Ot.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. og i straffeprosesslova

Til innhaldsliste

10 Merknader til lovutkastet

10.1 Merknader til endringar i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v.

Til § 1 nytt andre ledd

Framlegget til nytt andre ledd første punktum inneber at den som hadde foreldreansvaret eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling, har same krav på godtgjersle som vitne når han eller ho følgjer straffesaka, jf. første ledd. Omgrepet «den som hadde foreldreansvar» inneber at det er den eller dei som hadde foreldreansvar etter barnelova §§ 34-36 jf. §§ 38-39, som har rett til godtgjersle. Fosterforeldre fell utanfor omgrepet. Den som har foreldreansvaret, er òg barnet si verje, jf. verjemålslova § 3. Om ingen har foreldreansvar for barnet, blir alternativet «eller var verge for fornærmede» aktuelt. Bakgrunnen for at desse pårørande er valde, går fram av punkt 5.3.

Formuleringa «død som følge av en straffbar handling» dekkjer brot på straffebod både i straffelova og i spesiallovgjevinga. Vanlegvis vil den straffbare handlinga vere eit brot på straffelova §§ 233 eller 239 (forsettleg eller aktlaust drap) eller brot på §§ 192, 195, 196, 228, 229 eller 231 (somme seksuallovbrot og lekamskrenking) når handlinga har hatt døden til følgje. Men òg aktlaust bildrap etter vegtrafikklova § 3 - som ikkje samstundes inneber eit brot med § 239 om aktlaust drap - er eit døme på ei handling som kan gje rett til godtgjersle. Kravet om at døden må vere ei følgje av den straffbare handlinga, inneber at tilfelle der nokon har vert utsett for ei straffbar handling og seinare dør av andre grunnar, ikkje omfattast av dette lovframlegget.

Framlegget til nytt andre ledd andre punktum inneber at òg saker der den avlidne var fylt 18 år, kan gje opphav til godtgjersle. Føresegna er eit unnatak frå framlegget til nytt første punktum, og gjeld berre når «særlige forhold» ligg føre. Departementet tenkjer i første rekkje på tilfelle der den avlidne framleis budde heime hos foreldra. I andre tilfelle må nærleiken mellom foreldra og den avlidne vere særleg sterk. Eit døme på sterk tilknyting kan vere at barnet nyss har flytta frå foreldra. Departementet legg til grunn at unnataket sjeldan vil vere aktuelt når den avlidne var over 23 år.

For kravet på godtgjersle gjeld reglane i §§ 2-5, jf. § 7. Avgjerder om godtgjersle kan påkjærast eller påklagast etter reglane i § 12.

Bakgrunnen for framlegget er omtala i punkt 6.1.

10.2 Merknader til endringar i straffeprosesslova

Til § 28 første ledd

Føresegna er skrive noko om og delt inn i tre bokstavar (a til c), men berre bokstav b er ny. Bokstav a svarar til gjeldande første punktum og bokstav c svarar til andre punktum.

Framlegget inneber at den som hadde foreldreansvaret eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling, har den same retten som den fornærma til utskrift av rettsbøker og andre dokument i straffesaka.

Av lovtekniske grunnar har departementet valt å definere kven som reknast som pårørande i føresegna om bistandsadvokat (§ 107 a). Der passar det etter departementet sitt syn best, mellom anna av di andre reglar om dei pårørande er gjevne der. For å sleppe å ta oppatt definisjonen i alle dei andre føresegnene i straffeprosesslova som framlegget gjeld, har departementet valt i staden å vise til § 107 a andre ledd første og andre punktum i dei einskilde føresegnene. Departementet viser difor til merknaden til § 107 andre ledd første og andre punktum.

Bakgrunnen for framlegget er omtala i punkt 6.2.4. Framlegget må sjåast i samanheng med framlegget til endringar i §§ 242 og 264 a.

Til kapittel 9 a

Framlegget inneber at kapitteloverskrifta omformulerast for betre å uttrykkje at fleire enn den fornærma kan ha rett til advokat. Av språklege grunnar er overskrifta omformulert, utan at andre endringar enn tillegget «mv.» er tilsikta.

