Ot.prp. nr. 51 (2000-2001)

Om lov om endring av straffeloven § 262 (rettsleg vern av koda tenester)

Til innhaldsliste

4 Nordisk rett

Direktivet er gjennomført på ulikt vis i dei andre nordiske landa.

I Danmark følgjer det av § 75 a i «lov om radio- og fjernsynsvirksomhed» at det er forbode å framstille, importere, omsette, inneha eller endre dekodarar og anna dekodingsutstyr «hvis formål det er» å gi uautorisert tilgang til innhaldet i ei koda radio- eller fjernsynsutsending. Fram til lov 31. mai 2000 råka dette berre slike handlingar når dei hadde «erhvervsmæssigt øjemed». Dette vilkåret vart då fjerna, med blant anna det resultat at det i Danmark no er ulovleg å inneha slike innretningar også reint privat. Etter same paragraf er også annonsering og anna form for reklame for slike innretningar forbode.

Dersom aktivitetane «finder sted i erhvervsmæssigt øjemed» er straffa bøter eller fengsel opp til 6 månader. Utanfor ein slik samanhang kan ein berre dømast til bøter. Den høgare strafferamma gjeld likevel for utbreiing til ein vidare krets, sjølv om dette ikkje skjer som ledd i næringsverksemd. Det er i lovframlegget sagt at dette særleg tek sikte på spreiing av passord, kodar o.l. via internett. Skuldkravet er i alle tilfelle grov aktløyse eller forsett.

I Sverige er spørsmålet regulert i lov 2000:171 om «förbud beträffande viss avkodningsutrustning», som avløyste lov 1993:1367 «om förbud beträffande viss avkodingsutrustning (avkodingslagen)». Den nye lova kom som ei direkte følgje av direktiv 98/84/EF. Lova inneheld 10 paragrafar, noko som kanskje har gjort det mogleg med ei meir oversiktleg regulering enn det vi kan få til i norsk rett, når alt skal inn i berre ein paragraf i straffeloven.

Den svenske lova dekkjer både radio, fjernsyn, informasjonssamfunnstenester (forklart som « varje annan tjänst som utförs elektroniskt, på distans och på begäran av mottagaren») og sjølve tilgangskontrollen til slike tenester når denne må oppfattast som ei eiga teneste.

Tilgangskontroll er definert i 3 § på følgjande måte:

«Med villkorad tillgång till en tjänst avses att en användare eller en mottagare av tjänsten till följd av tekniska åtgärder eller arrangemang kan få tillgång till tjänsten i tolkningsbar form först sedan de har blivit personligt godkända som behöriga.»

Sjølve forbodet finst i 5 § første ledd, der det heiter at «Avkodningsutrustning får inte yrkesmässigt eller annars i förvärvssyfte tillverkas, importeras, distribueras, säljas, hyras ut, innehas, installeras, underhållas eller bytas ut i syfte att göra en tjänst som omfattas av lagen tillgänglig i tolkningsbar form utan tjänsteleverantörens godkännande.»

Føresegna ligg tett opptil direktivet artikkel 4. Mellom anna følgjer av dette at korkje privat bruk eller det å inneha er gjort straffbart. Strafferamma er bøter eller fengsel i høgst to år.

I Finland finn ein dei viktigaste reglane om koda tenester i telemarknadslagen (lov 396/1997). Dekodarsystem er her definert som (4 § p. 22):

«en utrustning, en del av utrustning eller ett annat system vars ändamål är att koppla bort skyddet för ett i telenätet förmedlat meddelande som skyddas med hjälp av ett särskilt tekniskt system».

Sjølve forbodet finn ein i 25 § første mom., som lyder:

«Det är förbjudet att orättmätigt inneha, använda, tillverka, importera eller främja försäljningen av dekodningssystem.»

Dette inneber at også det å inneha privat er straffbart, men etter det departementet kjenner til er dette spørsmålet for tida oppe til ny vurdering. Strafferamma for brot på 25 § er bøter.