessionell inriktning», kan godkjennast.

Sjølv om svenske styresmakter ikkje stiller krav om formål, har dei kategorisert grunnskolane slik (talet på skolar per 2000-2001 i parentes):

  • spesiell pedagogikk, til dømes montessori og steiner (152)

  • allmenn, dvs. at skolane følgjer offentleg godkjende læreplanar (149)

  • konfesjonelle skolar, til dømes kristne og muslimske (59)

  • språkleg/etnisk, til dømes skolar som har undervisning i finsk (22)

  • spesiell emneprofil (19)

  • andre (17)

  • internasjonale (7)

  • riksinternat (3)

Det blir stilt litt andre krav til godkjenning av internasjonale skolar, sjå punkt 2.1.3 om internasjonale skolar.

Skolverket fører tilsyn med dei frittståande skolane i Sverige.

2.1.2 Særleg om tilskotet

Skolverket skal som hovudregel godkjenne skolar med rett til tilskot. Godkjenning med rett til tilskot skal likevel ikkje givast dersom skolen si verksemd inneber påtakelege negative følgjer for skolevesenet i den kommunen der skolen ligg, eller dersom skolen tek skolepengar. Det siste har samanheng med at tilskotet til dei frittståande skolane skal dekkje alle utgiftene til skolen (husleige, lønn, undervisningsmateriell, utstyr osv.).

Skolverket har mellom anna gitt følgjande døme på kva som kan vere påtakelege negative følgjer

  • etableringa av ein frittståande skole fører til at ein grendeskole må leggjast ned, dersom dette igjen fører til at avstanden til næraste offentlege skole aukar monaleg for enkelte elevar

  • etableringa av ein frittståande skole vil gi monaleg kostnadsauke for kommunen på lang sikt, til dømes på grunn av låg kapasitetsutnytting. Dette kan til dømes skje der kommunen har bestemt seg for å leggje ned ein grendeskole, og private søkjer om tilskot til å drive den same skolen vidare.

I rapporten Kommunernas yttranden om fristående skolor seier Skolverket mellom anna at

[...] kommunernas yttranden [er] viktiga för Skolverkets bedömningar av ansökningar om att starta fristående skolor. De ger värdefull kunskap om ekonomiska, organisatoriska och pedagogiska konsekvenser av nyetablering av en skola i lägeskommunen, eller om det är gymnasieskolor, även i närliggande kommuner. [...]

För att kommunernas yttranden skall vara en avgörande del i Skolverkets bedömning av konsekvenserna av en eller flera etableringar är det nödvändigt att kommunen klart och tydligt och med hjälp av statistik, kostnadsberäkningar och annan information redovisar vilka konsekvenserna blir av den tänkta etableringen. Det räcker inte med kommunernas påstående om vissa konsekvenser. De måste redovisa på ett sätt som gör det möjligt för Skolverket att hävda att kommunen påvisat de negativa följderna. Det är inte heller tillräckligt att kommunen redovisar konsekvenserna på kort sikt. De måste vara långsiktigt giltiga.

Skolverket fekk 422 søknader om godkjenning av frittståande skolar i år 2000. Av desse blei ca. 10 avslått med referanse til fråsegner frå kommunane. Av dei som blei godkjende, blei om lag 40 prosent ikkje etablerte. Dersom skolane ikkje blir etablerte i løpet av eitt år etter at godkjenninga er gitt, må dei søkje om ny godkjenning.

Dersom ein frittståande grunnskole eller vidaregåande skole blir godkjend med rett til tilskot, skal tilskotet betalast av elevane sin heimkommune. Når det gjeld elevar i grunnskolen, fastset kommunen tilskotet ut frå dei same prinsippa som kommunen bruker på sine eigne skolar.

Når det gjeld elevar i frittståande vidaregåande skolar, skal kommunen og skolen bli einige om storleiken på tilskotet. Dersom kommunen og skolen ikkje blir einige, skal kommunen betale det beløpet som regjeringa fastset. Storleiken på dette beløpet er avhengig av kva «program» skolen har fått godkjent, og blir rekna ut frå eit landsgjennomsnitt for det programmet det gjeld. Dette tilskotet inkluderer også utgifter til lokale og utstyr.

I Sverige ligg det ikkje føre noko forbod mot at dei skolane som får tilskot, er kommersielle. Dette inneber at skoleeigaren kan ta ut eit eventuelt driftsoverskot i utbytte. Det blir sjeldan teke ut driftsoverskot i grunnskolar. I vidaregåande skolar er dette ikkje like uvanleg.

