Ot.prp. nr. 51 (2002-2003)

Om lov om endringar i straffelova mv. (styrka innsats mot tvangsekteskap mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaga

2.1 Endringane i straffelova

2.1.1 Handlingsplanen mot tvangsekteskap

Det er nedfelt i Sem-erklæringa kapittel 5 at Regjeringa Bondevik II vil kjempe mot førekomsten av tvangsekteskap. Justisministeren har saman med dei andre ansvarlege statsrådane gjort opp status for arbeidet med Handlingsplan mot tvangsekteskap frå 1998. Dette arbeidet blir nå ført vidare som eit rullerande program. Regjeringa la i april 2002 fram eit tiltaksprogram om tvangsekteskap («Fornyet innsats mot tvangsekteskap våren 2002 - tiltaksprogram»). Justisdepartementet sendte 19. desember 2002 på høyring forslag til endringar i straffelova, som først og fremst tok sikte på å følgje opp punkt 8 og 9 i tiltaksprogrammet, som er dei punkta Justisdepartementet har ansvaret for. Tiltak 8 lyder som følgjer:

«Regjeringen vil innføre ubetinget offentlig påtale i saker som omhandler tvangsekteskap, og presisere i straffeloven at rettsstridig tvang også omfatter tvangsekteskap og at den skjerpede strafferamme på opp til 6 års fengsel kan komme til anvendelse for slik tvang.»

Tiltak 9 lyder slik:

«Regjeringen ønsker regler for å motvirke ½barneekteskap'. Dette kan skje ved å definere ekteskap med barn under en viss alder som tvangsekteskap. Regjeringen vil utrede spørsmålet nærmere, også aldersgrensen.»

Dei forslaga som vart fremja i høyringsnotatet, må sjåast i samanheng med det arbeidet som blir gjort i andre departement for å følgje opp tiltaksprogrammet, og ganske særleg i samanheng med høyringsbrevet 26. juni 2002 frå Barne- og familiedepartementet.

2.1.2 Hovudpunkta i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vurderte departementet for det første om det burde innførast ein eigen strafferegel om tvangsekteskap. Departementet fremja likevel ikkje noko slikt forslag. I staden foreslo departementet å gjere det tydeleg i § 222 om tvang at det å tvinge nokon til å inngå ekteskap vert straffa etter paragrafen, og at den skjerpa strafferamma i første ledd andre punktum kan nyttast ved slik tvang. Vidare foreslo departementet å gjere påtalen i slike saker offentleg utan vilkår, både i straffelova § 222 om tvang og i § 227 om truslar. Forslaga tok sikte på å følgje opp tiltak 8 i tiltaksprogrammet.

I nokre ekteskap som er inngått i utlandet, er ein eller begge partar så unge at dei vanskeleg kan forstå fullt ut rekkevidda av eit samtykke til å inngå ekteskap. Då bør eit eventuelt samtykke ikkje få det same verdiet som elles. Departementet foreslo på denne bakgrunn å gjere det straffbart å inngå eller medverke til å inngå ekteskap med nokon som er under 16 år. Dette forslaget tok sikte på å følgje opp tiltak 9 i tiltaksprogrammet.

Departementet bad også om høyringsinstansane sitt syn på eit par andre spørsmål. Det blei reist spørsmål om strafferammene i straffelova § 155 om spreiing av allmennfarleg smittsam sjukdom og § 390 a om omsynslaus framferd burde skjerpast. Bakgrunnen for dette var utsegner i domar frå Høgsterett som gav signal om at strafferammene kan vere for låge.

