Ot.prp. nr. 33 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter m.m. (gjennomføring av den europeiske patentkonvensjonen)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av norsk tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen er det gjort greie for i St.prp. nr. 53 (2006–2007) punkt 11. Endringane som er nødvendige av omsyn til tiltredinga til den europeiske patentkonvensjonen, har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar ut over dei som det er gjort greie for i stortingsproposisjonen.

Forslaget om å gi domstolane høve til å innhente fråsegner frå Den etiske nemnda for patentsaker vil truleg føre til noko meir arbeid for nemnda. Nemnda har likevel berre hatt ei sak til no, slik at kostnadene for det offentlege i samband med nemnda har vore små. Det er ikkje grunn til å tru at forslaget vil føre til ein vesentleg auke i saksmengda for nemnda. Dersom retten vel å innhente ei fråsegn frå nemnda, kan dette føre til noko lengre saksbehandlingstid enn elles. Dette må likevel haldast opp mot at domstolen då vil få ei breiare opplysing av grunnlaget for avgjerda, slik at ein vil få større tryggleik for at dommen blir materielt riktig.

Forslaget om å innføre administrativ overprøving hos Patentstyret i saker om gyldigheita av patent, vil gjere det enklare og billigare å få erklært patent som er gitt på uriktig grunnlag, for ugyldige. Dette kan rett nok skape noko større utryggleik hos patenthavarar og lisenshavarar, men det er ikkje nokon grunnar som tilseier at forventningar om at eit urettmessig gitt patent ikkje skal kunne erklærast for ugyldig i løpet av heile patentperioden, skal vernast. Tvert imot tilseier omsynet til andre næringsdrivande og konkurranseomsyn at eineretten til å utnytte oppfinningar ikkje blir halden ved lag i tilfelle der han byggjer på uriktig grunnlag. Ordninga vil truleg gi ein liten auke i arbeidsbøra hos Patentstyret. Dette skal dekkjast inn ved at det kan krevjast avgifter for saker om administrativ overprøving. Sidan Patentstyret vil få redusert arbeidsmengda si ved tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen, vil det dessutan vere i tråd med målsetjinga om å halde oppe Patentstyret som nasjonalt kompetansesenter på industrielle rettar at det får tilført nye kompetansekrevjande oppgåver. Forslaget kan føre til at nokre færre saker om gyldigheita av patent blir bringa inn for domstolane.