Ot.prp. nr. 33 (2002-2003)

Om lov om frittståande skolar (friskolelova)

Til innhaldsliste

15 Styre, elevråd og foreldreråd

15.1 Styret

15.1.1 Gjeldande rett

Privatskulelova § 17 stiller krav om at kvar skole skal ha eit styre. Styret skal veljast av eigaren, som også fastset kor mange medlemmer og varamedlemmer styret skal ha. Vidare gir føresegna møte- og talerett for representantar for elevrådet, foreldrerådet, lærarane og andre tilsette, kommunen eller fylkeskommunen, dessutan skoleleiaren. For grunnskolar blir det også gitt ein slik rett til ein representant for vertskommunen, og for vidaregåande skolar fylkeskommunen dersom fylkeskommunen yter tilskot til skolen. Dersom ein skole berre får tilskot frå staten, har ein representant for departementet tilsvarande møte- og talerett.

Føresegna opnar for at to eller fleire skolar kan ha felles styre, dersom departementet samtykkjer til dette.

Når styret behandlar saker som har teieplikt, kan styret bestemme at personar som ikkje er myndige, må forlate møtet.

Departementet kan i spesielle tilfelle dispensere frå reglane om møte- og talerett.

15.1.2 Høyringsforslaget frå departementet

I høyringsbrevet foreslo departementet i hovudsak å føre vidare reglane i privatskulelova § 17 første ledd. Føresegna om møterett for representantar som er oppnemnde av departementet, er likevel foreslått teken ut. Då det blir foreslått at tilskotsregel nr. 1, 2 og 3 i privatskulelova § 26 ikkje blir førte vidare, vil det ikkje vere aktuelt med representantar oppnemnde av departementet, sjå forslag til § 6-1.

Vidare foreslo departementet å føre vidare føresegna i privatskulelova § 17 andre ledd om at styret kan bestemme at mindreårige skal forlate lokalet ved behandling av saker med teieplikt, men likevel slik at styret har plikt til å syte for at personar som er under 18 år, ikkje er til stades når det blir behandla saker der det er teieplikt etter lov eller forskrift.

15.1.3 Høyringsinstansane

Skolenes landsforbund og LO meiner det bør vere eit absolutt krav at både foreldre og elevar er representerte i styret uavhengig av rådsstrukturen ved skolen.

Kristiansand kommune meiner at tilsette og elevar bør ha stemmerett i styret i saker som gjeld deira arbeidsforhold.

Vefsn kommune foreslår at vertskommunen blir gitt styreplass med alle rettar.

Skolenes landsforbund er imot at departementet skal kunne gi dispensasjon frå kravet om at tilsette, foreldre og elevar skal vere representerte i styret.

15.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet meiner det er viktig med demokratisk representasjon i skolen. På den andre sida vil skolen ha eit rettmessig behov for å verne sin eigenart. Departementet sitt syn er eit resultat av ei jamføring av desse omsyna. Etter departementet si meining er demokratiomsynet tilstrekkeleg sikra i og med møteretten i styret, dessutan ved føresegnene om elevråd og foreldreråd.

Å gi vertskommunen stemmerett i skolestyret ville, etter departementet sitt syn, vere eit inngrep i skolen sin fridom som vil vere i strid med føresetnadene i lova.

Departementet foreslår ei føresegn i tråd med forslaget i høyringsbrevet, og viser til drøftinga der, som er referert ovanfor.

Departementet viser elles til § 5-1 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.

15.2 Styret sine oppgåver

15.2.1 Gjeldande rett

Privatskulelova har føresegner om styret sine oppgåver i fleire paragrafar.

Styret er øvste ansvarlege organ ved skolen, jf. §§ 17 og 18 nr. 1. Styret sin rett til å delegere myndigheit til skoleleiaren er avgrensa, jf. § 18 nr. 4. Styret skal sjølv vedta budsjett, reglement og instruksar for skolen, jf. § 18 nr. 2 og 3.