2.1.3 Høyringa

Justisdepartementet sendte 19. desember 2002 forslaga om endringar i straffelova på høyring til følgjande institusjonar og organisasjonar:

  • Departementa

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Alta tingrett

  • Asker og Bærum tingrett

  • Bergen tingrett

  • Kristiansand tingrett

  • Nedenes tingrett

  • Nedre Romerike tingrett

  • Nord-Troms tingrett

  • Oslo tingrett

  • Salten tingrett

  • Stavanger tingrett

  • Trondenes tingrett

  • Trondheim tingrett

  • Domstolsadministrasjonen

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Statsadvokatembeta

  • Politidirektoratet

  • Barneombodet

  • Fylkesmennene

  • Likestillingsombodet

  • Sivilombodsmannen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Tromsø

  • NTNU

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD)

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Juss Hjelpa i Nord-Norge

  • Kontoret for fri rettshjelp

  • NGO - forum for menneskerettigheter

  • Norges Forsvarsforening

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kristelige Juristforbund

  • Norske kvinnelige juristers forening

  • Politiembetsmennenes Landsforening

  • Politiets fellesforbund

  • Rettspolitisk forening

  • Bispedømmeråda

  • Den norske kirkes presteforening

  • Human-Etisk Forbund

  • Islamsk Kvinnegruppe Norge

  • Islamsk Råd Norge

  • Kirkens Familievern

  • Kyrkjerådet

  • Norges frikirkeråd

  • Oslo katolske bispedømme

  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

  • African Youth in Norway

  • Den norske lægeforening

  • Fellesorganisasjonen for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere (FO)

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Flyktning og innvandreretaten (FIE)

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Harardhere welfare community Norway

  • Helse- og sosialgruppe for innvandrere (IHSG)

  • Himmilo Youth in Norway

  • Human Rights Service (HRS)

  • Innvandrerrådet i Drammen

  • Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Kontaktutvalget mellom innvandrere og norske myndigheter (KIM)

  • Krise- og rådgivningstelefon for menn

  • Krisesenterbevegelsen i Norge (Krisesentersekretariatet)

  • Kvinnefronten i Norge

  • Landsforeningen for Lesbisk og Homofil frigjøring

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Landsrådet for Barne- og Ungdomsorganisasjoner

  • Likestillingssenteret

  • MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

  • Møreforskning

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Nasjonalt Folkehelseinstitutt

  • Norges kvinne- og familieforbund

  • Norsk Barnevernsamband

  • Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA)

  • Norsk Krisesenterforbund

  • Norsk Kvinnesaksforening

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Psykologforening

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Offentlige familievernkontorers organisasjon (OFO)

  • Organisasjonen Voksne for barn

  • Oslo Røde Kors Internasjonale Senter

  • Pakistansk studentforening

  • Pluss - Landsforeningen mot AIDS

  • PMV - Senter for helse, dialog og utvikling

  • Redd Barna

  • Ressurssenter for pakistanske barn

  • Selvhjelp for innvandrere og flyktninger

  • Senter mot etnisk diskriminering (SMED)

  • Tyrkisk ungdomsforening

Høyringsfristen blei sett til 20. februar 2003. Følgjande instansar har gjeve melding om at dei ikkje vil komme med fråsegn i saka, eller at dei ikkje har merknader til høyringsbrevet:

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fiskeridepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helsedepartementet

  • Landbruksdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Sosialdepartementet

  • Utdannings- og forskingsdepartementet

  • Høgsterett

  • Regjeringsadvokaten

  • NTNU

  • Den norske Advokatforening

  • Finansnæringens Hovudorganisasjon

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO)

Følgjande høyringsinstansar har merknader til forslaga:

  • Barne- og familiedepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Borgarting lagmannsrett

  • Agder lagmannsrett

  • Alta tingrett

  • Riksadvokaten

  • Oslo statsadvokatembete

  • Hordaland statsadvokatembete

  • Oslo politidistrikt

  • Agder politidistrikt

  • Rogaland politidistrikt

  • Politidirektoratet

  • Likestillingsombodet

  • Barneombodet

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Fylkesmannen i Vest-Agder

  • Utlendingsdirektoratet

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Islamsk Kvinnegruppe Norge

  • Kirkens Familievern

  • Kyrkjerådet

  • Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA)

