Ot.prp. nr. 51 (2002-2003)

Om lov om endringar i straffelova mv. (styrka innsats mot tvangsekteskap mv.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til lovutkastet

7.1 Merknader til endringar i straffelova

Til § 12

I § 12 første ledd nr. 3 bokstav aer det foreslått ei endring slik at det også blir vist til § 196 om seksuell omgang med mindreårige.

I § 12 første ledd nr. 4 bokstav aer det foreslått ei endring slik at det ikkje blir vist til § 220 nytt første ledd om å inngå ekteskap med nokon under 16 år, jf. merknadene til § 220. Brot på første ledd vil dermed ikkje kunne straffast i Noreg når ekteskapet er inngått av utlending i utlandet.

Se pkt. 3.3 om bakgrunnen for forslaga.

Til§ 155

Strafferamma blir foreslått heva til fengsel i 6 år, men berre for forsettlege lovbrott. Dersom det er utvist aktløyse, vil strafferamma framleis vere fengsel i 3 år. Forsettlege lovbrott må lesast med det atterhaldet at det er tilstrekkeleg at vedkomande har skjellig grunn til å tru at han eller ho er smitteberande. Sjå pkt. 4.1 om bakgrunnen for forslaget.

Til § 220

Nytt første leddrettar seg mot den som inngår ekteskap eller partnarskap med nokon som er under 16 år, eller som medverkar til dette. Sjå pkt. 3.3 om bakgrunnen for forslaget.

Den direkte gjerningspersonen etter straffebodet vil vere den som giftar seg med den mindreårige. Dersom til dømes ei jente på 15 år og ein mann på 40 år giftar seg, kan berre mannen straffast. Den strafferettslege lågalderen vil forhindre eit strafferettsleg ansvar for den som ikkje har fylt 15 år når ekteskapet blei inngått. Etter straffritaksregelen i tredje punktumkan straffa falle bort dersom dei som har inngått ekteskapet, er omtrent jambyrdige i alder og utvikling på det tidspunktet då ekteskapet blei inngått.

Også medverknad skal vere straffbart. Straffebodet vil difor ramme foreldre eller andre nærståande mv. som arrangerer ekteskap der minst ein av partane er yngre enn 16 år. Dette er eit døme på at ein medverkar kan tenkast å ha ei vel så sentral - og dermed også ei meir straffverdig - rolle i det straffbare forholdet enn det hovudmannen har. Straffritaksregelen i andre punktum gjeld ikkje for medverkaren.

Strafferamma er fengsel inntil 4 år. Straffeheimelen vil kunne nyttast saman med andre straffebod, til dømes ved seksuallovbrott, tvang, truslar og lekamskrenkingar, jf. straffelova § 62.

Skyldkravet er forsett, jf. straffelova § 40. Når det gjeld vilkåret om at minst ein av partane må vere under 16 år, er det likevel nok med aktløyse, jf. § 220 nytt første ledd andre punktum.Dette svarar til tredje ledd i § 196 om seksuelle overgrep med nokon under 16 år. Men til forskjell frå seksuallovbrott vil det sjeldan kunne godtgjerast at den som skal gifte seg, eller medverke til giftemål, aktsamt manglar kjennskap til alderen hos den annan part.

Straffeheimelen kan nyttast sjølv om ekteskapet blir inngått i utlandet, men berre dersom gjerningspersonen er norsk statsborgar eller hører heime i Noreg, jf. merknadene til endringane i § 12.

Gjeldande første og andre ledd blir nye andre og tredje ledd.

Til § 222

I første ledder det tatt inn eit nytt tredje punktum. Den nye regelen gjer det klart at også det å tvinge nokon til å inngå ekteskap kan vere eit moment som gjer at strafferamma blir skjerpa til fengsel i 6 år. Dette inneber inga realitetsendring, for dei momenta som i dag er omfatta av lovteksten (ved at det blir vist til § 232), er ikkje uttømmande. Også referansen til § 232 tredje punktum er teke inn i § 222 nytt tredje punktum, i staden for i andre punktum, som i dag. Sjå punkt 3.1 om bakgrunnen for forslaget.

Departementet er samd med riksadvokaten som under høyringa har uttalt at det å tvinge nokon til å inngå ekteskap «normalt bør føre til at det anses å foreligge særdeles skjerpende omstendigheter», men unntak vil forekome, sjå punkt 3.1 foran.

Fleire av høyringsinstansane har vore inne på spørsmålet om kva som skal reknast som eit (lovleg) arrangert ekteskap til forskjell frå eit (straffbart) tvangsekteskap. Lovutkastet tek ikkje sikte på å løyse dette. Departementet understrekar at det ikkje vil vere avgjerande kva omgrep ein nyttar, men om ekteskapet (eller partnarskapet) er frivillig inngått frå ektefellane si side.

Tredje ledder foreslått oppheva. Påtala vil då bli offentleg utan vilkår, jf. straffelova § 77, sjølv om lovbrottet er «øvet mot nogen av den skyldiges nærmeste». Sjå pkt. 3.2 om bakgrunnen for forslaget.

Til § 227

Det er foreslått å oppheve § 227 andre ledd.Påtala i slike saker vil då bli offentleg utan vilkår, jf. straffelova § 77. Sjå pkt. 3.2 om bakgrunnen for forslaget.

Til § 390 a

Fengselsstrafferamma blir foreslått heva frå 6 månader til 2 år. Sjå pkt. 4.2 om bakgrunnen for forslaget.

7.2 Merknader til endringar i valdsoffererstatningslova

Til §§ 3, 13, 15 og 16

Det er gjort framlegg om endringar i desse reglane som følgje av at saker om valdsoffererstatning ikkje lenger skal behandlast av fylkesmennene i første instans, men av Kontoret for valdsoffererstatning. Sjå om bakgrunnen for dette i pkt. 5.

Til forsida