Ot.prp. nr. 55 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei einskilde paragrafane

6.1 Endringar i kringkastingslova

Til § 6-1 tredje ledd

I tredje ledd, andre setning blir det presisert at Norsk rikskringkasting gjennom dotterselskap skal ha høve til å drive anna verksemd enn det som er hovudføremålet for Norsk rikskringkasting AS, som er allmennkringkasting. I utgangspunktet ligg det ikkje noka avgrensing i kva for verksemd NRK kan engasjere seg i gjennom dotterselskap.

I tredje ledd, tredje setning er det teke inn ein heimel for Kongen til å gi forskrift med nærmare reglar om rekneskapsmessige tilhøve mellom Norsk rikskringkasting AS og dotterselskapa. Poenget med denne regelen er å kunne gi reglar som hindrar at verksemda i NRK sine dotterselskap blir subsidierte av lisensmidlar. Det blir berre aktuelt å gi slike reglar dersom andre verkemiddel ikkje har den naudsynte effekten, jf. omtalen under pkt. 3.2.

Til § 6-4

Andre punktum i paragrafen slår fast at verksemda i allmennkanalane til NRK ikkje kan finansierast med reklame. Med allmennkanalar skjønar ein fjernsynskanalane NRK1 og NRKTO, og radiokanalane P1, P2 og P3. Som det går fram av pkt. 3.4, vil NRK heller ikkje kunne eige eller drive fjernsyns- eller radiokanalar som er finansierte med reklame i Noreg, eller som er særskilt retta mot norsk territorium frå utlandet. Sjølv om lova etter departementets framlegg i utgangspunktet tillet NRK å drive slik verksemd, er det ein absolutt føresetnad at generalforsamlinga ikkje skal kunne gi NRK samtykke til å eige eller drive slike kanalar utan at saka har vore lagd fram for Stortinget.

Tredje punktum i paragrafen slår fast at tekstfjernsynssendingane ikkje skal reknast som ein del av Norsk rikskringkastings allmennkanalar. Dette inneber at det etter departementets framlegg blir tillate å sende reklame i slike sendingar. Det blir ikkje sett noka grense for kva slag reklame som kan sendast, jf. likevel merknaden til fjerde punktum i paragrafen.

Etter fjerde punktum kan Kongen i forskrift gi nærmare reglar om reklame i NRK sine tekstfjernsynssendingar. Det blir i første rekkje aktuelt å gi reglar som set forbod mot reklame retta mot born reint allment i tekstfjernsyn. Det vil òg bli gitt reglar som set forbod mot reklame på dei tekst-TV-sidene som inneheld programoversyn.

6.2 Endringar i lov om film og videogram

Til § 4 siste ledd

Fjerde ledd blir endra ved at departementets høve til å gje nærmare reglar i forskrift blir utvida. Det vil i første rekkje bli aktuelt å gi reglar som inneber at Statens filmtilsyn skal få høve til å krevje inn opplysningar om filmen eller videogrammet, t.d. speletid, regissør, produksjonsland osb.

Til § 12

Endringa inneber at departementet kan fastsetje nærmare reglar om administrative sanksjonar andsynes distributørar som handlar i strid med lova og forskriftene til lova. Aktuelle sanksjonar vil m.a. vere at Statens filmtilsyn kan nekte å førehandskontrollere filmar frå distributørar som t.d. ikkje betaler gebyr.