Ot.prp. nr. 55 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

4 Ymist om lov om film og videogram

4.1 Endringar i film- og videogramlova

Stortinget handsama 7. mai 1998 Ot.prp. nr. 8 (1997-98), Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova (Ot.prp. nr. 78 (1996-97), jf. Innst. O. nr. 40 (1997-98).

§ 4 i lova gir reglar om førehandskontroll av film eller videogram som skal synast fram i næring. Etter siste lekken i paragrafen kan Kulturdepartementet «i forskrift gjere unntak frå kravet om førehandskontroll og betaling av gebyr.» For å kunne gjennomføre ordninga med førehandskontroll effektivt, er det naudsynt for Statens filmtilsyn å få inn ulike opplysningar om filmane. Etter gjeldande forskrift kan det krevjast inn slike opplysningar. Etter departementets vurdering er det noko tvilsamt om den noverande formuleringa i lova gir den naudsynte heimelen til å gi forskrift om å krevje inn slike opplysningar. Departementet gjer difor framlegg om ein klårare forskriftsheimel i film- og videogramlova § 4, jf. framlegget til lov.

Før lovendringa hadde § 12 i lova denne ordlyden:

«Statens filmtilsyn kan etter nærmare reglar gjere vedtak om strykningar i registeret i tilfelle brot på lov eller forskrifter givne med heimel i lov.»

Med grunnlag i denne regelen er det i forskrifta til lova fastsett reglar om at Statens filmtilsyn ved brot på reglane i lova kan suspendere eller stryke importørar, produsentar eller forhandlarar frå Filmtilsynet sine register. Dette inneber at importøren, produsenten eller forhandlaren medan det ulovlege tilhøvet pågår, ikkje kan få registrert eller førehandskontrollert nye filmar eller videogram.

Då Stortinget handsama saka, vart denne regelen oppheva. Dette er ikkje drøfta i forarbeida til lovendringa. Kulturdepartementet legg til grunn at regelen fall ut ved ein feil. Departementet ser det som viktig for å kunne oppretthalde eit effektivt kontrollsystem at Statens filmtilsyn kan vedta administrative sanksjonar andsynes distributørar som t.d. ikkje betaler vedtekne gebyr og avgifter eller som omset filmar eller videogram som ikkje er kontrollert, registrert eller merka i høve til regelverket.

Dei særskilde registra for forhandlarar og importørar/produsentar er oppheva av Stortinget m.a. av omsyn til EØS-avtala. Eit høve til å suspendere eller stryke frå registra vil såleis ikkje ha nokon verknad meir. Departementet gjer i staden framlegg om at Statens filmtilsyn etter nærmare reglar gitt av departementet får høve til å nekte å motta filmar eller videogram frå distributørar som bryt lova eller forskriftene til lova.

4.2 Filmklubbar

I Innst.O.nr.40 (1997-98) uttalte Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomite følgjande om framlegget om å utvide verkeområdet for straffelova § 382 om valdsskildringar:

«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil understreke at filmklubber, som ikke viser filmer i næring, må unntas fra denne bestemmelsen. Det forutsettes at departementet tar hensyn til dette ved utforming av forskriftene.»

Det vart ikkje vedteke nokon heimel til å gjere slikt unnatak som fleirtalet ønskte, korkje i straffelova eller i film- og videogramlova. Departementet har såleis ikkje høve til å ta omsyn til fleirtalet sitt ønskjemål ved utforming av forskrifter. Dette gjeld både i høve til film- og videogramlova og straffelova.

Kulturdepartementet kan ikkje tilrå at det blir fastsett lovendringar som fritek filmklubbar som gir offentlege framsyningar frå forbodet mot framsyning av ulovlege valdsskildringar i straffelova § 382.

Departementet kan ikkje sjå at det er mogleg å gi ei avgrensing av ein slik regel som samstundes er klår og eintydig og ikkje vil rekkje vidare enn ønskjeleg. Kulturdepartementet ser det ikkje som aktuelt å innføre ei særordning som berre gjeld medlemmene i Norsk filmklubbforbund. Det vil prinsipielt vere uheldig å knytte virkeområdet til ein lovregel direkte til medlemskap i ein organisasjon. Det finst i dag ikkje reglar i straffelova som blir oppheva gjennom medlemskap i ein organisasjon e.l.

Departementet viser i tillegg til omtalen av spørsmålet i Ot.prp. nr. 78 (1996-97), Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova. Vi viser vidare til korrespondansen mellom departementet og komiteen som er teken inn som trykt vedlegg til Innst. O. nr. 40 (1997-98).