Sjå òg framlegget til § 107 a nytt andre ledd og punkt 6.2.2.4.

Til § 107 a nytt andre ledd

Framlegget til nytt andre ledd første punktum inneber at den som hadde foreldreansvaret eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling, har same rett til advokat som mellom anna den fornærma i ei sak om seksuallovbrot har etter første ledd første punktum.

Sjå merknaden til endringa i § 1 i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige, jf. punkt 10.1, om kva som ligg i omgrepet «den som hadde foreldreansvar eller var verge», og kva som ligg i vilkåret «straffbar handling».

Etter framlegget er det eit krav at den fornærma var yngre enn 18 år då handlinga blei gjort, jf. likevel framlegget til nytt andre ledd andre punktum, som inneber eit unnatak frå 18-årsgrensa. Sjå merknaden til endringa i § 1 i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige, jf. punkt 10.1, om kva som ligg i omgrepet «særlige forhold». Bakgrunnen for forslaget er omtala i punkt 6.2.2.

Nytt andre ledd tredje punktum fører vidare noverande § 107 b fjerde ledd første punktum. Regelen er noko omformulert, men det er ikkje tilsikta noka endring av realiteten. Rettspraksis knytt til den noverande regelen, er difor framleis relevant. Føresegna inneber mellom anna at retten kan nemne opp advokat mot foreldra sitt ynske av omsyn til ettermælet til den avlidne, sml. framlegget til nytt andre ledd første og andre punktum. Framlegget er nærare omtala i punkt 6.2.2.4.

Nytt andre ledd fjerde punktum fører vidare noverande § 107 b fjerde ledd andre punktum.

Nytt andre ledd femte punktum slår fast at reglane elles i kapittel 9 a gjeld så langt dei passar. Det inneber mellom anna at advokat som nemnd i nytt andre ledd første og andre punktum, skal nemnast opp av retten, jf. § 107 b første ledd første punktum, og skal ha godtgjersle etter reglane i § 107 d.

Til § 107 b fjerde ledd

Departementet foreslår å oppheve føresegna, av di den etter framlegget førast vidare som nytt andre ledd tredje og fjerde punktum, jf. merknadene til endringane i § 107 a.

Til § 242 første ledd første punktum

Framlegget inneber at den som hadde foreldreansvaret eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling, får den same retten som mellom anna den fornærma til å gjere seg kjend med dokumenta i saka, jf. første ledd første punktum.

Om visinga til § 107 andre ledd første og andre punktum, sjå merknaden til endringa i straffeprosesslova § 28.

Kva som ligg i dei ulike omgrepa, er omtala i merknaden til endringane i § 1 i lov om godtgjersle for vitne og sakkunnige, jf. punkt 10.1.

Bakgrunnen for framlegget er omtala i punkt 6.2.4.

Framlegget må sjåast i samanheng med framlegget om endringar i straffeprosesslova §§ 28 og 264 a.

Til § 245 første ledd nytt femte punktum

Ved avhøyr av den fornærma, eller av eit vitne under 18 år, kan retten fastsetje at den sikta eller andre skal forlate rettssalen om særlege grunnar gjer at omsynet til den fornærma eller vitnet tilseier det, jf. første ledd fjerde punktum. Føresegna gjeld sjølv om vitnet vil forklare seg utan atterhald med den sikta til stades. Framlegget her inneber at denne regelen blir utvida til å gjelde ved avhøyr av den som hadde foreldreansvar for eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling.

Om visinga til § 107 andre ledd første og andre punktum, sjå merknaden til endringa i straffeprosesslova § 28.

Kva som ligg i dei ulike omgrepa, er omtala i merknaden til endringane i § 1 i lov om godtgjersle for vitne og sakkunnige, jf. punkt 10.1.

Bakgrunnen for framlegget er omtala i punkt 6.2.6.4.

Framlegget må sjåast i samanheng med framlegget til endring i straffeprosesslova § 284 som gjeld under hovudforhandlinga.

