Ot.prp. nr. 51 (2000-2001)

Om lov om endring av straffeloven § 262 (rettsleg vern av koda tenester)

Til innhaldsliste

8 Merknader til føresegna

8.1 Innleiing

Framlegget til endringar i straffeloven § 262 kan kritiserast for å vere noko tungt oppbygd. Føresegna har fått to ledd (tredje og fjerde) som berre inneheld definisjonar av omgrep som vert nytta. Departementet kan likevel ikkje sjå at dette kan gjerast på andre måtar om ein skal få til den nødvendige presisjon.

8.2 Første ledd

Første ledd omfattar aktivitetar som kan ha som resultat at dekodarinnretningar blir tilgjengelege for brukarane utan autorisasjon. Bokstav a og b råker aktivitetar som vert utført med vinning som målsetting (»vinnings hensikt»), medan bokstav c råkar den som utan vinning som målsetting søkjer å spreie slike innretningar.

Aktivitetane rekna opp i bokstav a er identiske med verksemdene rekna opp i direktivet artikkel 4 bokstav a og b. At også innehaving (»besittelse») av dekodarinnretningar er gjort straffbart, når føremålet med innehavinga er vinning gjennom å skaffe nokon uautorisert tilgang til verna tenester, får til følgje at påtalemakta kan reise sak sjølv om ein ikkje har bevis for at innehavaren har gitt frå seg dekodarinnretningar til andre. Det er nok å føre bevis for at føremålet med å ha innretningane har vore seinare overlevering (sal, utleige, utskifting mm.) til piratbrukarar mot vederlag.

Omgrepet «distribuerer» femner vidt, både etter ordlyd og intensjon, og har her same tyding som i fortalen til direktivet, punkt 20. I den norske omsetjinga heiter det her at distribusjon «omfattar alle former for formidling i tillegg til marknadsføring av slike innretningar med tanke på omsetnad i eller utanfor Fellesskapet». Ser ein på den engelske teksta, er det noko som tyder på at omsetjinga ikkje er heilt treffande. I den engelske versjonen av direktivet heiter det at distribusjon «includes transfer by any means and putting such devices on the market». 1 På norsk ville det vore ei betre omsetjing om ein hadde sagt «framby for sal» eller «leggje fram for sal» i staden for «marknadsføring». I norsk samanhang elles tyder «marknadsføring» i første rekkje annonsering og reklamering, noko som er direkte omtala i direktivet artikkel 4 c og lovframlegget § 262 første ledd b.

Ordlyden i bokstav b dekkjer direktivet artikkel 4 bokstav c, men det er her valt ein noko annan ordlyd fordi direktivteksta på dette punktet kan synast litt uklar. Ordlyden i lovframlegget ligg tett opptil ordlyden i den danske radio- og fjernsynsloven § 75 a andre punktum («Annoncering eller anden form for reklame for sådant utstyr er ikke tilladt»). Det følgjer allereie av vilkåret om «vinnings hensikt» at bokstav b ikkje råkar den som på eit reint ideologisk grunnlag gjer seg til talsmann for bruk av piratinnretningar. Om denne personen samstundes er innblanda i omsetning av slike innretningar, kan meir politisk prega utsegner etter tilhøva likevel bli råka. Spreiing av handbøker, oppskrifter og liknande om korleis ein skal gå fram for å skaffe seg piratinnretningar, fell derimot utanfor bokstav b. Spreiing av slik kunnskap kan etter tilhøva likevel bli råka av regelen om medverknad.

Forbodet i bokstav b rettar seg mot dei eller den som står bak annonsen og ikkje den som berre medierer annonsen (formidlar annonsen gjennom sitt medium). Om dei subjektive vilkåra er til stades, kan den ansvarlege for mediet som vert nytta etter tilhøva bli straffa etter reglane om medverknad.

Omgrepet «vinnings hensikt» i bokstav a og b er å forstå som i strafferetten elles, sjå mellom anna strl. § 257 og § 255. Det er ikkje - som i direktivet - noko krav om kommersiell verksemd, som kan leie tanken mot næringsverksemd eller i alle fall at dei ulovlege aktivitetane må ha eit visst profesjonelt preg. Etter framlegget er det nok med eit einaste tilfelle. Omfanget vil derimot vere av interesse ved utmåling av straff.

Etter bokstav c er det ikkje eit vilkår at den ansvarlege har ei målsetting om vinning. Dette alternativet vil derfor typisk råke den som spreier dekodarinnretningar i form av programvare via internett. Om det skjer fordi vedkommande vil gjere andre ei venneteneste eller av andre grunnar, er utan interesse. Omgrepet «søker å utbre» har her same innhald som i straffeloven § 204 første ledd a. Det inneber at gjerningsmannen må ha freista å gjere dekodingsinnretninga tilgjengeleg for ein større krets av personar, i motsetnad til ein person eller svært avgrensa krets. Korleis utstyr og programvare blir spreidd, har ingen interesse. Dette vil difor t.d. ramme spreiing via opne og lukka nyhetsgrupper, «chatlines» og «FTB-sights» på internett eller spreiing til ein større krets via SMS-meldingar. Som etter strl. § 204 første ledd a ligg det i «søker å» at det føreligg eit fullført brotsverk sjølv om spreiing faktisk ikkje har funne stad.

