Ot.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. og i straffeprosesslova

Til innhaldsliste

3 Statistikk

Statistikk frå Kripos syner at 18 personar under 18 år blei drepne i perioden 2000-2002 (14 drapssaker). I 2000 blei 6 barn drepne, i 2001 7 barn, medan 5 barn blei drepne i 2002.

I perioden 1995-2002 blei til saman 23 personar under 15 år drepne, medan talet for alle drepne personar under 20 år i same periode var 50.

Statistikken gjeld berre drap etter straffelova § 233 første og andre ledd (forsettleg eller overlagt drap), og såleis ikkje aktlaust drap eller skade på lekamen med døden til følgje. Departementet er ikkje kjent med kor mange personar under 18 år som dør kvart år som følgje av ei straffbar handling. Departementet har ikkje grunn til å tru at talet på straffesaker for slike brotsverk oversteig 10 for 2002.

Til forsida