Til § 264 a nytt fjerde ledd

Framlegget inneber at dei gjeldande reglane om underretning og innsyn for den fornærma skal gjelde tilsvarande for einskilde pårørande.

Framlegget inneber for det første at påtalemakta påleggjast ei uttrykkjeleg plikt til å underrette den som hadde foreldreansvaret eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling. Denne sida av framlegget er nærare omtala i punkt 6.2.3.

For det andre inneber framlegget at den som hadde foreldreansvar for eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling, får den same retten som den fornærma mv. til å gjere seg kjend med dokumenta i saka, jf. andre og tredje ledd. Bakgrunnen for den delen av framlegget er omtala i punkt 6.2.4.

For det tredje inneber framlegget at ein advokat som er nemnd opp for den pårørande etter § 107 a, får den same retten til kopiar av dokument i saka som ein advokat for ein fornærma har. Sjå punkt 6.2.4.4.

Om visinga til § 107 andre ledd første og andre punktum, sjå merknaden til endringa i straffeprosesslova § 28.

Kva som ligg i dei ulike omgrepa, er omtala i merknaden til endringane i § 1 i lov om godtgjersle for vitne og sakkunnige, jf. punkt 10.1.

Framlegget må sjåast i samanheng med framlegget til endring i straffeprosesslova §§ 28 og 242.

Til 284 første ledd nytt sjette punktum

Ved avhøyr av den fornærma, eller av eit vitne under 18 år, kan retten fastsetje at den sikta eller andre skal forlate rettssalen om særlege grunnar gjer at omsynet til den fornærma eller vitnet tilseier det, jf. første ledd fjerde punktum. Føresegna gjeld sjølv om vitnet vil forklare seg utan atterhald med den sikta til stades. Framlegget her inneber at denne regelen blir utvida til å gjelde ved avhøyr òg av den som hadde foreldreansvaret eller var verje til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling.

Om visinga til § 107 andre ledd første og andre punktum, sjå merknaden til endringa i straffeprosesslova § 28.

Kva som ligg i dei ulike omgrepa, er omtala i merknaden til endringane i § 1 i lov om godtgjersle for vitne og sakkunnige, jf. punkt 10.1.

Bakgrunnen for framlegget er omtala i punkt 6.2.6.4.

Framlegget må sjåast i samanheng med framlegget til endring i straffeprosesslova § 284 som gjeld på etterforskingsstadiet.

10.3 Merknader til føresegna om iverksetjing og overgangsreglar

10.3.1 Merknader til føresegna om iverksetjing

Nokre av framlegga til endringar i straffeprosesslova bør føljast opp med endringar i påtaleinstruksen. Departementet har difor gjort framlegg om at endringane trer i kraft når Kongen fastset det, slik at dei naudsynte endringane i påtaleinstruksen kan bli gjorde innan iverksetjinga av lova.

Før den utvida ordninga med godtgjersle til dei pårørande kan tre i kraft, kan det vere naudsynt med noka administrativ tilrettelegging.

Dei ulike føresegnene kan difor etter framlegget setjast i kraft til ulik tid.

10.3.2 Merknader til overgangsreglane

Departementet gjer framlegg om at retten til bistandsadvokat gjeld når saka ikkje allereie er brakt inn for retten når føresegna trer i kraft. Det er etter departementets syn eit naturleg skjeringspunkt.

Departementet foreslår at dei andre føresegnene gjeld frå dei er sett i verk, òg når saka allereie er brakt inn for retten. Årsaka er at rettane kan ha mykje å seie for dei pårørande, samstundes som departementet ikkje kan sjå at rettane vil skape problem for avviklinga av saka.

Dei pårørande som forslaga gjeld, får difor rett til godtgjersle frå iverksetjinga når dei følgjer rettssaka. Dei får òg rett til innsyn, og retten får moglegheit til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når foreldra forklarer seg. Føresegnene får ikkje tilbakeverkande kraft, slik at til dømes retten til godtgjersle ikkje gjeld for dei dagane ei sak allereie har versert når føresegna trer i kraft.

Til forsida