Styret avgjer kva stillingar skolen skal ha forutan den daglege pedagogiske og administrative leiaren, og kva oppgåver desse skal ha, jf. § 13 andre ledd. Vidare skal styret sjølv tilsetje undervisningspersonalet, med unnatak av vikarar for ein del av skoleåret, jf. § 15. Vidare er det styret som skal fastsetje inntaksreglement, jf. § 7 nr. 2, og storleiken på skolepengane, jf. § 27 andre ledd.

15.2.2 Høyringsforslaget frå departementet

I høyringsbrevet foreslo departementet i hovudsak å føre vidare gjeldande rett. Departementet foreslo å samle reglane om styret sine oppgåver i ei føresegn.

«Departementet foreslår at elevens rett til å oppfylle opplæringsplikten gjennom undervisning i en frittstående skole skal komme direkte til uttrykk i loven, se forslaget til § 3-2 første ledd. Vi foreslår derfor at skolens plikt til å sørge for at elevene som er tatt inn ved skolen, får oppfylt opplæringsretten, kommer direkte til uttrykk i loven. Et tilsvarende forslag har også tidligere vært på høring, se høringsbrev fra Justisdepartementet om innarbeiding av FNs barnekonvensjon i norsk lovgivning av 14. februar 2001. Det foreslås en plikt for styret til å melde fra til hjemkommunen når elever har langvarige ikke legitimerte fravær fra undervisningen. Forslaget om å gi styret plikt til å gi melding til hjemkommunen har sammenheng med at kommunen har det overordnede ansvaret for å gi grunnskoleopplæring til alle elever som er bosatt i kommunen. Elever som over lengre tid ikke møter frem på skolen, kan anses å ha sluttet ved den frittstående grunnskolen. Frittstående skoler har ikke ansvar for elever som har sluttet ved skolen. For øvrig viser vi til forslag til § 7-5.

Andre ledd punkt 5 og tredje ledd fastsetter at styret må fatte en eventuell avgjørelse om å fremme en sak om flytting og bortvisning, og at denne beslutningen ikke kan delegeres. Dette er avgjørelser som griper sterkt inn i enkeltelevers livssituasjon, og det er derfor rimelig at det besluttes i et organ hvor blant annet representanter fra foreldrene og kommunen kan møte, jf. § 5-1.

Tredje ledd gir styret anledning til å delegere myndighet i alle andre saker enn de som er nevnt i andre ledd bokstavene a til e. Privatskoleloven gir ikke styret anledning til å delegere tilsettingsmyndighet og fastsetting av eventuelle instrukser. Denne begrensningen foreslås ikke videreført. Det er likevel et krav om at denne delegasjonen skal være forsvarlig. Styret er i alle tilfelle ansvarlig for de avgjørelser som tas, enten det skjer i styret eller etter fullmakt.

Privatskoleloven fastsetter også at styret for skolen skal fastsette reglement og instrukser for eventuelle internat som er knyttet til skolen. Privatskoleloven og forslag til ny lov om frittstående skoler regulerer ikke internatdrift, og det gis ikke tilskudd til drift av internat. Departementet mener derfor at det må være opp til eieren av internatet å avgjøre hvem som skal fastsette eventuelle reglement og instrukser for internatet. Bestemmelsen foreslås ikke videreført i loven.»

15.2.3 Høyringsinstansane

Kristne Friskolers Forbund ønskjer at tilsetjing av pedagogisk personale, søknader om godkjenning eller endringar og avgjering av leiingsform eksplisitt skal gå fram av forslaget sin § 5-2 som styret sine oppgåver. Det same gjeld privatskulelova si føresegn om at styret skal fastsetje reglement og instruksar for eventuelle internat som er knytte til skolen.

Utdanningsforbundet er skeptisk til at styret ikkje lenger skal fastsetje reglement og instruksar for internat som er knytte til skolen.

Forbundet Steinerskolene i Norge er einig i at styret skal kunne delegere tilsetjingsmyndigheita.

Skolenes landsforbund meiner det er vanskeleg for ein kontrollinstans å verne mot for høg eigendel når styret skal fastsetje leiarlønningane og styret vel kva skole ein skal samanlikne seg med, jf. §§ 6-1 og 6-2 i forslaget.

