Ot.prp. nr. 33 (2002-2003)

Om lov om frittståande skolar (friskolelova)

Til innhaldsliste

20 Økonomiske og administrative følgjer av lovforslaget

20.1 Gjeldande ordning

Private grunnskolar og vidaregåande skolar med parallellar i offentleg sektor får eit tilskot per elev basert på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen. Satsen er ein gjennomsnittskostnad for elevar i offentleg skole, rekna ut frå ein statistisk modell utarbeidd av Høybråten-utvalet i 1997 (jf. NOU 1997:16). Tilskotet per elev er det same utan omsyn til i kva kommune den private skolen er etablert, og tilsvarer 85 prosent av gjennomsnittlege driftskostnader i tilsvarande offentlege skolar. Det blir ikkje gitt tilskot til kapitalkostnader.

Gjeldande modell for utrekning av tilskotssatsane til private grunnskolar og vidaregåande skolar er komplisert. Det er sett i gang arbeid med å lage enklare og meir oversiktlege modellar knytte til endringa i rapporteringsrutinane frå kommunane og fylkeskommunane, jf. KOSTRA. Det er eit vilkår at eventuelle endringar i utrekningsmetodane skal vere i tråd med tidlegare politiske vedtak om kva som skal høyre med i tilskotsgrunnlaget.

Per i dag er det totalt 889 elevar i private skolar som får særskild norskopplæring, med 37 668 timar. Det er 445 elevar som får morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring, noko som tilsvarer 18 610 underviste timar. I dag blir det gitt statsstøtte til særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring etter ein sats på kr 234 per underviste time. Dersom statsstøtta ikkje dekkjer alle utgifter, må kommunane dekkje den resterande delen av utgiftene ved offentlege skolar, mens private skolar sjølve må dekkje restkostnadene sine.

20.2 Økonomiske følgjer av lovforslaget

Med det gjeldande finansieringssystemet der kommunane sine rammer blir reduserte tilsvarande veksten i talet på elevar i frittståande grunnskolar, er det lagt opp til at veksten i talet på elevar i slike skolar over tid ikkje skal ha makroøkonomiske følgjer.

Etablering av ein eller fleire frittståande skolar i ein kommune kan i somme tilfelle føre til omfattande og varige endringar i den offentlege skolestrukturen. Dette kan gi kommunen auka kostnader per elev på grunn av færre elevar per klasse, bygningsmessig overkapasitet o.l. Det må likevel vere eit vilkår at kommunane til kvar tid vurderer kva slags skolestruktur som er mest formålstenleg, med omsyn til flytting, bygging av nye bustadfelt osv., i tillegg til eventuelle etableringar av frittståande skolar. Departementet vil også peike på at grunnskolar ikkje har rett til godkjenning der dette vil gi vesentlege negative følgjer for kommunen, jf. punkt 4.1.4 og forslag til § 2-1.

Etablering av ulike typar frittståande grunnskolar kan, som tidlegare nemnt, vere med på å auke mangfaldet innanfor grunnskoleopplæringa. Målet er at auka mangfald i offentlege og frittståande skolar skal medverke til å heve kvaliteten i både frittståande og offentlege tilbod, samtidig som foreldreretten blir sikra. Parallelt med forslaget til ny lov om frittståande skolar arbeider ein med fleire tiltak for å betre rammevilkåra for dei offentlege skolane. Dette skjer mellom anna gjennom moderniseringsprogrammet og fleire kvalitetsprosjekt, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) s. 10-12. Departementet har nyleg sendt ut eit høyringsbrev om lokalt handlingsrom i organisering av grunnopplæringa.

Kommunen og fylkeskommunen er ansvarlege for skyss av elevar ved private grunnskolar, på lik linje med elevar i offentleg skole. Etablering av nye private skolar kan påverke talet på elevar som må skyssast til skolen. Kommunen og fylkeskommunen kan få auka skyssutgifter når elevar vel å gå på private skolar som ligg så langt unna heimstaden at dei har krav på skyss. Men departementet har også erfaring med at offentlege (utkant-)skolar som blir lagde ned, blir førte vidare som private skolar, og i slike tilfelle kan kommunen og fylkeskommunen spare skyssutgifter ved at elevane framleis kan gå på ein skole i nærmiljøet.

