Ot.prp. nr. 33 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter m.m. (gjennomføring av den europeiske patentkonvensjonen)

Til innhaldsliste

7 Merknader til paragrafane i lovforslaget

7.1 Merknader til endringane i patentloven

Til § 1

I første ledd er det presisert at oppfinningar innanfor alle tekniske område kan patenterast. Dette inneber ikkje noka realitetsendring i høve til gjeldande rett, men er teke med for at ordlyden skal samsvare med den europeiske patentkonvensjonen artikkel 52 nr. 1 og delavtalen til WTO-avtalen om handelsrelaterte sider ved immaterielle rettar (TRIPS) artikkel 27 nr. 1. Endringa har ikkje noko å seie for unntaka frå patenteringshøvet i § 1 andre til sjette ledd og §§ 1 a til 2.

Gjeldande tredje ledd er omformulert og plassert til slutt i paragrafen som sjette ledd. Noverande femte og sjette ledd blir dermed fjerde og femte ledd. Ordlyden i føresegna er også endra slik at føresegna no slår fast at framgangsmåte for kirurgisk behandling, terapi eller diagnostisering av menneske ikkje kan patenterast, medan ho i dag fastset at slike framgangsmåtar ikkje skal reknast som oppfinningar. Endringa har ikkje noko å seie for rettsstoda, da begge løysingane fører til at slike framgangsmåtar ikkje kan patenterast. Endringa er gjord for å få best mogleg samsvar mellom systematikken i patentloven og den europeiske patentkonvensjonen, jf. konvensjonen artikkel 53 bokstav c, som fastset at dei nemnde framgangsmåtane er unnatekne frå patentering.

Til § 2

I fjerde ledd er tilvisninga til § 1 tredje ledd endra slik at det blir vist til sjette ledd i staden, fordi gjeldande tredje ledd i § 1 er flytta til sjette ledd. Det er også gjort ei mindre språkleg endring som ikkje har noko å seie for rettsstoda.

Til § 39 a

I andre ledd nytt fjerde og femte punktum er det teke inn føresegner om situasjonen der det blir fremja krav om administrativ patentavgrensing av eit europeisk patent som gjeld i Noreg, både hos Patentstyret og hos Det europeiske patentverket. Etter tiltredinga vil eit europeisk patent som gjeld i Noreg, kunne avgrensast med verknad for Noreg gjennom behandling hos Patentstyret. Sak om avgrensing av slike patent kan også fremjast for Det europeiske patentverket, og avgrensinga vil då ha verknad for alle landa patentet gjeld for. Situasjonen der det blir fremja krav om administrativ patentavgrensing før motsegnsfristen har gått ut eller eventuelle motsegner er behandla ferdig, er regulert i andre ledd andre punktum. Det vil følgje av forslaget til § 66 b første ledd andre punktum at føresegna i andre ledd andre punktum i paragrafen her vil gjelde både for nasjonale patent og for europeiske patent som gjeld i Noreg.

Etter nytt fjerde punktum skal Patentstyret stanse behandlinga av ei sak om administrativ avgrensing dersom patenthavaren har sett i gang eller set i gang slik sak også ved Det europeiske patentverket. Det er ikkje noko i vegen for at patenthavaren krev avgrensing også for Patentstyret jamvel om han først har sett i gang sak ved Det europeiske patentverket. Patentstyret skal stanse saka om avgrensing uavhengig av om ei sak er sett i gang ved Det europeiske patentverket før eller etter at krav om administrativ avgrensing er fremja for Patentstyret. Saka skal i så fall stansast hos Patentstyret inntil ho er endeleg avgjord hos Det europeiske patentverket, det vil seie når høvet til å klage over ei avgjerd som avsluttar saka, ikkje lenger er til stades, eller når det ligg føre endeleg avgjerd i ordinær klagesak.

Nytt femte punktum regulerer situasjonen når ei sak om administrativ avgrensing har vore stansa hos Patentstyret og Det europeiske patentverket har fatta ei endeleg avgjerd i saka som førte til at saka hos Patentstyret vart stansa. Patentstyret skal i slike tilfelle ta opp igjen behandlinga av saka dersom det ikkje var fullt samsvar mellom kravet om avgrensing som vart fremja hos Patentstyret, og kravet som vart fremja hos Det europeiske patentverket. Dersom det var fullt samsvar mellom krava, kan ikkje Patentstyret ta saka opp til vidare behandling. Det vil ikkje vere fullt samsvar mellom krava dersom patenthavaren i Noreg har kravd ei annleis eller meir vidtgåande avgrensing enn hos Det europeiske patentverket.

Til § 39 b

Andre ledd andre punktum er endra slik at ei avgjerd frå Patentstyret om administrativ avgrensing av eit patent får verknad allereie frå den dagen patentsøknaden vart innlevert, det vil seie at avgjerda har verknad tilbake tid. I dag får avgjerd om administrativ avgrensing berre verknad framover i tid frå den dagen avgjerda blir kunngjord. Grunngivinga for denne endringa er at det bør vere samanfall mellom reglane som gjeld når eit patent blir avgrensa ved behandling hos Patentstyret og ved behandling hos Det europeiske patentverket. Etter den europeiske patentkonvensjonen artikkel 68 har avgjerder frå Det europeiske patentverket om patentavgrensing verknad tilbake i tid.

Til 52

I første ledd første punktum er det presisert at eit patent kan setjast heilt eller delvis til side som ugyldig ved dom. Dette inneber ikkje noka realitetsendring, då det også etter gjeldande rett er høve til å setje eit patent delvis til side som ugyldig. Endringa er gjord for at det på dette punktet skal vere samanfallande ordlyd med ny § 52 b om administrativ overprøving av gyldigheita av eit patent.

Første ledd andre punktum er nytt og gir patenthavaren høve til å avgrense patentet ved å endre patentkrava i eit ugyldigheitssøksmål. Bakgrunnen for dette er at den europeiske patentkonvensjonen artikkel 138 nr. 3 krev at patenthavaren skal ha høve til dette, og at forhandlingane ved ei slik endring skal baserast på patentet i avgrensa form. Formålet med føresegna er at eit patent som berre delvis er ugyldig, elles skal kunne bli halde ved lag. Dersom patentet er ugyldig i opphavleg form, vil patenthavaren gjennom endringa ha høve til å avgrense patentet under domstolsbehandlinga slik at det kan haldast ved lag i endra form. I dag er det ikkje høve til å endre patentkrava under domstolsbehandling av gyldigheita til eit patent.

Avgrensing vil berre kunne skje når patentet er delvis ugyldig, og når den avgrensinga patenthavaren krev, vil bøte på ugyldigheita. Det er altså eit vilkår at patentet i avgrensa form oppfyller patenteringsvilkåra. Andre avgrensingar enn dei som bøter på ugyldigheita, vil ikkje kunne skje under domstolsprøvinga. Det er vidare eit krav at avgrensinga skjer gjennom ei endring av patentkrava, og at endringa faktisk inneber ei avgrensing av omfanget av patentvernet. Endringa kan for eksempel gå ut på samanslåing av eit sjølvstendig krav med eitt eller fleire usjølvstendige krav eller med delar av slike krav. Endringa kan vidare gå ut på at føresegner frå beskrivinga blir tekne inn i patentkrava. Det er likevel ikkje mogleg å endre sjølve beskrivinga. Krav om avgrensing kan berre setjast fram av patenthavaren. Sjølv om patentet kan haldast ved lag gjennom ei endring i patentkrava, kan ikkje retten basere avgjerda på ei endring som patenthavar ikkje har kravd.