2.1.3 Særleg om internasjonale skolar

Skolverket kan berre godkjenne at svenske skolar, dvs. skolar som har svensk som undervisningsspråk, skal få tilskot. Dersom ein internasjonal skole søkjer om tilskot, skal søknaden avgjerast av regjeringa. Regjeringa har godkjent at sju internasjonale skolar kan få statstilskot (i motsetning til andre skolar, som får kommunalt tilskot). Statstilskotet er mykje lågare enn dei kommunale tilskota. Dette er noko av bakgrunnen for at desse skolane kan ta elevbetaling. Vidare er det verdt å merkje seg at dei internasjonale skolane ikkje skal stå opne for alle. Det går derimot fram av lova at skolane berre kan ta inn elevar som er busette i Sverige for ei kortare tid, ev. også andre elevar som har særlege grunnar for å fullføre utdanninga si i ein internasjonal skole. Dette kravet inneber også at Skolverket berre krev at skolane gir opplæring i svensk i det omfang «som de i landet för kortare tid bosatta eleverna behöver».

2.2 Danmark

2.2.1 Godkjenning

Danmark har lang tradisjon for offentleg støtte til private skolar. Grunnlova føreset undervisningsplikt, men ikkje skoleplikt. Dette inneber at foreldra kan velje om barna skal få undervisning i kommunale skolar, i ein privat grunnskole eller heime. I 1999 gjekk om lag 12 prosent av elevane i private skolar, og dei private skolane utgjorde ca. 20 prosent av alle grunnskolane i Danmark.

Private grunnskolar som får offentleg tilskot, er regulerte i lov om friskoler og private grundskoler m.v., jf. lovbekjentgjørelse nr. 657 af 3. juli 2000. Lova gir private skolar automatisk rett til godkjenning og tilskot dersom dei fyller krava i lova. Institusjonsstyrelsen i Undervisningsministeriet vurderer om ein privat skole oppfyller krava i lova. Ministeren har inga direkte instruksjonsmyndigheit i forhold til kva private skolar som skal etablerast, og kva private skolar som får tilskot.

Frie grunnskolar kan etablerast utan særskild godkjenning dersom dei fyller krava i lova. Lova omfattar relativt detaljerte tilskotsføresegner, men har meir generelle føresegner om innhaldet i undervisninga. Hovudregelen er at dei frie grunnskolane må tilby undervisning som kan måle seg med det som generelt blir kravd av den kommunale skolen. Undervisningsministeriet har utarbeidd ei rettleiing om oppfylling av undervisningsplikta i friskolar og private grunnskolar. Rettleiinga legg mellom anna vekt på at undervisninga omfattar fagkrinsen i folkeskolen på ein slik måte at dei obligatoriske faga kan gjenfinnast i undervisninga. Skolane vel likevel sjølve form og omfang.

Dei frie grunnskolane i Danmark består hovudsakeleg av

  • små «grundtvigianske» skolar i rurale område

  • akademisk orienterte skolar på ungdomstrinnet

  • religiøse skolar

  • progressive frie skolar

  • skolar baserte på alternativ pedagogikk, til dømes steinerskolar

  • tyske minoritetsskolar

  • innvandrarskolar

Etableringa av ein fri grunnskole må meldast til kommuneforvaltninga i den aktuelle skolekommunen og til Undervisningsministeriet. Ministeriet fastset reglar for når ein friskole kan meldast, meldingsdepositum osv. Kommunane har ansvaret for å passe på at alle undervisningspliktige elevar i kommunen blir skrivne inn i folkeskolen eller får undervisning på annan måte. Når kommunen får beskjed om at eit barn er teke opp ved ein fri grunnskole som er meld til Undervisningsministeriet, kan kommunen rekne med at barnet oppfyller undervisningsplikta.

Undervisningsministeriet må også godkjenne skolevedtekter som dreier seg om styringsstruktur og økonomiske forhold. Skolane må etablere eit styre som står ansvarleg for drifta av skolen overfor Undervisningsministeriet. Styret kan ikkje bestå av personar som leiger ut eigedom til skolen, medlemmer, rådgivarar for eller tilsette i leiande stillingar i fond, foreiningar, selskap osv. som leiger ut lokale til skolen eller til medlemmer av styret ved ein annan skole. Skolen må også ha ein leiar med ansvar for den daglege pedagogiske leiinga av skolen.

