Ot.prp. nr. 51 (2000-2001)

Om lov om endring av straffeloven § 262 (rettsleg vern av koda tenester)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget i denne proposisjonen vil ha svært avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar. Det kan bli nokre fleire saker for påtalemakta fordi også informasjonssamfunnstenester blir omfatta, og dermed nokre fleire straffesaker for domstolane. På den andre sida medfører framlegget ei opprydding i føresegna som kan gjere arbeidet for påtalemakta enklare.

Departementet reknar med at føresegna i første rekkje vil ha ein allmennpreventiv effekt, ved at potensielle profesjonelle distributørar av piratinnretningar avstår frå slike aktivitetar som vert råka av lovforbodet. Føresegna vil vere grunnlag for private erstatningssøksmål frå leverandørar av verna tenester mot personar og selskap som krenker deira vederlagsinteresse. Dette kan gi nokre fleire sivilrettslege saker for domstolane.