Dersom patenthavaren har kravd ei endring, skal endringa leggjast til grunn for prøvinga av gyldigheita når patentet ikkje kan haldast ved lag i opphavleg form. Kan patent haldast ved lag med endringa, skal retten i dommen fastsetje i kva omfang patentet skal stå ved lag, og at det elles er ugyldig.

I femte ledd er det presisert at dom om ugyldigheit etter første ledd har verknad tilbake i tid, det vil seie frå den dagen patentsøknaden vart innlevert. Heller ikkje dette inneber noka realitetsendring, men endringa er gjord for at det skal vere samanfall mellom ordlyden i § 52 om domstolsbehandling av gyldigheita og i ny § 52 d om administrativ overprøving. Den gjeldande regelen i femte ledd om oppreising skal i alle høve opphevast i samband med den nye tvisteloven, jf. punkt 7.2.

Til § 52 a

Paragrafen er ny og gir høve for domstolane til å innhente rådgivande fråsegner frå Den etiske nemnda for patentsaker i søksmål om gyldigheita av patent når saka reiser spørsmål om patentet er gitt i strid med patentloven § 1 b, og gir nærmare føresegner om innhenting av fråsegner o.a.

Etter første ledd kan retten i ugyldigheitssøksmål som reiser spørsmål om patent er gitt i strid med patentloven § 1 b, innhente ei rådgivande fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker. Til skilnad frå føresegnene som gjeld når Patentstyret innhentar fråsegner frå nemnda, gjeld det ikkje noko krav om at retten må vere i tvil om at patentet er gitt i strid med § 1 b. Det er tilstrekkeleg at søksmålet reiser spørsmål om patentet er gitt i strid med § 1 b. Det vil vere tilfellet dersom saksøkjaren gjer dette gjeldande. Bakgrunnen for at høvet til å innhente fråsegn er annleis for domstolane enn for Patentstyret, er at retten må innhente ei slik fråsegn under saksførebuinga før han har vurdert realiteten i saka. Dersom vilkåret hadde vore det same her som for Patentstyret, ville retten måtta gå inn i realiteten i saka under saksførebuinga, og det vil vere i dårleg samsvar med prosessordninga vår.

Jamvel om saka reiser spørsmål om patentet er gitt i strid med § 1 b, har ikkje retten noka plikt til å innhente fråsegn frå nemnda. Om dette skal gjerast, er opp til rettens skjønn. Kva for standpunkt partane tek i spørsmålet, vil ikkje binde retten. I avgjerda av om det skal innhentast fråsegn, må retten blant anna vurdere i kva grad ei fråsegn frå nemnda kan kaste lys over saka, og om dei etiske problemstillingane kan opplysast på andre måtar.

Høvet til å innhente fråsegn gjeld i alle instansar. Dersom ei fråsegn har vorte innhenta på eit tidlegare stadium i saka, kan ho også brukast under ankebehandling. Ankeinstansen kan dessutan velje å innhente ei ny fråsegn frå nemnda. Dette bør likevel berre gjerast der det er behov for oppklaringar om fråsegna som allereie ligg føre, eller for å opplyse etiske sider som ikkje er tekne opp i fråsegna. Det er ikkje noko til hinder for at same instans innhentar meir enn éi fråsegn frå nemnda. Dette kan blant anna vere aktuelt der det er behov for oppklaringar av noko i fråsegna. Innhenting av meir enn éi fråsegn frå nemnda i same instans bør likevel i størst mogleg utstrekning søkjast unngått av omsyn til framdrifta i saka. Det må såleis vurderast om ikkje dei nødvendige oppklaringane kan skje på andre måtar, f.eks. gjennom vitneprov frå eitt eller fleire av nemndmedlemmene.

Andre ledd gir nærmare reglar om innhenting av fråsegn. Etter andre ledd første punktum skal retten straks etter at tilsvar er kome inn, ta stilling til om fråsegn skal innhentast, jf. tvisteloven § 9-4 andre ledd. Bakgrunnen for dette er at innhenting av fråsegn i minst mogleg grad skal forseinke gjennomføringa av saka.

Andre ledd andre punktum fastset at førespurnaden frå retten om fråsegn skal vere skriftleg og grunngitt. I førespurnaden må det gjerast greie for oppfinninga og for dei etiske problemstillingane som det er ønskjeleg å få kasta lys over. Før ei fråsegn blir innhenta, skal partane etter andre ledd tredje punktum ha høve til å uttale seg om fråsegn skal innhentast eller ikkje, og om utforminga av førespurnaden. Av omsyn til framdrifta bør det setjast ein relativt knapp frist for uttale. Andre ledd fjerde punktum fastset at førespurnaden frå retten til nemnda skal sendast i kopi til partane samtidig med at han blir send til nemnda. Dette har samanheng med at partane etter andre ledd femte punktum har rett til å gi uttale direkte til nemnda, og at det i oversendinga frå retten skal fastsetjast ein frist på inntil tre veker for å gi uttale. Partane har ikkje nokon rett til å gi ytterlegare uttaler til nemnda. Det lèt seg ikkje gjere å opne for fleire uttaler frå partane når nemnda skal kome med si fråsegn innan to månader etter at førespurnaden er lagd fram for ho.

Tredje ledd første punktum fastset at nemnda skal gi si fråsegn innan tre månader etter at ho fekk førespurnaden. Bakgrunnen for dette kravet er at innhenting av fråsegn frå nemnda ikkje skal forseinke saksbehandlinga hos retten.

Tredje ledd andre punktum fastset at fråsegna frå nemnda skal vere skriftleg og grunngitt. Vurderingane til nemnda skal presenterast skriftleg for retten og partane. Den skriftlege fråsegna vil vere ein del av avgjerdsgrunnlaget til retten, jf. tvisteloven § 11-1 første ledd andre punktum. Fråsegna skal givast av heile nemnda om ikkje leiaren for nemnda ut frå saka sin karakter finn at det er tilstrekkeleg at tre medlemmer behandlar saka, f.eks. dersom saka må reknast som kurant. Fråsegna frå nemnda må i alle høve for det første innehalde ei utgreiing om kva faktiske tilhøve nemnda byggjer dei etiske vurderingane sine på. Dette vil bl.a. omfatte ei kortfatta beskriving av oppfinninga og dei sidene ved utnytting av oppfinninga som kan reise etiske spørsmål. For det andre må fråsegna innehalde ei utgreiing om korleis nemnda ser på kommersiell utnytting av oppfinninga i eit etisk perspektiv. Nemnda skal her byggje på allmenne etiske vurderingar. Nemnda skal ikkje vurdere i kva grad eventuelle etiske innvendingar er relevante etter patentloven § 1 b. Poenget med å innhente ei fråsegn frå nemnda er å få ei betre opplysing av dei etiske sidene ved oppfinninga for å sikre at retten blir merksam på tilhøve som kan vere relevante etter § 1 b. Om eventuelle etiske innvendingar som nemnda trekkjer fram har noko å seie etter § 1 b, er det opp til retten aleine å ta stilling til. Det er blant anna på dette punktet det syner seg at fråsegna frå nemnda er rådgivande, jf. første ledd. Det inneber også at nemnda sine påpeikingar av eventuelle etiske innvendingar ikkje er bindande for retten. Jamvel om nemnda meiner at utnytting av ei oppfinning har uheldige etiske sider, treng ikkje retten å leggje dette til grunn for avgjerda dersom han ikkje er einig i vurderingane til nemnda, f.eks. fordi det syner seg at nemnda har bygd på eit uriktig faktum eller lagt til grunn at utnyttingsmåtar som er tillatne i lov, er uetiske.

