Ot.prp. nr. 33 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter m.m. (gjennomføring av den europeiske patentkonvensjonen)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Om den europeiske patentkonvensjonen og Den europeiske patentorganisasjonen

Den europeiske patentkonvensjonen er ein internasjonal avtale av 5. oktober 1973 mellom fleire europeiske land som oppretta eit europeisk patentsøknadssystem der ein patentsøkjar med éin søknad kan få patent i alle landa som er tilslutta konvensjonen gjennom ei sentralisert behandling av søknaden ved Det europeiske patentverket. Konvensjonen oppretta også Den europeiske patentorganisasjonen. Organa til organisasjonen er Det europeiske patentverket, som behandlar søknader om europeisk patent, og Forvaltningsrådet, som er eit overordna organ der medlemslanda møter, og som blant anna har til oppgåve å føre tilsyn med Det europeiske patentverket. Den europeiske patentkonvensjonen vart endra i 2000. Noreg kjem til å tiltre den endra versjonen, som tek til å gjelde frå 13. desember 2007. I dag er 32 europeiske land tilslutta konvensjonen, blant anna alle EU-landa og EFTA-landa, bortsett frå Noreg. Den europeiske patentkonvensjonen og Den europeiske patentorganisasjonen er nærmare omtalt i St.prp. nr. 53 (2006–2007) punkt 6.

2.2 Arbeidsgrupperapport om konsekvensar av norsk tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen og NOU 1976: 49 Internasjonalt patentsamarbeid

Konsekvensane av norsk tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen har vorte utgreidde av ei arbeidsgruppe med representantar frå Nærings- og handelsdepartement, Utanriksdepartementet, Justisdepartementet og Patentstyret. Rapporten frå arbeidsgruppa vart lagd fram for Nærings- og handelsdepartementet i juni 2005. Arbeidsgrupperapporten inneheldt også eit utkast til endringar i patentloven i samband med ei tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen. Desse spørsmåla hadde tidlegare vorte gjennomgått av eit utval som la fram ei utgreiing som NOU 1976: 49 Internasjonalt patentsamarbeid.

2.3 Høyringa

Spørsmålet om Noreg skal tiltre den europeiske patentkonvensjonen og forslag til lovendringar i samband med ei eventuell tiltreding vart sende på høyring frå Nærings- og handelsdepartementet 6. juli 2006. Arbeidsgrupperapporten som er omtalt i punkt 2.2 var ein del av høyringsgrunnlaget, og lovutkastet frå arbeidsgruppa utgjorde forslaget til nødvendige endringar i patentloven. I høyringsbrevet foreslo Nærings- og handelsdepartementet i samråd med Justisdepartementet i tillegg at domstolane vart gitt høve til å innhente ei rådgivande fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker i søksmål om gyldigheita av eit patent når saka reiser spørsmål om patentet ikkje skulle ha vore gitt fordi kommersiell utnytting av oppfinninga strir mot offentleg orden eller moral, og at det vart opna for administrativ overprøving av gyldigheita av patent hos Patentstyret.

I St.prp. nr. 53 (2006–2007) punkt 4 er det gjort greie for kva for instansar som var adressatar for høyringa, og kven som har gitt fråsegner o.a. Det er også gjort greie for kva høyringsinstansane meinte om spørsmålet om norsk tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen. I proposisjonen her vil det berre bli gjort greie for synspunkta frå høyringsinstansane i den grad dei har meint noko om det nærmare innhaldet i forslaget til lovendringar som vart sendt på høyring, jf. punkt 3 til 5.