Av slutten på første ledd følgjer eit subjektivt vilkår som gjeld både bokstav a, b og c, og som difor for både a og b sitt vedkommande kjem i tillegg til det subjektive vilkåret om at gjerningspersonen må ha hatt vinning som føremål. For å vere i strid med loven må føremålet med aktivitetane i bokstav a til c vere «å skaffe noen uautorisert tilgang til en vernet tjeneste». Dette inneber at den som t.d. sel eller leiger ut dekodarinnretningar etter avtale med den som står bak den verna tenesta som innretninga gir tilgang til, ikkje er omfatta av forbodet. Føremålet med aktiviteten er jo då å gi autoriserttilgang til ei verna teneste. Utan dette subjektive kravet ville dei fleste former for spreiing av legale dekodarinnretningar bli råka. Her kan det nok dukke opp grensetilfelle der det er uklart om dekodarforhandlaren har nødvendig avtale med den - eller alle dei - verna tenestene som innretninga kan gi tilgang til. Gjerningspersonen har då berre handla i strid med § 262 første ledd om det kan provast at føremålet var å skaffe nokon uautorisert tilgang i tillegg til den autoriserte.

Det er naturleg å sjå det slik at vilkåret om at føremålet må vere å skaffe nokon uautorisert tilgang, er oppfylt sjølv om mottakaren/kunden ikkje veit at innretninga kan gi slik tilgang.

Større vanskar kan dette vilkåret skape i høve til dei som sel, leiger ut mm. innretningar som har eit klart legalt bruksområde, men der innretningane - slik dei er eller ved enkle endringar - også kan nyttast som piratinnretningar. Ukoda smartkort kan her vere eit eksempel. Fordi desse korta har legale bruksområde - som til dømes dørkort - kan ein ikkje innføre eit forbod mot omsetning av slike. Samstundes kan desse korta programmerast slik at dei kan gi uautorisert tilgang til t.d. koda fjernsynssendingar.

Ofte vil det ikkje vere vanskeleg å føre prov for at målsettinga med aktiviteten er å legge tilhøva til rette for at kundane kan få uautorisert tilgang til verna tenester. Det kan følgje direkte av annonseringa for innretningane, om den t.d. inneheld opplysningar om at innretningane har illegale bruksområde. Det kan óg følgje av at gjerningsmannen har sett saman ei pakke av innretningar som kvar for seg har legale bruksområde, men der den kombinasjonen som føreligg, ikkje kan ha noko anna fornuftig føremål enn uautorisert tilgang. Eller det kan følgje av at innretningane blir omsette saman med opplysningar om kor kunden kan skaffe seg tilgang til den programvara som er nødvendig for å aktivisere innretningane.

Derimot vil det - som eit utgangspunkt - neppe vere nok til domfelling at ein på reint statistisk grunnlag kan syne at hovudtyngda av dei innretningane som ein gjerningsmann har omsett, blir brukt som piratinnretningar. Ein kan t.d. tenkje seg at ein forhandlar av elektronikk for koding av smartkort forstår at ein god del av kundane neppe treng utstyret for legale bruksområde. Forhandlaren kan t.d. i løpet av eitt år ha omsett 1000 einingar, og sjølv lagt til grunn at minst halvparten har gått til illegalt bruk fordi det legale bruksområdet er avgrensa. Om dette skulle vere nok til domfelling, blir forhandlaren sett i ein svært vanskeleg situasjon. Han eller ho må då anten - på statistisk grunnlag - nekte å selja innretningane til vel halvparten av kundane, men dette vil ikkje hindre at om lag same prosent av innretningane fell i gale hender, eller han må vurdere den einskilde kunden med sikte på å avgjere kven som kan ha illegale motiv og ikkje. Det er ikkje rimeleg å settje forhandlarane i ein slik situasjon. Eit regelverk som slik oppmodar forhandlarar til diskriminering på tilfeldig grunnlag, kan dessutan vera urett av andre grunnar.

Om forhandlaren derimot på noko vis hjelper dei kundane som spør, med opplysningar om korleis innretningane kan nyttast med sikte på uautorisert tilgang, vil det vere naturleg å sjå det slik at det subjektive vilkåret i § 262 første ledd i.f. er oppfylt. Då vil det framstå som rimeleg klårt for forhandlaren at føremålet til kunden (mellom anna) er uautorisert tilgang, og då vil føremålet med heile transaksjonen - også sett frå forhandlaren si side - bli det same.