Etter tredje ledd tredje punktum skal medlemmene i nemnda søkje å gi ei felles fråsegn. Dette inneber ei oppfordring til nemnda om å gi ei fråsegn utan dissensar. Det gjeld likevel ikkje noko forbod mot at nemnda gir ei delt fråsegn. Nemnda skal sende fråsegna til retten og partane, jf. tredje ledd fjerde punktum .

Etter fjerde ledd første punktum skal retten gi partane ein frist på tre veker til å gi skriftlege kommentarar til fråsegna frå nemnda. Av omsyn til framdrifta i saka bør retten fastsetje ein slik frist så snart han mottek fråsegna. Hovudforhandlinga i saka kan først haldast etter utløpet av denne uttalefristen, jf. fjerde ledd andre punktum . Under hovudforhandlinga kan partane, innanfor dei rammer tvisteloven set, føre bevis og framføre argument om kor haldbar fråsegna frå nemnda er, med omsyn til både det faktum nemnda har bygd på, og dei etiske vurderingane.

Femte ledd første punktum fastset at saksdokumenta i saker der nemnda gir fråsegn til domstolane, ikkje er omfatta av offentleglova. Når nemnda gir fråsegn til Patentstyret, vil dokumenta derimot vere omfatta av offentleglova. Grunnen til at det er valt ei anna løysing her, er omsynet til å sikre samanheng med reglane som gjeld om dokumentinnsyn i saker som blir behandla av domstolane. Femte ledd andre punktum fastset at nemnda si fråsegn vil vere underlagd innsynsrett hos nemnda når det er sagt dom i saka fråsegna er gitt i.

Til nye §§ 52 b til 52 e

Gjennom desse paragrafane blir ei ordning med administrativ overprøving hos Patentstyret av gyldigheita av patent innført. Dette vil vere eit alternativ til domstolsbehandling, slik at ein som meiner at eit patent er ugyldig, vil ha valet mellom å reise søksmål etter § 52 og å fremje krav om ugyldigheit hos Patentstyret.

Til § 52 b

Paragrafen slår fast at sak om administrativ overprøving av gyldigheita til eit patent kan fremjast for Patentstyret, og gir nærmare reglar om saksbehandling og om innsynsrett.

Etter første ledd kan kven som helst setje fram krav om administrativ overprøving til Patentstyret. Det gjeld ikkje noko krav om at den som set fram kravet, må vere knytt til saka på nokon måte. På dette punktet svarer føresegna til § 52 tredje ledd om ugyldigheitssøksmål for domstolane. Patentstyret skal gjere ei ny vurdering av tilhøvet til §§ 1 til 2 i patentloven, som skal vere uavhengig av vurderinga som vart gjord i samband med at patentet vart gitt, og i ei eventuell motsegnsbehandling. For å sikre at vurderinga blir uavhengig, er det ein føresetnad at dei i Patentstyret som behandlar ei sak om administrativ overprøving, ikkje har teke del i søknads- eller motsegnsbehandling for dette patentet. Patentstyret må derfor organisere behandlinga av saker om administrativ overprøving slik at dette blir sikra.

Andre ledd regulerer innhaldet i kravet om overprøving. Kravet skal etter andre ledd første punktum innehalde opplysning om namn og adresse til den som krev overprøving, jf. bokstav a , kva patent kravet gjeld, jf. bokstav b . Det skal vidare innehalde opplysningar om kva grunnar kravet byggjer på, jf. bokstav c . Som grunnlag for kravet kan både faktiske og rettslege argument gjerast gjeldande. Etter § 52 d første ledd første punktum kan likevel krav om administrativ overprøving hos Patentstyret berre grunngivast med at patentet er gitt i strid med patentloven §§ 1 til 2, det vil seie at eit av vilkåra for å gi patent ikkje er oppfylt. Grunnar til ugyldigheit som er nemnde i patentloven § 52 første ledd nr. 2 til 5, kan ikkje gjerast gjeldande når det blir kravd administrativ overprøving. Som eit siste punkt skal kravet etter bokstav d innehalde nødvendig dokumentasjon av tilhøve som blir trekte fram til støtte for kravet. Det vil f.eks. ikkje vere nødvendig med dokumentasjon dersom kravet blir grunngitt med at patent er gitt på grunnlag av feil bruk av reglane i patentloven.

Andre ledd andre punktum fastset at kravet i tillegg til vilkåra i første punktum må oppfylle dei vilkåra som blir fastsette av Kongen i forskrift, og at det må betalast fastsett avgift. I tråd med prinsippet om at verksemda til Patentstyret skal vere sjølvfinansierande, vil det bli fastsett at det skal betalast ei avgift for administrativ overprøving.

Etter tredje ledd første punktum skal Patentstyret gi ein rimeleg frist for uttale og om mogleg retting av feila dersom kravet om overprøving ikkje oppfyller vilkåra i andre ledd, § 52 c eller § 52 d første ledd første punktum. Feil som ligg i at vilkåra i andre ledd ikkje er oppfylte, kan rettast. Det same gjeld også når kravet er grunngitt på annan måte enn at patentet er gitt i strid med vilkåra i §§ 1 til 2, jf. § 52 d første ledd første punktum, men her kan det sjølvsagt vere slik at den som krev overprøving, meiner at det berre ligg føre andre grunnar til ugyldigheit enn dei som kan vere grunnlag for å krevje administrativ overprøving. At motsegnsfristen ikkje har gått ut eller at det har vore ei sak om patentet for domstolane, jf. § 52 c, vil derimot vere eksempel på tilhøve som den som krev overprøving ikkje vil kunne rette. Dersom feil som nemnde i tredje ledd første punktum ikkje blir retta, skal Patentstyret etter tredje ledd andre punktum avvise kravet, om ikkje Patentstyret finn at det bør givast ein ny frist for retting. Det vil ikkje vere aktuelt å gi ny frist dersom det dreier seg om ein feil som ikkje kan rettast.

Etter fjerde ledd første punktum skal Patentstyret kunngjere at krav om administrativ overprøving er innlevert, og leggje kravet fram for patenthavaren, som skal få høve til å uttale seg. Det som skal leggjast fram for patenthavaren, er sjølve kravet slik det er innlevert med eventuell dokumentasjon. Føresegnene i fjerde ledd andre til fjerde punktum gjeld varsling av lisenshavarar og svarer til patentloven § 64, som gjeld ved søksmål. Fjerde ledd andre punktum fastset at den som krev administrativ overprøving, skal gi melding om dette i rekommandert brev til alle lisenshavarar som er innførte i patentregisteret, såframt adressa går fram av registeret. Formålet er at desse skal få høve til å ivareta sine interesser i saka. Dokumenterer ikkje den som krev overprøving at slik melding er gitt, kan Patentstyret fastsetje ein frist for å gi melding, jf. fjerde ledd tredje punktum . Dersom det blir fastsett slik frist og fristen ikkje blir halden, skal Patentstyret avvise kravet, jf. andre ledd fjerde punktum .

Etter femte ledd kan Patentstyret når det er innlevert to eller fleire krav om overprøving av det same patentet, sameine sakene til felles behandling, dersom det ikkje blir sett fram ei grunngitt innvending mot det. Slik sameining vil vere rasjonelt og kan føre til betre opplysning av saka. Før Patentstyret bestemmer at saker skal sameinast, må dei involverte partane givast høve til å uttale seg om spørsmålet, slik at eventuelle innvendingar kan kome fram. Ei sakleg innvending kan f.eks. vere at sameining vil føre til at ei eller fleire av sakene blir forseinka i høve til ein situasjon der sakene blir behandla separat.