2.2.2 Tilskotsføresegner

Private skolar som er etablerte i medhald av lova, sjå punkt 2.2.1, har rett til offentleg tilskot. Staten gir tilskot til dekning av generelle og særskilde driftsutgifter, utgifter til bygningar og vedlikehald og skolefritidsordningar. Gjennomsnittleg tilskot blir fastsett i den årlege finanslova og blir fordelt av Undervisningsministeriet som eit samla rammetilskot.

Skolane får eit generelt driftstilskot per elev per år som i prinsippet er i samsvar med gjennomsnittskostnadene per elev i folkeskolen når skolepengane er trekte frå. I 2000 utgjorde det gjennomsnittlege driftstilskotet til frie grunnskolar om lag 80 prosent av dei totale driftsutgiftene, dvs. om lag 34 000 danske kroner. Tilskotet per elev varierer mellom skolar avhengig av storleiken på skolen, aldersfordelinga mellom elevane og lønnsfordelinga mellom lærarane. I tillegg til det generelle driftstilskotet blir det gitt eit særskilt driftstilskot til spesialundervisning, støtteundervisning i dansk for tospråklege elevar og til dekning av ekstrautgifter knytte til elevar med store funksjonshemmingar. Sistnemnde tilskot blir tildelt etter ei særskild vurdering i Undervisningsministeriet.

Dei frie grunnskolane får også bygningstilskot per elev for å dekkje utgifter til husleige, vedlikehald, renter på lån osv. Undervisningsministeriet har fastsett reglar for korleis bygningstilskotet skal fordelast mellom skolane, mellom anna kva vedlikehaldsutgifter ein kan få refusjon for, osv. I tillegg blir det gitt tilskot til skolefritidsordningar og tilskot til tyske mindretalsskolar.

For å få tilskot må skolane ha minst 28 elevar i 1.-7. klasse. Skolane må også ha eit skolestyre som står ansvarleg for at tilskotet blir brukt i samsvar med regelverket, mellom anna reglar for plassering av likvide midlar. Det er eit krav om at disponible midlar blir brukte til skoleaktivitetar. Skolane kan ikkje eigast av ein privat enkeltperson eller drivast kommersielt.

Vedtak som Undervisningsministeriet gjer om fordeling av tilskot til spesialundervisning, støtteundervisning i dansk til tospråklege elevar og ekstra utgifter til tungt funksjonshemma, kan bringast inn for Ankenævnet for Utdannelsesstøtten. Ankenævnet gjer den endelege vedtaket.

2.2.3 Tilsyn

Ansvaret for å føre tilsyn med at friskolane gir ei undervisning som held mål samanlikna med undervisninga i folkeskolen, er lagt på foreldra. Foreldra vel anten å oppnemne ein tilsynsførar for minst fire år til å føre tilsyn med elevane sine resultat i dansk, matematikk og engelsk, eller å be kommunalbestyrelsen i skolekommunen om å føre tilsyn. Lova er nyleg endra på dette punktet. Endringa inneber at tilsynsføraren også skal gjere ei heilskapsvurdering av om skolen sitt samla undervisningstilbod kan måle seg med det som blir kravd i folkeskolen. Tilsynsføraren skal også sjå til at undervisningsspråket er dansk. Dersom undervisninga er mangelfull, får skolen ein frist på tre månader til å forbetre forholda. Dersom undervisninga framleis er mangelfull, kan Undervisningsministeriet gjere vedtak om at skolen ikkje lenger er ein fri grunnskole med rett til offentlege tilskot.

2.2.4 Særskilt om internasjonale skolar

Undervisningsspråket i ein fri grunnskole skal vere dansk. Undervisningsministeriet kan i særskilde tilfelle godkjenne at undervisningsspråket er eit anna enn dansk. Lova omfattar mellom anna tyske mindretalsskolar, der undervisningsspråket er tysk. Desse skolane får også særskilt tilskot for å dekkje meirkostnadene ved å ha to undervisningsspråk.

