Ot.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. og i straffeprosesslova

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei endringane departementet gjer framlegg om, vil i første rekkje gje konsekvensar for domstolane, politiet og påtalemakta.

Framlegget om at foreldra til barn som er døde som følgje av ei straffbar handling skal få dekt reiseutlegg og eventuelt tapt arbeidsforteneste som vitne når dei følgjer hovudforhandlinga i straffesaka (punkt 6.1), vil gje det offentlege auka kostnader. Ut frå statistikk for dei seinare åra legg departementet til grunn at talet på saker der barn og unge er døde som følgje av den straffbare handlinga ikkje overstig 10 (sjå punkt 3). Riksadvokaten har opplyst at det normalt setjast av 10 rettsdagar i saker om forsettleg drap, og truleg færre dagar når nokon er død som følgje av ei anna straffbar handling. Departementet har rekna med reiseutlegg på om lag kr. 500,- pr. sak pr. person, og hotelldøgn er satt til om lag kr. 900,- pr. person. For tapt arbeidsforteneste har departementet lagt til grunn ei gjennomsnittsløn som gjev ei inntekt på noko over 900 kr. pr. dag. På den bakgrunnen reknar departementet med at framlegget vil kunne gje det offentlege årlege auka utlegg i storleiken kr. 500.000 - 600.000. Men talet er uvisst sidan det ikkje finnast ei total oversikt over saker der barn og unge er døde som følgje av ei straffbar handling.

Når det gjeld framlegget om ei utviding av ordninga med bistandsadvokat (punkt 6.2.2), reknar departementet berre med at det vil ha små økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet viser til at dei fleste foreldra som framlegget gjeld, allereie får advokat etter gjeldande rett.

Forslaga elles vil kunne føre til noko meir arbeid for politiet og påtalemakta. Framlegga er eit stykke på veg ei synleggjering av gjeldande rettar, så meirarbeidet blir ikkje så stort.

Departementet vil elles peike på at styrka rettar til denne gruppa pårørande kan gje mindre utlegg på andre område. Til dømes kan framlegget om auka innsyn, eller det at dei det gjeld ikkje får økonomiske utlegg av å følgje saka, gjere sorgarbeidet noko lettare.

Til forsida