Etter sjette ledd kan Patentstyret behandle eit krav om overprøving jamvel om patentet har opphøyrt eller opphøyrer etter patentloven §§ 51 eller 54, det vil seie på grunn av manglande betaling av årsavgift eller fordi patenthavar gir avkall på patentet, dersom den som har kravd overprøving har rettsleg interesse i få spørsmålet avgjort etter at patentet er opphøyrt, f.eks. fordi det er spørsmål om vedkomande har gjort inngrep i patentet. Også ved søksmål for domstolane vil det etter at eit patent har opphøyrt, gjelde eit krav om rettsleg interesse, jf. tvisteloven § 1-3 og Rt. 1971 s. 416. Er dette kravet oppfylt, vil søksmål kunne reisast også når patentet har opphøyrt av andre grunnar enn dei som går fram av patentloven §§ 51 og 54.

Etter sjuande ledd kan Patentstyret ved avgjerda av kravet ta omsyn til tilhøve som ikkje er tekne med i kravet om overprøving. Dei grunnar og argument som er gjorde gjeldande i kravet, er med andre ord ikkje bindande for Patentstyrets behandling av saka. Føresegna svarer til design­loven § 27 femte ledd første punktum. Dersom Patentstyret vurderer å ta omsyn til tilhøve som ikkje er gjorde gjeldande, må partane varslast og få høve til å uttale seg, jf. styreloven § 9 og forvaltningsloven § 17.

Åttande ledd første punktum inneheld ei føresegn om at alle har rett til innsyn i dokumenta i ei sak om administrativ overprøving. Unntaka frå innsynsretten som går fram av patentloven § 22 femte og sjette ledd, gjeld tilsvarande, jf. åttande ledd andre punktum.

Til § 52 c

Paragrafen skal blant anna hindre parallelle saker for domstolane og Patentstyret og hindre at same krav om ugyldigheit blir fremja for Patentstyret etter at domstolane har behandla ei slik sak ferdig.

Første ledd første punktum fastset at krav om administrativ overprøving ikkje kan fremjast før motsegnsfristen har gått ut, eller så lenge ei motsegnssak eller sak om patentavgrensing etter krav frå patenthavaren ikkje er endeleg avgjord. Motsegn kan likeins som krav om administrativ overprøving fremjast av kven som helst. Så lenge det er høve til å fremje motsegn, er det derfor ikkje nokon grunn til å opne for administrativ overprøving. Dette gjeld også etter at motsegnsfristen har gått ut, men medan ei motsegnssak er under behandling. Før det er avklart om motsegnssaka fører til at patentet blir sett til side, tilseier omsynet til rasjonell behandling at det ikkje er nokon grunn til å opne for ei sak om administrativ overprøving. Dei same omsyna gjer seg også gjeldande der patenthavaren har kravd avgrensing av patentet. Dette kan føre til at ein ugyldigheitsgrunn ikkje lenger gjeld. Det følgjer av ny § 66 b første ledd andre punktum at denne føresegna også vil gjelde der ei motsegnssak om eller sak om avgrensing av eit europeisk patent som skal gjelde i Noreg, ikkje er endeleg avgjord hos Det europeiske patentverket. Når det gjeld motsegnssaker som blir behandla av Patentstyret og Det europeiske patentverket, vil saka vere endeleg avgjord anten når det er fatta ei avgjerd og den ikkje lenger kan klagast på, eller når dei ordinære høvene til å klage er utnytta.

Etter første ledd andre punktum kan krav om administrativ overprøving heller ikkje setjast fram så lenge ei sak om patentet ved domstolane ikkje er endeleg avgjord. Det er ikkje berre ugyldigheits­saker for domstolane som hindrar ei sak om administrativ overprøving, men også inngrepssaker om patentet, medrekna sak om mellombelse tiltak i ugyldigheitssaker og inngrepssaker. Bakgrunnen for dette er at gyldigheitsspørsmål ofte vil bli tekne opp i samband med ei inngrepssak. Andre saker som har ei tilknyting til patent, f.eks. ein tvist om ein lisensavtale, vil derimot ikkje hindre ei sak om administrativ overprøving. Slike saker vil ikkje røre ved gyldigheita av patentet, men har i røynda avtalen og ikkje patentet som tvistegjenstand, slik at dei ikkje er omfatta av ordlyden i føresegna.

Første ledd tredje punktum regulerer situasjonen der det blir reist sak for domstolane om patentet medan Patentstyret har til behandling ei sak om administrativ overprøving. På grunn av føresegna i fjerde punktum vil det vere andre enn den som har fremja kravet om administrativ overprøving, som eventuelt fremjar sak for domstolane. Dersom det blir reist sak for domstolane om patentet, skal Patentstyret stanse saksbehandlinga i sak om administrativ overprøving inntil rettssaka er endeleg avgjord når kravet om administrativ overprøving er fremja av andre enn patenthavaren. Dersom patenthavaren sjølv har kravd administrativ overprøving, patenthavaren vil med andre ord sjølv ha patentet sett heilt eller delvis til side som ugyldig, vil saka ofte vere kurant, slik at omsynet til rasjonell behandling tilseier at Patentstyret bør behandle saka. Kva som er sak for domstolane om patentet, skal forståast på same måte her som i andre punktum.

Første ledd fjerde punktum hindrar at den som har kravd administrativ overprøving, reiser søksmål om patentet medan overprøvingssaka blir behandla hos Patentstyret. Kva som er søksmål om patentet, skal forståast på same måte her som i andre punktum. Dersom vedkomande ombestemmer seg og heller vil reise sak for domstolane, vil han kunne oppnå dette ved å dra tilbake saka hos Patentstyret.

Andre ledd regulerer høvet til å fremje krav om administrativ overprøving når den som fremjar kravet, tidlegare har reist sak om gyldigheita av patentet for domstolane. For å hindre at ein som har tapt ei sak hos domstolane der vedkomande har kravd eit patent sett til side som ugyldig, prøver seg på nytt hos Patentstyret, må det givast særlege reglar om dette, då reglane om rettskraft for rettsavgjerder i tvistelova berre gjeld ved ny domstolsbehandling. Andre ledd fastset derfor at krav om administrativ overprøving ikkje kan fremjast av ein part som tidlegare har reist sak for domstolane om gyldigheita av patentet, dersom reglane om rettskraft er til hinder for at det blir fremja ny sak for dom­stolane om patentet. Føresegna inneber med andre ord at i den grad rettskraftreglane er til hinder for ny rettssak om gyldigheita av patentet, vil heller ikkje sak om administrativ overprøving kunne fremjast hos Patentstyret.

Til § 52 d

Paragrafen inneheld blant anna føresegner om Patentstyret si behandling av eit krav om administrativ overprøving og kva avgjerda til Patentstyret kan gå ut på.

Etter første ledd første punktum kan eit krav om administrativ overprøving berre grunngivast med at patentet er gitt i strid med patentloven §§ 1 til 2, jf. merknadene til § 52 b andre ledd. Første ledd andre punktum fastset at plikta for Patentstyret til å innhente ei rådgivande fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker også gjeld i saker om administrativ overprøving, på same måte som ved behandling av patentsøknader og behandling av motsegner, jf. patentloven §§ 15 a og 25 tredje ledd andre punktum. Dersom det allereie ligg føre ei fråsegn frå nemnda, vil likevel ikkje Patentstyret, trass i at det er i tvil om patent skulle ha vore nekta etter § 1 b, ha plikt til å innhente ei ny fråsegn frå nemnda, med mindre det er grunn til å tru at tvilen kan ryddast av vegen gjennom å be nemnda om ei oppklaring eller å gi fråsegn om andre etiske sider enn dei som er dekte av fråsegna som allereie ligg føre.