20.3 Særleg om privatskulelova § 26, tilskotsreglane 1, 2 og 3

Departementet foreslår at tilskotsreglane 1, 2 og 3 i privatskulelova § 26 blir avvikla, sjå forslag til § 6-1. Under tilskotsreglane 1 og 2 blir det i dag gitt tilskot ut frå to ulike satsar som skal dekkje 100 prosent av driftsutgiftene til undervisning (satsar i 2002: Særleg ressurskrevjande elevar: 315 500 kr per elev, noko ressurskrevjande elevar: 195 380 kr per elev), utan at det ligg føre enkeltvedtak som seier noko om kva behov kvar enkelt elev har.

I dag finansierer kommunane og fylkeskommunane spesialundervisning ved dei private grunnskolane og vidaregåande skolane som er godkjende etter privatskulelova, med unntak av skolar godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav e.

I 2002 blir kommunar og fylkeskommunar trekte med 173 800 kr (184 000 kr ved opphald) per elev som går i private skolar under tilskotsreglane 1 og 2. Ved ei innlemming av skolane under tilskotsreglane 1 og 2 i den ordinære tilskotsføresegna, sjå forslag til § 6-1, vil trekket i kommuneramma bli gjort ut frå trekksatsen for vanleg undervisning, det vil seie 29 700 kr per elev (i 2002).

Departementet legg opp til at kommunane og fylkeskommunane skal kompenserast tilsvarande staten sine mindreutgifter for utgiftene til spesialundervisning for elevar under tilskotsreglane 1 og 2. Det blir lagt til grunn at avviklinga av tilskotsordninga ikkje får makroøkonomiske følgjer.

Avviklinga av tilskotsregel 3 vil ikkje bety noko for økonomien til kommunane.

Utrekninga av normalsatsar per elev for statleg tilskot til dei tre skolane som i dag ligg under tilskotsregel 3, må ta utgangspunkt i dei budsjetta som er godkjende i dag, i forhold til talet på elevar i dag.

Departementet vil opprette ein eigen post på statsbudsjettet som skal dekkje andre utgifter som desse skolane i dag får dekt under tilskotsreglane 1, 2 og 3. Endringa vil ikkje føre med seg auka kostnader for staten.

20.4 Særleg om innføring av rett til særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Kommunane har til no hatt ei mindreutgift ved at elevar i private skolar ikkje legg press på kommunen med særskild norskopplæring osv. Ved innføring av rett til slik opplæring også i private skolar vil kommunane få ansvaret for å dekkje eventuelle utgifter utover det som blir gitt i statleg støtte, også for elevar i private skolar.

20.5 Administrative følgjer

20.5.1 Delegering

Departementet foreslår at avgjerdsmyndet etter lova framleis skal liggje i departementet. Statleg avgjerdsmynde etter opplæringslova er lagt til departementet, og ein bør leggje myndet etter lov om frittståande skolar til same organ som etter opplæringslova.

Når departementet har mynde etter lova, kan departementet delegere det til eit anna organ, til dømes til statleg regionalt nivå. Innføring av rett til godkjenning av frittståande skolar gjer at ein til skilnad frå i dag ikkje lenger kan leggje vekt på reine politiske omsyn. Etter departementet si vurdering vil dette gjere det aktuelt å delegere avgjerdsmyndet.

20.5.2 Saksbehandling

Forslaget har ikkje nemnande administrative følgjer i forhold til gjeldande ordning etter privatskulelova. Departementet går ut frå at forslaget kan gi ein viss auke i talet på søknader om godkjenning av nye grunnskolar, og dermed ei auka saksmengd. Samtidig kan forslaget om å innføre rett til godkjenning av frittståande grunnskolar opne for at prosedyrane knytte til godkjenning vil bli noko enklare.

Til forsida