15.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Forslaget frå departementet har som mål å gi eit oversyn over kva oppgåver som er styret sin einekompetanse, dvs. oppgåver som styret ikkje har høve til å delegere til skoleleiinga eller andre. Departementethar ikkje meint at lista skal kunne lesast som eit uttømmande oversyn over styret sine oppgåver. Det vil etter departementet sitt syn ikkje vere formålstenleg å gi ei liste over dei alminnelege oppgåvene til styret.

Når det gjeld fråsegner i høyringsrunden om reglement for internat, vil departementet peike på at forslaget til friskolelov ikkje regulerer internatdrift. Departementet viser elles til vurderingane i førre avsnitt.

Når det gjeld den refererte fråsegna frå Skolenes landsforbund, vil departementet vise til behandlinga av finansieringsspørsmålet under kapittel 16 nedanfor.

Elles viser departementet til drøftinga i høyringsbrevet, som er referert ovanfor.

Departementet viser elles til § 5-2 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.

15.3 Elevråd

15.3.1 Gjeldande rett

Etter privatskulelova § 19 skal alle vidaregåande skolar ha eit elevråd på minst fem medlemmer med varamedlemmer. Ved grunnskolar skal det vere elevråd på ungdomstrinnet, og det kan vere elevråd ved skular for barnetrinnet når forholda ligg til rette for det.

Etter privatskulelova § 23b kan departementet dispensere frå kravet om elevråd når «særlege grunnar tilseier det».

15.3.2 Høyringsforslaget frå departementet

I høyringsforslaget er det teke inn føresegner som i hovudsak svarer til opplæringslova § 11-2 og § 11-6. Departementet uttalte at forslaget om å utvide kravet om elevråd til å omfatte mellomtrinnet, kvilte på synspunkt om aukande medverknad og ansvar i takt med aukande alder.

15.3.3 Høyringsinstansane

Barneombodet støttar ikkje at det blir gitt dispensasjonsrett, sidan dette strir mot barnet sin medbestemmingsrett etter Barnekonvensjonen artikkel 12. Utdanningsforbundet og ein del kommunar sluttar seg til dette.

Elevorganisasjonen meiner det bør vere elevråd allereie frå første klasse.

15.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Når det gjeld spørsmålet om skolane skal ha elevråd allereie frå første klasse, vil departementet vise til at opplæringslova har føresegner om elevråd frå og med femte klasse.

Departementet er einig med høyringsinstansane om at det ikkje skal vere høve til å dispensere frå kravet om elevråd i friskolelova. Departementet foreslår derfor å avvikle dispensasjonsretten, slik at friskolelova samsvarer med Barnekonvensjonen. Departementet foreslår elles ei føresegn i samsvar med høyringsforslaget.

Departementet viser elles til § 5-3 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.

15.4 Foreldreråd

15.4.1 Gjeldande rett

Etter privatskulelova § 20 skal det vere foreldreråd ved kvar grunnskole. Departementet kan etter privatskulelova § 23b dispensere frå dette kravet når «særlege grunnar tilseier det».

15.4.2 Høyringsforslaget frå departementet

Departementet ønskte å føre vidare plikta til å ha foreldreråd. Departementet foreslo at også oppgåvene til foreldrerådet blir lovfesta, og grunngav dette med at eit lovfesta organ bør ha sine overordna oppgåver fastsette i lova. Høyringsforslaget svarte i stor grad til opplæringslova § 11-4.

15.4.3 Høyringsinstansane

Utdanningsforbundet og ein del kommunar meiner at det ikkje bør vere høve til dispensasjon frå kravet om foreldreråd.

15.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår ei føresegn i tråd med høyringsforslaget, men slik at det ikkje blir gitt høve til dispensasjon frå kravet om foreldreråd.

Departementet viser elles til § 5-4 i lovutkastet og til dei spesielle merknadene til forslaget.

15.5 Andre råd og utval

Departementet sitt forslag til lovtekst i høyringsbrevet hadde ikkje føresegner om samarbeidsutval og skoleutval. Dette er ikkje kommentert av høyringsinstansane. Departementet vil la den enkelte skolen stå fritt med omsyn til om han ønskjer å opprette slike utval, og foreslår derfor at friskolelova ikkje regulerer dette.

Til forsida