Dersom Patentstyret kjem til at patentet er gitt i strid med patentloven §§ 1 til 2, skal Patentstyret etter andre ledd første punktum erklære patentet for ugyldig, med mindre ugyldigheitsgrunnen kan bøtast ved at patentet blir endra. Ugyldigheitsverknaden skal ikkje strekkjast lenger enn ugyldigheitsgrunnen rekk. Rammer ugyldigheitsgrunnen berre ein del av patentet, skal derfor ugyldigheitsverknaden avgrensast tilsvarande. Patentstyret kan i sak om administrativ overprøving, dersom det er mogleg, avbøte ugyldigheitsgrunnen ved å endre patentet. Etter andre ledd andre punktum kan likevel berre patentet bli halde ved lag i endra form dersom patenthavaren er einig i dei endringane Patentstyret vil gjere. Patenthavaren må derfor få høve til å uttale seg om desse. Er patenthavaren einig i endringane som Patentstyret foreslår, erklærer Patentstyret dei delane av patentet som ikkje kan haldast ved lag, for ugyldige, og fastset kva for delar av patentet som blir haldne ved lag. Patenthavaren har også sjølv høve til å foreslå endringar i patentet i ei sak om administrativ overprøving, og Patentstyret må i så fall prøve om patentet er gyldig med dei endringane patenthavaren foreslår dersom det ikkje kan haldast ved lag i opphavleg form. Dersom patenthavaren ikkje er einig i endringar som Patentstyret foreslår, skal heile patentet erklærast ugyldig, jf. andre ledd tredje punktum . Andre ledd fjerde punktum fastset at Patentstyret, når det ikkje er grunnlag for å etterkome kravet heilt eller delvis, skal avslå kravet og erklære at patentet blir halde ved lag.

Tredje ledd første punktum fastset at patenthavaren skal betale fastsett avgift for endringa av patentet innanfor fastsett frist når patentet blir halde ved lag i endra form. Avgifta skal blant anna dekkje kostnadene ved kunngjering av det endra patentet. Dersom avgifta ikkje blir betalt innan fristen, skal patentet erklærast ugyldig, jf. tredje ledd andre punktum .

Avgjerd om å erklære eit patent heilt eller delvis ugyldig har etter fjerde ledd første punktum verknad tilbake i tid frå då patentsøknaden vart innlevert. Patentstyret skal kunngjere avgjerda, jf. fjerde ledd andre punktum .

Til § 52 e

Paragrafen regulerer høvet til å klage på avgjerder i saker om administrativ overprøving og høvet til å bringe slike avgjerder inn for domstolane.

Etter første ledd første punktum kan ei avgjerd frå første avdeling i Patentstyret i sak om administrativ overprøving klagast inn for andre avdeling av den parten som avgjerda har gått imot. Dersom kravet ikkje er teke til følgje vil den som har kravd overprøving, ha klagerett. Det same gjeld dersom det er kravd at heile patentet skal setjast til side som ugyldig, men avgjerda berre går ut på delvis ugyldigheit. I tilfelle der patentet er sett heilt eller delvis til side, vil patenthavaren ha rett til å klage. Partane i klagesaka vil vere dei same som i saka for første avdeling. For å sikre ei uavhengig vurdering i klageomgangen må andre avdeling setjast saman slik at medlemmer som tidlegare har vore med på å behandle ei klagesak om patentet på søknads- eller motsegnsstadiet, ikkje tek del i klagebehandlinga av ei sak om administrativ overprøving om patentet.

Klaga må vere komen inn til Patentstyret innan to månader etter at melding om avgjerda vart send den parten som klagar, jf. første ledd andre punktum . For klage må det betalast fastsett avgift, jf. første ledd tredje punktum . Dersom klagefristen ikkje blir halden, eller dersom fastsett avgift ikkje blir betalt, skal ikkje klaga behandlast, jf. fjerde ledd fjerde punktum .

Andre ledd inneheld nærmare krav til innhaldet i klaga. Klaga skal etter andre ledd første punktum innehalde opplysningar om namn og adresse til den som klagar, jf. bokstav a , kva avgjerd klaga gjeld, jf. bokstav b , kva endring som blir kravd, jf. bokstav c , og kva grunnar klaga byggjer på, jf . bokstav d . Avgrensingane i kva for grunnar som kan gjerast gjeldande for ugyldigheit, som går fram av § 52 d første ledd første punktum, gjeld også i klageomgangen. Etter andre ledd andre punktum skal klaga i tillegg oppfylle dei vilkåra som blir fastsette av Kongen ved forskrift. Etter andre ledd tredje punktum gjeld § 52 b tredje ledd om retting av feil og avvising tilsvarande så langt han passar. Den nemnde reservasjonen er teken med for å få fram at vilkåra i § 52 b andre ledd ikkje gjeld i tillegg til dei krava som andre ledd i paragrafen her stiller opp.

Etter tredje leddførste punktum kan ei avgjerd frå Patentstyret i ei sak om administrativ overprøving der patentet blir erklært heilt eller delvis ugyldig, bringast inn for domstolane. Det gjeld ein søksmålsfrist på to månader rekna frå då melding om avgjerda vart send til den parten som avgjerda går imot. Det er ikkje noko krav om at alle administrative høve til å klage blir utnytta før saka blir fremja for domstolane. Ei avgjerd frå første avdeling kan såleis bringast direkte inn for domstolane av den parten som avgjerda har gått imot. I slike saker vil staten vere motpart i søksmålet, ikkje den som var motpart under behandlinga hos Patentstyret. Etter tredje ledd andre punktum skal det i melding om avgjerd om heil eller delvis ugyldigheit takast inn orientering om søksmålsfristen etter tredje ledd første punktum.

Tredje ledd tredje punktum fastset at avgjerd frå Patentstyret der eit krav om administrativ overprøving blir avslått eller avvist, ikkje kan bringast inn for domstolane. I slike tilfelle kan altså ikkje avgjerda gjerast til gjenstand for søksmål. Den som meiner at patentet er ugyldig, kan likevel i slike tilfelle reise sak om ugyldigheit for domstolane med patenthavaren som motpart.

Til § 55

Paragrafen inneheld reglar om at Patentstyret skal kunngjere avgjerder om å setje eit patent til side som ugyldig o.a. Det er teke inn tilføyingar som fastset at Patentstyret også skal kunngjere avgjerder i sak om administrativ overprøving om å erklære eit patent for ugyldig eller halde ved lag i endra form, og dommar i saker der eit patent blir halde ved lag i endra form, jf. høvesvis § 52 d og § 52 første ledd andre punktum. Det er også gjort ei reint språkleg endring i slutten av føresegna.

Til § 61

Paragrafen regulerer høvet til å byggje ei frifinning i sivile saker på at eit patent er ugyldig o.a. Etter første ledd første punktum kan frifinning i ei sivil sak berre byggje på at patentet er ugyldig når det er gitt dom for ugyldigheit. Etter forslaget til §§ 52 b til 52 e kan også Patentstyret erklære eit patent for ugyldig i ei sak om administrativ overprøving av patentet. Også når det ligg føre ei endeleg avgjerd frå Patentstyret der patentet blir erklært for ugyldig, bør domstolane kunne byggje ei frifinning på dette. Det er derfor teke inn ei tilføying i første ledd andre punktum der dette går fram. Domstolane vil ikkje berre kunne byggje ei frifinning på avgjerda frå Patentstyret når eit patent blir erklært heilt ugyldig, men også når eit patent blir erklært for delvis ugyldig, det vil seie at det blir halde ved lag i endra form, dersom det ut i frå ei vurdering av det endra patentet ikkje ligg føre noko patentinngrep.