2.3 Nederland

2.3.1 Overordna myndigheit og ansvarsdeling

«Ministerie van Onderwijs, Cultuur en Wetenschappen» (departementet for utdanning, kultur og vitskap) har det overordna ansvaret for forvaltning av utdanning i Nederland. Utdanningssystemet er tufta på prinsippet om utdanningsfridom, noko som gir borgarane rett til å etablere skolar, fridom til å organisere undervisninga i skolen og fridom til å bestemme kva prinsipp eller ideologi undervisninga skal følgje. Dette har gitt eit mangfald av skolar, både private og offentlege. Private skolar er drivne av uavhengige stiftingar, foreiningar og liknande med offentleg støtte. Nærare 65 prosent av alle elevane i Nederland går i private skolar. Offentlege skolar er drivne av lokale styresmakter.

Sentralt blir utdanningssystemet styrt gjennom regelverket. På lokalt nivå har «the competent authority» ansvar for å implementere regelverket i skolane. I dei private skolane er denne myndigheita lagd til eit eige styre oppretta etter privatrettslege føresegner. For dei offentlege skolane er denne myndigheita i utgangspunktet lagd til kommunen. Kommunen kan delegere myndigheita til ein eigen komité eller eit anna organ oppretta etter offentlegrettslege føresegner. Private og offentlege skolar er underlagde det same regelverket på utdanningsområdet, blir finansierte etter dei same kriteria og blir gjenstand for dei same inspeksjonane og eksamenane.

2.3.2 Godkjenning

Private grunnskolar kan etablerast utan særskild godkjenning så lenge dei følgjer krava i lova. For å få offentleg støtte krev lova at skolen opprettar eit juridisk ansvarleg styre som har som formål å tilby undervisningstenester på ikkje-kommersielt grunnlag.

Mange av dei private skolane er religiøse. Størsteparten er anten romersk-katolske eller protestantiske skolar, men det er også jødiske, islamske, hinduistiske og humanistiske skolar i Nederland. I tillegg finst det private skolar som ikkje er baserte på eit religiøst eller ideologisk fundament. Som fleire offentlege skolar tek mange private skolar utgangspunkt i ei særskilt pedagogisk tilnærming, som til dømes steiner- eller montessoripedagogikken.

Dei lokale styresmaktene har ansvar for å sikre mange nok skolar innanfor sitt område og fremje forslag om etablering av nye skolar til departementet. Sidan 1994 har norma for etablering og nedlegging av barneskolar vore knytt til elevtettleiken i kommunen. Dette har ført til eit krav om at nye skolar gjennom ein femårsperiode må ta opp minst 300 elevar dersom skolen er lokalisert i byen, og minst 200 elevar dersom skolen er lokalisert i meir rurale område. Før etablering av ein privat skole må det også gjerast ei undersøking av foreldra sine preferansar ved etablering av nye skolar.

2.3.3 Tilskotsføresegner

I tråd med prinsippet om utdanningsfridom blir dei offentlege og dei private grunnskolane finansierte etter dei same kriteria. Skolane kvalifiserer automatisk for tilskot så lenge dei kan møte kvalitetsstandardar og vilkår for tilskot som ligg i regelverket, jf. punkt 2.3.2. Central Funding of Institutions Agrency (CFI) er eit sjølvstendig organ under departementet, med ansvar for å finansiere utdanningssystemet i tråd med det etablerte finansielle rammeverket.

Tilskotet til skolane blir kanalisert både direkte og indirekte frå departementet til den enkelte skolen. Tilskotet til barneskolar består av eit tilskot som skal dekkje personalkostnader, eit tilskot som skal dekkje løpande utgifter, og eit tilskot som skal dekkje utgifter til lokale. Det siste blir kanalisert indirekte til skolen via kommunane, mens andre tilskot går direkte til den enkelte skolen.

Tilskotet som skal dekkje personalutgifter, utgjer om lag 85 prosent av det totale tilskotet og blir berekna etter talet på registrerte elevar. Tilskotet til løpande utgifter skal dekkje utgifter til mellom anna inventar, utstyr og undervisningsmateriell, og ein bereknar det etter talet på elevar og klassar. Tilskotet blir differensiert i forhold til elevane sin sosioøkonomiske bakgrunn, og skolar i problemområde får særskild støtte.

2.3.4 Tilsyn

Offentlege og private skolar er underlagde same tilsyn frå sentrale styresmakter. Tilsynet blir gjort av eit delvis uavhengig utdanningsinspektorat, som gjennom regelmessige inspeksjonar på skolane kontrollerer at verksemda følgjer regelverket. Inspektoratet sine resultat blir sende til den aktuelle skolen, departementet og parlamentet.

Til forsida