  • Folkehelseinstituttet

  • Human Rights Service (HRS)

  • Krisesentersekretariatet

  • MiRA-Senteret

  • Noregs Kvinne- og Familieforbund

  • Norges Røde Kors

  • Norsk Kvinnesaksforening

  • Offentlige familievernkontorers organisasjon (OFO)

  • PLUSS - Landsforeningen mot aids

  • PMV - Senter for helse, dialog og utvikling

  • Senter mot etnisk diskriminering (SMED)

  • Utdanningsgruppens Hovedorganisasjon

2.2 Endringane i valdsoffererstatningslova

2.2.1 Forslaget i høyringsnotatet

I dag behandlar fylkesmannsembeta valdsoffersakene i første instans. Regjeringa går inn for å samle handsaminga av søknadene i første instans i eitt organ. Den sentrale førsteinstansen vil bli lagt til Vardø, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003). Omorganiseringa krev endringar i valdsoffererstatningslova. I høyringsnotatet foreslo departementet at den nye instansen skal kallast Kontoret for valdsoffererstatningssaker. Det vart vidare foreslått at valdsoffererstatningslova blir endra slik at alle oppgåver som etter den noverande lova høyrer under fylkesmannsembeta, skal høyre under den sentrale førsteinstansen i Vardø.

2.2.2 Høyringa

Justisdepartementet sendte 19. desember 2002 forslaga om endringar i valdsoffererstatningslova på høyring til følgjande institusjonar og organisasjonar:

  • Departementa

  • Domstolane

  • Domstolsadministrasjonen

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Statsadvokatembeta

  • Politidirektoratet

  • Politidistrikta

  • Barneombodet

  • Erstatningsnemnda for valdsoffer

  • Fylkesmennene

  • Likestillingsombodet

  • Sivilombodsmannen

  • Stortingets utval for rettferdsvederlag

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Juridisk rådgivning for kvinner ( JURK)

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Jushjelpa i Midt-Norge

  • Juss Hjelpa i Nord-Norge

  • Norges Juristforbund

  • Norges lensmannslag

  • Politiembedsmennenes Landsforening

  • Politihøgskolen

  • Politiets fellesforbund

  • Rettshjelpskontoret Indre Finnmark

  • Den norske lægeforening

  • Den norske tannlegeforening

  • Foreningen for voldsofre

  • Kompetansesenteret for likestillingsarbeid

  • Kompetansesenteret for valdsofferarbeid

  • Krisesentersekretariatet

  • Landsforeningen for voldsofre

  • Landsforeningen Rettferd for Taperne

  • Rådgivingskontora for kriminalitetskontora

  • Statens innkrevjingssentral

  • Støttesenteret mot incest

Høyringsfristen blei sett til 31. januar 2003. Følgjande instansar har gjeve melding om at dei ikkje vil komme med fråsegn i saka, eller at dei ikkje har merknader til høyringsbrevet:

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Barne- og familiedepartementet

  • Fiskeridepartementet

  • Helsedepartementet

  • Landbruksdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Utdannings- og forskingsdepartementet

  • Domstolsadministrasjonen

  • Riksadvokaten

  • Asker og Bærum politidistrikt

  • Politimeisteren i Sunnmøre

  • Barneombodet

  • Fylkesmannen i Finnmark

  • Likestillingsombodet

  • Stortingets utval for rettferdsvederlag

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Sosialdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Den norske tannlegeforening

Desse høyringsinstansane hadde merknader til forslaga:

  • Finansdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Vardø tingrett

  • Politidirektoratet

  • Oslo politidistrikt

  • Troms politidistrikt

  • Erstatningsnemnda for valdsoffer

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Fylkesmannen i Østfold

  • Fylkesmannen i Buskerud

  • Fylkesmannen i Vest-Agder

  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

  • Fylkesmannen i Nord-Trøndelag

  • Fylkesmannen i Troms

  • Den Norske Advokatforening

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Statens innkrevjingssentral

Til forsida