Til nye §§ 63 a til 63 d

Desse paragrafane inneheld visse prosessuelle reglar for saker som gjeld europeiske patent. I utkastet som vart sendt på høyring, var desse føresegnene plasserte i det nye kapitlet i loven om europeiske patent. I forslaget her er dei derimot plasserte i kapittel 10 saman med dei andre prosessuelle reglane i loven.

Til § 63 a

Føresegna gir domstolane høve til å stanse ei sak om inngrep i eller gyldigheita av eit europeisk patent, inntil Det europeiske patentverket har fatta ei endeleg avgjerd i sak om oppheving eller avgrensing av patentet eller inntil patentet ikkje lenger kan opphevast av Det europeiske patentverket. Dersom det framleis kan fremjast motsegn hos Det europeiske patentet eller ei sak der om motsegn ikkje er endeleg avgjord, tilseier rasjonalitetsomsyn at norske domstolar ikkje skal trenge å ta ei sak om patentet under behandling. Det same gjeld når ei sak om avgrensing av patentet hos Det europeisk patentverket ikkje er endeleg avgjord. Ei sak vil vere endeleg avgjord hos Det europeiske patentverket når ei avgjerd ikkje lenger kan klagast på, eller når dei ordinære høva til å klage er brukte. Paragrafen vil berre ha noko å seie for europeiske patent som gjeld i Noreg. Gjeld ikkje patentet i Noreg, vil det ikkje kunne reisast søksmål om det her.

Til § 63 b

Paragrafen regulerer når norske domstolar har kompetanse til å behandle søksmål om kven som har rett til få eit europeisk patent. Første ledd regulerer kompetansen i alle andre høve enn der tvisten står mellom ein arbeidsgivar og ein arbeidstakar om ei oppfinning gjord av arbeidstakaren. Dreier det seg om ein slik tvist, blir kompetansen regulert av andre ledd.

Etter første ledd kan søksmål reisast for norske domstolar dersom den som søkjer er busett eller har hovudkontor i Noreg, den som krev retten er busett eller har hovudkontor i Noreg og søkjaren ikkje er busett eller har hovudkontor i ein stat som er part i den europeiske patentkonvensjonen, eller partane har avtalt skriftleg, eller munnleg med skriftleg stadfesting, at søksmål skal reisast ved norsk domstol. Jamvel om søkjaren bur eller har hovudkontor i Noreg, vil ein avtale mellom partane om at saka skal behandlast for domstolane i ein annan stat som er part i konvensjonen, vere avgjerande for kompetansen, slik at saka ikkje kan behandlast i Noreg, jf. protokoll til den europeiske patentkonvensjonen om jurisdiksjon og godkjenning av avgjerder om retten til europeiske patent artikkel 5 nr. 1.

Saker om retten til europeisk patent på ei oppfinning gjord av ein arbeidstakar mellom denne og arbeidsgivaren, høyrer etter andre ledd første punktum inn under ein norsk domstol dersom arbeidstakaren hovudsakleg er sysselsett i Noreg, eller, dersom det ikkje kan fastsetjast i kva stat vedkomande hovudsakleg er sysselsett, arbeidstakaren er knytt til forretningsstad i Noreg, eller partane har avtalt skriftleg, eller munnleg med skriftleg stadfesting, at søksmål skal reisast i Noreg, og slik avtale er i samsvar med loven i den staten som gjeld for arbeidstilhøvet. Regelen om avtale i bokstav b går framfor regelen i bokstav a når vilkåra i bokstav b er oppfylte, jf. protokoll til den europeiske patentkonvensjonen om jurisdiksjon og godkjenning av avgjerder om retten til europeiske patent artikkel 5 nr. 2.

Andre ledd andre punktum fastset at det ikkje kan avtalast at søksmål som er omtalte i andre ledd, skal reisast ved utanlandsk domstol dersom norsk rett regulerer arbeidstilhøvet.

Andre ledd tredje punktum inneheld ein regel om lovval i saker etter andre ledd. I saker mellom arbeidsgivar og arbeidstakar skal retten i den staten der arbeidstakaren hovudsakleg er sysselsett, leggjast til grunn, eller, dersom dette ikkje kan fastsetjast, retten i den stat der forretningsstaden arbeidstakaren er knytt til, ligg.

Til § 63 c

Paragrafen regulerer litispendens på internasjonalt nivå i saker om retten til europeisk patent. Etter første punktum skal søksmål for ein norsk domstol om retten til eit europeisk patent avvisast dersom ei sak mellom dei same partane om den same søknadsgjenstanden er reist tidlegare ved ein domstol eller eit anna organ i ein annan stat som er part i den europeiske patentkonvensjonen. Andre punktum regulerer situasjonen når det er gjort gjeldande motsegn mot at saka skal fremjast for den utanlandske domstolen eller det utanlandske organet. Den norske domstolen skal då stanse saka inntil motsegna er rettskraftig avgjord i utlandet. Dersom saka blir behandla i utlandet, skal den norske domstolen avvise saka etter første punktum. Blir saka avvist i utlandet, må den norske domstolen ta saka under behandling.

Situasjonen etter at realiteten i saka er rettskraftig avgjord i utlandet, blir regulert av § 63 d.

Til § 63 d

Paragrafen regulerer verknadene i Noreg av utanlandske avgjerder om retten til europeiske patent.

Første punktum fastset at rettskraftig avgjerd frå alle statar som er part i den europeiske patentkonvensjonen i sak om retten til eit europeisk patent for ein eller fleire statar utpeika i søknaden, utan vidare har bindande verknad og kan fullbyrdast i Noreg. Dette inneber for det første at norske domstolar skal avvise søksmål om retten til det europeiske patentet som blir reist i Noreg, og at avgjerda frå utlandet kan fullbyrdast her på same måte som ei rettskraftig avgjerd frå ein norsk domstol. Det skal ikkje skje noka prøving av avgjerda eller kompetansen til den utanlandske domstolen eller organet, jf. andre punktum . Avgjerda frå utlandet har etter tredje punktum likevel ikkje slik verknad som fastsett i første og andre punktum dersom ein som søkjer europeisk patent og ikkje har teke til motmæle mot kravet, godtgjer at dokumentet som begynte ei sak som er omfatta av første punktum, ikkje vart lagt fram for vedkomande slik at denne kunne ta til motmæle, eller vedkomande godtgjer at ei avgjerd som er omtalt i første punktum, ikkje lèt seg sameine med ei anna avgjerd frå ein annan stat som er part i den europeiske patentkonvensjonen mellom dei same partane, og denne saka vart sett i gang tidlegare enn avgjerda som blir kravd godkjent.

Til nytt kapittel 10 a. Europeiske patenter

Kapitlet inneheld reglar som gjennomfører den europeiske patentkonvensjonen i norsk rett. Dette er blant anna reglar som gir europeiske patent og europeiske patentsøknader verknad i Noreg dersom Noreg er peika ut i søknaden, og dei nærmare vilkåra for dette.

Til § 66 a

Paragrafen inneheld definisjonar av samleomgrepa europeisk patent og europeisk patentsøknad, jf. første ledd , og føresegner om kven europeiske patentsøknader skal leverast til, jf. andre ledd .

Til § 66 b

Paragrafen regulerer verknadene av avgjerder frå Det europeiske patentverket om å gi patent når det er oppgitt at patentet skal gjelde i Noreg, og avgjerder frå Det europeiske patentverket om heilt eller delvis å oppheve eller å avgrense slike patent.

