Ot.prp. nr. 33 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter m.m. (gjennomføring av den europeiske patentkonvensjonen)

Til innhaldsliste

3 Endringar som er nødvendige ved norsk tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen

Lovutkastet frå arbeidsgruppa som vart sendt på høyring 6. juli 2006, inneheldt forslag til endringar i patentloven med sikte på ei eventuell tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen. Dette var for det første visse forslag til justeringar i patentloven §§ 1 og 2 om kva som kan patenterast. Desse endringane inneber ikkje nokon realitetsforskjell i høve til gjeldande rett, men vart foreslått for å bringe ordlyden i samsvar med ordlyden i den europeiske patentkonvensjonen. For det andre vart det foreslått eit nytt kapittel i patentloven om europeisk patent med reglar om

  • definisjonar

  • innlevering av søknader om europeisk patent

  • at europeiske patentsøknader og patent har verknad i Noreg på same måte som norske patent

  • vilkåra for at europeiske patentsøknader og patent skal få verknad i Noreg (patenthavaren må levere inn omsetjingar til Patentstyret og betale fastsett avgift for dette)

  • verknader i Noreg av avgjerder i Det europeiske patentverket om å endre eller avgrense eit patent etter motsegns- eller klagebehandling eller etter sentralisert patentavgrensing

  • betaling av årsavgifter til Patentstyret for at europeiske patent skal halde fram med å ha verknad i Noreg

  • at Patentstyret skal utferde kunngjering i ein del tilfelle

  • verknader i Noreg av at ein europeisk patentsøknad der Noreg er peika ut blir avslått eller dregen tilbake eller blir rekna som dregen tilbake

  • situasjonar der det ikkje er samsvar mellom dei omsetjingane søkjaren leverer inn til Patentstyret, og teksten på det språket som var behandlingsspråk ved Det europeiske patentverket

  • verknader av at søkjaren leverer inn ei retta omsetjing til Patentstyret

  • verknader i Noreg av at Det europeiske patentverket gir oppreising for oversitjing av fristar som gjeld ved behandlinga der

  • omgjering av ein søknad om europeisk patent til ein søknad om patent hos Patentstyret

  • høve til i nokre situasjonar å halde fram med å bruke ei oppfinning som er gjenstand for ein europeisk patentsøknad eller eit europeisk patent for nokon som i god tru har begynt å bruke oppfinninga

  • prosessuelle føresegner om godkjenning og fullbyrding av visse utanlandske avgjerder, om verneting og litispendens i visse saker og stansing av saker om gyldigheita av europeiske patent for norske domstolar

Få av høyringsinstansane har uttalt seg om forslaget til lovendringar. Ingen har hatt innvendingar mot forslaget frå arbeidsgruppa. Fornyings- og administrasjonsdepartementet,Norsk Forening for Industriell Rettsbeskyttelse (NIR) og Rikshospitalet – Radiumhospitalet HF uttaler at dei støttar forslaget.

Departementet fremjar eit forslag til endringar som innhaldsmessig i stor grad byggjer på utkastet som vart sendt på høyring, men har gjort ein del endringar når det gjeld systematikken i forslaget og formuleringane. Særleg på grunn av dei endringane som skjedde i den europeiske patentkonvensjonen i 2000, har departementet også foreslått nokre endringar som ikkje var med i utkastet som vart sendt på høyring. Departement har også valt ikkje å følgje opp nokre av punkta i utkastet som vart sendt på høyring, fordi dei ikkje er nødvendige. Den europeiske patentkonvensjonen artikkel 25 inneheld ei føresegn som opnar for at nasjonale domstolar som behandlar inngreps- eller ugyldigheitssøksmål, kan innhente ei teknisk fråsegn frå Det europeiske patentverket mot å betale ei avgift. Denne ordninga blir svært lite brukt, og konvensjonen krev ikkje at nasjonal rett opnar for at domstolane skal kunne innhente slike fråsegner. Danmark og Sverige har ikkje gitt særlege reglar om dette i lovgivinga som gjennomfører konvensjonen. Departementet finn heller ikkje grunn til å foreslå reglar om dette i Noreg. Norske domstolar vil likevel ha høve til å innhente ei slik fråsegn frå Det europeiske patentverket dersom partane samtykkjer i dette.

Det blir elles vist til merknadene til paragrafane i lovutkastet i punkt 7.1.