Også medverknad til brot på første ledd er straffbart. Det er ikkje nødvendig at den som medverkar til brot på bokstav a og b har vinning som målsetting. Det gjeld sjølvsagt også for bokstav c, der dette vilkåret heller ikkje er retta mot hovudmannen. Derimot er det eit vilkår for straff at den som har medverka, har hatt som målsetjing å skaffe nokon uautorisert tilgang til ei verna teneste. Reglane om medverknad vil etter tilhøva kunne råke den som knekker ein kode og overlet denne til ein ven eller andre, når han veit at koden t.d. vil bli lagt ut på ei internettside.

Strafferamma er den same som i gjeldande § 262.

8.3 Andre ledd

Reglane i andre ledd råkar bruken av illegale dekodarinnretningar. Vinning ligg m.a. føre når ein ved bruken har hatt ei innsparing, t.d. om ein har sett ein film som ein elles skulle ha betalt for. Det fritek ikkje for straff at gjerningspersonen ikkje ville ha sett filmen dersom han eller ho hadde måtte betale. Det er ikkje tatt inn i føresegna at vinninga må vere urettmessig då dette følgjer direkte av omgrepet «uautorisert tilgang».

Skyldkravet etter andre ledd er forsett, og forsettet må omfatte det at ein veit at innretninga som vert nytta, gir uautorisert tilgang. Det inneber at t.d. ei barnevakt som ser «video-on-demand» ved hjelp av piratutstyr medan eigaren er borte, ikkje blir råka om barnevakta ikkje visste at tilgangen var uautorisert.

Ordlyden rammer berre den som bruker innretninga, dvs. den som utfører dei handlingane som skal til for at innretninga blir aktivisert og/eller teken i bruk i det enkelte tilfelle. Dette inneber at personar som berre er til stades, ikkje blir råka, sjølv om dei er med på «tjuvkiking» og sjølv om dei veit at tilgangen til den verna tenesta er uautorisert. Dette fylgjer også av at andre ledd ikkje har straff for medverknad.

At strafferamma er lågare i andre ledd enn etter første, reflekterer at bruk er eit mindre alvorleg lovbrot enn dei aktivitetane som er omhandla i første ledd, jf. dessutan kapittel 6.7.

8.4 Tredje ledd

Tredje ledd inneheld ein definisjon av dekodarinnretning. Det er meininga at definisjonen skal fange opp eitkvart hjelpemiddel som har den eigenskapen at det - åleine eller saman med andre hjelpemiddel - kan gi tilgang i forståeleg form til ei verna teneste. Dette vil typisk vere elektronisk utstyr (hardware) og programvare (software).

Slik definisjonen er utforma, råkar han alle innretningar utan omsyn til om dei kan nyttast eller blir nytta til lovlege eller ulovlege aktivitetar. Dette er nødvendig fordi det i enkelte tilfelle ikkje er mogleg å avgjere om omsetning, bruk osv. av den aktuelle innretninga er lovleg eller ulovleg før ein har klargjort kva som føreligg av avtaler mellom forhandlar, brukar osv. og tenesteytar og/eller hans representantar, jf. nærare om dette i kapittel 6.4.

8.5 Fjerde ledd

Definisjonen av verna teneste ligg tett opptil direktivet artikkel 2 (a). Omgrepet «fjernsyns- og radiosignal» i bokstav a dekkjer i røynda det same som «kringkasting» i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting § 1 første ledd. Av mellom anna pedagogiske omsyn har ein her valt å nytte ordlyden i gjeldande § 262.

Omgrepet «teleformidles elektronisk» i bokstav b er tatt frå definisjonen av informasjonssamfunnstenester i artikkel 1 nr. 2 i direktiv 98/34/EF, slik dette lyder etter endringa ved direktiv 98/48/EF, sjå nærare om dette i kapittel 3.2.

Teleformidling vil seie at ei teneste vert ytt utan at partane er til stades samstundes, medan omgrepet elektronisk viser at tenesta blir sendt og motteken ved hjelp av utstyr for elektronisk databehandling og datalagring. Om tenesta kjem via kabel, radiomagnetiske eller elektromagnetiske bølgjer er utan interesse for definisjonen.

Med «forespørsel fra den enkelte tjenestemottaker» siktar ein til at tenesta blir ytt ved overføring av data etter ei individuell bestilling frå mottakaren.

Tilgangskontroll kan riggast til på mange måtar, og nokre gonger vil sjølve tilgangskontrollen vere ei eiga teneste. Også slike tenester er verna, noko som kjem fram i fjerde ledd i.f.

8.6 Femte ledd

Femte ledd første punktum er likt med gjeldande § 262 andre ledd. I andre punktum vert det presisert kven som kan reknast som fornærma etter føresegna.

Fotnotar

1.

I den svenske versjonen har ein nytta omgrepet «saluföring» og i den tyske «Vermarktung».