Første ledd første punktum fastset at eit europeisk patent er gitt når Det europeiske patentverket har kunngjort avgjerda si om dette. Når det er oppgitt i søknaden at eit europeisk patent skal gjelde i Noreg, har det etter første ledd andre punktum same verknad i Noreg som patent gitt av Patentstyret og følgjer dei same føresegnene som desse når vilkåra i § 66 c første ledd er oppfylte. Dette inneber at alle føresegnene i patentloven med forskrifter gjeld for slike patent på same måte som for patent gitt av Patentstyret. Dette gjeld likevel ikkje reglane om søknaden og behandlinga av denne hos Patentstyret og reglane om motsegner mot patent gitt av Patentstyret. Dette er ei følgje av at europeiske patent blir gitt av Det europeiske patentverket, og at dei nasjonale patentverka ikkje har noka rolle i realitetsbehandlinga av søknadene og heller ikkje ved behandlinga av motsegner.

Andre ledd første punktum fastset at avgjerder frå Det europeiske patentverket om heilt eller delvis å oppheve eller avgrense eit europeisk patent har same verknad i Noreg som tilsvarande avgjerder fatta av Patentstyret. Det europeiske patentverket kan oppheve eller avgrense eit patent i ei motsegnssak eller i ei sak om patentavgrensing. Etter andre ledd andre punktum har slike avgjerder som omtalt i første punktum verknad tilbake i tid, det vil seie frå den dagen patentsøknaden vart levert. Det følgjer av tilvisingane til §§ 39 e og 55 i andre ledd tredje punktum at Patentstyret skal kunngjere ei avgjerd om oppheving eller avgrensing som Det europeiske patentverket har fatta. Dersom Det europeiske patentverket opphevar patentet delvis eller avgrensar det slik at det skal gjelde vidare i endra form, følgjer det av tilvisinga til § 66 c første ledd i andre ledd fjerde punktum at patenthavaren må levere inn ei omsetjing av det endra patentet og betale fastsett avgift for dette for at patentet skal gjelde vidare i Noreg i endra form. Dersom desse vilkåra ikkje blir oppfylte, vil patentet vere utan verknader i Noreg, det vil altså heller ikkje gjelde vidare i opphavleg form.

Til § 66 c

Paragrafen regulerer blant anna dei nærmare vilkåra for at eit europeisk patent som gjeld Noreg, skal få verknad her.

For at eit europeisk patent skal få verknad i Noreg, må patenthavaren etter første leddførste punktum innan den fristen Kongen fastset, sende ei omsetjing til norsk av teksten som ligg til grunn for avgjerda om å gi patentet, til Patentstyret og betale fastsett avgift. Etter den europeiske patentkonvensjonen artikkel 65 har partane høve til å krevje slik omsetjing, men ikkje noka plikt til å gjere dette til eit vilkår for at patentet skal gjelde hos dei. Ein del av partane til den europeiske patentkonvensjonen har kome til ei semje om delvis å fråfalle høvet til å krevje omsetjingar i den såkalla London-avtalen 17. oktober 2000. Avtalen har ikkje teke til å gjelde enno fordi Frankrike ikkje har ratifisert han. Inntil denne avtalen har teke til å gjelde og Noreg eventuelt tiltrer han, har departementet kome til at høvet til å krevje omsetjing bør nyttast av omsyn til det norske næringslivet og andre aktørar som har interesse i å setje seg inn i innhaldet i patent som gjeld i Noreg. Første ledd andre punktum er kommentert i merknadene til § 66 b andre ledd fjerde punktum og det blir vist til desse. Ved oversitjing av fristar for å innlevere omsetjing eller betale avgift for dette, gjeld reglane i § 72 tilsvarande, jf. første ledd tredje punktum . Dersom oversitjing av ei frist ikkje får verknad, skal Patentstyret kunngjere det, jf. første ledd fjerde punktum .

Omsetjingar som er omtalte i første ledd, skal etter andre ledd haldast tilgjengelege for alle, men likevel ikkje før den europeiske patentsøknaden er publisert av Det europeiske patentverket, jf. andre ledd andre punktum .

Etter tredje ledd første punktum skal Patentstyret, når vilkåra i første ledd om innlevering av omsetjing og betaling av avgift er oppfylt og Det europeiske patentverket har kunngjort avgjerda si om å gi patent, kunngjere at patentet gjeld i Noreg. Etter tredje ledd andre punktum skal Patentstyret på dei same vilkåra som er nemnde i første punktum, kunngjere at eit patent skal gjelde i endra form i Noreg når Det europeiske patentverket har kunngjort avgjerda si om å endre patentet. Dette vil dreie seg om avgjerder i motsegnssaker eller i saker om patentavgrensing.

Til § 66 d

Paragrafen inneheld ein regel om rett til å halde fram med å bruke ei oppfinning som det er gitt europeisk patent på, og der det er oppgitt at patentet skal gjelde i Noreg, for ein som har begynt å utnytte oppfinninga i næring her i riket eller gjort vesentlege førebuingstiltak til det etter at fristar for å innlevere omsetjing etter § 66 c er oversetne, men før avgjerd om at fristoverskridinga ikkje skal få verknad, er kunngjord. Paragrafen skal forståast på same måte som patentloven § 74 andre ledd, både med omsyn til vilkåra for å halde fram med bruken og med omsyn til omfanget av bruken vedkomande har rett til. Føresegna i § 74 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Til § 66 e

Paragrafen slår fast i første punktum at det skal betalast årsavgift til Patentstyret for europeiske patent som gjeld i Noreg, for kvart år frå året etter at Det europeiske patentverket kunngjorde si avgjerd om å gi patent. Andre punktum fastset at § 42 om utsetjing av betalinga og § 51 om bortfall av patentet ved manglande betaling gjeld tilsvarande.

Til § 66 f

Paragrafen regulerer kva for verknader ein europeisk patentsøknad som gjeld Noreg, får her i landet.

Første ledd første punktum fastset at ein europeisk søknad som Det europeiske patentverket har fastsett innleveringsdag for, har same verknad som ein søknad om norsk patent innlevert til Patentstyret same dag. Dersom søknaden etter den europeiske patentkonvensjonen har prioritet frå ein tidlegare dag enn innleveringsdagen, gjeld denne prioriteten etter første ledd andre punktum også her i landet.

Etter andre ledd første punktum skal kunngjering etter den europeiske patentkonvensjonen artikkel 93 jamstillast med at søknaden blir halden allment tilgjengeleg etter patentloven § 22 ved bruk av patentloven § 2 andre ledd andre punktum. Det same gjeld for kunngjering etter konvensjonen artikkel 153 nr. 3 og 4, jf. andre ledd andre punktum , når slik kunngjering er jamstilt med kunngjering etter artikkel 93.

Til § 66 g

Paragrafen regulerer kunngjering av ein europeisk patentsøknad som skal gjelde for Noreg i Noreg, og kva vern søkjaren har i søknadsperioden.

Etter første ledd skal Patentstyret kunngjere ei omsetjing av patentkrava i ein europeisk søknad som gjeld Noreg, slik dei er publiserte av Det europeiske patentverket, og halde omsetjinga tilgjengeleg for alle når søknaden har vorte publisert etter den europeiske patentkonvensjonen og søkjaren har levert til Patentstyret ei omsetjing av patentkrava slik dei er publiserte.

Etter andre ledd første punktum gjeld reglane om patentinngrep i loven tilsvarande, men ikkje § 57 og § 58 første ledd, når nokon i næring utnyttar ei oppfinning som er gjenstand for ein europeisk søknad, og som er kunngjord i samsvar med første ledd, såframt søknaden fører til patent i Noreg. I slike tilfelle femner patentvernet likevel berre om det som går fram både av dei publiserte patentkrava og av patentkrava i det gitte patentet, jf. andre ledd andre punktum . Dersom patent er oppheva eller avgrensa av Det europeiske patentverket i ei motsegnssak eller ei sak om avgrensing av patentet, femner patentvernet berre om det som går fram av dei offentleggjorde endra patentkrava, jf. andre ledd tredje punktum .

Etter tredje ledd startar ikkje foreldingsfristen for krav som byggjer på patentinngrep i slike tilfelle som blir dekte av andre ledd, før motsegnsfristen for det europeiske patentet har gått ut eller Det europeiske patentverket har fatta avgjerd om å halde ved lag patentet etter motsegnsbehandling.

Til § 66 h

Paragrafen regulerer verknadene her i riket av at ein søknad om europeisk patent som gjeld Noreg, blir avslått eller blir trekt tilbake o.a. Dette har etter føresegna same verknader som når ein søknad om patent i Noreg blir avslått av Patentstyret eller trekt tilbake o.a. hos Patentstyret.

Til § 66 i

Paragrafen regulerer situasjonen der omsetjingar som søkjaren leverer til Patentstyret etter §§ 66 c eller 66 g, ikkje samsvarer med teksten på det språket som var behandlingsspråk ved Det europeiske patentverket. Etter første punktum gjeld då patentvernet i Noreg berre i den utstrekning det er samsvar mellom omsetjinga og teksten på behandlingsspråket. I sak om gyldigheita av patentet her i landet skal berre teksten på behandlingsspråket leggjast til grunn for avgjerda, jf. andre punktum .

Til § 66 j

Paragrafen regulerer innlevering til Patentstyret av rettingar av omsetjingar som er regulerte i § 66 c og 66 g, og retten til å halde fram med utnytting av oppfinninga for nokon som har begynt å bruke ho før ei retta omsetjing tok til å gjelde.

Etter første ledd første punktum kan søkjaren eller patenthavaren innlevere ei retting av omsetjinga som nemnt i § 66 c til Patentstyret. Dersom vedkomande betaler fastsett avgift for innlevering av retta omsetjing, gjeld den retta omsetjinga i staden for den gamle. Den nye omsetjinga gjeld altså frå da vilkåra i første punktum var oppfylte. Det gjeld ikkje noko krav om kunngjering for at den nye omsetjinga skal ta til å gjelde. Det følgjer av første ledd andre punktum , som seier at føresegnene i § 66 c andre ledd gjeld tilsvarande, at Patentstyret skal halde den retta omsetjinga tilgjengeleg for alle. Patentstyret skal etter første ledd tredje punktum kunngjere at retta omsetjing er innlevert.

Første ledd fjerde punktum gir søkjaren høve til å levere til Patentstyret ei retting av ei omsetjing som nemnt i § 66 g. Patentstyret skal då kunngjere at ny omsetjing er innlevert, og halde ho tilgjengeleg for alle. Deretter gjeld den nye omsetjinga i staden for den gamle, jf. første ledd femte punktum .

Andre ledd inneheld ein regel om rett til å halde fram med å bruke ei oppfinning som er gjenstand for ei retta omsetjing som nemnt i første ledd for ein som hadde begynt å utnytte oppfinninga i næring her i riket eller gjort vesentlege førebuingstiltak til det da den nye omsetjinga tok til å gjelde, når utnyttinga ikkje gjorde inngrep i patenthavaren eller søkjaren sin rett slik denne gjekk fram av den gamle omsetjinga. Paragrafen skal forståast på same måte som patentloven § 74 andre ledd, både med omsyn til vilkåra for å halde fram med bruken og med omsyn til omfanget av bruken vedkomande har rett til. Føresegna i § 74 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Til § 66 k

Paragrafen regulerer verknadene i Noreg av at Det europeiske patentverket fastset at ei fristoverskriding med omsyn til ein europeisk patentsøknad eller eit europeisk patent som gjeld for Noreg, ikkje skal få verknad, og rett til å halde fram med utnyttinga av oppfinninga for nokon som har begynt å bruke ho før det vart fatta avgjerd om at fristoverskridinga ikkje skal få verknad.

Etter første ledd får ei avgjerd frå Det europeiske patentverket om at ei fristoverskriding ikkje skal få verknad, også verknad i Noreg.

Andre ledd inneheld ein regel om rett til å halde fram med å bruke ei oppfinning for nokon som har begynt å utnytte oppfinninga i næring her i riket eller gjort vesentlege førebuingstiltak til det etter fristoverskridinga, men før Det europeiske patentverket har kunngjort at overskridinga ikkje skal få verknad. Paragrafen skal forståast på same måte som patentloven § 74 andre ledd, både med omsyn til vilkåra for å halde fram med bruken og med omsyn til omfanget av bruken vedkomande har rett til. Føresegna i § 74 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Til § 66 l

Paragrafen inneheld ein regel om rett til å halde fram med å bruke ei oppfinning som er gjenstand for ein publisert europeisk patentsøknad eller eit publisert europeisk patent for nokon som har begynt å utnytte oppfinninga i næring her i riket eller gjort vesentlege førebuingstiltak til det i perioden mellom avgjerd frå Klagenemnda i Det europeiske patentverket og kunngjering av avgjerd frå Den utvida klagenemnda i Det europeiske patentverket. Paragrafen skal forståast på same måte som patentloven § 74 andre ledd, både med omsyn til vilkåra for å halde fram med bruken og med omsyn til omfanget av bruken vedkomande har rett til. Føresegna i § 74 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Til § 66 m

Paragrafen regulerer når Patentstyret skal ta ein søknad om europeisk patent innlevert til eit nasjonalt patentverk under behandling som om søknaden gjeld patent i Noreg, fordi søknaden om europeisk patent blir rekna som trekt tilbake.

Etter første ledd første punktum skal Patentstyret på visse vilkår rekne ein europeisk patentsøknad som er innlevert til eit nasjonalt patentverk og som blir rekna for trekt tilbake som følgje av at søknaden ikkje er send til Det europeiske patentverket innan fastsett frist, som ein søknad om patent i Noreg. Vilkåra for dette er at det må vere sett fram krav om det for den nasjonale myndigheita som mottok søknaden innan tre månader etter at søkjaren fekk melding om at søknaden var rekna som trekt tilbake, og at kravet om omgjering av søknaden til søknad om nasjonalt patent er oversendt til Patentstyret innan 20 månader frå innleveringsdagen til søknaden eller, dersom det er kravd prioritet, frå prioritetsdagen. Andre ledd første punktum fastset at Patentstyret skal ta søknaden under behandling når vilkåra i første ledd er oppfylte og søkjaren innan ein frist sett av Kongen betaler fastsett avgift, og dessutan sender inn ei omsetjing til norsk av søknaden. Dersom søknaden oppfyller dei formelle krava i den europeiske patentkonvensjonen, skal dei tilsvarande krava til søknaden i patentloven med forskrifter reknast som oppfylte, jf. andre ledd andre punktum.

7.2 Merknader til endringa i ­tvisteloven

Ved lov 26. januar 2007 nr. 3 vart det ved ei endring i tvisteloven § 37-3 fastsett at patentloven § 52 femte ledd skal opphevast når tvisteloven tek til å gjelde. I proposisjonen her blir det foreslått ei ny føresegn om verknadene av dom for ugyldigheit i § 52 femte ledd, og opphevinga av dette leddet i tvisteloven bør derfor opphevast.

7.3 Merknader til iverksetjings­føresegna

Endringane gjeld frå den tid Kongen fastset. Målsetjinga er at Noreg skal tiltre den europeiske patentkonvensjonen med verknad frå 1. januar 2008. Det vil bli bestemt at endringane skal gjelde frå same tidspunkt som tiltredinga. Det er også gitt ein heimel for Kongen til å gi nærmare overgangsreglar i samband med tiltredinga.